2. Komiteen sine merknader
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Mimmi Bæivi, Bjarne Håkon Hanssen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Odd Roger Enoksen, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til forslaget frå Regjeringa om lov om revisjon av lov av 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. og endringar i einskilde andre lover. Komiteen viser til at landbruket dei seinare åra har blitt stilt ovafor nye krav til omstilling, bl.a. når det gjeld berekraft, kostnadsnivå og miljøvennligheit. Sentralt i ei slik omstilling står ei vidareutvikling av jordskifteretten. Det framlagde forslaget til endringar i jordskifteloven har til hovudhensikt å leggje til rette for ei vidareutvikling og effektivisering av landbruket. Komiteen legg til grunn at dei berørte partane framleis skal kome like godt ut av eit jordskifte som tidlegare. Komiteen har merka seg at mange av dei som er høyrd i tilknyting til departementet sitt arbeid med Ot.prp. nr. 57 (1997-98) uttalar seg positivt om dei erfaringane ein har med jordskifte. Det vert lagt stor vekt på både private og samfunnsøkonomiske verknader.
Komiteen vil peike på at ein grunneigar med landbrukseigedom nesten alltid vil vere opptatt av jordskifte framanfor ekspropriasjon. Dette fordi arealet er grunnlaget for grunneigaren si næringsverksemd. Samtidig kan det hevdast at dette avhengigheitstilhøvet reiser spørsmålet om grunneigaren si rettslege stilling. Dersom ein ikkje lukkast med eit jordskifte, så vil alternativet ofte vere ekspropriasjon.
Komiteen har merka seg dei gode erfaringane med å skaffe grunneigarane, som mister grunn, nytt areal i staden for pengeerstatning. Komiteen vil i denne samanheng generelt peike på at staten på ein aktiv måte må sørgje for å skaffe seg høveleg og naudsynt erstatningsareal i god tid før gjennomføringa av jordskiftesaker der forholda ligg til rette for dette. Samstundes viser komiteen til at jordskifte kan opne opp for effektiv nytting av skogsressursar og redusere driftskostnadene for grunneigarar og drivere gjennom meir rasjonelle einingar. Komiteen er kjent med at departementet har iverksett ei evaluering av korleis Statskog opererer etter omdanninga til statsforetak. Dette sett i høve til dei måla Stortinget trakk opp ved denne omdanninga. I denne samanhangen vil komiteen finne det interessant om departementet også vurderer korvidt, og eventuelt korleis, Statskog i framtida skal agere i jordskiftesaker der staten har betydelege interesser. Det same vil òg vere tilfelle for ein institusjon som Opplysningsvesenets Fond, og eventuelt andre statlege instansar.
Komiteen har spesielt merka seg dei erfaringane som er gjort ved medverknad frå jordskifteverket i høve til utbygginga av Gardermoen flyplass og Gardemobanen.
Komiteen har vidare merka seg den retten det offentlege no får til å krevja jordskifte i saker som gjeld landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område).
Komiteen har merka seg at organiseringa av jordskifteretten vert drøfta i proposisjonen. Komiteen er spesielt merksam på at kontakten mellom jordskifterett og offentlege planstyresmakter kan verta for nær, noko som i sin tur kan føre til at det oppstår uklare skiljeliner mellom forvaltninga og jordskifteretten. Komiteen vil derfor be departementet om å følgje utviklinga på dette område.
Komiteen har merka seg innvendingane frå Den norske dommerforening og Den norske advokatforening. Desse einingane er særs betenkt over rolla til jordskifteretten sett i høve til prinsippet om domstolane si uavhengigheit. Einingane er særleg betenkt over det ein opplever som ei binding mellom jordskifteretten og den aktuelle planmyndigheita.
Komiteen har merka seg desse utsegnene. Samtidig vil komiteen peike på alle dei høyringsinstansane som har stilt seg positive til korleis jordskifteretten sitt arbeid verkar i praksis. Desse utsegnene kjem både frå organisasjonar som representerar eit stort tal grunneigarar, og òg frå fleire fylkesmannsembete. Desse utsegnene viser at systemet i tilknyting til jordskifteretten fungerer bra ut frå brukarane sitt perspektiv. Komiteen ser difor fram til å få vurderingane frå Domstolkommisjonen og Domstolstrukturutvalget når det gjeld desse prinsipielle sidene av jordskifteretten.
Likevel vil komiteen ikkje avvente desse utgreiingane før Ot.prp. nr. 57 (1997-98) vert handsama. Dei utvidingane som ligg i Ot.prp. nr. 57 (1997-98) synast som ein naturleg følgje av samfunnsutviklinga, forutsett at ein framleis har det systemet vi har i dag med ein eigen jordskifterett.
Komiteen vil også understreke at det offentlege sine interesser i areal blir stadig meir omfattande. Dette ikkje minst sett i høve til dei auka miljøinteressene som staten ynskjer å ivareta. I den samanhangen er det etter komiteen si meining klart at jordskifte ofte kan fungere konfliktdempande, og auke det lokale engasjementet for den aktuelle miljøutfordringa. Ikkje minst i høve til det relativt omfattande barskogvernet ein no gjennomfører vil komiteen streke under kor viktig jordskifte er som eit instrument til å ivareta både miljø- og næringsmessig viktige forhold.
Komiteen sluttar seg til forslaget frå Regjeringen om endringar i jordskifteloven.