Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Vedlegg 2

Brev fra Fiskeridepartementet, statsråden, til Stortingets næringskomite, datert 7. november 1997.

OT.PRP. NR. 2 (1997-1998) OM LOV OM OPPHEVING AV LOV AV 11. JUNI 1982 NR 42 OM RETTLEDNINGSTJENESTEN I FISKERINÆRINGEN OG ENDRINGER I VISSE ANDRE LOVER MM

       Eg ønskjer å kome med nokre presiseringar i forhold til Ot.prp.nr.2 (1997-1998) Om lov om oppheving av lov av 11. juni 1982 om Retledningstjenesten i fiskerinæringen og endringer i visse andre lover mm.

       Mine presiseringar, som vil vere relevant for Stortinget si handsaming av Ot.prp.nr.1 (1997-1998), er tekne inn i St.prp. nr. 1 Tl0.03 (1997-1998). Eg viser her til omtale under pkt 3.4.9 Fiskeridepartementet.

       Det eg særleg vil presisere er at det skal leggjast til grunn at dei lokale personalressursane i ytre fiskeriforvaltning ikkje skal bli svekka som følgje av ein ny organisasjonsmodell. Det må og leggjast vekt på å vidareføre ein ytre fiskerietat som er serviceorientert i forhold til næringa.

       Det er vidare viktig for meg å understreke at kommunane må ta eit større ansvar for fiskeri- og havbruksnæringa som ei naturleg del av sitt samla lokale næringspolitiske ansvar. I tillegg må SND trekkje på kommunane sin kompetanse i spørsmål som gjeld lokalpolitiske vurderingar i fiskeri- og havbrukssaker.

       Elles viser eg i denne saka til Fiskeridepartementet sine brev av 13. mai 1997 og av 10. oktober 1997 til Næringskomiteen. Eg slutter meg til hovudinnhaldet i desse breva.