Innstilling frå samferdselskomiteen om lov om at tilsette i NSB og Luftfartsverket mellombels skal behalde visse rettar etter tenestemannslova ved overgang til respektive NSB Reisebyrå AS, NSB Biltrafikk AS, Malmtrafikk AS og Oslo Lufthavn AS.
Dette dokument
- Innst. O. nr. 82 (1996-1997)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 54 (1996-97)
- Dato: 22.05.1997
- Utgiver: samferdselskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Regjeringa legg i proposisjonen fram forslag til lovregulering av overgangsreglar om at tilsette i NSB og Luftfartsverket som går over i respektive NSB Reisebyrå AS, NSB Biltrafikk AS, Malmtrafikk AS og Oslo Lufthavn AS, mellombels skal behalde førerett til ny statsstilling og ventelønsrettar.
Følgjande dokument er lagde til grunn for overgang frå NSB til:
- | NSB Reisebyrå AS: St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 9 (1995-1996), |
- | NSB Biltrafikk AS: St.prp. nr. 2 (1996-1997), |
- | Malmtrafikk AS: St.prp. nr. 65 (1995-1996), og frå |
- | Luftfartsverket til Oslo Lufthavn AS: St.prp. nr. 64 (1995-1996). |
Tilsvarande overgangsordning er gitt ved liknande omdanningar tidlegare, sist ved overføringa av Postens datasentral til Statens Datasentral AS, jf. Ot.prp. nr. 70 (1994-1995) , jf. Innst.O.nr.2 (1995-1996).
Overgangsordninga inneber at ovannemnde tilsette frå NSB og Luftfartsverket for ein periode på tre år frå overgangstidspunktet vert omfatta av tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6 mot førerett til statlege stillingar og ventelønsrettar. Overgangsordninga må lovregulerast. Loven vil ikkje innskrenke dei rettar som dei tilsette har etter arbeidsmiljølova § 60 nr. 2 og § 67.
Det er ein føresetnad at eventuelle ventelønsutgifter skal berast av staten og ikkje av det einskilde selskapet.
Dei administrative og økonomiske konsekvensane av lovforslaget vil avhenge av om og i kva omfang rettane vert utløyste.
Komiteens fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, har ingen merknader.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til sine særmerknader i forbindelse med Innst.S.nr.31 (1996-1997):
« Disse medlemmer vil i denne sammenheng bare peke på at det ikke er rimelig at ansatte i Postverket og NSB Trafikkdel skal nyte godt av vesentlig bedre sosiale ordninger og gis bedre rettigheter for øvrig enn hva ansatte i privat sektor opplever. Etter disse medlemmers syn bør en selskapsomdannelse innebære at arbeidstagerne får rettigheter etter arbeidsmiljøloven og arbeidstvistloven. » |
Disse medlemmer vil på denne bakgrunn stemme mot loven.
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt
vedtak til lov
om at tilsette i NSB og Luftfartsverket mellombels skal behalde visse rettar etter tenestemannslova ved overgang til respektive NSB Reisebyrå AS, NSB Biltrafikk AS, Malmtrafikk AS og Oslo Lufthavn AS.
§ 1. Virkeområde
Lova gjeld:
a. | tilsette i NSB som, ved utskillinga av NSB Reisebyrå til eiget aksjeselskap, vert tilsette i selskapet, |
b. | tilsette i NSB som, ved utskillinga av NSB Biltrafikk til eiget aksjeselskap, vert tilsette i selskapet, |
c. | tilsette i NSB som, ved opprettinga av Malmtrafikk AS, vert tilsette i selskapet og |
d. | tilsette i Luftfartsverket som, ved integreringa av region Fornebu og region Gardemoen med Oslo Lufthavn AS, vert tilsette i selskapet. |
§ 2. Rettar
Tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6 om førerett til anna statsstilling og venteløn skal i tilfelle som nemnd i § 1 framleis gjelde for arbeidstakarar som vert sagt opp av grunn som nemnd i tenestemannslova § 13 nr. 1 a, b og c, og som var omfatta av desse føresegnene før overgangen. Føreretten til anna statsstilling og retten til venteløn etter førre punktum gjeld i tre år etter overgangen.
§ 3. Sluttføresegner
Denne lova tek til å gjelde straks og held opp å gjelde 31. desember 2000.
Oslo, i samferdselskomiteen, den 22. mai 1997. |
Magnus Stangeland, | Ragnhild Barland, | Solveig Torsvik, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |