1. Endringar i meirverdiavgiftslova for å korte ned sakshandsamingstida i Klagenemnda for merverdiavgift
- 1.1 Departementet si allmenne vurdering av behovet for endringar i regelverket for å korte ned handsamingstida i klagenemnda
- 1.2 Utvidet høve til å stengje for handsaming i klagenemnda av saker med avgrensa økonomisk omfang
- 1.3 Høve til å organisere klagenemnda i to avdelingar
- 1.4 Økonomiske og administrative følgjer
- 1.5 Omtale av forslag til endringar i forskrift nr. 17
Bruk av nemnder og andre domstolsliknande forvaltingsorgan har lang tradisjon her i landet. Det er landsdekkjande klagenemnder eller ankenemnder, som skal løyse konfliktar mellom private og det offentlege, på fleire område. Klagenemnda for merverdiavgift, som er ei frittståande landsdekkjande nemnd, har som føremål å ivareta omsynet til rettstryggleiken på meirverdiavgiftsområdet. Zimmer-utvalet som mellom anna drøfta ordninga med klagenemnda, la til grunn at denne ivaretek omsynet til rettstryggleik på ein tilfredsstillande måte. Utvalet foreslo derfor å behalde denne ordninga. Utvalet peika likevel på at handsaminga i desse sakene var for lang. Med tanke på å korte ned denne foreslo utvalet at organiseringa og rutinane for handsaminga i klagenemnda blir endra. Departementet er samd i at ordninga med klagenemnda bør halde fram. Departementet ser likevel at det er viktig at handsamingstida for desse sakene er på eit godtakbart nivå. Dette er særleg viktig med omsyn til rettstryggleiken for dei næringsdrivande. Lang handsamingstid kan også mellom anna føre med seg at handhevinga av meirverdiavgiftslovgjevinga blir mindre effektiv. Det er derfor ei prioritert oppgåve for departementet å sørgje for at handsamingstida for saker som blir handsama av klagenemnda er så kort som mogleg. Departementet har, som nemnt, overfor Skattedirektoratet tatt opp den lange handsamingstida for saker som blir handsama av klagenemnda. Skattedirektoratet blei i den samanheng bedt om å vurdere naudsynte tiltak for å korte ned handsamingstida til eit godtakbart nivå. Ved gjennomgangen og vurderinga av regelverket og rutinane for handsaminga av sakene i klagenemnda, har Skattedirektoratet peikt på område der det etter deira meining er behov for endringar. Departementet har vurdert forslaget frå Skattedirektoratet, og er samd i at det er behov for endringar i regelverket som kan korte ned handsamingstida. Instansane som har gitt fråsegn har også gjennomgåande slutta seg til dette. I denne omgangen har departementet berre sett på behovet for regelendringar som kan medvirke til å korte ned handsamingstida i sjølve klagenemnda. Departementet har såleis ikkje hatt ein brei gjennomgang av ordninga. Dette er vidare endringar som etter departementet si meining bør kunne bli sette i verk uavhengig av det meir allmenne arbeidet med oppfølging av innstillinga frå Zimmer-utvalet. Nokre av høyringsinstansane har understreka behovet for å sjå på heile klagehandsaminga frå saka startar på fylkesskattekontora til ho blir avgjort i sjølve klagenemnda. Departementet er samd i dette, og viser i denne samanheng til at det i dei siste åra er blitt stilt konkrete krav til handsamingstida i klagesakene på fylkesskattekontora og i Skattedirektoratet. Mellom dei tiltak som er gjennomført er til dømes ei styrking av sekretariatet, og det er blitt utarbeidet nye retningsliner for fylkesskattekontora. Departementet vil følgje dette arbeidet nøye i framtida og i den samanhengen også vurdere behovet for regelendringar for å korte ned handsamingstida på fylkesskattekontora og i sekretariatet.
Komiteen sluttar seg til departementet si allmenne vurdering av behovet for endringar i regelverket for å korte ned handsamingstida i Klagenemnda for merverdiavgift.
Etter meirverdiavgiftslova § 58 tredje ledd kan ein ikkje krevje å få handsama ei klage utan samtykke frå departementet når verdien av klagegjenstanden er under 1 000 kroner. Summen har stått uendra sidan 1977 og fører med seg at sjølv ganske små saker kan bli kravd handsama av klagenemnda. Skattedirektoratet meiner at det bør bli gitt reglar for å stengje for nemndshandsaming av saker med avgrensa økonomisk omfang. Etter Skattedirektoratet si meining vil ikkje ei inflasjonsjustering av denne summen vere tilstrekkeleg for å skjerme klagenemnda for små saker. Skattedirektoratet har derfor foreslått at det blir sett ei høgare grense for saker som utan vidare kan bli kravd handsama av klagenemnda. Likevel kan leiaren i klagenemnda gi samtykke til handsaming i nemnda av saker når vilkåret om summen ikkje er oppfylt. Saker med tvistegjenstand under denne summen som ikkje blir tillate brakt inn for klagenemnda, vil bli handsama av Skattedirektoratet som sentral overordna styresmakt i høve til fylkesskattekontora, jf. forvaltningslova § 28. Etter ei samla vurdering meiner Skattedirektoratet at grensa bør vere 20 000 kroner eksklusiv renter.
Høyringsinstansane er gjennomgåande samde i at det er behov for reglar som på ein meir effektiv måte stengjer for handsaming av små saker i klagenemnda.
Etter departementet sitt syn er det viktig at ein ikkje i for stor grad avgrensar sjansane til å få prøvd ei sak for klagenemnda, noko som kan innebere ei svekking av rettstryggleiken. Dette er eit moment som særleg er teke fram i høyringsrunden. Samstundes er det også eit behov for føresegner som avgrensar saksinngangen til klagenemnda. Det er ikkje naudsynt, og heller ikkje rasjonelt, å setje i gang den etter høva ressurs- og tidkrevjande handsaming i klagenemnda i saker av mindre økonomisk omfang.
Etter ei vurdering av desse omsyna meiner departementet at det bør bli gitt reglar som på ein meir effektiv måte stengjer for handsaming av saker av mindre økonomisk omfang. Departementet foreslår derfor at det i meirverdiavgiftslova § 57 blir teke inn ei føresegn kor det blir sett ei grense for saker som utan vidare kan bli kravd handsama av klagenemnda. Det bør likevel bli opna for at leiaren i klagenemnda kan samtykke i handsaming i saker kor vilkåret om summen ikkje er oppfylt. Samtykke til handsaming i klagenemnda utan omsyn til verdien av klagegjenstanden, bør som regel berre bli gitt når avgjerda har mykje å seie utafor den saka som ligg føre eller når saka av særlege grunnar har stor verd for klagaren. Departementet har til føresetnad at saker som fell innafor denne kategorien, skal bli handsama av klagenemnda uavhengig av verdien av klagegjenstanden.
Etter departementet si vurdering bør avgjerd om ikkje å ta ein klage under handsaming på dette grunnlag ikkje kunne påklagast. I tilfelle kor verdien av klagegjenstanden er under summen og det ikkje blir gitt samtykke, vil klagen bli handsama av Skattedirektoratet som overordna forvaltningsorgan i høve til fylkesskattekontora, jf. forvaltningslova § 28.
Når det gjeld spørsmålet om kor høg summen bør vere, ga departementet i høyringsnotatet uttrykk for at forslaget frå Skattedirektoratet, om ei grense på 20 000 kroner eksklusiv renter, ser ut til å vere for høg. Det blei på den andre sida gitt uttrykk for at ei inflasjonsjustering av ei grense på 1 000 kroner som lova i dag har, ikkje er tilstrekkeleg for å skjerme klagenemnda frå små saker. Ei justering av summen frå 1 000 1977-kroner, då summen sist blei endra, til dagens pengeverdi i takt med veksten i konsumprisindeksen, utgjer ei heving av summen til noko over 3 000 kroner.
Mellom høyringsinstansane er det delte meiningar om kor høg summen bør vere. Dei fleste av høyringsinstansane meiner likevel at den summen som blei foreslått av Skattedirektoratet, 20 000 kroner eksklusiv renter, er for høg.
Etter ei konkret vurdering av dei ulike omsyn har departementet kome til at summen kan bli sett til 15 000 kroner. Departementet kan ikkje sjå at ein slik sum vil svekke rettstryggleiken til dei næringsdrivande. Bakgrunnen for dette er at samtykke til handsaming i klagenemnda, uavhengig av verdien av klagegjenstanden, bør bli gitt når avgjerda har mykje å seie utafor den aktuelle saka eller når saka av særlege grunnar har stor verd for klager. Saker med tvistegjenstand under summen som det ikkje blir gitt høve til å bringe inn for klagenemnda, vil bli handsama av Skattedirektoratet som sentral overordna styresmakt, jf. forvaltningslova § 28.
Når ein skal rekne ut verdien av klagegjenstanden, skal berre sjølve avgifta og eventuell tilleggsavgift bli teken med i vurderinga. Ein skal ikkje ta omsyn til rentene.
Det blir vist til forslag til meirverdiavgiftslova § 57. Meirverdiavgiftslova § 58 tredje ledd blir overflødig og det foreslås å oppheve føresegna. Det foreslås at endringane av meirverdiavgiftslova §§ 57 og 58 tek til å gjelde straks.
Komiteen sluttar seg til Regjeringa sitt forslag.
Skattedirektoratet har overfor departementet opplyst at medlemmene i klagenemnda oppfattar sin arbeidssituasjon som krevjande på grunn av den auka mengda med saker dei seinare åra. Det er opplyst i den samanheng at fleire av medlemmene no legg ned nesten eit halvt årsverk i klagehandsaminga. Sidan arbeidet med klagesakene må bli gjort utanom ordinær arbeidstid i elles krevjande stillingar, meiner medlemmene at grensa for kva dei kan greie er nådd. Skulle mengda med saker halde seg på 1998-nivå, da klagenemnda fikk seg lagt føre 233 saker, meiner medlemmene i klagenemnda at det må bli teke skritt for å minske arbeidsmengda deira. Etter deira meining bør klagenemnda bli delt i to avdelingar, slik også Zimmer-utvalet foreslo i si innstilling. Leiaren i klagenemnda kan likevel, i likskap med den tidlegare leiaren, ikkje tilrå ei løysning som inneber at leiaren skal delta i begge avdelingane. Skattedirektoratet har overfor departementet foreslått at det i regelverket blir opna for at klagenemnda kan bli organisert i to avdelingar.
Departementet ser det som ei prioritert oppgåve å korte ned handsamingstida for klagesaker på området for meirverdiavgift. Ei større satsing på klagehandsaminga på fylkesskattekontora og i sekretariatet kan føre til at sjølve nemnda blir ein flaskehals. Det blir også vist til at medlemmene i klagenemnda tykkjer arbeidssituasjonen i klagenemnda er strevsam, jf. ovafor. Det blir dessutan vist til at det i dei seinare åra har vært ein auke av saksmengda til klagenemnda. Medan det i 1990-1991 kom inn om lag 150 klagesaker per år, kom det i 1998 inn 239 saker og i 1999 251 saker. Det er derfor etter departementet si meining behov for endringar i organiseringa av klagenemnda.
Leiaren i klagenemnda har i brev til Skattedirektoratet, kor han vurderer arbeidssituasjonen i klagenemnda, gitt uttrykk for at ei deling av klagenemnda i to avdelingar vil gi størst verknad med tanke på å få ned handsamingstida i sjølve klagenemnda.
Zimmer-utvalet foreslo ei deling av klagenemnda i to avdelingar. Modellen som blei lagt fram av utvalet, inneber at klagenemnda blir organisert i to avdelingar, kvar med to medlemmer og leiaren av klagenemnda. Løysinga inneber inga avlasting for leiaren i klagenemnda, og både tidlegare og noverande leiar har gått i mot forslaget på dette punkt. Skattedirektoratet har foreslått at kvar avdeling skal ha fem medlemmer og at den eine avdelinga blir leda av leiaren i klagenemnda og den andre av ein nestleiar. I tillegg til å avlaste leiaren, vil framleis sakene bli vurdert av fem medlemmer i nemnda, noko som i seg sjølv truleg vil vere svært viktig for rettstryggleiken.
Departementet er samd med Skattedirektoratet i at regelverket bør opne for at klagenemnda kan bli organisert i to avdelingar, kvar med fem medlemmer. Klagenemnda vil ved å kunne operere i to avdelingar behandle fleire saker, og vil vere i betre stand til å takle ei eventuell ytterlegare auke av saksmengda. Ei deling i avdelingar kan føre med seg visse problem i høve til einsarta praksis, men desse vil neppe bli større enn i andre nemnder og domstolar som arbeider i avdelingar. Det blir vist til forslag til meirverdiavgiftslova § 57. Det blir foreslått at endringa tek til å gjelde straks.
Komiteen sluttar seg til Regjeringa sitt forslag.
Det er i proposisjonen avsnitt 1.7 redegjort for økonomiske og administrative konsekvenser.
Komiteen tek dette til etterretning.
I høyringsnotatet blei det også foreslått endringar i forskrift nr. 17. Det blei foreslått at det i forskrifta blir teke inn ei føresegn om at varamedlemmene skal kunne tre inn i klagenemnda for å avlaste dei faste medlemmene, når dette er naudsynt av omsyn til arbeidssituasjonen. Det blei vidare foreslått at forskrifta blir utforma slik at klagesakene i større grad blir handsama og avgjort i møte (munnleg handsaming i klagenemnda). Høyringsinstansane er i hovudsak positive til forslaga. Departementet arbeider med å lage forskriftsføresegna på bakgrunn av høyringsnotatet og dei innspel som ein har frå høyringsinstansane.
Komiteen tek dette til etterretning.