Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

15. Økonomiske og administrative konsekvensar

       Departementet meiner at lovframlegget samla sett vil gje grunnlag for ei innsparing for næringslivet. For det offentlege vil lova ha konsekvensar, særleg for skifterettane og Foretaksregisteret. Foretaksregisteret si handsaming av endringsmeldingar, og kostnader i samband med opplæring og systemendring reknar ein med vil utgjere ca 7,5 mill. kroner. Framlegget vil truleg innebere ei viss auke i talet på tvangsoppløysingssaker og på grunn av dette auka utgifter for skifterettane og Brønnøysundregistra. Eingongsutgiftene for desse etatane er rekna til ca 22 mill. kroner, medan dei årlege utgiftene vert rekna til ca 2,7 mill. kroner. Ein trur ikkje dei nye straffereglane vil auke oppgåvene for politi og påtalemakt vesentleg.

       Framlegget om å innføre eit skilje mellom aksjeselskap og allmennaksjeselskap vil neppe føre til vesentlege kostnader for private, og dei nye reglane om stifting vil vere ein forenkling for selskapa. Det auka kreditorvernet, særleg kravet til minste tillatte aksjekapital er ei skjerping, men med ein overgangsperiode på fem år vil selskapa ha tid til å tilpasse seg. Departementet meiner som utvalet at lovutkasta samla sett vil innebere så vesentlege betringar i høve til gjeldande lovgjeving at desse fordelane klårt veg opp dei kostnader som alltid vil vere knytta til ein omfattande lovrevisjon.