Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Departementet foreslår i proposisjonen å leggje til rette for ein ny finansieringsmodell og ei ny organisering av arbeidet med omlegging av energibruk og energiproduksjon. Dette kjem som ei følgje av at finansieringsdelen i omorganiseringa krev at reglane i energilova knytt til lovpålagt enøk blir oppheva og at det i staden kjem inn ei ny føresegn i energilova.

Formålet med omorganiseringa er å få større slagkraft i arbeidet med omlegginga av energibruk og energiproduksjon. Departementet viser til at Stortinget har sett mål for å avgrense forbruket, for miljøvennleg varme, og for vindkraft. Nye rammer for arbeidet skal sikre meir effektiv bruk av offentlege midlar. Slik kan ein oppnå større avgrensingar i forbruket og auka produksjon av nye fornybare energikjelder per støttekrone enn kva tilfellet er i dag. Auka bruk av naturgass vil vere ein del av omlegginga.

Hovudelementa i Regjeringa sitt forslag er å:

  • avvikle det lovbestemte kravet til distribusjonsselskapa om å drive energiøkonomisering som kan finansierast over eit påslag i overføringstariffen

  • innføre ein ny lovheimel som inneber at påslaget som er i dag kan gjerast obligatorisk

  • overføre påslaget og midlar over statsbudsjettet til omlegging av energibruk og energiproduksjon til eit nytt energifond

  • etablere ei ny statleg verksemd med vide fullmakter som skal forvalte fondsmidlane

  • avvikle det arbeidet som i dag er knytt til forvaltning av midlar til omlegging av energibruk og energiproduksjon i NVE.

Forslaget til ny finansieringsmodell og omorganisering av verksemda skal i fylgje departementet rydde opp i og forenkle den forvaltninga som er i dag. Dei finansielle rammene blir meir stabile. Den fragmenterte og uklare arbeidsdelinga mellom NVE, operatø­rar, nettselskap og RSar som er i dag, blir løyst gjennom å samle verksemda under ein institusjon. Det blir vidare lagt til rette for auka bruk av konkurranse om oppdrag. Samla sett legg endringane grunnlag for ein meir kostnadseffektiv bruk av midlar, og betre kontroll og oppfølging av den verksemda som skal understøtte omlegging av energibruk og energiproduksjon.

Den nye verksemda skal arbeide nær marknaden og sjølv kunne velje sine verkemiddel og samarbeidspartnerar. Departementet vil i si styring av institusjonar fokusere på dei resultat som verksemda leverer og sjå desse i samanheng med departementet sin bruk av verkemiddel elles. Dermed kan det leggjast til rette for ei heilskapeleg oppfølging av dei energipolitiske måla.

Departementet går inn for at dei spesifikke verkemidla og oppgåvene som NVE i dag har innanfor omlegginga av energisektoren, skal flyttast over til den nye verksemda. Bindande plikter under desse ordningane vil bli følgde opp. Institusjonen vil seinare kunne leggje om bruken av verkemiddel dersom dette blir vurdert som nødvendig for å nå fastsette mål.

Verksemda skal samarbeide med Forskingsrådet, SND og andre institusjonar med nærliggjande oppgåver.

Den nye statlege verksemda skal lokaliserast i Trondheim og vil bli etablert medio 2001. Departementet vil seinare avgjere verksemda si tilknytningsform.

Oppgåver knytt til omlegginga av energibruk og energiproduksjon som i dag blir forvalta av NVE, vil gradvis kunne overførast i løpet av andre halvår 2001. Parallelt vil statlege løyvingar over kap. 1825 kunne overførast til fondet. Løyvingar som står att over statsbudsjettet for 2001 vil bli overførte til fondet ved utgangen av året. Fondet vil få tilført bidraget frå overføringstariffen frå 1. januar 2002, og institusjonen skal vere fullt operativt frå samme dato.