Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Hovudinnhald i proposisjonen

Forsvarsdepartementet legg fram forslag til lov om endringar av heimevernslova og vernepliktslova. Endringane inneber eit absolutt lovforbod mot tvungen rekruttering av barn under 18 år til alle former for teneste i Forsvaret i fredstid, under beredskap og i krigstid. Vidare føreslår departementet eit lovforbod mot frivillig rekruttering til opplæring og deltaking i stridsrelatert verksemd, dvs. til verksemd som er knytt til det å føre militær strid. Ein foreslår òg at frivillig personell under 18 år straks skal fritakast for teneste dersom riket er i krig eller krig truar, eller Forsvaret eller nokon del av det er beordra sett på krigsfot.

Departementet meiner at lovendringane bør gjerast uansett, uavhengig av det internasjonale arbeidet i FN-regi. Grunnen er at heimevernslova og vernepliktslova i krig gjev Forsvaret heimlar til å rekruttere barn ved tvang heilt ned i 16-års alderen, heimlar som det ikkje lenger er aktuelt å bruke.

Lovframlegget tek ikkje sikte på fullt ut å blokkere for at personar som ynskjer dette, kan gjere teneste i, eller på annan måte ha ei formalisert tilknyting til Forsvaret før dei har fylt 18 år. Framlegget tek likevel sikte på å hindre at personar under 18 år vert øvd i stridsrelaterte greiner (dvs. greiner som direkte er relaterte til kamphandlingar) eller at dei får høve til å delta i stridsrelatert verksemd, både i fred, krise og krig. Slik vil ein sikre at barn i tilfelle væpna konflikt ikkje vil bli utsett for direkte strid som følgje av teneste i, eller med anna tilknyting til, Forsvaret. Ingen personar under 18 år vil etter framlegget vere å rekne som medlemmer av landets væpna styrkar.

Forslaga vil ikkje få administrative eller økonomiske konsekvensar. Dei vil heller ikkje få konsekvensar for beredskapssituasjonen.