1. Innledning
Samandrag
Merverdiavgifta er ei forbruksavgift som skal betalast ved innanlandsk omsetning av varer og tenester i alle omsetningsledd og ved innførsel. Merverdiavgifta er ei avgift på forbruk i den forstand at den berre tek sikte på å belaste det endelege forbruket av avgiftspliktige varer og tenester. Gjeldande merverdiavgiftsregelverk skil som hovudregel ikkje mellom nye og brukte varer. Avgiftsplikta er knytt til omsetning fra registreringspliktig verksemd. Blir varer selte fra slik verksemd skal utgåande merverdiavgift reknast av heile salsvederlaget. Ei hovudinnvending mot gjeldande regelverk er at det for omsetning av brukte varer i ei viss utstrekning fører til dobbel avgiftsbelastning eller kumulative effektar. I proposisjonen gjer departementet greie for mellom anna gjeldande reglar for omsetning av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikvitetar. Departementet gjer og greie for tidlegare handsaminger av regelverket for brukte varer, siste gang omhandla i Dok.nr.8:11 (1995-1996). I proposisjonen er det ei kort omtale av regelverket innan EU i tillegg til ein omtale av utvalde høyringsfråsegner.
Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erik Dalheim, Kjell Engebretsen, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen og Signe Øye, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A Meland, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Olaf Gjedrem, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, viser til at avgiftsregelverket for omsetning av brukte varer, kunstverk, samleobjekt og antikviteter har vært diskutert ved flere anledninger tidligere. Komiteen viser til at denne komiteen sist behandlet dette spørsmålet i Innst.S.nr.131 (1995-1996), jf. Dok.nr.8:11 (1995-1996). Komiteen viser for øvrig til sine respektive merknader til Regjeringens forslag under de etterfølgende punktene.