Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting og i lov av 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram (Rammene for den forretningsmessige verksemda til Norsk rikskringkasting AS)
Dette dokument
- Innst. O. nr. 14 (1999-2000)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 55 (1998-1999)
- Dato: 23.11.1999
- Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
- Sidetall: 10
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 2. Komiteens merknader
- 3. Forslag fra mindretall
- 4. Komiteens tilråding
- Vedlegg: Brev fra Kulturdepartementet til familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, datert 19. november 1999.
Kulturdepartementet har lagt fram ein odelstingsproposisjon med framlegg om endringar i lov av 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting.
Bakgrunnen for framlegget er for det første å klårgjere heimelen for Norsk rikskringkastings høve til å engasjere seg i forretningsmessig verksemd. For det andre er målet med framlegget å opne for at NRK skal kunne engasjere seg i andre typar forretningsverksemd enn det selskapet kan med gjeldande reglar. Etter dei reglane som gjeld no, kan ikkje NRK engasjere seg i anna forretningsverksemd enn den som har å gjere med allmennkringkasting.
Departementet legg til grunn at framlegget vil medverke til å styrkje NRK si rolle som den sentrale allmennkringkastaren i Noreg.
I proposisjonen gjer vi òg framlegg om nokre mindre endringar i film- og videogramlova.
NRK har vore organisert som statleg 100 pst. eigd aksjeselskap sidan 30. april 1996. Då departementet gjorde framlegg om å omorganisere NRK frå statleg stifting til aksjeselskap la departementet vekt på at det må vere ei «...overordnet mediepolitisk oppgave å sikre NRK gode rammevilkår.» Bakgrunnen for dette var eit ønskje om å styrkje rammevilkåra for allmennkringkastinga i Noreg. Departementet streka samstundes under behovet for «...å sikre at beslutninger av vesentlig mediepolitisk betydning også i fremtiden underlegges politisk behandling og kontroll.»
Omorganiseringa til aksjeselskap vart også grunngjeve i at det var behov for å kunne tilpasse seg mediesituasjonen.
Fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen slutta seg i Innst. O. nr. 16 (1995-96) til framlegget om å omorganisere NRK til aksjeselskap, og streka m. a. under at
«...de styringsredskaper som i dag regulerer virksomheten ved NRK vil videreføres. …..Det understrekes videre den klare politiske styringen som etableres gjennom generalforsamlingens behandling av saker slik det er presentert i Ot.prp. nr. 69 for 1994-95. Som A/S vil NRK innenfor de opptrukne rammer få den nødvendige handlefrihet til å treffe beslutninger som den raske mediautviklingen krever, samtidig som aksjeloven gir klare ansvarsforhold.»
Den forretningsmessige verksemda i NRK blir i dag i det store og heile drive av det heleigde dotterselskapet NRK Aktivum AS.
Etter gjeldande rett er NRKs høve til å drive forretningsverksemd avgrensa til føremål som har med allmennkringkasting å gjere.
Det er ein allmenn tendens i heile Europa til at allmennkringkastarane får høve til å engasjere seg i kommersiell verksemd, m. a. har BBC gjennom dotterselskapet BBC Worldwide i fleire år satsa aktivt på å utnytje eigne produksjonar og rettar i mange distribusjonskanalar og innhaldsformat.
I nabolanda våre ser vi òg ei utvikling der dei lisensfinansierte allmennkringkastarane driv utvida kommersiell verksemd.
I Innst. O. nr. 16 (1995-96) uttalte fleirtalet i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen at det merka seg
«...at opprettelsen av datterselskaper kan gi NRK mulighet til å generere nye inntekter gjennom salg av programmer, drift av tekniske anlegg m.v. NRK må også kunne gå inn med eierandeler i slike selskaper.»
Føremålsparagrafen må lesast i samanheng med §6-4 i kringkastingslova som fastlegg dei generelle rammene for finansieringsgrunnlaget til NRK:
«Virksomheten i Norsk rikskringkasting AS finansieres ved kringkastingsavgift, salgsinntekter m.v. Den kan ikke finansieres ved reklamesendinger. Kringkastingsavgift fastsettes av Stortinget.»
Etter departementets vurdering gir gjeldande rett ikkje grunnlag for at NRK kan gå inn i andre typar forretningsmessig verksemd enn det som følgjer av føremålsparagrafen.
Eit notat om denne saka har vore på allmenn høyring. Reint allment sluttar det store fleirtalet av høyringsinstansane seg til framlegget frå departementet. TV 2 AS, Kringkastingsringen og Norsk Forbund for Lokal-TV er negative til framlegga i høyringsnotatet.
Utviklinga på kringkastingsområdet gjer det naudsynt å klårgjere NRK si rolle som kringkastar i det nye medielandskapet. Dei forretningsmessige rammene som blir lagde til grunn for NRK, vil vere svært viktige for det høvet selskapet har til å ta vare på si oppgåve som allmennkringkastar i framtida.
Den teknologiske utviklinga peikar mot ei allmenn omlegging til digital produksjon og distribusjon av radio og fjernsyn. Digital kringkasting utnyttjer kapasiteten betre, samstundes som det blir høve til fleire kanalar og nye tenester. Digitaliseringa gir vidare grunnlag for å transportere fleire ulike typar tenester i det same nettet. Digitaliseringa gir også grunnlag for å nytte felles brukarutstyr til ulike formål, t.d. integrerte fjernsynsapparat og PC-ar. Digitaliseringa gjer det mogleg å nytte dei same transportvegane for ulike tenester fram til det same mottakarapparatet anten dette er fjernsyn, PC eller telefon.
Departementet har i ei eiga melding tatt opp spørsmålet om val av teknologi for spreiing av digitalt fjernsyn i Noreg.
For tida er det sterk konkurranse nasjonalt og internasjonalt om senderettar. Ein må rekne med at den auka konkurransen reint allment vil føre til strukturendringar i mediebransjen. Særleg for kringkastingssektoren må ein rekne med at det vil skje ein konsentrasjon av rettar til programinnhald, og at det vil oppstå nye alliansar innan produksjon og distribusjon. Dette vil skje parallelt med den digitale utviklinga.
NRK har høve til å «kunne danne datterselskaper som kan ivareta virksomhet av kommersiell karakter, som f.eks. salg av programmer, drift av tekniske anlegg m.v.» , jf. Ot.prp. nr. 69 (1994-95), Norsk rikskringkasting som aksjeselskap. Føresetnaden er at verksemda har tilknyting til allmennkringkasting.
NRK kan drive kommersiell verksemd saman med andre aktørar. Selskapet kan også vere deleigar i andre selskap med kommersiell eller marknadsretta verksemd. Det var ein føresetnad då NRK vart omorganisert til aksjeselskap at andre typar verksemd enn allmennkringkasting skulle organiserast på «..en slik måte at det ikke vil skje noen form for subsidiering av datterselskaper gjennom kringkastingsavgiften».
NRK oppretta våren 1997 dotterselskapet NRK Aktivum AS etter samtykke frå generalforsamlinga. Føremålet med selskapet er å utvikle forretningsmessig verksemd med grunnlag i morselskapets potensial.
Hovudutfordringa for NRK Aktivum AS har vore å utvikle strategi- og forretningsplanar med analysar av mediemarknaden. Det har òg vore arbeidd med å identifisere nye forretningsområde.
Departementets prinsipielle utgangspunkt i høyringsnotatet var at NRKs primære funksjon som lisensfinansiert allmennkringkastar framleis må vere å produsere og sende reklamefrie radio- og fjernsynskanalar.
Det er eit faktum at det alt i dag er sterk konkurranse om rettane til programmateriale.
Det er ein aukande konkurranse mellom medieselskapa om kvalitetsinnhald, t. d. når det gjeld rettar til idrettsarrangement. For å kunne oppretthalde eit breitt allmennkringkastingstilbod er det viktig at NRK får tilgang på slike produkt.
Styret for NRK har synt til at organiseringa som aksjeselskap har gitt NRK eit friare spelerom for m.a. forretningsverksemd. NRK Aktivum AS vart oppretta for å skilje ut forretningsverksemd i dotterselskap. Samstundes set føremålsparagrafen i vedtektene og dei politiske føresetnadene - jf. kap. 1.4 - visse grenser for kor smidig NRK kan te seg i den noverande mediesituasjonen. Særskilt vil NRK ha trong til å kunne utvikle strategiar og gå inn i alliansar med andre aktørar både med omsyn til distribusjon, innhaldsproduksjon og rettar.
Mediebransjen er i dag prega av raske strukturendringar med internasjonale forgreiningar. Dette inneber m.a. alliansar og oppkjøp, hand i hand med utvikling av ny teknologi. NRK risikerer å havne på sidelinja i høve til denne utviklinga dersom selskapet ikkje kan posisjonere seg raskt og rett i høve til den kommersielle medieverda.
Departementet konstaterer at langt dei fleste høyringsinstansane stør departementets framlegg. Grunngivinga frå dei fleste av instansane er at ei liberalisering i høvet til forretningsmessig engasjement vil medverke til å styrkje allmennkringkastinga i Noreg.
Det er nokre høyringsinstansar som stør hovudprinsippa i framlegget, men som er kritiske til delar av det.
Departementet meiner at NRK gjennom dotterselskap bør få høve til å engasjere seg i forretningsmessig verksemd på lik line med det konkurrentane har. Samstundes må det vere ein absolutt føresetnad at NRKs allmenne programtilbod til lyttarar og sjåarar i Noreg blir halde reklamefritt. Departementet legg vidare til grunn at det ikkje kan vere aktuelt for NRK å drive, eige eller vere deleigar i radio- eller fjernsynskanalar som er finansierte med reklame og som har Noreg som primært målområde. Vidare må det vere ein absolutt føresetnad at det ikkje skal vere høve til å kryssubsidiere den forretningsmessige verksemda med lisensmidlar. Departementet legg samstundes til grunn at overskott i den forretningsmessige verksemda skal nyttast til å finansiere auka programproduksjon og programinnkjøp, noko som vil styrkje allmennkringkastinga i Noreg. Departementets framlegg vil i røynda ikkje endre konkurransesituasjonen på denne marknaden i Noreg. NRK vil etter framlegget ikkje kunne drive reklamefinansiert kringkasting i Noreg eller særskilt retta mot Noreg utan at spørsmålet har vore handsama av Stortinget. Det er først og fremst på andre område enn tradisjonell kommersiell kringkasting at NRK gjennom dotterselskap vil konkurrere med private aktørar; t.d. på område som tekstfjernsyn, plateutgiving, sal av program og eventuelt betalingsfjernsyn.
I høyringsnotatet gjorde departementet greie for at det må vere ein absolutt føresetnad for å opne for utvida forretningsmessig engasjement for NRK at det ikkje må skje noka form for subsidiering av denne verksemda frå lisensmidlar.
Høyringsinstansane stør dette. Samstundes peikar mange høyringsinstansar m. a. på at det i praksis kan vere vanskeleg å få til system som effektivt kan hindre alle former for kryssubsidiering.
Departementet peiker på at subsidiering frå lisensmidlar reint allment kan skje ved disposisjonar som ope tilsiktar overføring av verdiar frå den lisensfinansierte allmennkringkastinga; t.d. konsernbidrag og eigenkapitalinnskott mot aksjar.
Subsidieringa kan òg vere skjult i transaksjonar som ikkje synest å innebere noka verdioverføring, men som i røynda gjer det ved dei prisane som blir fastsette. Innskott av eigenkapital kan òg innehalde skjult verdioverføring i høve til medeigarar.
I høve til andre transaksjonar enn innskott og uttak av eigenkapital, skal departementet her peike på at lov av 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskap gjeld for Norsk rikskringkasting AS. Departementet legg i utgangspunktet til grunn at regelen § 3-9 nr. 1 i aksjelova bør gi grunnlag for den naudsynte kontrollen med at transaksjonane innanfor NRK-konsernet skjer på forretningsmessige vilkår.
Departementet har etter høyringsrunden bede Norsk rikskringkasting AS gjere nærmare greie for dei prinsippa som skal gjelde for transaksjonar mellom selskapa. NRK uttaler følgjande:
«Formålet med etableringen av Aktivum er i første rekke å kommersielt utnytte NRKs programmer og utvikle potensielle produkter relatert til programvirksomheten. Det er et grunnleggende prinsipp for NRK og Aktivum at midler fra kringkastingavgiften ikke skal benyttes til å subsidiere kommersiell virksomhet. Selskapene legger således til grunn at enhver transaksjon mellom selskapene skal baseres på allminnelige forretningsmessige vilkår og prinsipper i tråd med bestemmelsen i aksjeloven § 3-9. Denne grunnregel kan igjen deles i tre delprinsipper:
1. Alle transaksjoner skal skje basert på et armlengde prinsipp. Dvs at transaksjoner mellom NRK og Aktivum i prinsippet skal skje til samme vilkår som overfor tredjeparter NRK ikke har eierinteresser i.
2. Åpen handel. Dvs. at Aktivum betaler for de varer og tjenester NRK leverer.
3. Reell prising. Dvs. at prisene skal reflektere reelle kostnader og markedsbetingelser.
I tråd med ordensregelen i aksjeloven § 6-13 tredje ledd vil NRK og Aktivum også sørge for at avtaler mellom de selskaper blir nedtegnet skriftlig. Det er således inngått en avtale mellom Aktivum og NRK som regulerer forholdene ved salg og annen utnyttelse av radio- og fjernsynsprogram m.v. Avtalen følger allminnelige forretningsmessige vilkår og fastsetter at Aktivum skal betale vederlag til NRK for all utnyttelse på lik linje som overfor andre opphavsmenn. Aktivums fortrinn er kun at selskapet har førsterett til salg og utnyttelse av NRKs produksjoner og programmer. NRK beholder eiendomsretten til programmene.»
Departementet legg til grunn at dette er tilfredsstillande, men vil likevel følgje utviklinga i NRK på dette området nøye, eventuelt vurdere å gi nærmare reglar. Departementet gjer framlegg om eigen lovheimel for å sikre dette.
Føresetnaden om forbod mot kryssubsidiering er viktig også i høve til dei pliktene Noreg har etter EØS-avtala m.o.t. reglar om statsstøtte og konkurranse.
Artikkel 61 i EØS-avtala slår som hovudprinsipp fast at statsstøtte i EØS er forbode når slik støtte verkar konkurransevridande på samhandelen mellom landa. Også det å gi gunstige vilkår for einskilde selskap blir råka av denne regelen.
Departementet gjer framlegg om at NRKs rammer for forretningsmessig verksemd blir utvida i høve til kva det noverande regelverket opnar for. Departementet grunngir dette med behovet for å oppretthalde NRK som ein sterk norsk allmennkringkastar. Kultur- og mediepolitisk er dette svært viktig i ein mediesituasjon som meir og meir vil bli prega av auka konkurranse om sjåarar og lyttarar. Samstundes kan mangelen på programmateriale med høgt kvalitetsinnhald føre til einsretting av det samla programtilbodet.
Kulturdepartementet gjer framlegg om at §6-1 tredje ledd i kringkastingslova blir endra, slik at NRK gjennom dotterselskap reint allment kan ta del i forretningsmessig verksemd utan at dette er avgrensa til føremål som har med allmennkringkasting å gjere.
I høyringsnotatet gjorde departementet greie for at §6-4 i kringkastingslova set forbod mot at verksemda i NRK kan finansierast med reklamesendingar. Departementet gjorde framlegg om at dette forbodet skulle opphevast for anna verksemd enn allmennkanalane (NRK1, NRKTO og P1, P2 og P3 i radio). Departementet la til grunn at desse kanalane - som i dag - må haldast reklamefrie. Ut over dette la departementet til grunn at NRK med visse avgrensingar måtte kunne engasjere seg i verksemd som inneheld reklame.
Av høyringsinstansane er det berre TV 2 AS, Norsk Forbund for Lokal-TV og Kringkastingsringen som er negative til dette.
NRK uttaler m.a. følgjande:
«NRK reiser således spørsmål om det er hensiktsmessig å formulere en eksplisitt plikt for generalforsamlingen til å forelegge for Stortinget spørsmålet om tillatelse - alene eller i samarbeid med andre medieaktører til - å etablere reklamefinansierte kanaler i Norge. Selv om en slik fremgangsmåte må antas å være den naturlige ordning, kan det forekomme tilfeller der dette ikke ville være hensiktsmessig. Det må etter NRKs syn kunne legges til grunn at statsråden selv vil foreta en forsvarlig vurdering av hvorvidt man i det enkelte tilfelle bør forelegge saken for Stortinget før Generalforsamlingen fatter sin beslutning.»
Departementet held oppe framlegget om at forbodet mot å reklamefinansiere NRK blir oppheva for anna aktivitet enn allmennkanalane (NRK1, NRKTO og P1, P2 og P3 i radio). Desse kanalane må - som i dag - haldast reklamefrie.
Den lovendringa departementet gjer framlegg om, opnar i prinsippet for at NRK kan eige, drive eller ha eigarpartar i fjernsyns- eller radiokanalar som er finansierte med reklame og blir sende frå norsk territorium og retta mot den norske marknaden. Departementet held fast på at generalforsamlinga ikkje skal kunne gi løyve til dette utan at saka har vore lagd fram for Stortinget. Departementet legg òg til grunn at generalforsamlinga ikkje skal godkjenne at NRK eig, driv eller har eigarpartar i fjernsyns- eller radiokanalar med reklame som rettar sendingane sine mot den norske marknaden frå utlandet. Det same vil gjelde såkalla telekjøpskanalar.
I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om at det burde opnast for å sende reklameinnslag i NRKs tekstfjernsyn, også i tekstfjernsyn som er knytta til NRKs allmennkanalar. Departementet la til grunn at tekstfjernsyn må reknast som ei tilleggsteneste der føresetnaden er at sjåaren aktivt oppsøkjer tenesta, og meinte såleis at tekstfjernsyn ikkje kan reknast som ein del av NRKs allmennkanalar.
Av dei høyringsinstansane som har uttalt seg om dette spørsmålet nemner departementet at Forbrukarombodet vil gå i mot departementets forslag i kringkastingsloven § 6-4 om å åpne for reklame i NRKs tekstfjernsyn.
Etter Barne- og familiedepartementets mening bør også tjenester som retter seg til barn være skjermet mot reklame.
«Barne- og familiedepartementet vil derfor be Kulturdepartementet om å vurdere om det er hensiktsmessig å tillate reklame på tekstfjernsyn generelt. Alternativt bør Kulturdepartementet vurdere hvordan en gjennom forskrift best kan regulere reklame i tekstfjernsyn når tekstfjernsynet har barn som målgruppe.»
TV 2 AS er negative til departementets framlegg på dette punktet.
Departementet held oppe framlegget om å tillate annonsar i tekstfjernsynet i NRK. Departementet gjer framlegg om at dette blir presisert i lovteksten. Departementet meiner også det bør presiserast at Kongen i forskrift skal kunne gi nærmare reglar om utsending av reklame i NRKs tekstfjernsyn, m.a. slik at dei omsyna Barne- og familiedepartementet nemner kan ivaretakast.
Stortinget handsama 7. mai 1998 Ot.prp. nr. 8 (1997-98), Om lov om endringar i film- og videogramlova og straffelova (Ot.prp. nr. 78 (1996-97), jf. Innst. O. nr. 40 (1997-98).
§ 4 i lova gir reglar om førehandskontroll av film eller videogram som skal synast fram i næring. Etter siste lekken i paragrafen kan Kulturdepartementet «i forskrift gjere unntak frå kravet om førehandskontroll og betaling av gebyr.» For å kunne gjennomføre ordninga med førehandskontroll effektivt, er det naudsynt for Statens filmtilsyn å få inn ulike opplysningar om filmane. Etter gjeldande forskrift kan det krevjast inn slike opplysningar. Etter departementets vurdering er det noko tvilsamt om den noverande formuleringa i lova gir den naudsynte heimelen til å gi forskrift om å krevje inn slike opplysningar. Departementet gjer difor framlegg om ein klårare forskriftsheimel i film- og videogramlova § 4.
Før lovendringa hadde § 12 i lova denne ordlyden:
«Statens filmtilsyn kan etter nærmare reglar gjere vedtak om strykningar i registeret i tilfelle brot på lov eller forskrifter givne med heimel i lov.»
Med grunnlag i denne regelen er det i forskrifta til lova fastsett reglar om at Statens filmtilsyn ved brot på reglane i lova kan suspendere eller stryke importørar, produsentar eller forhandlarar frå Filmtilsynet sine register. Dette inneber at importøren, produsenten eller forhandlaren medan det ulovlege tilhøvet pågår, ikkje kan få registrert eller førehandskontrollert nye filmar eller videogram.
Då Stortinget handsama saka, vart denne regelen oppheva. Dette er ikkje drøfta i forarbeida til lovendringa. Kulturdepartementet legg til grunn at regelen fall ut ved ein feil.
Departementet gjer framlegg om at Statens filmtilsyn etter nærmare reglar gitt av departementet får høve til å nekte å motta filmar eller videogram frå distributørar som bryt lova eller forskriftene til lova.
I Innst. O. nr. 40 (1997-98) uttalte Stortingets familie-, kultur- og administrasjonskomite følgjande om framlegget om å utvide verkeområdet for straffelova § 382 om valdsskildringar:
«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, vil understreke at filmklubber, som ikke viser filmer i næring, må unntas fra denne bestemmelsen. Det forutsettes at departementet tar hensyn til dette ved utforming av forskriftene.»
Det vart ikkje vedteke nokon heimel til å gjere slikt unnatak som fleirtalet ønskte, korkje i straffelova eller i film- og videogramlova. Departementet har såleis ikkje høve til å ta omsyn til fleirtalet sitt ønskjemål ved utforming av forskrifter. Dette gjeld både i høve til film- og videogramlova og straffelova.
Kulturdepartementet kan ikkje tilrå at det blir fastsett lovendringar som fritek filmklubbar som gir offentlege framsyningar frå forbodet mot framsyning av ulovlege valdsskildringar i straffelova §382.
Departementet kan ikkje sjå at det er mogleg å gi ei avgrensing av ein slik regel som samstundes er klår og eintydig og ikkje vil rekkje vidare enn ønskjeleg. Kulturdepartementet ser det ikkje som aktuelt å innføre ei særordning som berre gjeld medlemmene i Norsk filmklubbforbund.
Departementets framlegg vil ikkje innebere administrative eller økonomiske konsekvensar for det offentlege.
For Norsk rikskringkasting vil framlegga på sikt kunne innebere auka inntekter. Departementet vil orientere Stortinget om nivået på inntektene frå dei kommersielle aktivitetane i dei årlege budsjettproposisjonane.
Departementets framlegg om at det skal opnast for kommersielle innslag i NRKs tekstfjernsyn vil føre til auka konkurranse om annonseinntektene i dette mediet. På den norske marknaden er det i dag TV 2 som er den viktigaste aktøren.
Departementets framlegg til endringar i lov om film og videogram får korkje konsekvensar for private eller det offentlege.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, er av den oppfatning at det er viktig å avklare rammene rundt den fremtidige forretningsmessige virksomheten til Norsk Rikskringkasting AS. Flertallet mener i likhet med departementet at det for det første er viktig å klargjøre det lovmessige grunnlaget for denne virksomheten og flertallet vil i denne sammenheng vise til at dagens lovverk ikke har vært presist nok på dette området. Flertallet vil også vise til at NRK i de senere år har engasjert seg innenfor forretningsområder som de tidligere ikke har vært engasjert i og at det i den anledning har oppstått et behov for å trekke opp klare grenser for hvilken forretningsmessig profil NRK skal ha i fremtiden. Flertallet vil spesielt peke på den konkurransesituasjon som NRK har kommet i ved at virksomheten i dag er utsatt for langt større konkurranse enn det som var tilfellet for kun noen år siden.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet og Kristelig Folkeparti og Senterpartiet mener det derfor fremover vil være viktig at NRK skal kunne ha adgang til å engasjere seg i andre typer forretningsvirksomhet enn det selskapet kan med gjeldende regler. Flertallet vil påpeke at å tillate en slik utvikling vil være med på å styrke NRKs posisjon som en ledende allmennkringkaster i årene fremover.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil vise til at NRK i dag har en meget spesiell finansieringsordning gjennom fjernsynslisens ordningen. Dette medfører at NRK har et stort konkurransefortrinn fremfor alle andre kringkastere som selv må sørge for sine inntekter. Disse medlemmer finner det derfor ikke riktig at NRK i fremtiden skal ha adgang til å engasjere seg i andre former for forretningsvirksomhet enn det selskapet kan med gjeldende regelverk. Disse medlemmer mener at å tillate en utviklingen hvor NRK i større grad enn i dag deltar på et konkurranseutsatt marked vil føre til skjevheter i konkurransen på kringkastingsmarkedet. Disse medlemmer vil også vise til Fremskrittspartiets prinsipale syn på at det offentlige ikke skal ha eierandeler i mediebedrifter og fremmer derfor følgende forslag :
«Stortinget ber Regjeringen om å fremme sak for Stortinget med en plan for en snarest mulig privatisering av NRK.»
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti er enig i at det er viktig å avklare rammene rundt den forretningsmessige virksomheten i NRK. Dette medlem er opptatt av å forsvare NRK som lisensfinansiert, reklamefri allmennkringkaster med de forpliktelser det innebærer i forhold til kultur, språk, minoriteter, ytringsfrihet og demokrati. Dette medlem er klar over at NRK som følge av utviklingen i media er utsatt for stor konkurranse og derfor har behov for inntekter utover lisensen. Dette medlem vil peke på at innføring av konsesjonsavgift på reklamefinansierte allmennkringkastere vil kunne skaffe inntekter til NRKs produksjoner, og til film- og TV-produksjoner. Dette medlem vil ut fra en helhetsvurdering støtte departementets forslag til utvidelse av NRKs forretningsdrift. Dette medlem forutsetter da at overskudd i den forretningsmessige virksomheten skal brukes til å finansiere programproduksjon og programinnkjøp og dermed styrke allmennkringkastingstilbudet. Dette medlem vil likevel be departementet vurdere de mulighetene som ligger i å innføre en konsesjonsavgift på reklamefinansierte allmennkringkastere, slik at NRKs forretningsmessige engasjement kan avgrenses.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, har merket seg det arbeidet som skjer i NRK Aktivum AS. Å skille ut konkurranseutsatte virksomheter i egne selskaper vil bidra til at NRK fremover kan få en fleksibilitet i den daglige virksomheten som vil være helt avgjørende for at selskapet skal kunne lykkes i årene som kommer med å tilby en programprofil som seerne er fornøyde med. Flertallet vil videre påpeke at det i årene fremover vil bli viktig for NRK å satse aktivt på å utnytte egen kompetanse, egne rettigheter og satse på egne produksjoner. Flertallet er av den oppfatning at det i årene fremover også vil være viktig for NRK å sikre seg et samarbeid med andre produsenter av programmer for dermed å styrke sin posisjon på markedet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er av den oppfatning at den virksomheten som er lagt inn under NRK Aktivum AS er en virksomhet som drives i konkurranse med andre aktører på kringkastingsmarkedet. Disse medlemmer er av den oppfatning at så lenge lisensfinansieringen består må NRK ikke opprette egne selskaper som drives i konkurranse med andre. All virksomhet i NRK aktivum som drives i konkurranse med andre må derfor avvikles. Disse medlemmer vil bemerke at mye av det som ligger i denne virksomheten er opp igjennom tidene bygd opp av lisensmidler. Dette innebærer at NRK har fått et helt annet grunnlag til å bygge opp sin virksomhet enn alle andre aktører på dette markedet.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti er klar over at en ved i hovedsak å slutte seg til departementets forslag til utviding av forretningsvirksomheten, aksepterer at NRK skal kunne engasjere seg i betal-TV. Dette medlem viser i den forbindelse til at departementet i brev datert 19. november 1999 er klar over at oppstart av betalingskanaler i regi av NRK kan tenkes å føre til en kvalitativ utarming av tilbudet i allmennkanalene. Denne problemstillingen blir også påpekt av Senter for Medieøkonomi, Handelshøgskolen BI og av konvergensutvalget (NOU 1999:26, s. 167). Dette medlem mener at departementet må avklare prinsipper på hvordan balansegangen mellom NRKs ordinære allmennkringkastingstilbud skal håndteres.
Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemane frå Fremskrittspartiet, meiner det er ein absolutt føresetnad at lisenspengar ikkje skal brukast til forretningsmessig engasjement. Det skal ikkje være høve til å kryssubsidiera den forretningsmessige drifta med lisenspengar.
Fleirtalet sluttar seg til departementets merknadar.
Komiteens medlemmer fra Høyre støtter departementets syn på at det må være en absolutt forutsetning for utvidet forretningsmessig engasjement for NRK at det ikke må skje noen form for subsidiering av denne virksomheten fra lisensmidler. Disse medlemmer viser til uttalelsene fra bl.a. Konkurransetilsynet, og ber departementet følge utviklingen i NRK på dette området nøye.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, slutter seg til departementets forslag.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Sosialistisk Venstreparti er av den oppfatning at NRK ikke skal kunne reklamefinansiere allmennkanalene. Disse medlemmer viser til at også kanaler som Alltid Nyheter og Alltid klassisk må omfattes av reklameforbud, i tillegg til de kanaler som er nevnt i proposisjonen. Disse medlemmer støtter departementet i at Stortinget må få seg forelagt eventuelle tillatelser til reklamefinansierte kanaler i Norge eller spesielt rettet mot Norge.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er av den oppfatning at NRK ikke skal ha eierandeler i reklamefinansierte kringkastingsselskaper så lenge lisensfinansieringen består.
Komiteen vil påpeke at kringkastingsavgiften i dag er NRKs hovedinntektskilde i tillegg til mindre inntekter fra sponsing. Det er komiteens oppfatning at så lenge kringkastingsavgiften består er det viktig at eventuelle inntekter fra datterselskaper som arbeider på kommersielt grunnlag holdes adskilt på en slik måte at det vil være uproblematisk å se hvor de forskjellige midlene blir benyttet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil videre påpeke at dersom det vil vise seg at NRK igjennom datterselskaper får egne inntekter av betydning, vil det være grunn til å se på om kringkastingsavgiften skal opprettholdes på sitt nåværende nivå. Det er disse medlemmers oppfatning at dersom man ser eksempler på at kommersielle inntekter blir sammenblandet med midler som stammer fra kringkastingsavgiften så vil Stortinget på nytt bli tvunget til å se på de rammene som er gitt rundt den forretningsmessige virksomheten.
Disse medlemmer er av den oppfatning at kringkastingsavgiften må avskaffes og fremmer derfor følgende forslag :
«Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget med en plan hvor kringkastingsavgiften avskaffes i løpet av en tre-års periode.»
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, registrerer at tekstfjernsyn har blitt en viktig kanal for formidling av informasjon og det er en tjeneste som også i økende grad blir utsatt for konkurranse. Flertallet ser det som meget viktig at også NRKs tekstfjernsyn får rammevilkår som gjør at det kan hevde seg i den økende konkurransen på dette området. Flertallet stiller seg derfor positive til at NRKs tekstfjernsyn ikke skal regnes som en del av allmennkanalene.
Flertallet støttar forslaget om at det kan opnast for å senda reklameinnslag i NRK sitt tekstfjernsyn, også i tekstfjernsyn som er knytt til NRK sine allmennkanalar. Flertallet meiner dessutan at det må gjevast nærare reglar om utsending av reklame i NRK sitt tekstfjernsyn, m.a. slik at dei omsyna Barne- og familiedepartementet nemner kan ivaretakast.
Flertallet slutter seg til departementets forslag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Sosialistisk Venstreparti vil advare mot en utvikling der NRK, med departementets godkjennelse, stadig flytter grensene for hva som skal unntas fra allmennkringkastingsbegrepet. En uthuling av hva dette begrepet innebærer vil svekke kringkastingslisensens legitimitet, og vil føre til et press mot en full kommersialisering av NRK.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
§ 6-4 skal lyde:
«Virksomheten i Norsk Rikskringkasting AS finansieres ved kringkastingsavgift, salgsinntekter m.v. Virksomheten kan ikke finansieres ved reklame i NRKs allmennkanaler. Kringkastingsavgift fastsettes av Stortinget.»
Komiteens medlemmer fra Høyre og Sosialistisk Venstreparti vil gå i mot forslaget om å gi adgang til reklame på tekst-TV. Disse medlemmer er uenig med departementet i at tekst TV ikke er en del av NRKs allmennkanaler, tvert i mot mener disse medlemmer at tekst TV oppfattes som en integrert del av allmenkringkastingstilbudet.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet støtter ikke forslaget om at det skal åpnes for reklame i tekstfjernsyn. NRKs tekstfjernsyn er oppbygd med lisensmidler. Det vil derfor føre til en betydelig konkurransevridning dersom det åpnes for reklame i NRKs tekstfjernsyn.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser for øvrig til høringsuttalelser fra Forbrukerombudet og Barne- og familiedepartementet. Dette medlem mener at en ved å tillate reklame på tekstfjernsyn er med på å øke reklame- og forbrukspresset generelt. Spesielt er det uheldig at presset vil øke overfor barn og unge.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, viser til Innst. O. nr. 40 (1997-98) om å utvide virkeområdet for straffelovens § 382 om voldsskildringer der det ble uttrykt.
«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, vil understreke at filmklubber, som ikke viser filmer i næring, må unntas fra denne bestemmelsen. Det forutsettes at departementet tar hensyn til dette ved utforming av forskriftene.»
Flertallet vil holde fast ved sitt opprinnelige utgangspunkt om at visninger som skjer i regi av filmklubber, satt i en helt annen ramme enn tradisjonelle kino- og filmvisninger, skal unntas fra definisjonen «i næring». Det er også viktig å holde fast ved at film er et åndsverk på linje med annen kunst, og i denne rammen må behandles som et kunstverk da dette ikke er kommersielle visninger som faller inn under definisjonen «i næring». Flertallet vil derfor fremme følgende forslag:
«Stortinget pålegger Regjeringen å utarbeide forslag til regler for visning av filmer som omfattes av straffelovens § 382, slik at disse kan fremføres som et åndsverk når dette ikke skjer i næring.»
Komiteen sine medlemer frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet syner til siner merknader i Innst. O. nr. 40 (1997-98) der dette mindretalet m.a. uttala:
«Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti og Senterpartiet legger på sin side til grunn at straffelovens offentlighetsbegrep, slik regelen i dag gjelder for fremvisning av pornografisk film, må legges til grunn også mht. visning av voldsskildringer i filmklubbene.»
Desse medlemene er ikkje samde i at det blir fastsett lovendringar som gir filkmklubbar som gir offentlege framsyningar fritak frå forbodet mot framsyning av ulovlege voldsskildringar i straffelova § 382.
Komiteen viser til behandlingen av Innst. S. nr. 190 (1994-95) der det ble fattet følgende vedtak:
«Alle nærradioer med konsesjon skal ha høve til å sende program mellom kl. 06.00 og kl. 18.00 også i område med berre ein frekvens.»
Dette var et vedtak som må sees i lys av komiteens merknader i samme innstilling, der det fremgår at dette ikke skulle føre til en endring av den sendetidspraktisering som hadde funnet sted. Derimot må dette tolkes som en presisering av at gjeldende praksis skulle fortsette slik at ingen radioer skulle være forbeholdt en bestemt sendeflate slik forslaget fra regjeringen i St.meld. nr. 24 (1994-95) Nærkringkasting innebar. Komiteen er kjent med at dette forslaget har vært benyttet til å frata nærradioer sendetid. I tråd med tidligere vedtak er komiteen opptatt av at lokalradioer må sikres stabile rammer for driften, der en innarbeidet sendetid med opparbeidet marked er det viktigste for å sikre en etablert virksomhet videre drift. På denne bakgrunn er det galt å benytte dette vedtaket til å frata eksisterende nærradioer sendetid, hensikten var faktisk å sikre at ingen ble fratatt sendetid de hadde innarbeidet. Derfor slås det nå fast at ingen skal kunne fratas sendetid mellom konsesjonsrundene med mindre det oppstår tilfeller der dette er naturlig, f.eks. ved konkurs og opphør av sendinger eller ved fratagelse av konsesjon.
Komiteen vil derfor fremme følgende forslag:
«Stortinget ber Regjeringen iverksette at ingen lokalradio skal fratas sendetid i konsesjonsperioden, med unntak av særskilte tilfeller.»
Forslag fra Fremskrittspartiet, Høyre og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
§ 6-4 skal lyde:
Virksomheten i Norsk Rikskringkasting AS finansieres ved kringkastingsavgift, salgsinntekter m.v. Virksomheten kan ikke finansieres ved reklame i NRKs allmennkanaler. Kringkastingsavgift fastsettes av Stortinget.
Forslag fra Fremskrittspartiet
Forslag 2
Stortinget ber Regjeringen om å fremme sak for Stortinget med en plan for en snarest mulig privatisering av NRK.
Forslag 3
Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget med en plan hvor kringkastingsavgiften avskaffes i løpet av en tre-års periode.
Komiteen har ingen ytterlige merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slike
vedtak:
A
Vedtak til lov
om endringar i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting og i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram
I
I lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting blir det gjort følgjande endringar:§ 6-1 tredje ledd skal lyde:
Norsk rikskringkasting AS har til formål å drive allmennkringkasting og virksomhet som har sammenheng med dette. NRK kan gjennom datterselskap delta i annen virksomhet. Kongen kan i forskrift gi nærmere regler om regnskapsmessige forhold mellom Norsk rikskringkasting AS og datterselskap.
§ 6-4 skal lyde:
Virksomheten i Norsk rikskringkasting AS finansieres ved kringkastingsavgift, salgsinntekter m.v. Virksomheten kan ikke finansieres ved reklame i NRKs allmennkanaler. NRKs tekstfjernsyn regnes ikke som en del av allmennkanalene. Kongen kan i forskrift gi nærmere regler om reklame i NRKs tekstfjernsyn. Kringkastingsavgift fastsettes av Stortinget.
II
I lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram blir det gjort følgjande endringar:§ 4 siste ledd skal lyde:
Departementet kan i forskrift gi nærmare reglar om førehandskontroll og betaling av gebyr.
§ 12 skal lyde:
§ 12 Administrative sanksjonar
Departementet kan gi forskrift om høve for Statens filmtilsyn til å nekte førehandskontroll eller registrering av film eller videogram frå distributørar som bryt reglane i denne lova eller i forskrifter gitt med heimel i denne lova.
III
Lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset.
B
Stortinget pålegger Regjeringen å utarbeide forslag til regler for visning av filmer som omfattes av straffelovens § 382, slik at disse kan fremføres som et åndsverk når dette ikke skjer i næring.
C
Stortinget ber Regjeringen iverksette at ingen lokalradio skal fratas sendetid i konsesjonsperioden, med unntak av særskilte tilfeller.
Kulturdepartementet viser til brev av 16. november 1999 fra Stortingets familie- kultur- og administrasjonskomite. Komiteen stiller følgende spørsmål:
«I høringsnotatet fra Senter for Medieøkonomi, Handelshøgskolen BI står det:
«Dersom NRK har eierinteresser i betal TV-kanal, eller på annen måte samarbeider med andre om slikt foretak, vil det være inntektsmaksimerende for NRK å tilby attraktive programmer over et betal TV-system før det blir vist på allmennkanalene. Resultatet kan dermed bli at allmennkanalene blir en form for annenrangs tilbud til de seerne som av forskjellige årsaker kun ønsker, eller makter, å betale lisensavgiften.»
Deler departementet bekymringen om at muligheten for at de mest attraktive programmene først vil kunne vises i betal TV-kanal som NRK har eierinteresser i, vil føre til at allmennkanalene på sikt vil kunne bli et annenrangs tilbud? Hvilke strategier har i så fall departementet for at allmennkanalene skal kunne opprettholdes som fullverdige tilbud med attraktive programforsyninger?
Departementet er oppmerksom på problemstillingen som reises i brevet om et mulig spenningsforhold mellom betalingskanaler i regi av NRK og selskapets ordinære allmennkringkastertilbud. Problemstillingen er også påpekt av Konvergensutvalget (NOU 1999:26 s. 167):
«Oppstart av betalingskanaler i regi av NRK kan tenkes å føre til en kvalitativ utarming av tilbudet i allmennkanalene. Det vil være en risiko for at NRK, for å maksimere inntektene, vil tilby de mest attraktive programmene som betalingstjenester. Resultatet kan bli at kvaliteten på gratistilbudet i allmennkanalene svekkes, noe som isolert sett vil være uheldig. Samtidig ser utvalget det som nødvendig at NRK gis rammebetingelser som setter selskapet i stand til å konkurrere mest mulig på lik linje med andre kringkastere. Utviklingen av for eksempel PPV kan ventes føre til ytterligere stigning i prisene for kjøp av senderettigheter til populære programmer. Dersom NRK fortsatt skal kunne tilby slike programmer, er det sannsynligvis helt nødvendig at de også gis anledning til å operere med betalingstjenester. Utvalget legger imidlertid til grunn at behovet for å sikre at publikum fortsatt skal ha tilgang til et bredt utvalg av gratisprogram kan tilsi at Kulturdepartementet på et senere tidspunkt utvikler nærmere prinsipper for hvordan NRK skal håndtere denne balansegangen.»
Departementet kan gi sin tilslutning til disse synspunkter, og vil følge utviklingen nøye, bl.a. via Allmennkringkastingsrådets årlige rapporter.
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 23. november 1999
Ågot Valle | Per Roar Bredvold | Grethe G. Fossum |
fung.leder | ordfører | sekretær |