9. Omtale av reglar om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt på kraftproduksjonsanlegg
Ved lov av 23. juni 2000 blei dei nye reglane i skattelova § 18-5 om verdsetjing av kraftproduksjonsanlegg endra med verknad frå og med inntektsåret 2000. Dei endra verdsetjingsreglane skal også nyttast ved fastsetjing av eigedomsskattegrunnlaget for kraftproduksjonsanlegg frå og med skatteåret 2001. Lovvedtaket var i samsvar med departementet sitt lovforslag i Ot.prp. 47 (1999-2000) og i tråd med dei føresetnader finanskomiteen ga uttrykk for i Budsjett-innst. S. I (1999-2000).
Etter dei nye reglane skal eigedomsskattegrunnlaget fastsetjast under eitt for kvart kraftproduksjonsanlegg, det vil seie for kraftstasjonar inklusiv magasinar og reguleringsanlegg. For produksjonsanlegg som strekk seg over fleire kommunar, må det såleis etablerast reglar om fordeling av eigedomsskattegrunnlaget mellom kommunane. Om arbeidet med kommunefordelingsreglar for eigedomsskattegrunnlaget for slike større produksjonsanlegg, heiter det i Ot.prp. nr. 47 (1999-2000) i avsnitt 1.5:
«Når eigedomsskattelova § 8 trer i kraft, vil reglene om verdsettelse av produksjonsanlegg medføre at større kommunekryssende anlegg skal verdsettes under ett. Departementet varslet i Ot.prp. nr. 23 (1995-96) s. 145 at en ville komme tilbake med forslag til nødvendige regler for fordelingen av eiendomsskattegrunnlaget i slike tilfeller. Etter forslag i Ot.prp. nr. 1 (1998-99) s. 49 ble det ved lov av 18. desember 1998 vedtatt en midlertidig regel om fordeling mellom kommuner. Departementet har etter dette engasjert NVE til å utrede grunnlaget for permanente fordelingsregler for kommunekryssende anlegg, og tar sikte på å komme tilbake med forslag til slike regler i løpet av vårsesjonen.»
Departementet kan likevel ikkje presentera arbeidet med utredning av nye, permanente fordelingsreglar i form av lovforslag i vårsesjonen, men tek sikte på å leggje fram forslag til slike fordelingsreglar i ein proposisjon innan utgangen av september 2000.
Om departementet i den varsla proposisjonen i løpet av september 2000 av praktiske eller prinsipielle årsaker, ikkje kan tilrå at nye, permanente fordelingsreglar skal nyttast for eigedomsskatteåret 2001, er alternativet - slik departementet ser det - at overgangsregelen av 18. desember 1998 blir lagt til grunn for utskrivinga av eigedomsskatten på kraftanlegg i 2001. Departementet og Skattedirektoratet arbeider med sikte på utforming av reglar og fordelingsnøklar for mogleg bruk i skatteåret 2001 både etter overgangsregelen og etter nye, permanente fordelingsreglar. Om bakgrunnen for overgangsregelen viser ein til Ot.prp. nr. 23 (1995-1996), der departementet foreslo regelen om samla verdsetjing av kraftverk med reguleringsanlegg som hører til, slik den vart vedteken i den gamle skattelova § 37 bokstav a (jf. skatteloven av 1999 § 18-5). I Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) avsnitt 11.6, heiter det:
«Fordeling av eiendomsskattegrunnlaget mellom kraftkommuner ble ikke utredet av Rødseth-utvalget og er heller ikke tema for eindomsskatteutvalget. Både fordi fordelingsnøklene for eiendomsskatteformål og inntekts- og formuesskatteformål etter gjeldende regler ikke er harmonisert og fordi det foreslås en overgangsregel for å fordele inntektsskatt mellom kommuner, foreslår departementet at den relative kommunefordelingen som gjelder for inntektsåret 1995 for eiendomsskatten blir videreført som en overgangsregel.»
Det blei ikkje fremma konkrete forslag til lovreglar i proposisjonen, men i Innst. O. nr. 62 (1995-1996) ga fleirtalet i finanskomiteen si tilslutning til forslaget.
Departementet kom tilbake med konkrete lovforslag i Ot.prp. nr. 1 (1998-1999). På det tidspunkt var det meininga å setje i kraft eigedomsskattelova § 8 den 1. januar 1999. Forslaget var at ein som overgangsregel skulle bruke den relative fordelinga mellom kommunane for det siste året før § 8 skulle tre i kraft, det vil seie eigedomsskatteåret 1998. Forslaget blei vedteke ved lov av 18. desember 1998 nr. 75 om overgangsregel til eigedomsskattelova § 8 som lyder slik:
«Når et kraftanlegg ligger i flere kommuner, skal skattegrunnlaget i kraftanlegget fordeles mellom kommunene i samme forhold som ved utskrivingen av eiendomsskatten for 1998.»
Etter eigedomsskattelova § 14 skal eigedomsskatten så vidt råd vere utskriven og skattesetlar utsendt innan 1. mars i skatteåret. Eigedomsskattegrunnlaga for kraftproduksjonsanlegg for skatteåret 2001 skal fastsetjast av likningsstyresmaktene, jf. mellombels tillegg til eigedomsskattelova av 23. juni 2000. Skattegrunnlaga skal etter planen fastsetjast og sendast til skattytarane og kommunane seinast innan 1. november 2000 i samband med utlegginga av likninga.
Dei endra reglane om verdsetjing av kraftanlegg i høve til utskriving av eigedomsskatt, vil kunne føre til endring i kommunane sine inntekter av eigedomsskatt i høve til tidlegare år. Av omsyn til budsjettprosessen for 2001 er det såleis grunn til å skaffe kommunane avklaring av storleiken på eigedomsskatteinntektene så tidleg som råd er. Departementet - i samarbeid med Skattedirektoratet, tek derfor sikte på at kommunane innan månadsskiftet oktober/november også skal få tilsendt oppgåver med ei mellombels kommunefordeling av dei fastsette eigedomsskattegrunnlaga for kommunekryssande kraftanlegg. Denne mellombels fordelinga av eigedomsskattegrunnlaga mellom kommunane skal vere i samsvar med det forslaget om kommunefordelingsreglar for skatteåret 2001 som skal avklarast i den varsla proposisjonen i løpet av september 2000. Endeleg kommunefordeling av eigedomsskattegrunnlaga kan fastsetjast straks forslaga om fordelingsregler for 2001 i den varsla proposisjonen i september blir vedtekne, og i god tid før fristen for utskriving av eigedomsskatt den 1. mars 2001.
Komiteen tek dette til etterretning.