Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innleiing

I proposisjonen viser Kommunal- og regionaldepartementet til at gjeldande inndelingslov (lov 21. desember 1956 nr. 3) på fleire punkt er forelda og generelt lite tidsmessig. Lova er også mangelfull og etterlet ofte tvil ved praktiseringa i konkrete saker. Til dømes omfattar ho etter ordlyden berre endring av kommunale grenser. Endring av fylkesgrenser har dermed blitt gjennomført ved ein analog bruk av lova, noko som ikkje er ein formålstenleg modell. Lova inneheld heller ikkje reglar om fastsetjing av uklare eller tidlegare ikkje fastsette grenser, og heimelen til å gjere vedtak om dette kviler nå på sedvanerettsleg grunnlag.

Lova er vidare svært kortfatta når det gjeld reglar om saksførebuinga, og regulerer ikkje kven som har høvet til å reise forslag om endring av kommunegrenser. Ho har dessutan eit sterkt fullmaktspreg, noko som gjer at departementet/regjeringa må gi reglar i den enkelte saka for å sikre gjennomføringa av vedtak om inndelingsendring. Dette gjer det vanskeleg for dei aktuelle kommunane/fylkeskommunane og andre partar å føreseie verknadene, og fører dessutan til unødig mykje administrativt arbeid i samband med den enkelte saka om grenseendring eller grensefastsetjing.

Departementet har ut i frå dette funne behov for å revidere lovgivinga om kommunal inndeling, med tanke på fornying og klargjering av prosessar og verknader av fastsetjingar og endringar av kommune- og fylkesgrensene. Siktemålet bør mellom anna vere å gjere prosessen meir pårekneleg for kommunane/fylkeskommunane og å gi kommunane/fylkeskommunane og innbyggjarane større moglegheiter for påverknad.

Høyringsnotat om ny lov om fastsetjing og endring i kommune- og fylkesinndeling blei sendt på høyring 4. februar 2000 med høyringsfrist 8. mai 2000.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Berit Brørby, Aud Gaundal, Einar Johansen, Leif Lund og Bjørnar Olsen, fra Kristelig Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg, fra Høyre, Sverre J. Hoddevik og Erna Solberg, fra Fremskrittspartiet, Torbjørn Andersen og Lodve Solholm, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, og fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, vil vise til at nåværende inndelingslov for kommunene er foreldet og mangelfull, blant annet er den svært kortfattet når det gjelder regler om saksforberedelser om endringer i kommunegrensene. Loven sier ingenting om hvem som kan reise forslag om å regulere kommunegrensene. Den sier heller ingenting om fylkesgrenser. Komiteen er derfor positiv til at Regjeringen har fremmet forslag til en ny lov som vektlegger prosessen som skal følges ved endringer av kommune- og fylkesgrense.