Komiteen si tilråding
Komiteen viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere følgjande
vedtak til lov
om endring i lov av 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).
I.
I lov av 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova) blir det gjort slik endring:§ 10 andre leddet tredje punktum skal lyde:
Regelen i første punktum i leden her gjeld tilsvarande for skade på fast eigedom og dyr med unntak for lause hundar.
II.
Denne lova trer i kraft straks. Lova gjeld ikkje for skadar som er valda før ho trådte i kraft.