3. Forslag fra mindretall
Forslag fra Senterpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet:
Forslag 1
I lov av 6. april 1984 nr. 17 om vederlag ved oreigning av fast eigedom gjøres følgende endringer:
§ 5 tredje ledd skal lyde:
Det skal ikkje takast omsyn til verdiendringar som kjem av oreigningstiltaket, eller den reguleringsplan eller annan offentleg plan det vert oreigna etter, eller av gjennomførde eller planlagde investeringar eller verksemd som har direkte samanheng med oreigningstiltaket.
§ 6 første ledd skal lyde:
Vederlag etter bruksverdi skal fastsetjast på grunnlag av avkastinga av eigedomen ved slik pårekneleg utnytting som det røynleg er grunnlag for etter tilhøva på staden. Det skal samstundes gjevast vederlag etter dagens pris for dei ressursar på eigedomen som vert oreigna og som har aktuell salsverde som standskog, jord, sand- og grusforekomster m.v.
Forslag fra Kristelig Folkeparti:
Forslag 2
I lov av 6. april 1984 nr. 17 om vederlag ved oreigning av fast eigedom vert det gjort følgjande endring:
§ 6 første ledd skal lyde:
Vederlag etter bruksverdi skal fastsetjast på grunnlag av avkastinga av eigedomen ved slik pårekneleg utnytting som det røynleg er grunnlag for etter tilhøva på staden. Det skal samstundes gjevast vederlag etter dagens pris for dei ressursane på eigedomen som vert oreigna og som har salsverde som standskog, jord, sand- og grusforekomster m.v. når dette er pårekneleg etter første punktum.