Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om lov om endringer i lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskott til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova).

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 17 (1998-99)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 9 (1998-99).
  • Dato: 26.11.1998
  • Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningskomiteen
  • Sidetall: 2
  • PDF

Innhold

Til Odelstinget.

Departementet foreslår endringer i privatskoleloven som en oppfølgning av Stortingets behandling av prinsippene for å legge om tilskuddssystemet til private skoler, jf. Innst. S. nr. 3 (1998-99) om St.meld. nr. 45 (1997-98). De aller fleste endringene er i samsvar med Høybråten-utvalgets anbefalinger i NOU 1997:16 og er innarbeidet i budsjettforslaget for 1999.

Departementets forslag til lovjusteringer gjelder endringer i tilskottsreglene (§ 26), bruken av statstilskuddet og skolepengene (§ 27) og reglene ved brudd på forutsetningene for å få tilskudd (§ 25). I forbindelse med behandlingen av Innst. S. nr. 3 (1998-99) vedtok Stortinget å be «Regjeringen fremme nødvendige lovforslag slik at opplæring innenfor de menighetsrelaterte arbeidsfelt innen de religiøse trossamfunn legges inn under de enkelte trossamfunn, menigheter og organisasjoner». Departementet vil arbeide videre med å utrede de lovendringene Stortinget har bedt om, og komme tilbake til Stortinget med denne saken senere.

Komiteen viser til komitéflertallets og de ulike partifraksjoners merknader i Innst. S. nr. 3 (1998-99) og slutter seg til proposisjonen.

Komiteen viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova).

I.

I lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring (privatskulelova) skal det gjerast desse endringane:

§ 25 nr. 4 skal lyde:

Departementet kan dra godkjenninga attende dersom vilkåra i denne lova ikkje vert fylte.

§ 26 tilskottsregel nr. 1 skal lyde:

Tilskotsregel nr. 1

Grunnskular for funksjonshemma.

  • a) Alle driftsutgifter vert dekte ved statstilskot. Departementet fastset tilskotet på grunnlag av framlagde planar og budsjettframlegg. Så langt råd vert normalsatsen pr elev pr skuleår lagd til grunn.

  • b) Skulane kan etter søknad få statstilskot til investeringsutgifter.

  • c) Utgifter til elevreiser vert dekte etter gjeldande reglar i lov om grunnskulen.

§ 26 tilskottsregel nr. 3 skal lyde:

Tilskotsregel nr. 3

Vidaregåande skular som tidlegare hadde parallellar i tilsvarande statlege skular: 85 pst av dei driftsutgifter som kjem inn under tilskotsgrunnlaget vert dekt ved statstilskot. Så langt råd vert dette rekna etter ein normalsats pr heilårselev.

§ 26 tilskottsregel nr. 4 innleiinga skal lyde:

Vidaregåande skular som kan godkjennast etter § 3 bokstav a, b og d i lova her:

§ 26 tilskottsregel nr. 5 vert oppheva.

§ 26 tilskottsregel nr. 7 andre leddet andre punktum skal lyde:

Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skular.

§ 26 tilskottsregel nr. 7 andre leddet noverande andre til fjerde punktum vert tredje til nytt femte punktum.

§ 26 tilskottsregel nr. 8 andre leddet andre, tredje og fjerde punktum skal lyde:

Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skular. Tilskotsgrunnlaget vert fastsett av Stortinget. Tilskotet vert knytt til ein normalsats pr elev særskilt for barnesteget og ungdomssteget rekna ut for grunnskular i Noreg, jamfør tilskotsregel nr. 7.

§ 26 tilskottsregel nr. 10 skal lyde:

Tilskotsregel nr. 10

Departementet kan gje forskrift om at

  • a)statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot etter denne lov til kompletterande undervisning, og at

  • b)statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skular i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot til delvis dekning av skulepengar.

§ 26 tilskottsregel nr. 11 vert oppheva.

§ 27 første ledd skal lyde:

Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal koma elevane til gode.

II.

Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.

Oslo, i kirke-, utdannings- og forskningskomiteen, den 26. november 1998.

Grete Knudsen, Arne Lyngstad, Rune E. Kristiansen,
leder. ordfører. sekretær.