1. Samandrag
Stortingsrepresentantane Anders C Sjaastad og Kjellaug Nakkim har den 30. oktober 1996 sett fram følgjande forslag:
« Forslag 1
Vedtak til lov om endring i lov av 22. mai 1902 nr. 10 Almindelig borgerlig Straffelov.
I lov av 22. mai 1902 nr. 10 Almindelig borgerlig Straffelov gjøres følgende endring:
§ 46 skal lyde:
Ingen kan straffes for handling foretatt før det fylte 14 år.
Denne lov trer i kraft straks.
Forslag 2
Regjeringen anmodes om å vurdere å endre lov av 15. mars 1991 nr. 3 om megling i konfliktråd, slik at megling kan foretas selv om gjerningsmannen eller vergen ikke ønsker slik megling.
Forslag 3
Regjeringen anmodes om å vurdere i hvilken grad det er nødvendig å endre eller klargjøre regler i lov av 17. juli 1992 nr. 100 om barnevernstjenester slik at barnevernets tvangsmyndighet kan benyttes også som et ledd i å forebygge kriminalitet eller som et ledd i en etterfølgende reaksjon på kriminelle handlinger. »
I grunngjevinga for framlegget blir det m.a. vist til at den kriminelle lågalderen vart heva frå 14 til 15 år i 1987. Endringa vart sett i kraft 1. januar 1990. Høgre fremma i Dok.nr.8:36 (1993-1994) forslag om å redusere den kriminelle lågalderen til 14 år, men framlegget vart då avvist av stortingsfleirtalet. Utviklinga den siste tida har vist at dei reaksjonane som er tilgjengelege i dag ikkje er tilstrekkelege. Etter forslagsstillarane sitt syn er det derfor naudsynt å vurdere reaksjonane overfor lovbrytarar under den kriminelle lågalderen på nytt.
Forslagsstillarane meiner at dei såkalla « barnerana » i Oslo den siste tida illustrerer trongen for å vurdere nye tiltak for å kjempe mot kriminell verksemd frå denne aldersgruppa. Ein straffetrussel kan både førebyggje handlingar og gje samfunnet høve til å reagere kontant på kriminelle handlingar på ein egna måte. Føremålet med senkinga av den kriminelle lågalder er ikkje å få høve til å setje 14-åringar i fengsel. Andre straffealternativ er meir nærliggjande, så som samfunnsteneste.
Forslagsstillarane meiner vidare at det bør vurderast i kva grad retten til å overføre saker til mekling i konfliktråd skal utvidast. I dag er føresetnaden for konfliktrådshandsaming at partane er viljuge til slik mekling. Forslagsstillarane meiner òg at det er naudsynt å vurdere trongen for å endre eller klargjere dei heimlane som finst i barnevernlova slik at desse i større grad kan nyttast overfor denne typen lovbrytarar.