Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Selskapskapitalen

5.1 Generelt om reglar til vern av selskapskapitalen

       Ved stifting av eit aksjeselskap pliktar deltakarane å gjere visse innskot i selskapet. Selskapet må på visse vilkår gjere særskilte fondsavsetjingar, og det er avgrensingar i selskapet sin rett til å gjere utdelingar. Desse reglane vert supplerte med reglar med pålegg om visse handleplikter for å redusere verknaden av at eit selskap går med underskot. Eit sentralt omgrep i denne samanhengen er bunden eigenkapital. Denne har fire komponentar: Aksjekapitalen, reservefondet, oppskrivingsfondet og tilbakeføringsfondet. Når selskapet vert stifta, må deltakarane gjere innskot i selskapet som minst svarar til storleiken på aksjekapitalen. Lova inneheld ei rekkje reglar som tek sikte på at selskapet verkeleg vert tilført eit slikt innskot. Dersom det skal gjerast innskot i anna enn pengar, såkalla tingsinnskot, er det oppstilt fleire krav. For allmennaksjeselskap er det gjeve strengare reglar om kontroll av tingsinnskot. Storleiken på aksjekapitalen kan endrast etter reglane om kapitalheving eller kapitalnedsetjing. Ved kapitalnedsetjing har lova reglar til vern av kreditorane i form av varslings- og kunngjeringsreglar.

       Storleiken på den bundne eigenkapitalen set grenser for retten til å gjere utdelingar eller andre einsidig tyngjande disposisjonar. Dersom balansen syner at 2/3 av aksjekapitalen i eit AS eller 1/2 i eit ASA er tapt, har styret plikt til å gjere generalforsamlinga merksam på tilhøvet, og uttale seg om kva tiltak som bør treffast. Denne plikta er straffesanksjonert og kan under visse omstende medføre erstatningsansvar. Styret har òg ei straffesanksjonert plikt til å be om oppbod i selskap dersom drifta held fram til skade for kreditorane.

       Aksjelovutvalget går i hovudsak inn for å vidareføre det regelverket om selskapskapitalen som ligg til grunn for gjeldande lov. Det er brei tilslutnad frå høyringsinstansane til dei enkelte framlegga i lovutkastet. Det vert likevel stilt spørsmål ved om kreditorvernet er slik at ynskjet om nyskaping og vekst vert skadelidande, og om omsynet til kreditorane best kan takast vare på ved reglar om informasjonsplikt for selskapet.

       Justisdepartementet sluttar seg til dei prinsippa som ligg til grunn for gjeldande reglar om vern av selskapskapitalen. Departementet er ikkje samd i at dei reglane som har til føremål å verne selskapskapitalen på nokon urimeleg måte vil avgrense nyskaping og vekst. Det viktigaste i denne samanhengen vil truleg vere reglane om minste tillatne aksjekapital. Departementet viser vidare til at gjeldande rekneskapsreglar set krav til informasjon, og ei utviding av desse reglane ville lett bli svært byrdefulle for små og mellomstore verksemder.

Merknader frå komiteen

       Komiteen har merka seg at departementet i lovframlegget sluttar seg til dei prinsippa som ligg til grunn for gjeldande reglar om vern av selskapskapitalen.

5.2 Krav til minste tillate aksjekapital

       For private aksjeselskap er kravet til minste tillatne aksjekapital i dag 50.000 kroner, medan det for allmennaksjeselskap er 1 mill. kroner etter ei lovendring i 1995. Eit fleirtal i Aksjelovutvalget går inn for at kravet til minste tillatne aksjekapital vert endra til 200.000 kroner for båe selskapsformene. Eksisterande selskap skal gjevast ei overgangstid på 5 år, men Kongen skal ha høve til å lengje denne fristen. Fleirtalet i utvalet meiner at eit så høgt krav som 1 mill. kroner vil kunne gjere det vanskelegare enn naudsynt å kome i gang med den eigentlege kapitalinnhentinga. Framlegget vil langt på veg imøtekome dei innvendingane som har vore mot at aksjeselskap ikkje kan innby ålmenta til teikning av aksjar. Eit mindretal meiner aksjekapitalen framleis bør vere 1 mill. kroner, og meiner det er ein naturleg konsekvens at ein no har to lover om aksjeselskap.

       Høyringsinstansane har svært delte oppfatningar om desse spørsmåla. Eit klårt fleirtal meiner likevel det er rett at kravet for minste tillatne aksjekapital i aksjeselskap vert auka i høve til gjeldande rett. Eit fleirtal meiner at kravet bør hevast til 200.000 kroner for desse selskapa. Det er likevel fleire instansar som meiner at auken ikkje bør vere meir enn opp til 100.000 kroner. Eit klårt fleirtal av høyringsinstansane meiner vidare at overgangstida for eksisterande selskap på 5 år er passande, medan ein instans går inn for at dei nye minstekrava berre skal gjelde nye selskap. Det er delte meiningar om Kongen skal kunne lengje fristen. Det er og usemje om ein skal halde på kravet om ein minste aksjekapital på 1 mill. kroner for allmennaksjeselskap eller endre dette til 200.000 kroner. Nokre høyringsinstansar meiner at det i alle høve bør vere skilnad mellom aksjeselskap og allmennaksjeselskap på dette punktet. Ei mellomløysing som vert nemnd er å gje eit selskap ein overgangsperiode på eitt år etter at det er registrert i Foretaksregisteret før det må auke aksjekapitalen til 1 mill. kroner.

       Departementet viser til at reglane i Danmark nyleg er endra slik at kravet for aksjeselskap no er redusert frå 200.000 til 125.000 kroner. I Sverige er grensa 100.000 kroner. Departementet er blitt ståande ved at kravet bør setjast til 150.000 kroner. Dette er i hovudsak berre ei inflasjonsjustering av gjeldande krav. Kravet bør òg gjerast gjeldande for selskap som er stifta før lova trer i kraft, m.a. fordi ein må ta omsyn til at det skal vere like vilkår for nye og eksisterande selskap. Departementet er samd i at ein overgangsperiode på fem år vil vere passande, men har ikkje fylgt opp framlegget om at det bør takast inn ein heimel for Kongen til å lengje overgangstida.

       Når det gjeld allmennaksjeselskapa, meiner departementet at kravet bør vere 1 mill. kroner. Ved å stille ulike krav til dei to selskapsformene oppnår ein at dei rette selskapa vert kanaliserte inn i rett selskapsform. Når det gjeld framlegget til mellomløysing om ein frist på eitt år med å betale inn nødvendig kapitalheving i samband med omdanning, meiner departementet at ein slik regel vil gjere det for lett å omgå aksjekapitalkravet.

Merknader frå komiteen

       Komiteen har merka seg at departementet gjer framlegg om at kravet til aksjekapital for aksjeselskapa vert sett til 150.000 kroner og at kravet til aksjekapital for allmennaksjeselskapa vert sett til 1 mill. kroner. Komiteen stør at kapitalkravet for allmennaksjeselskap skal vere 1 mill. kroner, men meiner at eit minstekrav til kapital på 150.000 kroner for aksjeselskap er for høgt. Aksjekapital vil etter komiteen si meining alltid vere ein viktig faktor ved nyskaping, og kravet til minste tillatte aksjekapital bør difor ikkje setjast høgare enn 100.000 kroner. Det er viktig at ikkje inngangsbilletten vert for høg slik at den vil utelukke oppstart av nye verksemder. Komiteen viser og til Danmark der reglane nyleg er endra slik at kravet til aksjekapital no er redusert frå 200.000 til 125.000 kroner fordi selskapa ikkje greidde å oppfylle aksjekapitalkravet.

       Komiteen fremmer følgjande forslag til endring i aksjelova:

« § 3-1, første ledd skal lyde:

       Et aksjeselskap skal ha en aksjekapital på minst 100.000 norske kroner. »

       Komiteen er samd i at krava til aksjekapital skal gjelde både eksisterande og nye selskap, og at overgangstida skal vere fem år.

5.3 Innbetaling av aksjeinnskot

       Både ved stifting og ved kapitalheving vert det etter gjeldande lov opna for suksessiv innbetaling av aksjeinnskot. Føresetnaden er at minst halvparten av aksjekapitalen er innbetalt før registreringa, og heile aksjeinnskotet må vere innbetalt seinast eitt år etter registreringa. Aksjeinnskot i anna enn pengar skal vere ytt fullt ut før registreringa. Aksjelovutvalget foreslår at retten til suksessiv innbetaling av aksjeinnskot skal falle bort. Ordninga gjer reglane unødig kompliserte. Etter framlegget skal aksjeinnskota betalast på det tidspunkt stiftingsdokumentet seier. Selskapet må meldast til Foretaksregisteret innan tre månader etter stiftinga, og før meldinga må aksjeinnskota vere fullt innbetalte.

       Høyringsinstansane er i hovudsak positive til framlegget, men nokre meiner framlegget er for strengt.

       Justisdepartementet sluttar seg til utvalet sitt framlegg. Det vert lagt avgjerande vekt på at ein både får ei materiell og ei lovteknisk forenkling, og at useriøse selskap til ein viss grad kan motverkast.

Merknader frå komiteen

       Komiteen har ikkje innvendingar mot departementet sitt framlegg om at retten til suksessiv innbetaling av aksjeinnskot skal falle bort. Komiteen er samd i endringa som inneber at selskapet må meldast til Foretaksregisteret innan tre månader etter stiftinga, og at aksjeinnskota må vere fullt innbetalte før selskapet vert innmeldt.

5.4 Aksjeinnskot i anna enn pengar

       Etter gjeldande lov gjeld ein del særreglar for tingsinnskot. Det er gitt ein maksimumsregel for verdsetjing, og skiparane er pålagde ei opplysnings- og dokumentasjonsplikt for slike innskot. Revisor skal stadfeste enkelte opplysningar. For allmennaksjeselskap vart det i 1995 gitt strengare reglar med omsyn til kontroll av tingsinnskot. Dette har bakgrunn i EØS-reglane og fører til ei skjerping av opplysingsplikta. Det er òg strengare reglar med omsyn til kven som kan kontrollere verdien og kva tidspunkt kontrollen skal skje på.

       Aksjelovutvalget uttaler mellom anna at eigedelar som etter gjeldande rekneskapsreglar ikkje kan førast opp i balansen, heller ikkje kan nyttast som aksjeinnskot. Utvalet har vurdert om ei tilsvarande avgrensing bør gjerast når det gjeld goodwill og andre immaterielle verdiar, men meiner at eit forbod mot å nytte slike eigedelar til aksjeinnskot vil vere eit brot med gjeldande selskapspraksis, og går derfor ikkje inn for noko endring her. Utvalet meiner vidare at dei særlege kontrollordningane for tingsinnskot som vart vedtekne for allmennaksjeselskap i 1995 òg bør gjerast gjeldande for aksjeselskap.

       Det er fleire høyringsinstansar som stør framlegga til kontrollordningar som utvalet foreslår for tingsinnskot. Departementet sluttar seg og til desse, og viser m.a. til at framlegget til ny rekneskapslov langt på veg jamsteller immaterielle eigedelar og andre eigedelar. Dei liberale reglane om rett til å balanseføre slike eigedelar kan likevel vere uheldig sett frå eit kreditorsynspunkt. På denne bakgrunnen er dei særlege opplysnings- og dokumentasjonskrava som gjeld for slike eigedelar vel grunngjevne.

Merknader frå komiteen

       Komiteen er einig med departementet i at eigedelar som etter gjeldande rekneskapsreglar ikkje kan førast opp i balansen, heller ikkje skal kunne nyttast som aksjeinnskot. Når det gjeld goodwill og andre immaterielle verdiar, har komiteen merka seg at departementet ikkje vil forby å nytte slike eigedelar til aksjeinnskot.

       Komiteen meiner det bør arbeidast med å kome fram til klårare reglar og retningsliner for verdsetjing av immaterielle verdiar. Komiteen ynskjer ei evaluering av aksjelovene etter 5 år og meiner at departementet på det tidspunkt og bør leggje fram ei vurdering av verdsetjing av immaterielle verdiar.

       Komiteen er einig i at dei særlege kontrollordningane for tingsinnskot som vart vedtekne for allmennaksjeselskap i 1995, òg bør gjerast gjeldande for aksjeselskap, og stør departementet sine framlegg til kontrollordningar for tingsinnskot.

5.5 Bør aksjekapitalen kunne nyttast til å dekkje utgifter ved stifting eller kapitalheving?

       Etter gjeldande lov er det ikkje noko i vegen for at aksjekapitalen vert nytta til å dekkje stiftingskostnader og andre einsidige skyldnader som selskapet er pålagt etter stiftingsdokumenta. Dette opnar for at aksjekapitalen kan vere heilt eller delvis tapt allereie før verksemda kjem i gang. Tilsvarande gjeld ved kapitalheving.

       I Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) vart det foreslått ein regel om at aksjeselskap ved stiftinga skal ha ein eigenkapital som minst svarar til selskapet sin aksjekapital. Utvalet er einig i at aksjekapitalen ikkje skal kunne nyttast til å dekkje kostnader i samband med stiftinga.

       Fleire av høyringsinstansane går imot framlegget på dette punktet. Det vert mellom anna framheva at det ikkje er behov for ein slik regel på grunn av det generelle kravet til forsvarleg eigenkapital, og at ordninga er upraktisk. Nokre instansar stør likevel framlegget.

       Departementet er samd i at det kan reisast enkelte innvendingar mot framlegget, men meiner likevel at det vil gje mest ryddige liner samstundes som prinsipielle grunnar taler for det. Når det gjeld utgifter ved kapitalheving er departementet meir i tvil, men òg her meiner departementet at prinsipielle grunnar talar for at aksjeinnskot bør reknast netto for selskapet. Departementet har likevel kome til at det ved kapitalheving bør vere høve til å emittere aksjar til pålydande dersom selskapet har fri eigenkapital eller eit overskotsfond som er tilstrekkeleg til å dekkje utgiftene ved kapitalheving, jf. § 10-12.

Merknader frå komiteen

       Komiteen har merka seg at det blir gjort framlegg om at aksjekapitalen ikkje skal kunne nyttast til å dekkje utgifter ved stifting eller kapitalheving. Komiteen er vidare kjend med at fleire av høyringsinstansane går imot framlegget. Komiteen vil likevel peike på at stiftings-/emisjonskostnadane i mindre selskap ikkje er store og gjerne omfattar registreringskostnader i Brønnøysund og eventuelle advokatkostnader i samband med utarbeiding av vedtekter. Då komiteen i tillegg vil at kravet til minste aksjekapital for aksjeselskap skal vere 100.000 kroner og ikkje 150.000 kroner, kan komiteen akseptere at aksjekapitalen ikkje skal kunne nyttast til å dekkje kostnader i samband med stiftinga. Komiteen vil streke under at dei skattereglane som no gjeld for handsaming av slike kostnader bør oppretthaldast.

5.6 Reservefond. Handsaming av overkurs

       Gjeldande aksjelov fastset ei plikt til å danne reservefond. Etter § 12-1 skal fondet utgjere 20 % av selskapet sin aksjekapital og saman med aksjekapital og eventuelt oppskrivingsfond vere minst like stort som selskapet si gjeld ved utgangen av rekneskapsåret.

       § 12-1 andre ledd har reglar om kva for avsetnader selskapet pliktar å gjere til fondet. Reglane om korleis fondet ska nyttast framgår av § 12-2. Fondet kan som hovudregel berre nyttast til fondsemisjon og til dekning av underskot som ikkje kan dekkjast av fri eigenkapital. Unntak gjeld dersom fondet er større enn lovfesta. Då kan inntil 1/5 av det overskytande nyttast til andre føremål.

       Aksjelovutvalget foreslår at aksjeselskap framleis skal ha plikt til å ha eit reservefond, men denne plikta skal utformast som eit minstekrav. Storleiken på reservefondet skal ikkje knytast til storleiken på aksjekapitalen, men til tilhøvet mellom bunden eigenkapital og gjeld. Den bundne eigenkapitalen skal samla utgjere minst 30 % av selskapet si gjeld. Selskapet skal ha plikt til å avsette 20 % av årsoverskotet til reservefondet inntil fondet har nådd denne storleiken. Dersom fondet er høgare enn minstekravet vert midla frigjorde automatisk. Dette er ein vesentleg skilnad i høve til ordninga som gjeld no. Fondet kan nyttast til fondsemisjon, dekning av underskot som ikkje kan dekkjast av fri eigenkapital, og dessutan til andre føremål dersom ein går fram etter reglane om kapitalnedsetjing. Eit mindretal i utvalet meiner at det ikkje er behov for å lovfeste krav om avsetning til reservefond. Mindretalet viser m.a. til at kreditorane er betre sikra gjennom den generelle kapitalsikringsregelen. Etter utvalet sitt framlegg vil ikkje lenger overkurs ved emisjon inngå i reservefondet, men utgjere eit eige bunde fond. Overkurs ved aksjeteikning skal og avsetjast til dette fondet.

       Det er ingen av høringsinstansane som ynskjer å vidareføre gjeldande reservefondsreglar. Fleire instansar går derimot inn for at ordninga med reservefond vert avskaffa, men framhevar likevel av utvalet sitt framlegg er ei betring. Dei argumenta som går igjen er at reservefondsreglane er lite eigna som middel til å verne kreditorane, og at det uansett ikkje er behov for slike reglar ved sida av det generelle kravet til forsvarleg eigenkapital. Fire høyringsinstansar stør utvalet sitt framlegg til nye reglar. Nokre instansar meiner at kravet til storleiken på fondet bør aukast.

       Departementet viser til at det er ei rekkje manglar ved gjeldande reservefondskrav, m.a. fokuserer kravet berre på den bundne eigenkapitalen, ikkje den frie, og reglane legg bindingar på selskapet si disponering av årsresultatet. Det er ikkje vanleg med reservefondsreglar i andre land enn Noreg. Det er derfor mykje som talar for at ein i staden for reservefondsreglar skal basere seg på ein meir skjønnsmessig regel om at selskapet skal ha ein forsvarleg eigenkapital. Dette kan likevel vere ei ulempe for kreditorane, og det knyter seg store vanskar til handhevinga av ein slik skjønnsmessig regel. Departementet konkluderer med at det bør fastsetjast eit konkret minstekrav til eigenkapital i tillegg til det generelle kravet om forsvarleg eigenkapital.

       Minstekravet er etter ei heilskapsvurdering foreslått sett til 10 % av balansesummen, jf. § 8-1 andre ledd i utkast til aksjelova. Minstekravet gjeld som ei grense i høve til utdeling frå selskapet. Allmennaksjeselskap får likevel ein viss rett til å utbetale utbytte sjølv om minstekravet på 10 % ikkje er oppfylt. I tillegg vert det for aksjeselskap foreslått ein regel om handleplikt dersom minstekravet på 10 % ikkje er oppfylt. Når departementet går inn for at ordninga med reservefond ikkje vert vidareført er det behov for eit eige fond for overkurs ved stifting og kapitalheving, jf. lovutkastet § 3-2.

Merknader frå komiteen

       Komiteen stør framlegget om at det ved kapitalheving bør vere høve til å emmittere aksjar til pålydande dersom selskapet har fri eigenkapital eller eit overskotsfond som er tilstrekkeleg til å dekkje utgiftene ved kapitalheving.

       Komiteen har merka seg at departementet foreslår å avvikle reservefondsordninga, og at ein i staden for reservefondsreglar skal fastsetje eit konkret minstekrav til eigenkapital på 10 % av balansesummen i tillegg til det generelle kravet om forsvarleg eigenkapital. Dette inneber at aksjeselskap ikkje kan utbetale utbytte om minstekravet på 10 % ikkje er oppfylt. Allmennaksjeselskap kan likevel utbetale utbytte dersom selskapet følgjer den same framgangsmåten med kreditorvarsel m.v. som ved nedsetjing av aksjekapitalen.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, vil foreslå at denne regelen òg skal gjelde for aksjeselskapa. Fleirtalet vil streke under at det ved vurdering av om utbytte kan verte utbetalt, alltid skal leggjast til grunn at det er forsvarleg kapital att i selskapet. Det skal òg vurderast om ei utbetaling er i samsvar med forsiktig og god forretningsskikk. Fleirtalet vil streke under at endringa ikkje skal føre til ein meir liberal utbyttepraksis, men er meint å konkretisere dei skjønnsmessige kriteria ved utbetaling. Fleirtalet har etter dette endra § 8-1, andre ledd i lovframlegget til aksjelov i tråd med regelen i allmennaksjelova § 8-1.

       Fleirtalet fremmer følgjande forslag:

« I aksjeloven skal § 8-1 andre ledd lyde:

       Selskapet kan ikke utdele utbytte dersom egenkapitalen etter balansen er mindre enn 10 % av balansesummen, uten å følge en framgangsmåte som fastsatt i §§ 12-4 og 12-6 for nedsetting av aksjekapitalen. »

       Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet ønsker å fjerne 10 % begrensningen ved utbetaling av utbytte, fordi 10 % av balansesummen ikke gir noe godt bilde av selskapets soliditet. Disse medlemmer vil således primært stemme imot § 8-1 annet ledd i begge lovene. Subsidiært vil disse medlemmer gå inn for at reglene for AS skal bli tilsvarende reglene for ASA slik flertallet foreslår. Det muliggjør ihvertfall at man kan utbetale større utbytte enn minstegrensen, etter nærmere krav bl.a. om informasjon.

       Disse medlemmer kan for øvrig ikke se noen spesiell grunn til å opprette et nytt fond. Aksjonærene kan uansett skyte inn aksjonærbidrag, noe som vil gi en mer fleksibel ordning. Disse medlemmer finner således overkursfondet unødvendig, og vil stemme imot § 3-2 i begge lovene.

5.7 Avtaler mellom aksjeeigaren og selskapet med vesentleg vederlag

       Ved ei lovendring i 1995 vart det vedteken ein ny § 2-9a for allmennaksjeselskap som gjev særlege reglar om sakshandsaminga dersom selskapet inngår avtale om at det skal erverve eigedelar m.v. frå ein aksjeeigar eller stiftar, innanfor ein periode på 2 år etter at selskapet er stifta. Dersom vederlaget svarar til minst 1/10 av aksjekapitalen, skal ein slik avtale godkjennast av generalforsamlinga, og det skal utarbeidast ein dokumentasjon tilsvarande den som gjeld ved tingsinnskot. I Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) vart det foreslått ein slik regel for båe aksjeselskapsformene både ved stifting og kapitalheving.

       Aksjelovutvalget uttaler at reglane om avtaler med aksjeeigarar som gjeld ein så stor del av selskapet sin aksjekapital bør gjerast generelle, og ikkje avgrensast til den første tida etter stiftinga eller nyteikninga av aksjekapitalen.

       Ingen av høringsinstansane går imot framlegget, men nokre meiner at framlegget bør presiserast på enkelte punkt.

       Departementet stør utvalet sitt framlegg. Departementet er ikkje samd i ei innvending som vart reist under høyringa om at regelen bør knytast til selskapet sin reelle eigenkapital, og meiner det er ei føremon med eit eintydig kriterium. For allmennaksjeselskap følgjer det uansett av EØS-reglane at regelen i nokon mon må knytast til aksjekapitalen. Departementet ser at regelen i nokre tilfelle kan skape problem for avtaler om tenesteyting der prisen ikkje er avtalt på førehand, men meiner at slike avtaler vil kome inn under unnataket for vanlege forretningsavtalar, jf. lovutkasta § 3-8.

Merknader frå komiteen

       Komiteen sluttar seg til departementet sitt framlegg når det gjeld endringar i reglane om avtaler mellom aksjeeigaren og selskapet, med vesentleg vederlag.

5.8 Avgrensingar i selskapet sin rett til å yte kreditt eller stille garanti m.v.

       Aksjelova set to sett av grenser for eit aksjeselskap når det gjeld å yte kreditt eller stille garanti for tredjeperson sine plikter. For det første er det generelle avgrensingar i retten til å yte lån eller garanti andsynes aksjeeigarane og einskilde andre personar med tilknyting til selskapet. For det andre er det eit absolutt forbod mot at selskapet yter kreditt eller stiller garanti med sikte på at adressaten skal erverve aksjar i selskapet.

       Aksjelovutvalget føreslår i hovudsak at reglane i gjeldande lov vert vidareførte. Når det gjeld forbodet mot kreditt til erverv av aksjar i selskapet, har utvalet m.a. søkt å trekkje ei klårare grense mellom slik kreditt og kreditt som vert ytt aksjeeigarar til andre føremål. Etter utkastet skal forbodet gjelde for « lån, sikkerhet eller annen finansiell bistand » som selskapet gjev « for at det skal stilles til rådighet midler som skal brukes eller er brukt » ved erverv av aksjar m.v. Selskapet skal i ein periode på 2 år etter eit aksjeerverv e.l. heller ikkje kunne « innfri, betjene, overta ansvar for eller pp annen måte sikre » lån m.v. som er nytta ved ervervet. Regelen inneheld og ein dispensasjonsheimel. Av omsyn til EØS-avtalen er retten til dispensasjon for allmennaksjeselskap avgrensa til å gjelde for erverv av aksjar av eller for tilsette.

       Fleire høyringsinstansar har merknader til framlegget. Utdrag av uttalene er attgjevne i proposisjonen.

       Departementet sluttar seg til dei endringar og presiseringar som utvalet foreslår når det gjeld reglane om eit selskap sin rett til å yte kreditt eller stille garanti, jf. lovutkasta § 8-7 til § 8-9. Departementet meiner det er fleire viktige omsyn som tilseier at ein bør ha eit forbod med ei viss rekkjevidde, m.a. omsynet til vern av selskapkapitalen. Når utvalet har foreslått reglar som går lenger enn det ein må etter EØS-reglane, er dette på line med gjeldande ordning i aksjelova. Departementet finn likevel grunn til å avgrense rekkjevidda av forbodet noko i høve til utvalet sitt framlegg, og har lagt vekt på behovet for ikkje å hindre ordinære disposisjonar som har ei naturleg forretningsmessig grunngjeving. Det skal gjerast ei konkret vurdering av om aksjeervervet og den finansielle hjelpa skjer i samanheng, eller om det er tale om heilt skilte disposisjonar. Departementet legg til grunn at finansiell hjelp med sikte på at mottakaren skal erverve aksjar i andre selskap i same konsern òg vil omfattast av forbodet.

Merknader frå komiteen

       Komiteen sluttar seg i hovudsak til departementet sitt framlegg når det gjeld reglane om eit selskap sin rett til å yte kreditt eller stille garanti. Komiteen visar til at det skal gjerast ei konkret vurdering av om aksjeervervet og den finansielle hjelpa skjer i samanhang, og er samd i at finansiell hjelp med sikte på at mottakaren skal erverve aksjer i andre selskap i samme konsern òg skal omfattast av forbodet.

       § 8-10 både i AS-lova og ASA-lova byggjer på den norske teksten til andre selskapsdirektiv artikkel 23. Komiteen er kjend med at det ikkje er fullt samsvar mellom dei ulike språkversjonane av direktivet på dette punktet. Departementet meiner at formuleringa « annen finansiell bistand » som departementet har brukt i § 8-10 ligg innanfor direktivet sitt krav, medan mange juristar ikkje stør dette. Komiteen vil foreslå at ordlyden i artikkel 23 i andre selskapsdirektiv, slik den står i NOU 1992:29 Lov om aksjeselskaper blir brukt, og har endra ordlyden i § 8-10 i tråd med det.

       Komiteen fremmer følgjende forslag til endring i § 8-10 første ledd første punktum i begge lovene:

       « Selskapet kan ikke stille midler til rådighet eller yte lån eller stille sikkerhet i forbindelse med erverv av aksjer i selskapet, eller av aksjer eller andeler i et annet selskap i samme konsern. »

5.9 Generelle krav til storleiken på eigenkapitalen

       Ut over kravet til minste aksjekapital og plikta til å gjere avsetjingar har ikkje gjeldande lov noko bestemt krav til storleiken på eigenkapitalen. Aksjelovutvalget meiner at gjeldande rett gjev kreditorane eit lite tilfredsstillande vern, og foreslår difor eit generelt og skjønnsmessig krav om at selskapet skal ha ein forsvarleg eigenkapital. Fleirtalet i utvalet meiner at ein ved utforminga av regelen bør ta utgangspunkt i selskapet si verksemd og ikkje i eigenkapitalen, slik det vart gjort i Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) . Eit mindretal i utvalet meiner ein ved utforminga av regelen bør ta utgangspunkt i eigenkapitalen.

       Dei fleste høyringsinstansane stør framlegget om at lova bør gjevast eit generelt prinsipp om forsvarleg eigenkapital, men andre går imot framlegget og meiner det kan kome til å bli hemmande på nyskapingsprosessen. Meiningane er delte om regelen bør gje uttrykk for at eigenkapitalen skal tilpassast verksemda eller omvendt. Ei rekkje høyringsinstansar har synspunkt når det gjeld meir detaljerte spørsmål om prinsippet om forsvarleg eigenkapital. Eit synspunkt som går igjen er at regelen bør gjerast meir presis. Det vert og framheva at regelen er for unyansert.

       Justisdepartementet går, til liks med eit klårt fleirtal av høyringsinstansane, inn for eit generelt prinsipp om forsvarleg eigenkapital, jf. § 3-4 i begge lovene. Departementet meiner det ikkje er noko stort spørsmål om regelen skal gi uttrykk for at verksemda skal tilpassast eigenkapitalen eller omvendt. Departementet har valt å leggje avgjerande vekt på samanhengen med dei andre reglane i lovframlegget, særleg reglane om handleplikt ved tap av ein vesentleg del av eigenkapitalen, og har utforma regelen slik at den tek utgangspunkt i selskapet sin eigenkapital. Elles er departementet samd med utvalet i at regelen rettar seg mot den reelle, og ikkje den balanseførte, eigenkapitalen.

Merknader frå komiteen

       Komiteen har merka seg at departementet går inn for at det vert teke inn i lova eit generelt prinsipp om forsvarleg eigenkapital. Komiteen er samd i at regelen skal rette seg mot den reelle, og ikkje den balanseførte, eigenkapitalen.

5.10 Handleplikt ved vesentleg tap av eigenkapitalen

       Ved lovendringa i 1995 vart det vedteke ein ny regel som pålegg styret i allmennaksjeselskap ei handleplikt ved tap av halve aksjekapitalen. Styret skal då syte for at det vert halde generalforsamling, og har plikt til å halde seg orientert om selskapet si økonomiske stilling. Styret skal foreslå tiltak som vil føre til at eigenkapitalen minst svarar til aksjekapitalen, eventuelt ei nedsetjing av aksjekapitalen. Dersom dette ikkje er mogeleg, skal styret foreslå at selskapet vert oppløyst. Styret i private aksjeselskap plikter å gjere generalforsamlinga merksam på tilhøvet dersom balansen viser at to tredeler av aksjekapitalen er tapt. For allmenne aksjeselskap gjeld plikta dersom ein tredel av aksjekapitalen er tapt.

       Utvalet går inn for at styret skal ha ei handleplikt dersom selskapet har tapt ein vesentleg del av eigenkapitalen. Eit tilsvarande framlegg er gjort i Ot.prp. nr. 36 (1993-1994) der ein knyter handleplikta til ein situasjon der selskapet sin eigenkapital er mindre enn halve aksjekapitalen. Utvalet uttrykkjer likevel tvil om ein slik regel eigentleg rettar seg mot det underliggjande problemet, og peikar på at når ein nyttar hovudregelen må ein ha selskapet sin samla eigenkapital for seg.

       Eit klårt fleirtal av høyringsinstansane stør utvalet sitt framlegg om at styret bør ha ei handleplikt ved vesentleg tap av eigenkapitalen. Nokre instansar går imot framlegget for aksjeselskap sin del. Ei rekkje høyringsinstansar har synspunkt når det gjeld meir detaljerte spørsmål knytt til regelen. Det vert m.a. reist spørsmål ved om det er rett at lovteksten fokuserer einsidig på eigenkapitalen, og om regelen blir for skjønsprega.

       Justisdepartementet går som utvalet inn for at selskapa skal ha ei handleplikt ved vesentleg tap av eigenkapital, jf. § 3-5 i lovutkasta. I omgrepet eigenkapital i § 3-5 første ledd første punktum, kan ein ta omsyn til verdiar i selskapet som ikkje er balanseførte. Ved vurderinga av om selskapet sin reelle eigenkapital er lågare enn halve aksjekapitalen i tredje punktum, er det derimot ikkje rom for ei heilskapsvurdering. I slike tilfelle må styret innkalle generalforsamlinga. Departementet har gjort ei endring i høve til utvalet sitt framlegg. Det er tatt inn ein regel om at selskapet si handleplikt ikkje berre skjer ved tapet av halve aksjekapitalen, men òg i tilfelle der eigenkapitalen har blitt mindre enn 10 % av balansesummen. Dette er ei følgje av framlegget om å oppheve reglane om reservefond.

Merknader frå komiteen

       Komiteen går inn for at selskapa skal ha ei handleplikt ved vesentleg tap av eigenkapital, og at ein i omgrepet eigenkapital kan ta omsyn til verdiar i selskapet som ikkje er balanseførde. Komiteen er òg samd i at styret skal ha plikt til å innkalle generalforsamlinga dersom eigenkapitalen er blitt mindre enn halvparten av aksjekapitalen. Komiteen er derimot ikkje samd i departementet sitt framlegg om at selskapet si handleplikt òg skal gjelde i tilfelle der eigenkapitalen har blitt mindre enn 10 % av balansesummen. Ein slik regel vil etter komiteen si meining ha negative følgjer for verksemder i etableringsfasen, og vil gjere oppbygging av små og mellomstore bedrifter særs vanskeleg. Komiteen fremmer difor følgjande forslag til endring i tråd med Aksjelovutvalet sitt framlegg i § 3-5 i utkast til aksjelov:

« § 3-5 første ledd, siste punktum skal lyde:

       Det samme gjelder hvis det må antas at selskapets egenkapital er blitt mindre enn halvparten av aksjekapitalen. »

       Komiteen vil elles streke under at handleplikt for styret inneber at styret innan rimeleg tid skal kalle inn generalforsamlinga, orientere generalforsamlinga om situasjonen og foreslå tiltak. Aktuelle tiltak kan vere å tilføre meir aksjekapital, å tilpasse drifta til aksjekapitalen eller å kome fram til andre forsvarlege ordningar. Dersom forsvarlege løysingar ikkje let seg gjennomføre, kan oppløysing av selskapet vere nødvendig.