Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

1.1 Bakgrunnen for lovframlegget

       Proposisjonen som er lagt fram av Arbeids- og administrasjonsdepartementet inneheld i hovudsak framlegg til nytt kapittel 4 om dagpengar under arbeidsløyse i ny lov om folketrygd, framlegg om nokre endringar i sysselsettingslova, samt nokre mindre endringar i lov om anke til trygderetten og i lov om ferie. Departementet gjer vidare framlegg om at to endringslover blir oppheva.

1.2 Lov om folketrygd

       Ved lov 28. juni 1996 nr. 56 blei føresegnene i folketrygdlova kapittel 4 om dagpengar endra på fleire punkt. Vedtaket om ny forenkla folketrygdlov av 28. februar 1997 nr. 19 innebar ein total teknisk revisjon av lova, der heile folketrygdlova av 17.  juni 1966 nr. 12 blei oppheva med unntak av kapittel 4. I proposisjonen vert det gjort framlegg om å oppheva dette kapitlet, samstundes som kapitlet slik det blei vedteke ved lov 28.  juni 1996 nr. 56 må bli vedteke på nytt som ein del av den nye folketrygdlova.

       Det er naudsynt å endre fleire av føresegnene i kapittel 4 slik at tilvisingane som finst her til paragrafar i andre kapittel i lova kan bli i samsvar med den nye paragraf- og kapittelinndelinga i ny lov om folketrygd.

       Departementet gjer dessutan framlegg om at kapittel 4 samordnast med den nye folketrygdlova, slik at ein fjernar administrative føresegner frå kapittel 4 og gjer mindre endringar (tilføyingar) i kapittel 21, 22 og 25.

1.2.1 Nærare om einskilde framlegg i kapittel 4

       Det er eit vilkår for å få dagpengar at den ledige ikkje har krav på løn i det aktuelle tidsrommet. Departementet viser til at når eit arbeidsforhold blir avslutta, er det ikkje uvanleg at det avtalast at arbeidstakar skal få eit sluttvederlag. I nokre tilfelle blir desse utbetalingane betalt før arbeidstakaren sluttar, andre gonger blir dei ikkje utbetalt før lang tid etter at oppseiingstida er avslutta. Etter dagens praksis blir beløpa då periodiserte, slik at utbetalinga blir å rekne som løn frå oppseiingstidas slutt og framover i tid. Lova har ingen føresegner om korleis slike utbetalingar skal bli periodiserte. For å unngå moglege tvistar om kva som skal reknast som løn og korleis slike utbetalingar skal bli periodiserte, foreslår departementet å ta inn i lova ein heimel for departementet til å gje forskrifter om dette. § 4-3 fyrste ledd.

       Departementet foreslår å ta inn i igjen i lova ei presisering om at inntekta må vere « utbetalt » dersom ho skal telja med i grunnlaget for dagpengar. Presiseringa fall bort ved lovendringa i 1996, utan at dette var meininga. § 4-4 fyrste ledd.

       I § 4-12 tredje ledd vert det gjort framlegg om å ta inn ei presisering om at dagpengane inklusive barnetillegg ikkje kan utgjere meir enn 90 % av medlemen sitt grunnlag for dagpengar. Denne føresegna fall ut ved lovrevisjonen av kapittel 4 i 1996 utan at dette var intendert.

       Departementet tilrår at fullmakta i § 4-12 andre ledd til å gje forskrift om barnetillegg blir utvida noko, slik at det kan fastsetjast forskrift med nærmare reglar om verknaden for rett til barnetillegg av at barnet sjølv eller forsørgjaren har visse andre stønader frå folketrygda.

       I § 4-4 tredje ledd vert det gjort framlegg om å presisere kravet til minste inntekt, slik at det går direkte fram av føresegna at inntekt lagt til grunn for kvalifikasjonskravet for ein full stønadsperiode, ikkje kan tene som grunnlag for å kvalifisere til ein ny periode.

       I § 4-20 andre ledd er det gjort framlegg om ei tilvising til § 4-10 første ledd, som omhandlar dei tilfella der dagpengar først blir utbetalt etter ei forlenga ventetid. Tilføyinga i § 4-20 andre ledd inneber at føresegna dekkjer forhold som er rekna opp i § 4-10, sjølv om det ligg føre eit løpande stønadsforhold eller etter at ein tidlegare har fått innvilga søknad om dagpengar.

       Departementet gjer i § 4-20 andre ledd e) framlegg om at reduserte fødselspengar og adopsjonspengar skal samordnast med dagpengane på same måte som andre reduserte ytingar frå folketrygda. Dette vil gjelde i visse høve i samband med tidskontoordninga. Fordi ordninga med tidskonto er såpass ny, har ein ikkje tidlegare hatt heimel til ei slik samordning i lova.

       Departementet viser til at føresegnene om dagpengar under arbeidsløyse til permitterte skil seg noko frå dei reglane som elles gjeld i dagpengeordninga. Departementet tilrår at det i § 4-7 siste ledd, som gjeld fullmakt for departementet til å gje forskrift, blir tilføydd at føresegnene kan avvike frå føresegnene i lova.

1.3 Endringar i lov om tiltak til å fremme sysselsetting

       Departementet foreslår at det i sysselsettingslova takast inn ein heimel for å kunne krevje mottekne dagpengar betalt attende dersom ein arbeidslaus får etterbetalt løn eller erstatning for løn. Dette er aktuelt etter ein tvist mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar om eit lønskrav. Det er praksis at arbeidskontora i slike tilfelle gjev stønad. Heimelen som blir foreslått i § 35 fjerde ledd kom inn i folketrygdlova i 1990, men fall bort ved revisjonen av kapittel 4.

1.4 Endringar i lov om ferie og i lov om anke til trygderetten

       Dei endringane som det blir gjort framlegg om i desse lovene, er endring av tilvisingar som følgje av omlegginga av folketrygdlova.

1.5 Økonomiske og administrative konsekvensar

       Endringane som er foreslått vil ha ingen eller berre heilt marginale økonomiske og administrative konsekvensar.