Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endring i lov av 30. juni 1955 nr. 20 om når norsk tenestemakt kan halda brudvigjing i utlandet og utenlandsk tenestemakt i Noreg.

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 26 (1997-1998)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 34 (1997-98)
  • Dato: 29.01.1998
  • Utgiver: familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 1

Innhold

       Barne- og familiedepartementet gjer med dette framlegg om endringar i lov av 30. juni 1955 nr. 20 om når norsk tenestemakt kan halde vigsel i utlandet og utanlandsk tenestemakt i Noreg (brudvigjingslova). Framlegget går ut på å innføre ein heimel i § 11 tredje ledd som gir Kongen høve til å godkjenne ugyldige vigslar haldne av utanlandske tenestemenn i Noreg. Etter § 11 første ledd er ein vigsel som er halden av ein norsk tenestemann i utlandet eller av ein utanlandsk tenestemann i Noreg, utan rettsverknad i Noreg når vigslaren manglar rett løyve, eller når vigselen på annan måte er halden i strid med reglane om vigselsrett etter brudvigjingslova.

       Den opninga som er gitt i brudvigjingslova § 11 tredje ledd til å godkjenne ugyldige vigslar, er avgrensa til vigsel av ei norsk tenestemakt, mens det for vigsel av ei utanlandsk tenestemakt gjeld ein ufråvikeleg regel etter første ledd, første punktum om at vigselen er ugyldig. Det er inga grunngiving i forarbeida til lova for kvifor det ikkje er gitt ei tilsvararande opning for ei etterfølgjande godkjenning av vigslar haldne i Noreg av ein utanlandsk tenestemann.

       Departementet kan ikkje sjå at det er grunn til å halde på denne skilnaden, og gjer derfor framlegg om at det blir innført ein særskild lovheimel for etterfølgjande godkjenning av vigsel halden i Noreg av ein utanlandsk tenestemann. Ein slik lovheimel kan gjevast i § 11 tredje ledd.

Det er ikkje venta at endringsframlegget får særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

Komiteen har ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endring i lov av 30. juni 1955 nr. 20 om når norsk tenestemakt kan halda brudvigjing i utlandet og utenlandsk tenestemakt i Noreg.

I.

I lov av 30. juni 1955 nr. 20 om når norsk tenestemakt kan halda brudvigjing i utlandet og utenlandsk tenestemakt i Noreg blir denne endringa gjort:

§ 11 tredje ledd skal lyde:

       I serhøve kan Kongen godtaka at ei vigjing som er haldi av norsk tenestemakt eller av utanlandsk tenestemakt i Noreg, skal gjelda, endå om ho vantar bindande kraft etter reglane i fyrste leden. Slik avgjerd kan takast endå om den eine av brudfolka eller båe er avlidne. Kongen kan gjeva nøgnare reglar om godtakingsvilkåra.

II.

       Lova tek til å gjelde straks.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 29. januar 1998.

May-Helen Molvær Grimstad, Gunnar Breimo, Grethe G Fossum,
leiar. ordførar. sekretær.