Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå justiskomiteen om tilbakekalling av Ot.prp.nr.44 (1996-1997) om lov om endring i lov av 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr.

Dette dokument

Innhold

       I St.prp. nr. 43 (1996-1997) vart det fremma forslag om ei auke av løyvinga på statsbudsjettet for 1997 under kap. 440 Politi- og lensmannsetaten med til saman 150 mill. kroner. Som delvis inndekking vart det foreslått at rettsgebyret skulle endrast frå kr 505 til kr 535. Dette vart fulgt opp i Ot.prp.nr.44 (1996-1997) om lov om endring i lov av 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr.

       Stortinget vedtok 8. april 1997 å be Regjeringa fremme forslag til inndekking av ekstraløyvinga i Revidert nasjonalbudsjett. Regjeringa har på denne bakgrunnen vedteke å trekkje proposisjonen attende.

       Komiteen tek meldinga til etterretning.

       Komiteen viser til meldinga og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak:

       Ot.meld. nr. 1 (1996-1997) - om tilbakekalling av Ot.prp.nr.44 (1996-1997) om lov om endring i lov av 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr - vert lagt ved protokollen.

Oslo, i justiskomiteen,den 6. mai 1997.

Lisbeth Holand, Anita Apelthun Sæle, Olav Akselsen,
leiar. ordførar. sekretær.