Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

13. Pålegg og tvangsmulkt

       Aksjelova sine sentrale reaksjonsreglar er reglar om å kjenne vedtak ugyldige og reglar om erstatning. Utvalet viser til at partane etter desse reglane må reise sak, noko som kan vere langvarig og kostbart. Det vert reist spørsmål ved om det ikkje bør gjevast ein alminneleg heimel til å gje aksjeselskap pålegg om å rette tilhøve som er i strid med aksjerettslege reglar. Eit slikt pålegg kan sanksjonerast med tvangsmulkt. Eit generelt vilkår vil vere at det dreier seg om tilsidesetjing av reglar som skal ivareta ålmenne omsyn. I utvalet sitt framlegg er retten til å avgjere om det ligg føre slike omsyn lagt til departementet. Denne retten kan delegerast. Utvalet meiner det viktige må vere at det organet som skal utøve påleggsmakta, har ressursar som set det i stand til å utføre oppgåva på ein meiningsfull måte. Eit mindretal i utvalet går ikkje inn for å gje departementet rett til å gje pålegg og eventuelt tvangsmulkt. Mindretalet peiker mellom anna på at det er rettstryggleiksmessige innvendingar knytta til framlegget.

       Eit fåtal av høyringsinstansane har uttalt seg om framlegget og instansane har noko ulike syn på saka. Departementet er einig i at det kan reisast spørsmål om sanksjonssystemet etter aksjelova er tilstrekkeleg effektivt i praksis. Departementet er innstilt på å vurdere framlegget nærare med sikte på seinare oppfølging.