Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om endringar i lov av 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven).

Dette dokument

Innhold

1.1 Innleiing

       I proposisjonen gjer Kommunal- og arbeidsdepartementet framlegg om revisjon av enkelte paragrafar i samelova. Revisjonen omfattar framlegg som har sin bakgrunn i departementet sine erfaringar etter at Sametinget har vore i funksjon i snart sju år, og dernest endringar som vil vere naudsynte for å følgje opp Sametinget sine framlegg til endringar i valreglane og i enkelte andre føresegner i lova.

       Departementet viser til at det er gjort greie for Sametinget sine prinsipielle merknader til desse spørsmåla i St.meld. nr. 52 (1992-1993). Sametinget har på nytt handsama framlegg til endring av valreglane på grunnlag av utgreiing frå eit eige utval skipa av Sametinget, jf. Sametinget sitt vedtak i sak 3/95.

       Departementet gjer ikkje framlegg om større endringar av prinsipiell karakter. Departementet legg såleis til grunn at spørsmål om eventuell utviding av Sametinget si myndigheit til dømes i arealforvalting vil måtte vente på Samerettsutvalet si innstilling.

       Departementet gjer heller ikkje framlegg om innføring av utjamningsmandat ved Sametingsvalet, men meiner at ei ordning med utjamningsmandat bør utredast og eventuelt tas stilling til før Sametingsvalet i 2001.

       Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, leiaren Roger Gudmundseth, Anneliese Dørum, Eirin Faldet, Rolf Terje Klungland, Rune E Kristiansen og Leif Lund, frå Senterpartiet, Eva Lian, Morten Lund og Terje Riis-Johansen, frå Høgre, Tore A Liltved og Arild Lund, frå Sosialistisk Venstreparti, Børre Rønningen og frå Kristeleg Folkeparti, Ola T Lånke, har merka seg at departementet i proposisjonen ikkje kjem med framlegg om større endringar av prinsipiell karakter, og heller ikkje kjem med framlegg i dei spørsmåla Stortinget bevisst lot vere opne då lova vart vedteke.

       Komiteen har vidare merka seg at spørsmålet om ei mogeleg utviding av Sametinget sin kompetanse t.d. når det gjeld arealforvaltning ikkje vil bli drøfta før Samerettsutvalet har gitt si innstilling.

       Komiteen er samd i dette.

       Komiteen har vidare merka seg at departementet ikkje no gjer framlegg om innføring av utjamningsmandat ved Sametingsvalet, men vil kome tilbake til dette før Sametingsvalet i 2001.

1.2 Heimel for å delegere avgjerdsmyndigheit til Sametinget

       I proposisjonen vert det gjort framlegg om å lovfeste ein heimel for departementet til å delegere til Sametinget avgjerdsmyndigheit over dei løyvingane som årleg vert stilt til disposisjon for samiske formål (§ 2-1 nytt tredje ledd).

       Sametinget anbefaler at overføring av myndigheit skjer ved direkte delegering av myndigheit frå Stortinget til Sametinget.

       Departementet viser til at ein ikkje har tatt stilling til konkrete framlegg om større budsjettmessig fridom for Sametinget, men finn at det allereie innanfor departementet sin etablerte praksis er behov for ei nærare presisering i lova, slik at også departementet sine plikter og ansvar i høve til Sametinget sine fullmakter vis-à-vis Stortinget kan verte avklart.

       I proposisjonen vert det vist til Justisdepartementet sine merknader i utreiinga til eit interdepartementalt utval om spørsmål tilknytta ein eventuell overgang til nettobudsjettering for Sametinget. Det vert her sagt at som samepolitisk organ kan ikkje Sametinget sjåast på som eit underordna organ i høve til departementet og er ikkje underlagt statsråden si instruksjons- og kontrollmyndigheit. Då det er stilt spørsmål ved om og i kva grad regjering eller departement har adgang til å delegere myndigheit til Sametinget utan særskilt grunnlag i lov eller plenarvedtak, gjer departementet framlegg om ein heimel for delegasjon av forvaltningsmyndigheit til Sametinget.

       Departementet presiserer at det er ein føresetnad at Sametinget sine fullmakter til ei kvar tid må vere underlagt og tilpassa staten sitt økonomireglement så langt dette er formålstenleg.

       Komiteen er samd i at det vert lovfesta ein heimel for departementet til å delegere avgjerdsmyndigheit til Sametinget for dei løyvingane som årleg vert stilt til rådvelde for samiske føremål over statsbudsjettet. Komiteen forutset at reglementet for Sametinget si økonomiforvaltning vert utarbeidd i nært samarbeid med Sametinget sjølv, og viser i samband med det til Justisdepartementet si presisering av at Sametinget som samepolitisk organ ikkje kan sjåast på som eit underordna organ i høve til departementet.

1.3 Heimel for Sametinget til delegere vidare eiga vedtaksfullmakt - § 2-12 nytt tredje og fjerde ledd

       Det vert i proposisjonen gjort framlegg om å lovfeste ein rett for Sametinget, som ledd i si eiga interne organisering, å delegere vidare avgjerdsmyndigheit til eigne oppretta styre, råd eller utval (§ 2-12 nytt tredje ledd).

       Framlegget tar sikte på å legge til rette for ei lagleg organisering av Sametinget si eiga verksemd. Ein slik lovheimel føreset ikkje å innføre ny praksis, men kun å legitimere den organiseringa som Sametinget allereie har gjort etter det mønster som oppsto ved at Sametinget umiddelbart etter etableringa, og i samsvar med overgangsreglane i samelova § 4-1, tok over ansvar og plikter som tidlegare låg inn under det statleg oppnemnde Norsk sameråd.

       Komiteen sluttar seg til framlegget, og har merka seg at framlegg til ny § 2-12 femte ledd avgrensar denne myndigheit til ikkje å gjelde forhold som klårt bør liggje under Sametinget sin eigen avgjerdsmyndigheit.

1.4 Om adgang til å klage over vedtak fatta av Sametinget eller styrer, råd eller utval skipa av Sametinget - § 2-12 nytt femte ledd

       I proposisjonen vert det gjort framlegg om å lovfeste at enkeltvedtak fatta av styre, råd eller utval oppnemnd av Sametinget, i samsvar med forvaltingslova sine reglar, kan påklagast til Sametinget eller til særskilt klagenemnd som Sametinget har skipa (§ 2-12 nytt femte ledd).

       Departementet viser vidare til forvaltingslova sin alminnelege føresetnad om at det skal vere høve til to-trinnshandsaming i forvaltingssaker. Departementet finn at den ordninga som er etablert innanfor Sametinget har fungert bra, og det vert difor gjort framlegg om ei generell føresegn i samelova. Mellom anna viser departementet til at Sametinget i si eiga organisering har gått ut i frå at i dei tilfelle vedtaksmyndigheit er lagt til eit råd, styre eller utval oppnemnt av Sametinget, skal Sametingsrådet vere klageorgan.

       Heimelen vil ikkje gjelde for dei saksområde av spesiell fagleg karakter som er delegert direkte til Samisk kulturminneråd med heimel i kulturminnelova.

       Komiteen sluttar seg til framlegget.

1.5 Status til Sametinget sine tenestemenn i høve til tenestemannslova m.v. - § 2-12 nytt andre ledd

       Det vert i proposisjonen gjort framlegg om å lovfeste at Sametinget sine tenestemenn skal vere underlagt lovgjevinga som gjeld for staten sine tenestemenn så langt det passar.

       I samband med dette framlegget viser departementet til at samelova § 2-12 andre punktum gjer eit unnatak frå tenestemannslova § 5 om tilsetting av tenestemenn, då tilsettingsmyndigheita er lagt til Sametinget. Dette på grunn av omsynet til samisk sjølvråderett.

       Departementet peikar på at Sametinget sitt personale har blitt sett på som statstilsette og at dei difor mellom anna har dei rettar og plikter som tenestemannslova, tenestetvistlova, lov om statens pensjonskasse og lov om aldersgrense for offentlege tenestemenn gir. Denne praksisen vert det no gjort framlegg om å lovfeste.

       Det interdepartementale utvalet som har vurdert overgang til nettobudsjettering av Sametinget sitt budsjett, har også gjort framlegg om at Sametinget i samband med dette skal gis fullmakt til sjølv å opprette og inndra stillingar ved administrasjonen sin.

       Komiteen sluttar seg til framlegget, og har merka seg at dette ikkje inneber noka endring m.o.t. Sametinget sin rett til å tilsette personalet ved Sametinget.

1.6 Utviding av kriteria for å kunne skrivast inn i samemanntalet - § 2-6 første ledd bokstav b, ny bokstav c og nytt andre ledd

       Departementet viser til at i følgje § 2-6 kan alle som gir ei erklæring om at dei oppfattar seg som same, og som enten sjølv har samisk som heimespråk eller som har eller har hatt forelder eller besteforeldre med samisk som heimespråk, krevje seg innført i samemanntalet i bustadkommunen sin.

       Det vert i proposisjonen gjort framlegg om at språkkriteria i § 2-6 vert utvida til også å omfatte oldeforeldre med samisk som heimespråk (§ 2-6 første ledd, bokstav b).

       Dessutan vert det gjort framlegg om at barn av person som er eller har vore oppført i samemanntalet skal kunne krevje seg innført i samemanntalet (§ 2-6 første ledd, ny bokstav c) utan omsyn til språkkriteria i § 2-6 a og b.

       Desse endringane byggjer på framlegg frå Sametinget, som ynskjer at kriteria for å stå i samemanntalet skal vere mest mogleg inkluderande, innanfor akseptable prinsipielle rammer, slik at flest mogleg av den samiske befolkninga kan innskrivast i samemanntalet. Sametinget meiner dette vil opne det samiske kulturfellesskapet for dei samar som bur i område som har vore utsett for større grad av fornorsking og tap av samisk språk.

       Utvidinga av språkkriteriet i § 2-6 første ledd bokstav b, gjer at det no ikkje vert samsvar med den svenske og finske samelova på dette området, men departementet har kome til at Sametingets klare og grunngjevne ønske om ei endring i eit slikt prinsipielt spørsmål må tilleggjast avgjerande vekt.

       Framlegget til ny § 2-6 første ledd ny bokstav c, er i samsvar med det framlegget som Samerettsutvalet la fram i NOU 1984:18. Ei tilsvarande føresegn finst i den svenske og finske samelova.

       Komiteen har merka seg at Sametinget samrøystes har gått inn for denne endringa, og sluttar seg til framlegget frå Regjeringa.

1.7 Bruk av det ordinære folkeregisteret ved manntalsføringa og adgang til bruk av EDB ved utarbeiding av manntalet - § 2-6 nytt fjerde og femte ledd

       I samsvar med framlegg frå Sametinget foreslår departementet at det vert etablert tilgjenge til bruk av det alminnelege folkeregisteret i kommunen ved utarbeiding av samemanntalet (§ 2-6 nytt tredje ledd). Samemanntalet skal kunne etablerast ved å nytte eit merke (eit skjult prefiks) som identifiserer den som har kravd seg ført inn i manntalet (§ 2-6 nytt fjerde ledd). Vidare vert det opna for bruk av EDB ved utarbeiding av samemanntalet (§ 2-6 nytt femte ledd).

       Framlegget om å nytte folkeregisteret på denne måten er opprinneleg fremma av Sametinget, som meiner at man dermed vil ta bort dei vanskane som i dag oppstår ved flytting frå ein kommune til ein annan. Ei slik ordning vil gje openberre praktiske fordelar samstundes som utarbeiding av samemanntalet vil bli meir likt den ordninga som skjer med dei øvrige valmanntala. Sametinget går også inn for å nytte EDB.

       Justisdepartementet uttalte i samband med St.meld. nr. 52 (1992-1993) at det ville vere mest riktig å vente med å etablere EDB-registrering til det er gitt heimel om dette i samelova. Datatilsynet har også gjeve positive føresegner om bruk av EDB til føring av samemanntalet.

       Departementet gjer i proposisjonen greie for valreglane som blei fastsett av departementet 8. januar 1993, og som mellom anna har føresegner om trygg oppbevaring av samemanntalet og kva som skal leggjast til grunn for manntalsføringa.

       Komiteen har merka seg Sametinget sitt framlegg.

       Komiteen viser til at spørsmålet om føring av manuelt manntal eller manntal på EDB vart grundig drøfta då lova vart vedteke, og at justiskomiteen klårt slo fast at manntalet for det fyrste valet til Sametinget skulle førast manuelt.

       Komiteen meiner at det må takast særlege omsyn til EDB-sikring når det gjeld registrering på grunnlag av etnisk tilhørigheit. På grunnlag av dei merknader Datatilsynet kjem med i sitt brev av 9. juni 1992 finn likevel komiteen å kunne slutte seg til framlegget frå Regjeringa.

1.8 Adgang til registrering av gruppe, parti eller anna samanslutning for deltaking i Sametingsvalet.

       Departementet gjer framlegg om at ei gruppe, parti eller anna samanslutning skal kunne verte registrert på grunnlag av ei oppmoding saman med underskrifter av minst 300 personar med stemmerett ved Sametingsvalet (§ 2-7 nytt tredje ledd).

       Dette framlegget byggjer på eit framlegg frå Sametinget. Departementet peikar på at det kan synest noko høgt å krevje 300 underskrifter som grunnlag for registrering, når ein veit at ei samanslutning som stiller lister i 13 krinsar etter ordninga i dag, kan nøye seg med 195 underskrifter. Men departementet finn ikkje grunn til å endre Sametinget sitt einstemmige framlegg.

       Departementet foreslår at Sametinget sjølv skal vere registrerande myndigheit for denne ordninga. Sametinget kan delegere myndigheit til å gjere vedtak om registrering til eit eksisterande styre, råd eller utval eller eit slikt som er skipa med denne føremon. Det føresetjast at vedtak vedrørande søknad om registrering ikkje skal kunne verte påklaga.

       Departementet viser til at det er ei føresetnad at dei nærare reglane om høve til registrering og rettsvirkningane av slik registrering leggjast til Kongen, og at dei meir detaljerte føresegnene om registrering, jf. vallova § 17 og §§ 18-23 vert innarbeidd i valreglar for Sametinget.

       Komiteen sluttar seg til prinsippa i framlegget frå departementet. Komiteen vil likevel peike på at kravet om 300 underskrifter kan synast for høgt, samanlikna med krava i dag om 15 underskrifter i ein valkrets. Komiteen vil difor gjere framlegg om at kravet vert sett til 200 eigenhendige underskrifter:

« § 2-7 nytt tredje ledd skal lyde:

       En gruppe, parti eller liknende sammenslutning kan søke Sametinget om å bli registrert med et bestemt partinavn. Begjæring om registrering skal være ledsaget av underskrifter fra minst 200 personer som har stemme- og forslagsrett ved valg til Sametinget. Vedtak om registrering kan ikke påklages. Kongen kan gi nærmere bestemmelser om vilkårene og framgangsmåten ved registrering. »

1.9 Rett og plikt til å ta del i møte i Sametinget og i Sametinget sine organ - § 2-8 nytt tredje og fjerde ledd

       Det vert i proposisjonen gjort framlegg om at han/ho som er valt som medlem av Sametinget eller eit av Sametinget sine organ har plikt til å møte dersom det ikkje ligg føre gyldig forfall (§ 2-8 nytt tredje ledd). Dessutan vert det foreslått at arbeidstakar har krav på fri frå arbeid i det omfang dette er naudsynt på grunn av møteplikta (§ 2-8 nytt fjerde ledd).

       Departementet peikar på at dette framlegget, som kjem frå Sametinget, synest å vere inspirert av kommunelova § 40. Problemet som enkelte sametingsrepresentantar har hatt med å få fri frå arbeidet for å ta del i Sametinget sitt møte kunne langt på veg ha vore løyst med den nye § 33 C i arbeidsmiljølova, som gjev rett til permisjon for å oppfylle lovbestemt møteplikt i offentlege organ. Men for å fjerne all mogleg tvil om Sametinget si rolle som eit offentleg organ, gjer departementet framlegg om at ombodsplikt og arbeidstakar sin rett til naudsynt fri frå arbeid vert lovfesta.

       Komiteen har merka seg at formuleringa i § 2-8, vedrørande arbeidstakar sitt krav på fri frå arbeid for å skjøtte pliktene i Sametinget og underliggjande organ, skil seg noko frå dei tilsvarande formuleringane i kommunelova § 40 nr. 1 andre led og arbeidsmiljølova § 33 c.

       Komiteen har imidlertid merka seg at departementet i brev datert 12. desember 1996, og som er tatt inn som vedlegg til innstillinga, gjev uttrykk for at departementet si meining er at heimelen som det er gjort framlegg om skal vere i samsvar med dei tilsvarande føresegnene i kommunelova og arbeidsmiljølova.

       Komiteen går ut ifrå at departementet arbeider vidare med samordning av desse føresegnene.

       Komiteen sluttar seg for øvrig til framlegget.

1.10 Andre framlegg gjort av Sametinget

       Sametinget gjer framlegg om ei ytterlegare presisering i § 2-7 om at personale som er tilsett ved Sametinget sine eigne underliggjande organ på same måte som Sametinget sine tilsette ikkje kan veljast til Sametinget.

       Departementet viser til at alt personell som er tilsett i samsvar med Sametinget si tilsettingsmyndigheit er unntatt frå val til Sametinget uansett kvar dei tenestegjer innanfor det organisatoriske systemet. Departementet finn derfor ikkje å ville følgje opp dette framlegget.

       Sametinget foreslår at § 2-11 vert endra såleis at Kongen si fullmakt til å gje utfyllande føresegner om val til Sametinget vert overført til Sametinget. Dette er grunngjeve med at gjeldande føresegn i § 2-11 er i motstrid med § 2-10 som slår fast at Sametinget er øvste myndigheit ved val til Sametinget.

       Departementet finn ikkje å kunne gå inn for Sametinget sitt framlegg om endring av § 2-11, då føresegnene slik dei er i dag framleis vil gje dei beste moglegheiter for samordning og harmonisering med dei øvrige føresegnene som er gitt i medhald av vallova i samband med dei vanlege vala.

       Komiteen har merka seg departementet si presisering av at alt personell som er tilsett i samsvar med Sametinget si tilsettingsmyndigheit er unntatt frå val til Sametinget, utan omsyn til plassering av tenestested.

       Komiteen har vidare merka seg departementet sine kommentarar til framlegget frå Sametinget når det gjeld § 2-11 i lova. Komiteen sluttar seg til departementet sine merknader, men føreset at utarbeiding av regler for gjennomføring av Sametingsvalet må skje i nært samarbeid med Sametinget.

1.11 Økonomiske og administrative konsekvensar

       Departementet viser til at dei endringane det er gjort framlegg om i proposisjonen føreset tilsvarande revisjon av forskrift om valreglar for Sametinget. Dette føreset eit nært samarbeid med Sametinget. Samarbeid med Datatilsynet vil vere naudsynt i høve til lovfestinga av bruk av EDB ved manntalsføringa.

       Det er departementet si vurdering at framlegga ikkje vil føre med seg spesielle økonomiske konsekvensar i forhold til dei vedtatte budsjettrammene.

       Komiteen vil streke under trongen for eit nært samarbeid med Sametinget både når det gjeld revisjon av forskrift for valreglar for Sametinget, og når det gjelde t.d. utarbeiding av reglement for Sametinget si økonomiforvaltning.

       Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov
om endringer i lov av 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven).

I.

       I lov av 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven) gjøres følgende endringer:

§ 2-1 nytt tredje ledd skal lyde:

       Sametinget kan delegeres myndighet til å forvalte de bevilgninger som bevilges til samiske formål over det årlige statsbudsjett. Departementet fastsetter reglement for Sametingets økonomiforvaltning.

Nåværende tredje ledd blir nytt fjerde ledd.

§ 2-6 skal lyde:

Samemanntall

       Alle som avgir erklæring om at de oppfatter seg selv som same, og som enten

a. har samisk som hjemmespråk, eller
b. har eller har hatt forelder, besteforelder eller oldeforelder med samisk som hjemmespråk, eller
c. er barn av person som står eller har stått i samemanntallet

       kan kreve seg innført i et eget samemanntall i bostedskommunen.

       Samemanntallet utarbeides på grunnlag av folkeregisteret i kommunen, samemanntallet ved siste valg og de krav om innføring eller strykning som er kommet i løpet av valgperioden.

       Når en person er innført i samemanntallet kan dette registreres i folkeregisteret. Denne registrering skal være tilgjengelig kun for den myndighet som har ansvaret for gjennomføring av valg til Sameting, eller etter samtykke fra departementet.

       Samemanntallet kan føres ved hjelp av EDB.

§ 2-7 nytt tredje ledd skal lyde:

       En gruppe, parti eller liknende sammenslutning kan søke Sametinget om å bli registrert med et bestemt partinavn. Begjæring om registrering skal være ledsaget av underskrifter fra minst 200 personer som har stemme- og forslagsrett ved valg til Sametinget. Vedtak om registrering kan ikke påklages. Kongen kan gi nærmere bestemmelser om vilkårene og framgangsmåten ved registrering.

§ 2-8.

Overskriften skal lyde:

Plikt til å motta valg, fritaksgrunner og møteplikt.

Nytt tredje og fjerde ledd skal lyde:

       Person som er valgt som medlem av Sametinget eller organ nedsatt av Sametinget, plikter å delta i Sametingets eller respektive organs møter med mindre det foreligger gyldig forfall.

       Arbeidstaker har krav på fri fra arbeid i det omfang det er nødvendig på grunn av pliktene i Sametinget eller i det organ vedkommende er oppnevnt medlem i.

§ 2-12.

Overskriften skal lyde:

Sametingets administrasjon, organisering og saksbehandling.

Nytt annet til femte ledd skal lyde:

       Sametingets ansatte personell skal være underlagt den lovgivning som gjelder for statens tjenestemenn så langt det passer.

       Sametinget kan opprette de styrer, råd eller utvalg som Sametinget finner hensiktsmessig og, såfremt ikke annet fremgår, delegere myndighet til disse.

       Beslutningsmyndighet i henhold til § 2-9, § 2-10 og § 2-14 kan ikke delegeres.

       Enkeltvedtak fattet av styre, råd eller utvalg oppnevnt av Sametinget, kan i samsvar med forvaltningslovens bestemmelser påklages til Sametinget eller særskilt klagenemnd oppnevnt av Sametinget.

II.

       Denne lov trer i kraft straks.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 17. desember 1996.

Roger Gudmundseth, Børre Rønningen, Ola T Lånke,
leiar. ordførar. sekretær.

Brev frå stortingsrepresentant Ola T Lånke til Kommunal- og arbeidsdepartementet, statsråden, datert 11. desember 1996.

       I forslaget til endringer i Sameloven § 2-8, nytt fjerde ledd heter det « at arbeidstaker har krav på fri fra arbeid i det omfang det er nødvendig på grunn av pliktene i Sametinget eller i det organ vedkommende er oppnevnt medlem i. »

Spørsmål 1:

       I hvilken grad avviker dette fra tilsvarende bestemmelser i henholdsvis Arbeidsmiljøloven og Kommuneloven, som går på andre folkevalgte organer?

Spørsmål 2:

       Hvilke konsekvenser vil den foreslåtte bestemmelse i Sameloven få for Sametingets økonomi?

Brev til stortingsrepresentant Ola T Lånke frå Kommunal- og arbeidsdepartementet, statsråden, datert 12. desember 1996.

       Jeg viser til stortingsrepresentantens telefax av 11. desember 1996 vedrørende forslag til endringer i Samelovens § 2-8, nytt fjerde ledd.

Til spørsmål 1.

       Det er departementets hensikt at den foreslåtte hjemmel for fritak fra arbeid i den utstrekning dette er nødvendig på grunn av pliktene i Sametinget eller i organ opprettet av Sametinget i medhold av sameloven, skal ha den samme betydning som kommuneloven § 40 nr. 1 annet ledd har for de folkevalgte medlemmer i kommunene og i fylkeskommunene, herunder for medlemmer i kommunale- eller fylkeskommunale styrer, råd nemnder eller utvalg.

       Når det i proposisjonen er vist til arbeidsmiljøloven § 33 c, er det bl.a. for å vektlegge at forslaget tar sikte på rett til permisjon for å oppfylle møteplikten. Det tas med andre ord ikke sikte på fritak fra arbeid for politisk virksomhet som går ut over deltakelse i møter.

       Departementets forslag forutsettes å være i samsvar med den tilsvarende bestemmelse i kommuneloven og i arbeidsmiljøloven § 33 c.

Til spørsmål 2.

       Departementet har forutsatt at den foreslåtte endring ikke vil medføre ekstra omkostninger for Sametinget, da refusjoner for eventuell tapt arbeidsfortjeneste utbetales også i henhold til gjeldende praksis.