10. Førehandstilsegner i skatte- og avgiftssaker
Finansdepartementet er i gang med å utarbeide forslag til reglar om bindande førehandstilsegner i skatte- og avgiftssaker. Forslaget er ei oppfølging av Næringslovutvalet sitt forslag om bindande førehandstilsegner i skattesaker og finanskomiteen sine merknader i Innst. S. nr. 145 (1998-1999) fra finanskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Per-Kristian Foss og Børge Brende om innføring av bindende forhåndstilsagn i skattesaker (Dokument nr. 8:39 (1998-1999)).
I samband med finanskomiteen si handsaming av Dokument nr. 8:39 (1998-1999) uttalte fleirtalet i komiteen at dei venta seg ein omtale i samband med Nasjonalbudsjettet 2000, med sikte på at departementet ville fremje lovforslag våren 2000. I St.prp. nr. 1 (1999-2000) Skatte-, avgifts- og tollvedtak blei det uttalt at Finansdepartementet tok sikte på å leggje fram proposisjon våren 2000.
Ettersom forslaget om innføring av bindande førehandstilsegner i skatte- og avgiftssaker vil ha følgjer for skatteetaten sitt budsjett, ønskjer Regjeringa å vurdere denne saka i samband med budsjettet for 2001.
Komiteen tek dette til etterretning.