Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Forslag fra mindretall

Forslag fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 1

§ 9-1 andre ledd nytt siste punktum skal lyde:

       Departementet skal utarbeide normalinstruks for rektor.

Forslag 2

§ 9-2 annet ledd første punktum skal lyde:

       Skolane skal ha eit bibliotek og ein som er ansvarleg for bibliotektenesta. »

Forslag 3

Ny § 10-11 Omgrepet verksemd i fylkeskommunen og kommunen, skal lyde:

       Som arbeidsgivar for personale i opplæringsverksemd etter lova her skal fylkeskommunen eller kommunen reknast som ei verksemd i forhold til § 60 nr. 2 og § 67 i lov av 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidarvern og arbeidsmiljø.

Forslag 4

       Privatskolelova skal innlemmes i den felles opplæringslova.

Forslag fra Arbeiderpartiet:

Forslag 5

§ 1-2 første ledd skal lyde:

       Grunnskolen skal i samarbeid og forståing med heimen hjelpe til med å gi elevane ei kristen, moralsk og humanistisk oppseding, utvikle evnene og føresetnadene deira, åndeleg og kroppsleg, og gi dei god allmennkunnskap, slik at dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.

Forslag 6

§ 2-3 første ledd, andre, tredje, fjerde og femte punktum skal lyde:

       Ein del av undervisningstida etter § 2-2 kan brukast til fag og aktivitetar som skolen og elevane vel, og til opplæring på andre skolar eller på ein arbeidsplass utanfor skolen. Kommunane pliktar å tilby elevane minst eitt leirskoleopphald i løpet av grunnskoletida. Leirskoleundervisninga skal vere gratis, innafor eit rammetimetal etter nærare forskrifter frå departementet. Kommunane avgjer sjølv korleis timar ut over minstetimetalet gitt i forskrifter etter § 2-2 skal brukast.

Forslag 7

§ 10-6 nytt annet ledd skal lyde:

       Tilsette, som samanhengande i meir enn fire år har vore tilsette i skolen og som ikkje fyller kompetansekrav fastsett i lova her, skal i samarbeid med arbeidsgjevar innan ein nærare gitt tidsfrist gjennomføre naudsynt utdanning som kvalifiserer for tilsetjing og arbeid i skolen. Arbeidsgjevar og arbeidstakar påleggast eit gjensidig ansvar for at slik kvalifisering finn stad.

Forslag fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre:

Forslag 8

§ 2-1 første ledd skal lyde:

       Barn og unge har plikt til grunnskoleopplæring, og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskoleopplæring eller gjennom anna, tilsvarande opplæring.

Forslag 9

§ 3-1 siste ledd andre og tredje punktum skal lyde:

       Fylkeskommunen kan påleggje elevane og lærlingane å halde seg med undervisningsmateriell og utstyr til eige bruk som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Fylkeskommunen kan krevje betaling av elevane for utgifter til å kopiere slikt materiell.

Forslag 10

§ 8-1 første ledd første punktum skal lyde:

       Grunnskoleelevane har til vanleg rett til å gå på den skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til.

Forslag 11

Ny § 13-7 annet ledd første punktum skal lyde:

       Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsivå og interesse hjå barna.

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Forslag 12

§ 1-1 første og annet ledd skal lyde:

       Lova gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i offentlege skolar og offentlege lærebedrifter, dersom ikkje noko anna er særskilt fastsett.

Forslag 13

§ 1-3 skal lyde:

       Departementet kan gi forskrifter for å fylle ut de overordna målene og prinsippene for opplæringa.

       Forskrifter som rører ved formål og prinsipp i denne lova, skal behandlast og godkjennast av Stortinget.

Forslag 14

§ 2-1 første ledd skal lyde:

       Barn og ungdom har rett til offentleg grunnskoleopplæring i samsvar med denne lova og tilhøyrande forskrifter. Plikt til offentleg grunnskoleopplæring gjeld ikkje dersom dei på annan måte får tilsvarande opplæring.

Tredje ledd skal lyde:

       Foreldra kan, etter samråd med skolen, ta avgjerd om at eit barn kan starte skolen eitt år seinare, eller eitt år før når det innan 1. mars har fylt 5 år.

Sjette ledd skal lyde:

       Den ordinære undervisninga i grunnskolen skal ikkje baserast på eigenandelar.

Forslag 15

§ 2-3 første ledd første punktum skal lyde:

       Grunnskoleopplæringa skal omfatte religions- og livssynsorientering, norsk, matematikk, framandspråk, kroppsøving, kunnskap om heimen, samfunnet og naturen, og estetisk, praktisk og sosial opplæring med fokus på allmenn dannelse/(folkeskikk), moral og etikk.

Annet ledd første punktum skal lyde:

       Departementet gir forskrifter om fag- og timefordelinga og om læreplanar som fastsett innhaldet i opplæringa.

Tredje ledd annet punktum skal lyde:

       Skoleleiar skal organisere skolen i samsvar med første leddet og forskrifter etter andre leddet og i samsvar med § 1-2 og forskrifter etter § 1-3.

Forslag 16

§ 2-10 første ledd skal lyde:

       Kommunen kan fastsetje i ordensreglement at elevar på klassetrinna 8-10 som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga i inntil tre dagar, og at elevar på klassetrinna 1.-7. kan visast bort frå undervisninga for inntil ein dag.

Annet ledd annet punktum skal lyde:

       Foreldra skal varslast før det blir sett i verk bortvising.

Forslag 17

§ 2-11 annet ledd første punktum skal lyde:

       Elevar som høyrer til eit trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen inntil to dagar i året dei dagane trudomssamfunnet deira har høgtidsdagar.

Forslag 18

§ 3-4 første ledd skal lyde:

       Departementet gir forskrifter om kurstilbud, fag- og timefordeling og om læreplaner som fastset innhaldet i opplæringa.

Annet ledd annet punktum skal lyde:

       Skoleleiar skal organisere skolen i samsvar med forskrifter etter første leddet og i samsvar med § 1-2 og § 3-3 og forskrifter etter § 1-3. »

Forslag 19

§ 3-5 nytt annet ledd skal lyde:

       Opplæringsrådet for faget er klageinstans for yrkesopplæringsnemndas vedtak.

Forslag 20

§ 3-8 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

       Foreldre må informerast inntil barnet er fylt 18 år, jf. § 15-3.

Forslag 21

§ 4-8 blir ny § 15-5.

Forslag 22

§ 5-1 første ledd skal lyde:

       Alle har rett til tilrettelagt undervisning ut fra evner og forutsetningar. Det skal utarbeidast individuell læreplan for kvar elev der dette er nødvendig. Elevar som ikkje har eller som kan få tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning.

Forslag 23

§ 5-1 annet ledd annet punktum skal lyde:

       Opplæringstilbodet skal ha eit slikt innhald at det samla tilbodet kan gi eleven eit forsvarleg utbytte av opplæringa i forhold til dei opplæringsmåla som er realistiske for eleven.

§ 5-4 tredje ledd skal lyde:

       Tilbod om spesialundervisning skal formast ut i samarbeid med eleven og foreldra til eleven, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

Forslag 24

§ 5-7 første ledd annet punktum skal lyde:

       Hjelp bør omfatte tilbud om foreldrerådgivning.

Forslag 25

§ 5-8 skal lyde:

       Departementet gir forskrifter om helsetilsyn for alle elever i skolen.

Forslag 26

§ 6-4 annet ledd første punktum skal lyde:

       Departementet gir forskrifter om læreplanar for opplæring i samisk språk i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa, og om læreplanar for særskilde samiske fag i den vidaregåande opplæringa.

Forslag 27

§ 8-1 første ledd skal lyde:

       Foreldrene og/eller grunnskoleelevene har til vanlig rett til å velge skole.

Forslag 28

§ 9-4 første ledd skal lyde:

       Departementet ved Nasjonalt læremiddelsenter er ansvarleg for godkjenning og kvalitetssikring av lærebøker i offentleg skole.

Fjerde ledd blir annet ledd.

Forslag 29

§ 9-5 siste ledd skal lyde:

       På grunnskolar og i kombinerte anlegg for skole og andre formål må det ikkje serverast alkohol eller takast med alkohol til nyting i den ordinære skoletid.

Forslag 30

§ 10-2 skal lyde:

       Den som skal tilsetjast som skoleleiar må oppfylle dei kompetansekrava som skoleeigar fastset som ønskelige for å nå den enkelte skoles målsetting.

Forslag 31

§ 10-5 skal lyde:

       Når ein må velje mellom fleire søkjarar til den same stillinga, skal det leggjast vekt på skolens behov, utdanning og praksis, kva undervisningsbehov tilsetjinga skal ta sikte på å dekkje, og kor kvalifisert søkjaren elles er for stillinga.

Forslag 32

§ 10-7 skal lyde:

       Kommuner og fylkeskommuner kan gi studenter frå universitetet og høgskolar praksisplass og rettleing i skolen.

Forslag 33

§ 10-9 første ledd skal lyde:

       Den som skal tilsetjast i skolen må leggje fram politiattest. Personar som har vært dømd for sedelighetsforbrytingar kan ikkje tilsetjast.

Tredje ledd blir annet ledd.

Forslag 34

§ 10-10 skal lyde:

       For stillingar som går inn under denne lova, blir lønns- og arbeidsvilkår fastsette i tariffavtale mellom skoleeier og arbeidstakere.

Forslag 35

§ 11-1 Driftsstyre ved grunnskolar skal lyde:

       Ved kvar grunnskole skal det vere eit driftsstyre. Styret skal ha eit fleirtal av foreldre, i tillegg skal styret ha ein samansetning basert på prinsipp fastlagt i andre lover om representasjon. Skoleleder har rett til å møte, tale og fremme forslag.

Forslag 36

§ 11-5 skal lyde:

       Ved kvar vidaregående skole skal det vere eit driftsstyre. Styret skal ha eit fleirtal av foreldre og elevar, i tillegg skal styret ha ein samansetning basert på prinsipp fastlagt i andre lover om representasjon. Skoleleder har rett til å møte, tale og fremme forslag.

Forslag 37

§ 11-9 Foreldreutval, skal lyde:

       Foreldre med barn i offentlig skole velger et nasjonalt foreldreutvalg. Medlemmene velges av og blant foreldrene på landsbasis. Departementet lager forskrifter.

Forslag 38

§ 13-6 skal lyde:

       Alle kommunar kan aleine eller i samarbeid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskoletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skoleverket og kulturlivet elles.

Forslag 39

§ 13-8 skal lyde:

       Staten gir tilskudd til å dekke utgiftene ved opplæring etter denne lov.

       Finansieringen følger eleven etter prinsippet om stykkprisfinansiering pr. elev.

Forslag 40

§ 14-2 Tilsyn med heimeopplæring, skal lyde:

       Departementet oppnemner ei nemnd som fører tilsyn med den pliktige opplæringa for barn og unge som ikkje går på skole, og kan òg kalle dei inn til særskilde prøver. Nemnda skal krevje at barnet eller den unge skal gå i skole dersom dei krava lova her med forskrifter stiller til heimeopplæringa ikkje er oppfylte.

Forslag fra Kristelig Folkeparti:

Forslag 41

§ 9-5 siste ledd skal lyde:

       På grunnskoler og i kombinerte anlegg for grunnskoler og andre formål skal det ikkje serverast alkohol eller takast med alkohol til nyting.

Forslag fra Høyre:

Forslag 42

§ 1-1 annet ledd skal lyde:

       Lova gjeld private grunnskolar som ikkje mottek statstilskot etter privatskulelova.

Forslag 43

§ 1-3 skal lyde:

       Det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom lærarar og elevar, mellom lærlingar og bedrifter, mellom skole og heim og mellom skole og arbeidsliv. Alle som er knytt til skolen, skal arbeide for å hindre at elevar kjem til skade eller blir utsett for krenkjande ord eller handlingar.

Nåværende § 1-3 blir § 1-4.

Forslag 44

§ 2-1 første ledd skal lyde:

       Barn og ungdom har rett og plikt til å gå i grunnskolen, dersom dei ikkje på annan måte får tilsvarande undervisning.

Forslag 45

§ 2-1 tredje ledd annet og tredje punktum skal lyde:

       Foreldra kan, etter samråd med skolen, ta avgjerd om eit barn kan starte skolen eitt år seinare. Kommunen kan gje høve til skolestart eitt år tidlegare, når foreldra og sakkyndige er samde om at dette er til gagn for barnet.

Forslag 46

§ 2-3 annet ledd første punktum skal lyde:

       Departementet fastset lære- og timebyteplanar for alle fag og klassesteg, for vanleg undervisning og spesialundervisning.

Forslag 47

§ 2-10 første ledd skal lyde:

       Kommunen kan fastsetje i ordensreglementet at elevar på klassetrinn 8-10 som alvorleg eller fleire gonger bryt reglementet, kan visast bort frå undervisninga i inntil ei veke og at elevar på klassetrinnet 1-7 kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen.

Forslag 48

§ 3-8 annet ledd annet og tredje punktum skal lyde:

       Vedtak om bortvisning fra resten av kurset fattes av rektor.

       Fylkeskommunen kan ikkje overlate til eit organ på skolen å gjere vedtak etter leddet her om tap av retten til vidaregåande opplæring.

Forslag 49

§ 6-4 nytt siste ledd skal lyde:

       I det samiske forvaltningsområde skal ikke-samiske foreldre ha rett til å velge mellom nasjonal læreplan eller samisk læreplan for sine barn.

Forslag 50

§ 9-4 annet ledd første punktum skal lyde:

       I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.

Tredje ledd utgår.

Forslag 51

       Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om å endre opplæringsloven slik at det blir fritt skolevalg både i grunnskolen og videregående skole, samtidig som det fastholdes at elever i grunnskolen skal ha rett til plass ved nærskolen.

Forslag 52

       Stortinget ber Regjeringen vurdere taushetsreglene i videregående opplæring, med sikte på at taushetsplikten ikke skal gjelde overfor foreldre og foresatte i de tilfeller hvor eleven blir forsørget og/eller bor hos vedkommende.

Forslag 53

       Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i lærerutdannelsen med sikte på at det i de siste 2 år etableres differensierte opplegg innrettet mot henholdsvis barnetrinnet, mellomtrinnet og ungdomstrinnet.

Forslag 54

       Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om å endre kompetansekravene for lærere i ungdomsskolen slik at lærere som underviser i teorifag, skal ha minst ett års faglig fordypning i faget.

Forslag 55

       Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om å oppheve godkjennelsesordningen for lærebøker i grunnskolen og videregående opplæring.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 56

§ 1-2 første ledd skal lyde:

       Grunnskolen skal i samarbeid og forståing med heimen hjelpe til med å gi elevane ei felles etisk og moralsk oppseding, utvikle evnene og føresetnadene deira åndeleg og kroppsleg, og gi dei god allmennkunnskap, slik at dei kan bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.

Forslag 57

§ 2-1 nytt femte ledd skal lyde:

       Elever som har særlig behov for opplæring ut over ti år, har rett til ett år ekstra i grunnskolen. Ved vurderingen skal det legges avgjørende vekt på betydningen av slik opplæring for elevens senere utbytte av videregående opplæring. Reglene om saksbehandling og avgjørelse i kap. 5 gjelder tilsvarende.

Nåværende femte og sjette ledd blir sjette og sjuende ledd.

Forslag 58

§ 2-1 sjette ledd nytt tredje punktum skal lyde:

       Turar, ekskursjonar og leirskuleopphald som inngår i skulen sitt pedagogiske opplegg, er gratis.

Forslag 59

§ 2-4 fjerde ledd skal lyde:

       Eleven skal etter skriftleg melding frå foreldre få fritak frå undervisninga i kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Kommunen skal tilby alternativ opplæring i religion og livssyn for elevar som er fritekne. Slikt tilbod skal vere pliktig opplæring for elevar som er fritekne for kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.

Forslag 60

§ 2-8 skal lyde:

       Elevar frå språklege minoritetar har rett til tilrettelagt språk- og fagundervisning som omfattar undervisning i og på norsk og undervisning i og på morsmålet.

       Når minst tre elevar med same morsmål i kommunen eller på ein skole krev det, har elevane rett til opplæring i sitt morsmål. Morsmålsfaget skal vere eit tilleggsfag på barnesteget og valfag på ungdomssteget.

       Den einskilde skole skal gi tilrettelagt norskopplæring og tospråkleg fagundervisning i dei første åra eleven går i skolen.

       Barn frå språklege minoritetar under opplæringspliktig alder har rett til morsmålsopplæring.

       Elevar som har behov for tilrettelagt norskopplæring og tospråkleg fagundervisning ut over dette, har den same retten etter individuell vurdering og i samråd med foreldra.

       Departementet gir nærmare forskrifter.

Forslag 61

§ 3-1 nytt sjette ledd skal lyde:

       Elevar som har fullført VKI-kurs som fører fram til fagbrev har rett til læreplass. Retten gjeld til eitt av faga som byggjer på det fullførte VKI-kurs.

Nåværende sjette, sjuende og åttende ledd blir sjuende, åttende og niende ledd.

Forslag 62

§ 3-1 siste ledd skal lyde:

       Opplæringa i offentleg vidaregående skole eller i lærebedrift er gratis. Fylkeskommunen skal halde elevane og lærlingane med undervisningsmateriell og utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendeg å ha. Fylkeskommunen kan ikkje krevje egenbetaling av elevane for utgifter til kopiering av slikt materiell. Departementet gir nærmare forskrifter.

Forslag 63

§ 8-3 første ledd skal lyde:

       Når skoleåret tek til, kan ein klasse i grunnskolen ikkje ha meir enn

- 12 elevar når det er fire årskull eller meir i klassen. Når eitt av årskulla er 1. klasse, kan det ikkje vere meir enn 10 elevar,
- 18 elevar når det er tre årskull i klassen. Når eitt av årskulla er 1. klasse, kan det ikkje vere meir enn 15 elevar,
- 24 elevar når det er tre årskull i klassen,
- 28 elevar når det er eitt årskull i klassen i 1. - 10. klassetrinn.

Forslag 64

§ 8-4 nytt annet ledd skal lyde:

       Kvar klasse i grunnskolen skal ha et minste timetall lik klassesteget sitt ordinære undervisningstimetall med tillegg av 0,6 timer pr. elev. Klassen sitt timetall skal reknast ut frå talet på elevar ved skolestart.

Overskrifta for § 8-4 skal lyde:

       Pedagogressurser i første klassesteg og minste klassetimetal i grunnskolen.

Forslag 65

§ 10-1 skal lyde:

       Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen eller i den vidaregåande skolen, skal ha godkjend lærarutdanning. Departementet gir nærmare forskrifter om krav til utdanning og praksis for den som skal tilsetjast i undervisningsstillingar på ulike klassesteg og ulike skoleslag.

Forslag 66

       Stortinget ber Regjeringen utarbeide en arbeidsmiljølov for elever i grunnskolen og videregående skole. En slik lov må inneholde standarder for fysisk arbeidsmiljø, psyko-sosialt arbeidsmiljø og tilsynsorgan. Det må være en forutsetning at disse bestemmelsene innarbeides i opplæringsloven innen loven trer i kraft 1. august 1999.