Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

3. Forsvaret sine tenestebustader - skattefritak

Den nye modellen for fastsetjing av husleige for Forsvaret sine bustader fører i langt større grad enn gjeldande modell til at husleigene blir tilpassa marknadsnivået i dei ulike delane av landet. Allment vil husleigene ligge noko under leige som ville bli oppnådd ved utleige i ein fri marknad. Etter departementet sitt syn er dette forsvarleg på bakgrunn av spesielle forhold i Forsvaret, særleg beordringssystemet.

Også etter det nye systemet for utrekning av husleige for Forsvaret sine bustader vil det kunne ligge føre ein liten skattepliktig fordel for leigetakarar i Forsvarets tenestebustader etter den allmenne regelen om skatteplikt for fordel ved heilt eller delvis fri bustad i arbeidsforhold. Etter departementet sitt syn vil det vere lite føremålstenleg om dei enkelte likningskontora må gjennomføre ei individuell vurdering av om det skal bli utrekna skattepliktig fordel for den enkelte leigetakar.

Departementet foreslår derfor at det blir innført eit varig skattefritak for bruk av Forsvaret sine tenestebustader. Departementet viser til forslag til endring av skatteloven § 5-15 første ledd bokstav l. Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2001.

Komiteen sluttar seg til Regjeringa sitt forslag.