7. Aksjar utan røysterett eller med avgrensa Røystevekt
Etter gjeldande lov gjev kvar aksje som utgangspunkt ei stemme på generalforsamlinga. Dette kan fråvikast ved vedtektsreglar om at nokre aksjar ikkje skal ha røysterett eller skal ha avgrensa røystevekt. Ei slik avgrensing er berre gyldig dersom talet på aksjeeigarar i vedkomande aksjeklasse er lågare enn 20, men Nærings- og handelsdepartementet kan gje dispensasjon frå denne regelen. Slik dispensasjon vert normalt gitt når aksjane det gjeld ikkje utgjer meir enn 50 % av aksjekapitalen. Aksjelova inneheld inga avgrensing av det høgaste talet på røyster nokon aksjeeigar kan gje. Slike avgrensingar er likevel vanleg i vedtektsreglar.
I Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) gjekk departementet inn for å vidareføre gjeldande reglar i påvente av ei avklåring på arbeidet som er i gong i EU på dette feltet. Aksjelovgruppa hadde gjort framlegg om at private aksjeselskap skulle ha ein uavgrensa rett til å skrive ut aksjar utan røysterett eller med avgrensa røystevekt, medan departementet meinte at ein burde vente med å foreslå lovendringar.
Aksjelovutvalget går inn for å oppheve eller modifisere gjeldande avgrensingar i retten til å skrive ut aksjar utan røysterett eller aksjar med avgrensa røystevekt. Det bør gjelde ulike reglar for dei to selskapsformene. For allmennaksjeselskap bør det vere ein rett til å vedtektsfeste røysteretts- eller røystevektsavgrensingar for inntil halvparten av aksjekapitalen. For aksjeselskap foreslår utvalet at det ikkje skal vere nokon avgrensing i det heile. Det skal framleis vere full vedtektsfridom når det gjeld å fastsetje avgrensingar av det høgaste talet på røyster nokon aksjeeigar kan gje.
Fleire høyringsinstansar stør framlegget. Finansdepartementet stør framlegget under føresetnad av at røysterettsavgrensingar som omfattar det vesentlegaste av selskapet sin aksjekapital skal godkjennast av departementet. Andre instansar går imot framlegget, og meiner det ikkje er tilstrekkeleg grunngjeve. Det vert òg vist til at selskapa nå får utvida rett til å nytte andre finansielle instrument. Det er delte meiningar om utvalet sitt forslag om å vidareføre gjeldande reglar om rett til å fastsetje røysterettsavgrensingar knytta til person i allmennaksjeselskap.
Etter ein viss tvil har departementet fylgt opp Aksjelovutvalget sitt framlegg, jf. § 5-3 i forslag til lov om aksjeselskap og § 5-4 i forslag til lov om allmennaksjeselskap. Når det gjeld retten til å fastsetje røysterettsavgrensingar knytta til person, er departementet einig i at det kan reisast innvendingar mot reglar som avgrensar det høgaste røystetalet nokon aksjeeigar kan gje, særleg i allmennaksjeselskap. Ein bør likevel vidareføre gjeldande rett på dette punktet òg.
Merknader frå komiteen
Komiteen har merka seg at departementet vil modifisere dei gjeldande avgrensingane i retten til å skrive ut aksjar utan røysterett eller aksjar med avgrensa røysterett. Komiteen er samd i dei endringane som vert lagde fram, og meiner òg at det framleis skal vere full vedtektsfridom når det gjeld å fastsetje avgrensingar av det høgaste talet på røyster nokon aksjeeigar kan gje.