8. Utøving av aksjonærrettar, omsetnad av aksjar m.v.
8.1 Oversyn
Den einskilde aksjen gjev ulike rettar i selskapet. Talet på aksjar må vere fastlagt i vedtektene. Som hovudregel knyter det seg same rettar til alle aksjar i eit selskap. I vedtektene kan det likevel fastsetjast at visse aksjar skal ha rettar som andre ikkje har. Ein aksjeeigar kan disponere over aksjen i høve til tredjepersonar, til dømes ved sal eller pantsetjing. I vedtektene kan retten til å omsetje aksjane avgrensast til ein viss grad. Alle eigarskifte skal meldast til selskapet og eit oversyn over dette følgjer av aksjeboka eller aksjeeigarregisteret for dei som er registrerte i Verdipapirsentralen.
8.2 Legitimasjonsverknader knytta til aksjebrevet
Til aksjebrevet er det knytta visse rettsverknader som gjer det eigna til omsetnad. Slike dokument vert kalla negotiable. Den som erverver eit negotiabelt dokument i god tru, får den rett som framgår av ordlyden i dokumentet. Ein føresetnad for at ein slik verknad skal inntre, er at dokumentet vert erverva frå ein som er legitimert. For aksjebreva er legitimasjon til ein viss grad avhengig av at aksjeeigaren har brevet i hende. Selskapet kan berre betale ut utbytte med frigjerande verknad til den som er innført i aksjeboka så lenge selskapet ikkje har fått melding om at aksjen er selt. Når det gjeld ekstraordinære utbetalingar, t.d. i samband med fusjon, har ein lagt til grunn at selskapet berre kan betale med frigjerande verknad dersom aksjebrevet vert gjeve ein påskrift om utbetalinga.
Aksjane i eit allmennaksjeselskap skal etter framlegget vere registrerte i Verdipapirsentralen. Reglane for omsetnad av slike aksjar vil derfor vere regulert i lov om Verdipapirsentralen og det vil vere knytt negotiabilitetsverknader til aksjane. Når det gjeld aksjeselskap, meiner utvalet at desse ikkje skal ha nokon rett til å registrere sine aksjar i Verdipapirsentralen fordi det ikkje er noko behov for å knytte negotiabilitetsverknader til aksjane i slike selskap.
Aksjelovgruppa foreslo at ordninga med aksjebrev skulle erstattast av ein ordning med aksjebevis, dvs. ei kvittering eller eit bevis for eigardelen. Dette framlegget vart fylgt opp i Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) . Aksjelovutvalget har gjort framlegg om legitimasjons- og rettsvernsreglar slik desse vart foreslått i Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) . Legitimasjonsverknadene vert knyta til innføring i aksjeboka, og rettsvernet vert etablert ved melding til selskapet. Når aksjen vert selt, vil kjøparen ikkje få betre rett enn seljaren hadde. Dersom aksjen vert selt til to eller fleire personar samstundes, vinn den kjøparen rett som selskapet først får melding om. Den som er innført i aksjeboka skal ha rett til å motta utbetalingar frå selskapet.
Det er berre få av høyringsinstansane som kommenterer framlegget. Enkelte meiner problemstillinga ikkje er tilstrekkeleg drøfta. Departementet følgjer opp utvalet sitt framlegg om legitimasjons- og rettsvernsreglar.
Merknader frå komiteen
Komiteen har ikkje innvendingar til at ordninga med aksjebrev blir erstatta av ei ordning med aksjebevis og at legitimasjonsverknadene vert knytta til innføring i aksjeboka og at rettsvernet vert etablert ved melding til selskapet.
8.3 Registrering i Verdipapirsentralen med tilhøyrande negotiabilitetsverknader
Når det gjeld aksjar, er VPS-registrering i dag obligatorisk berre for aksjar som er noterte på norsk børs. For andre er slik registrering valfri. Utvalet foreslår som nemnt at aksjane i eit allmennaksjeselskap skal vere registrerte i VPS medan aksjeselskapa ikkje lenger skal ha rett til frivillig registrering. Ein legg mellom anna vekt på at ei slik endring vil gjere det mogleg å få eit enklare regelverk.
Nokre høyringsinstansar stør dette framlegget, men fleirtalet går imot. Det vert m.a. vist til at slik registrering medfører ei rekkje føremoner som òg aksjeselskap bør kunne nyte godt av. Nokon peiker på ei mogleg mellomløysing ved at aksjar i aksjeselskap kan registrerast, men ikkje vert underlagde dei same negotiabilitetsverknader som aksjar i allmennaksjeselskap, og at ein etablerer eit tospora registreringssystem. Verdipapirsentralen går imot ei slik løysing m.a. fordi ein meiner det er lite rasjonelt.
Departementet viser til at det i november 1996 var 179 ikkje-børsnoterte selskap registrerte i sentralen. I desse selskapa var det i perioden januar-november registrert drygt 37.000 eigarskifte. Departementet er ikkje samd med utvalet i at aksjeselskap som ynskjer å vere VPS-registrert må omdanne seg til allmennaksjeselskap, m.a. på bagrunn av skilnaden når det gjeld kravet til minste aksjekapital. Det vert òg vist til at det er fleire innvendingar mot eit tospora system.
Departementet går etter dette inn for at aksjeselskap skal ha rett til å registrere seg i Verdipapirsentralen, og at allmennaksjeselskap skal ha plikt til å registrere seg der.
Merknader frå komiteen
Komiteen stør forslaget om at aksjane i eit allmennaksjeselskap skal vere registrerte i Verdipapirsentralen. Komiteen er kjend med at i dag er også nokre få selskap som ikkje er børsnoterte, registrerte i Verdipapirsentralen. Komiteen ynskjer ikkje at ei lovendring skal føre til at ein del av desse skal bli tvinga til å gå ut av registeret. Komiteen vil difor stø forslaget om at aksjeselskap som ynskjer å vere registrerte i Verdipapirsentralen, kan vere det utan at dei treng å omdanne seg til allmennaksjeselskap.
8.4 Overgang av aksjeeigarrettar ved eigarskifte av aksjar
Etter gjeldande rett får ervervaren av ein aksje rett til å utøve aksjonærrettar når han er innført i aksjeboka eller aksjeeigarregisteret, eller ervervet er godtgjort på annan måte. Eit unnatak gjeld for rettar som kan skiljast frå aksjen, t.d. utbytte. Slike rettar kan ervervarar utøve når dei har godtgjort sin rett til dei. Når avhendaren ikkje lenger har reell aksjonærinteresse i selskapet, fell aksjonærrettane han eller ho har bort. Dette gjer at avhendaren sine rettar kan falle bort på eit tidlegare tidspunkt enn det tidspunktet ervervaren får sine rettar. I ein mellomperiode kan ingen utøve rettar for aksjane. I Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) heiter det m.a. at spørsmålet er om ein skal akseptere ein slik mellomperiode, eller som Aksjelovgruppa gjorde framlegg om den gongen, skal leggje til grunn at den tidlegare eigaren held fram med å ha sine rettar til den nye eigaren tek over. Departementet kom til at ein slik mellomperiode kunne aksepterast. Utvalet er samd i dette for så vidt gjeld allmennaksjeselskap. Når det gjeld aksjeselskap, meiner utvalet at den tidlegare eigaren vil ha tilstrekkeleg interesse i selskapet til at han bør kunne utøve røysterett for aksjane fram til eigarskiftet er ordna og ervervaren kan ta over. Utvalet har fremma forslag i samsvar med dette.
Dei instansane som uttaler seg om spørsmålet stør framlegget. Departementet sluttar seg òg til utvalet sitt framlegg, jf. § 4-2 i lovutkasta.
Merknader frå komiteen
Komiteen deler departementet sitt syn på at det kan vere uheldig ved aksjeoverdragingar at korkje avhendar eller ervervar i ein overdragingsperiode kan utøve aksjonærrettar i selskapet. Det kan etter komiteen sitt syn vere skadeleg for eit selskap at store aksjepostar blir liggjande « døde » i lengre tid. Komiteen ser at ved å la tidlegare aksjeeigar utøve aksjonærettane inntil eigarskiftet er formelt i orden, vil det vere enkelt å avgjere kva tid den tidlegare eigaren misser aksjonærrettane. Komiteen er klar over at det også vil vere innvendingar mot at avhendaren som er på veg ut av eigarinteressene skal ha røysterett, men komiteen vil på tross av desse innvendingane stø departementet sitt forslag om at avhendar i aksjeselskap utøver aksjonærrettane til eigarskiftet er ordna og ervervaren kan utøve røysteretten.
8.5 Omsetnad av aksjar og omsetnadsavgrensingar
Aksjelova slår fast at aksjar som utgangspunkt er fritt omsettelege. Noko anna kan likevel vere fastsett i lov eller i selskapet sine vedtekter, eller det kan følgje av avtale eller teikningsvilkår. Retten til å fastsetje innskrenkingar i vedtektene er avgrensa til reglar om forkjøpsrett, om samtykke og om krav til at ervervaren skal ha visse eigenskapar. Slike avgrensingar gjeld ikkje i høve til avtalte omsetnadsavgrensingar. I Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) gjekk det fram at Aksjelovgruppa meinte alle former for omsetnadsavgrensingar burde vere lovlege. Gruppa meinte det framleis var naudsynt med ei lovregulering av dei vanlegaste formene for omsetnadsavgrensingar. Sjølv om særlege omsyn gjorde seg gjeldande i høve til samtykkeklausular, gjekk ein ikkje inn for å forby desse. Departementet slutta seg til dette.
Når det gjeld allmennaksjeselskap, meiner Aksjelovutvalget at prinsippet om fri omsetnad bør vere utgangspunktet i lova. Omsetnaden kan berre avgrensast ved vedtektsreglar om samtykkekrav i tilfelle der ervervaren når opp i 3 % eller meir av aksjekapitalen eller røystene i selskapet. Når det gjeld aksjeselskapa, meiner derimot utvalet at slike selskap bør ha full fridom til å fastsetje i vedtektene dei omsetnadsavgrensingane dei ynskjer. Lovgjevinga bør likevel ha reglar om samtykkekrav og forkjøpsrett som kan supplere vedtektsreglane. På eitt punkt har utvalet gjort framlegg om ein annan regel enn i Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) . Ein er komen til at regelen om at ein ervervar som vert nekta samtykke kan krevje at selskapet innløyser aksjane, bør avgrensast noko.
I Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) gjekk ein inn for å vidareføre hovudregelen om fri omsetnad. Fleirtalet i utvalet meiner at hovudregelen i lova om aksjeselskap bør vere at eigarskifte er avhengig av samtykke frå selskapet si side og at aksjeeigarane skal ha forkjøpsrett. Dei nye reglane skal likevel berre gjelde for eksisterande selskap dersom selskapet har vedtektsreglar om samtykkekrav og forkjøpsrett. Eit mindretal meiner at prinsippet om fri omsetnad framleis bør vere hovudregelen. Heile utvalet går inn for at vedtektsklausular om samtykkekrav eller forkjøpsrett ikkje skal gjelde når ervervaren er ein personleg nærståande til aksjeeigaren.
Det er brei semje blant høyringsinstansane om at aksjar i allmennaksjeselskap skal vere fritt omsettelege. Når det gjeld spørsmålet om omsetnadsavgrensingar i allmennaksjeselskap er meiningane meir delte. Når det gjeld aksjeselskap, er det brei semje om at slike selskap skal ha vid rett til å fastsetje omsetnadsavgrensingar i sine vedtekter. Instansane er ikkje samde når det gjeld spørsmålet om kva som skal vere lova sin hovudregel.
Departementet meiner at utgangspunktet for allmennaksjeselskap må vere at aksjane skal vere fritt omsettelege. Lova bør likevel ikkje innehalde noko forbod mot at allmennaksjeselskap kan ha omsetnadsavgrensingar i sine vedtekter. Departementet ynskjer ikkje ei grense for når ein samtykkeklausul kan praktiserast slik utvalet foreslår.
Når det gjeld aksjeselskapa går departementet inn for at fri omsetnad framleis skal vere lova sin fråvikelege hovudregel. Departementet legg m.a. avgjerande vekt på at fri omsetnad av aksjar medverkar til å effektivisere ressursutnyttinga i næringslivet, og at ein kan få store overgangsproblem med to ulike regelsett for eksisterande og nye selskap.
Merknader frå komiteen
Komiteen har merka seg at departementet meiner at utgangspunktet for aksjar i allmennaksjeselskap skal vere at aksjane skal vere fritt omsettelege, men at lova ikkje bør innehalde noko forbod mot at allmennaksjeselskap kan ha omsetnadsavgrensingar i sine vedtekter. Komiteen har ikkje innvendingar mot dette.
Når det gjeld aksjar i aksjeselskapa (AS) registrerer komiteen at departementet går inn for at fri omsetnad framleis skal vere lova sin fråvikelege hovudregel medan eit fleirtal i Aksjelovutvalget meiner at hovudregelen i lova om aksjeselskap bør vere at eigarskifte skal vere avhengig av samtykke frå selskapet si side og at aksjeeigarane skal ha forkjøpsrett.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet og Framstegspartiet, stør her synet til fleirtalet i Aksjelovutvalget.
Fleirtalet meiner at lov om aksjeselskapa særleg er utforma med tanke på selskap med ein lukka eigarkrins, der eigarane ofte ynskjer å føre kontroll med kven som ervervar aksjar i selskapet. Vedtektspraksis etter aksjelova av 1976 inneber at selskap med ein lukka eigarkrins svært ofte har avgrensa omsetnaden av aksjane. Lova bør ta utgangspunkt i det som er normalordninga for dermed å spare selskapa for å utforme særskilde vedtektsreglar som berre sler fast det som er mest vanleg. Fleirtalet har gjort eit unntak frå kravet om samtykke. Dette gjeld eigarskifte ved arv eller på anna måte når ervervaren er den tidlegare eigaren sin personlege nærståande eller slektning i rett oppstigande eller nedstigande line. Fleirtalet vil streke under at arvingane m.v. gjennom vedtektene kan fråtakast den spesielle verna stilling som lovteksten gir.
Fleirtalet fremmer følgjande forslag til endringar i aksjelova:
« § 4-15 skal lyde:
§ 4-15. Aksjers omsettelighet
(1) Aksjer kan skifte eier ved overdragelse og på annen måte for så vidt annet ikke er bestemt i lov, selskapets vedtekter eller avtale mellom aksjeeierne.
(2) Erverv av aksje er betinget av samtykke fra selskapet med mindre det er fastsatt i vedtektene at samtykke ikke kreves, jf. § 4-16 og § 4-17.
(3) Aksjeeierne har rett til å overta en aksje som skal avhendes eller for øvrig skifte eier med mindre noe annet er fastsatt i vedtektene, jf. §§ 4-19 til 4-23.
(4) For omsetningsbegrensninger som er fastsatt i vedtektene eller avtale mellom aksjeeierne, gjelder avtaleloven § 36 tilsvarende.
Kapittel 4, V, overskriften skal lyde:
V. Samtykkekrav ved eierskifte
§ 4-16 skal lyde:
§ 4-16. Selskapets beslutning
(1) Når erverv av aksje er betinget av samtykke, skal avgjørelse tas snarest mulig etter at ervervet er meldt til selskapet, jf § 4-12. Det hører under styret å avgjøre om samtykke skal gis, hvis ikke vedtektene bestemmer noe annet.
(2) Samtykke kan bare nektes når det foreligger saklig grunn for det. Samtykke kan ikke nektes ved eierskifte ved arv eller på annen måte når erververen er den tidligere eiers personlige nærstående eller slektning i rett opp- eller nedstigende linje. I vedtektene kan det fastsettes nærmere vilkår for å nekte samtykke.
(3) Erververen skal uten opphold underrettes om avgjørelsen. Gis det ikke samtykke, skal begrunnelsen angis, og erververen skal dessuten orienteres om hva som er påkrevet for å bringe forholdet i orden, jf § 4-17.
(4) Er erververen ikke underrettet om at samtykke er nektet innen to måneder etter at melding om ervervet kom inn til selskapet, anses samtykke å være gitt.
§ 4-18 skal lyde:
§ 4-18. Særlig krav til aksjeerverver og aksjeeiere
(1) Er det fastsatt i vedtektene at aksjeerververe eller aksjeeiere skal ha visse egenskaper, skal styret nekte aksjeerverver som ikke tilfredsstiller kravene, innført i aksjeboken.
(2) Har erververen ikke innen tre måneder
1. | omgjort avtalen, |
2. | avhendet aksjene, eller |
3. | reist søksmål for å få avgjort om kravene i vedtektene er tilfredsstilt, |
gjelder reglene om tvangssalg i § 4-17 annet ledd.
(3) Dersom en aksjeeier ikke lenger tilfredsstiller kravene i vedtektene, kan styret gi aksjeeieren en frist på minst tre måneder for å bringe forholdet i orden. Reglene i annet ledd gjelder tilsvarende. Aksjeeieren kan også kreve aksjene innløst av selskapet etter reglene i § 4-17 tredje til sjette ledd.
Kapittel 4, VII, overskriften skal lyde:
VII. Forkjøpsrett m.v.
§ 4-19 skal lyde:
§ 4-19. Forkjøpsrett m.v.
(1) Aksjeeierne har rett til å overta en aksje som skal avhendes eller for øvrig skifte eier med mindre noe annet er fastsatt i vedtektene. Det kan fastsettes i vedtektene at en aksjeeier har rett til å overta en aksje som har skiftet eier.
(2) Det kan fastsettes i vedtektene at en annen skal ha rett til å overta en aksje som har skiftet eier, eller som ønskes overført.
(3) Bestemmelsene i §§ 4-20 til 4-23 gjelder hvis ikke noe annet er fastsatt i vedtektene.
§ 4-20. Varsel til rettighetshaverne
Når selskapet mottar melding om aksjer ønskes overført til andre, skal det straks varsle rettighetshaverne. Det samme gjelder dersom en aksjeeier underretter selskapet om at aksjer er avhendet, eller, når selskapet mottar melding om eierskifte etter § 4-12. »
Det foreslås videre følgende overgangsbestemmelse i § 21-2 pkt. 25:
« For selskaper som er stiftet før loven trer i kraft, gjelder § 4-15 annet ledd bare for så vidt selskapets vedtekter inneholder bestemmelser om at overdragelse eller annet eierskifte er betinget av samtykke fra selskapet. Har selskapet slik vedtektsbestemmelse, gjelder § 4-16 og § 4-17 for eierskifter som finner sted etter lovens ikrafttredelse.
For selskaper som er stiftet før loven trer i kraft, gjelder § 4-15 tredje ledd bare for så vidt selskapets vedtekter inneholder bestemmelser om forkjøpsrett ved overdragelse eller annet eierskifte. Har selskapet slik vedtektsbestemmelse, gjelder §§ 4-19 til 4-23 for eierskifter som finner sted etter lovens ikrafttredelse. »
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet er enig med departementet i at fri omsettelighet av aksjer skal være lovens fravikelige hovedregel. Disse medlemmer vil peke på at dette ikke hindrer at selskapene selv kan fastsette vedtekter som begrenser omsetteligheten av aksjer. Disse medlemmer mener fri omsettelighet fremmer en effektiv ressursutnyttelse i næringslivet og at en lovfestet omsetningsbegrensning vil være et uheldig signal å gi. En slik begrensning vil også kunne skape overgangsproblemer for selskaper som er stiftet før en eventuell lovendring. Disse medlemmer fremmer forslag til regler i aksjeloven kapittel 4, IV - VII i tråd med proposisjonen, men støtter flertallets forslag til utforming av § 4-18.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag til endringer i aksjeloven:
« § 4-15 skal lyde:
§ 4-15. Adgangen til å omsette aksjer
(1) Aksjer kan skifte eier ved overdragelse og på annen måte for så vidt annet ikke er bestemt i lov, selskapets vedtekter eller avtale mellom aksjeeierne.
(2) Er det fastsatt i vedtektene at erverv av aksje er betinget av samtykke, at aksjeeier eller erverver av aksje skal ha bestemte egenskaper, eller at en aksjeeier eller annen skal ha rett til å overta en aksje som har skiftet eier eller som ønskes overført, gjelder bestemmelsene i §§ 4-16 til 4-23.
(3) For omsetningsbegrensninger som er fastsatt i vedtektene eller avtale mellom aksjeeierne, gjelder avtaleloven § 36 tilsvarende.
(4) Bestemmelsene i første til tredje ledd, jf. §§ 4-16 til 4-23, gjelder tilsvarende for tegningsrett til aksjer.
Kapittel, 4, V, overskriften skal lyde:
V. Vedtektsbestemmelser om samtykkekrav ved eierskifte
§ 4-16 skal lyde:
§ 4-16. Styrets beslutning
(1) Dersom erverv av aksje etter vedtektene er betinget av samtykke, hører det under styret å avgjøre om samtykke skal nektes, hvis ikke vedtektene bestemmer noe annet. Styret skal snarest mulig etter at ervervet er meldt til selskapet, avgjøre om samtykke skal gis.
(2) Samtykke kan ikke nektes ved eierskifte ved arv når erververen er den tidligere eiers nærstående. For øvrig kan samtykke bare nektes når det foreligger saklig grunn for det. I vedtektene kan det fastsettes nærmere vilkår for å nekte samtykke.
(3) Erververen skal uten opphold underrettes om avgjørelsen. Gis det ikke samtykke, skal begrunnelsen angis, og erververen skal dessuten orienteres om hva som er påkrevd for å bringe forholdet i orden, jf. § 4-17.
(4) Er erververen ikke underrettet om at samtykke er nektet innen to måneder etter at melding om ervervet kom inn til selskapet, anses samtykke å være gitt.
Kapittel 4, VII, overskriften skal lyde:
VII. Vedtektsbestemmelser om forkjøpsrett
§ 4-19 skal lyde:
§ 4-19. Forkjøpsrett
Det kan fastsettes i vedtektene at en aksjeeier eller en annen skal ha rett til å overta en aksje som har skiftet eier, eller som ønskes overført. Er det fastsatt slike vedtektsbestemmelser, gjelder bestemmelsene i §§ 4-20 til 4-23, hvis ikke noe annet er fastsatt i vedtektene.
§ 4-20 skal lyde:
§ 4-20. Varsel til rettighetshaverne
Når selskapet mottar melding om eierskifte etter § 4-12, skal det straks varsle rettighetshaverne skriftlig. Det samme gjelder dersom en aksjeeier underretter selskapet om at aksjer er avhendet eller ønskes avhendet. »
Disse medlemmer vil også stemme imot overgangsreglene i aksjeloven § 21-2 nr. 25.
8.6 Innsyn i aksjeboka - aksjeeigarregisteret
Etter aksjelova skal alle aksjeselskap ha ei aksjebok, eller dersom aksjane er registrerte i VPS, eit aksjeeigarregister. Utvalet er delt på midten når det gjeld spørsmålet om offentleg innsyn i aksjeboka. Halvparten av medlemene meiner regelen i gjeldande lov bør førast vidare, medan den andre halvparten meiner innsynsretten bør avgrensast til aksjeeigarar, tilsette, kreditorar og offentlege styresmakter. Aksjeeigarregisteret er i utgangspunktet fullt ut offentleg, men Kongen kan gje reglar som avgrensar innsynet for andre enn offentlege styresmakter.
Framlegget om å avgrense innsynsretten i aksjeboka får støtte av m.a. Datatilsynet som viser til at personopplysningar ikkje skal spreiast unødig. Eit fleirtal av instansane går likevel inn for å vidareføre gjeldande rett med offentleg innsyn. Høyringsinstansane har delte meiningar om at aksjeeigarregisteret for allmennaksjeselskap skal vere tilgjengeleg for alle. Nokre tek til orde for at offentleggjering av ei endring i aksjeeigarregisteret ikkje bør skje rett etter at endringa har funne stad. Andre peikar på at så lenge styresmaktene har fullt innsyn i VPS, er det ikkje naudsynt med ytterlegare innsyn. Det vert òg etterlyst ei breiare og meir prinsipiell drøfting av spørsmålet omkring innsyn i aksjeeigarregisteret.
Etter departementet sitt syn bør det framleis vere fullt innsyn i eigartilhøva i norsk næringsliv, og departementet går inn for at både aksjeeigarboka og aksjeeigarregisteret skal vere tilgjengeleg for alle. Departementet meiner det er vanskeleg å vurdere om det særnorske kravet om innsyn i aksjeeigarboka kan verke konkurransehindrande. Ein går ikkje nærare inn på utvalet sitt framlegg om at aksjeeigarboka berre skal vere tilgjengeleg for ei avgrensa gruppe, eller at Kongen kan avgrense innsynsretten i aksjeeigarregisteret. Det vert vist til § 4-6 i aksjeselskapslova og § 4-5 i allmennaksjelova.
Merknader frå komiteen
Komiteen har merka seg at det både i Aksjelovutvalget og høyringsuttalene er svært delte meiningar om det framleis skal vere fullt innsyn omkring eigartilhøva i norsk næringsliv. Komiteen har forståing for argumenta mot fullt innsyn, men meiner at i eit demokratisk samfunn er det naturleg at det er størst mogeleg grad av innsyn, også når det gjeld eigarskap i norsk næringsliv. Komiteen stør difor at både aksjeeigarboka og aksjeeigarregisteret framleis skal vere tilgjengelege for alle.
8.7 Forvaltarregistrering
Forvaltarregistrering medfører at ein særskilt forvaltar, som regel ein bank, representerer aksjeeigarane overfor selskapet, og på vegne av aksjeeigarane mottek alle utbetalingar o.l. Aksjane vert registrerte på namnet til forvaltaren slik at den eigentlege aksjeeigaren er ukjend. Slik registrering er i utgangspunktet avgrensa til å gjelde utanlandsk eigde aksjar som er registrerte i VPS. I Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) kom det framlegg frå høyringsinstansane om å utvide retten til forvaltarregistrering, men departementet meinte at spørsmålet var så vidt komplisert at det måtte utgreiast nærare. Utvalet meiner at ei slik utgreiing bør kome raskt. Spørsmålet om rekkevidda av ordninga bør kunne avklarast gjennom føresegner, og det vert foreslått ein heimel til å gje føresegner i utvalet sitt utkast. Fleire høyringsinstansar tek til orde for at reglane ein har i dag om forvaltarregistrering er utilfredsstillande og at det bør gjerast ein gjennomgang av desse. Departementet er samd i dette, men meiner dette bør vere ei eiga utgreiing, og har vidareført reglane uendra i denne omgangen.
Merknader frå komiteen
Komiteen gir sin tilslutning til at reglane om forvaltarregistrering i denne omgang blir vidareførde uendra, men at ein kjem tilbake til eventuelle endringar på dette området i ei eiga utgreiing.