Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

16. Merknader til einskilde paragrafar

16.1 Lov om aksjeselskap

§ 2-2. Minstekrav til vedtektene

       Komiteen vil opne for at òg aksjeselskap kan ha fleire daglege leiarar, og fremmer forslag til nytt nr. 7 i aksjelova § 2-2 første ledd i samsvar med det. Nr. 7 og 8 i departementet sitt forslag blir nye 8 og 9.

§ 3-1. Aksjekapital

       Komiteen går inn for at kravet til minste aksjekapital i aksjelova vert sett til 100.000 kroner. Komiteen fremmer forslag til endring i § 3-1 i aksjelova i samsvar med dette.

§ 3-2. Overkursfond

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og Framstegspartiet går imot eit overkursfond, og røystar imot § 3-2.

§ 3-5. Handleplikt ved tap av egenkapital

       Komiteen vil gå imot framlegget om at aksjeselskap skal ha handleplikt i tilfelle der eigenkapitalen har blitt mindre enn 10 % av balansesummen, og foreslår ei endring i aksjelova § 3-5 første ledd siste punktum i tråd med dette.

Kap. 4. Aksjeeierne, overgang av aksjer m.v.,
IV - VII Adgangen til å omsette aksjer m.v.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet og Framstegspartiet, foreslår at omsetnadsavgrensing skal være hovudregelen i aksjelova og har endra kap. 4 IV - VII i samsvar med dette.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Framstegspartiet går inn for at fri omsetnad framleis skal vere hovudregelen i lova, og fremmer forslag til reglar i kap. 4, IV, V og VII, i samsvar med proposisjonen. Desse medlemer vil også røyste imot overgangsreglane i § 21-2 nr. 25.

§ 5-22. Myndighet til å reise søksmål om ugyldighet

       Komiteen meiner at dei tilsette på same måte som aksjeeigarar, styremedlem og dagleg leiar skal ha rett til å reise søksmål om at eit vedtak er ugyldig. Komiteen fremmer forslag til § 5-22 nytt andre punktum både i aksjelova og allmennaksjelova i tråd med dette.

§ 6-1. Styret

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, meiner formuleringa i § 6-1 første ledd andre punktum lett kan verte mistydd til at desse selskapa maksimalt kan ha to styremedlemer og foreslår ei presisering av regelen.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og Framstegspartiet fremmer forslag om ei endring i § 6-1 første ledd slik at aksjeselskap med færre enn 30 tilsette kan fastsetje i vedtektene at styret skal ha færre enn tre medlemer.

§ 6-2. Daglig leder

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, meiner at òg aksjeselskap skal ha dagleg leiar, men at dette kan vere styret sin leiar i selskap som kan ha einestyre, og har endra § 6-2 i samsvar med det.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og Framstegspartiet fremmer eit alternativt forslag til § 6-2 første ledd der ein går inn for at selskapet skal ha ein dagleg leiar med mindre styret har vedteke noko anna.

§ 6-4. (Ny) Ansvarsforsikring for ansattes styrerepresentanter

       Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti ynskjer å lovfeste at representantane for dei tilsette i styret skal ha ansvarforsikring som selskapet skal dekkje, og fremmer forslag til ny § 6-6 i begge lovene i samsvar med det.

§ 6-35. Bedriftsforsamling

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og Framstegspartiet meiner selskapet berre skal ha bedriftsforsamling dersom det er uttrykkeleg avtalt mellom selskapet og dei tilsette. Desse medlemene fremmer forslag til endring i § 6-35 i samsvar med dette i begge lovene.

§ 8-1. Hva kan utdeles som utbytte

       Komiteen går imot regelen om at aksjeselskap ikkje skal kunne utbetale utbytte om minstekravet på 10 % ikkje er oppfylt.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, og har endra AS-lova § 8-1 andre ledd i tråd med regelen i ASA-lova § 8-1.

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og Framstegspartiet vil røyste imot § 8-1 andre ledd i begge lovene.

§ 8-10. Kreditt til erverv av aksjer m.v.

       Komiteen går inn for at § 8-10 første ledd første punktum i begge lovene vert endra i tråd med ordlyden i EU-direktivet.

§ 15-1. Omdanningsvedtaket

       Komiteen foreslår å ta inn som vilkår for omdanning frå AS til ASA at selskapet har gjort vedtak om at kapital skal hentast inn frå ålmenta, og fremmer forslag til endring i aksjelova § 15-1 i samsvar med dette.

§ 17-2. Medvirkeransvar

       Komiteen meiner at lova bør innehalde reglar om medverkaransvar. Samtidig meiner komiteen at dette medverkaransvaret ikkje bør strekkast for langt. Departementet seier i sine merknader til § 17-2 første ledd andre punktum at:

       « Formodningsregelen kan unntaksvis føre til at den påståtte medvirkeren må betale erstatning uten skyld. »

       Dette meiner komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, er å gå for langt. Fleirtalet vil ut frå dette gå mot § 17-2 i aksjelova og allmennaksjelova.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti fremmer forslag til § 17-2 i samsvar med forslaget i proposisjonen.

§ 17-4. Krav på selskapets vegne

       Komiteen sine medlemer frå Høgre, Kristelig Folkeparti og Framstegspartiet ynskjer ikkje at ei gruppe på 10 % av aksjeeigarane i selskap med meir enn 100 aksjeeigarar skal få rett til å gå til søksmål på vegne av selskapet, og vil røyste imot § 17-4 første ledd andre punktum i begge lovene.

§ 17-6. Konkurrerende krav

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og Framstegspartiet ynskjer ikkje ein subsidiær søksmålsrett for einskildaksjonærane m.v. der selskapet har eit krav det ikkje følgjer opp, og vil røyste imot § 17-6.

§ 19-2. Grov uforstand

       Komiteen sine medlemer frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet går imot den nye strafferegelen i § 19-2, og vil røyste imot heile paragrafen i begge lovene.

16.2 Lov om allmennaksjeselskap

§ 3-2. Overkursfond

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og Framstegspartiet går imot eit overkursfond, og vil røyste imot § 3-2.

§ 5-22. Myndighet til å reise søksmål om ugyldighet

       Komiteen foreslår same endring som i § 5-22 i aksjelova, jf. pkt 16.1.

§ 6-6. (Ny) Ansvarsforsikring for ansattes styrerepresentanter

       Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti fremmer forslag om at selskapet skal ha plikt til å betale ansvarsforsikring for dei tilsette sine styrerepresentantar, jf. pkt. 16.1.

§ 6-35. Bedriftsforsamling

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og Framstegspartiet fremmer forslag om at berre selskap som har avtalt det, skal ha bedriftsforsamling, jf. pkt. 16.1.

§ 8-1. Hva kan utdeles som utbytte

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og Framstegspartiet går imot § 8-1 andre ledd, jf. pkt. 16.1.

§ 8-10. Kreditt til erverv av aksjer m.v.

       Komiteen foreslår same endring som i § 8-10 i AS-lova, jf. pkt. 16.1.

§ 17-2. Medvirkeransvar

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, går imot denne regelen, jf. pkt. 16.1.

       Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti fremmer forslag i samsvar med proposisjonen.

§ 17-4. Krav på selskapets vegne

       Komiteen sine medlemer frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet vil røyste imot § 17-4 første ledd andre punktum, jf. pkt. 16.1.

§17-6. Konkurrerende krav

       Komiteen sine medlemer frå Høgre og Framstegspartiet vil røyste imot § 17-6, jf. pkt. 16.1.

§ 19-2. Grov uforstand

       Komiteen sine medlemer frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet røyster imot § 19-2, jf. pkt. 16.1.

16.3 Lovtekniske endringar

       Komiteen har i samråd med departementet gjort nokre endringar av teknisk karakter i lovutkastet.

       I §§ 3-2 andre ledd nr. 2 i begge lovene er tilvisinga til tilbakeføringsfondet teke ut fordi lovene ikkje vidarefører reglane om tilbakeføringsfond.

       I § 4-2 i aksjelova er det gitt ein regel om at ervervaren av ein aksje berre kan utøve dei rettane som tilkjem ein aksjeeigar når ervervet er innført i aksjeboka eller meldt og godtgjort utan hinder av vedtektsreglar om omsetnadsavgrensingar som nemnde i §§ 4-16 til 4-23. Ettersom vedtektene kan ha andre omsetnadsavgrensingar enn dei som er nemnde i desse reglane, er ordlyden i § 4-2 endra slik at alle former for omsetnadsavgrensingar som er fastsette i vedtektene vert omfatta.

       Regelen i § 4-8 i aksjelova er endra noko slik at den vert utforma lik den tilsvarande regelen som er foreslått i pantelova, jf. Ot.prp.nr.39 (1996-1997) ny § 4-2a.

       I § 8-3 i begge lovene er det teke inn eit nytt andre ledd som seier at retten til utbytte ikkje kan skiljast frå eigarretten for lenger tid enn to år. Denne regelen framgår i dag av § 12-7, men er teke ut av dei nye lovutkasta utan at dette er grunngjeve nærare i proposisjonen. Komiteen kan ikkje sjå at det er noko grunn til ikkje å føre regelen vidare.

       I §§ 10-12 i begge lovene er det m.a. gitt reglar om kva tid innskot etter ei kapitalheving må innbetalast. Komiteen har teke inn ei presisering i tredje ledd nytt andre punktum slik at det framgår at same reglar skal gjelde for betalingsfristen ved kapitalheving som ved stifting, jf. § 2-11. Endringa medfører inga realitetsendring.

       Det er òg gjort nokre korrekturrettingar i andre paragrafar som komiteen ikkje finn grunn til å kome nærare inn på.