9. Økonomiske og administrative konsekvensar
Samandrag
Innføring av avansen som utrekningsgrunnlag for meirverdiavgifta ved omsetning av brukte varer m.v., vil gi ulike verknader i marknaden, som og vil kunne gi provenymessige konsekvensar for staten. Det er likevel vanskeleg å gi gode overslag for sannsynleg provenyutslag av endringane.
Dei provenymessige følgjene av omlegginga til avansesystemet, vil i stor grad vere avhengig av marknaden for brukte varer m.v. Dette gjeld både det økonomiske omfanget, og til kva for kjøparar salet av brukte varer m.v. hovudsakleg foregår. Når kjøparen av brukte varer m.v. ikkje har frådragsrett for inngåande avgift, det vil seie at salet ikkje går til vanleg avgiftspliktig verksemd, vil det vere økonomisk lønsamt for ein vidareforhandlar å nytte avansen framfor salsvederlaget som utrekningsgrunnlag for avgifta. Ved sal til vanlege avgiftspliktige verksemder, vil truleg gjeldande reglar, der grunnlaget for utrekninga av avgifta er salsvederlaget, framleis bli nytta i dei fleste tilfella.
Det ligg ikkje føre noko godt statistisk grunnlag for å rekne ut dei provenymessige konsekvensane av å innføre avansesystemet for brukte varer m.v. Eit kvart forsøk på å rekne ut dei provenymessige konsekvensane vil derfor måtte baserast på ein noko tilfeldig informasjon, og vil derfor vere hefta med vesentleg uvisse. Statistisk sentralbyrå si forbruksundersøking gir riktig nok opplysningar om forbruksutgift for varer eller varegrupper, men inneheld ikkje opplysningar om varene er kjøpt nye eller brukte.
På noko usikkert grunnlag er det truleg at overgang til avansesystemet vil kunne gi eit bortfall av proveny på i storleik 100 mill. kroner det første året.
Bortfallet av proveny på grunn av omlegginga vil truleg avta over tid, fordi avansesystemet truleg vil føre til at avgiftspliktig butikk- og auksjonssal vil komme i ein konkurransemessig betre stilling samanlikna med det dei gjer etter gjeldande reglar. Andre året vil truleg provenybortfallet vere halvert, det vil seie omlag 50 mill. kroner. Deretter, frå og med 3. år, vil omlegginga til avansesystemet truleg ikkje innebere noko provenymessig endring samanlikna med om gjeldande reglar for utrekning av meirverdiavgift på brukte varer m.v. hadde blitt vidareført.
Skattedirektoratet meiner at innføring av særlege reglar om lågare utrekningsgrunnlag for brukte varer m.v., truleg vil føre til ei viss auke i ressursbruken på fylkesskattekontora. Dette som følgje av at alternative omsetningsformer blir redusert, og at det blir fleire som registrerer seg i avgiftsmanntallet.
Særleg i startfasa vil det vere behov for oppfølgjing gjennom kontrollar av dei næringsdrivande, supplert med informasjonsverksemd om regelendringane.
Innføring av avansesystemet vil kunne framstå som ei forvansking av regelverket for brukte varer m.v. Ei slik komplisering av regelverket vil kunne medføre auka behov for ressursbruk for dei næringsdrivande.
Komiteens merknader
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, tar opplysningene om de økonomiske og administrative konsekvensene av omleggingen til etterretning.
Komiteens medlem fra Rød Valgallianse konstaterer at den avgiftslettelsen som flertallet vedtar, på usikkert grunnlag antas å gi et samla tap i statens inntekter på 150 mill. kroner de første to årene og at det dessuten er så komplisert å gjennomføre denne avgiftslettelsen at det ifølge departementet « truleg vil føre til ei viss auke i ressursbruken ved fylkesskattekontora ». Dette medlem synes det er lite hensiktsmessig å innføre regler som binder opp fylkesskattekontorenes ressurser i praktisering av en avgiftslette som i stor grad kommer den rike del av befolkninga til gode.