Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Ufrivillig realisasjon innanfor aksjesparing med skattefrådrag (ams)

Samandrag

       Etter aksjelova § 2-15 kan styret i eit morselskap som eig « mer enn ni tiendedeler av aksjene i et datteraksjeselskap og har ... en tilsvarende andel av de stemmer som kan avgis på generalforsamlingen . . beslutte at morselskapet skal innløse de øvrige aksjer i datterselskapet ». Minoritetsaksjonærane kan ikkje motsette seg slik tvangsinnløysing. Tvangsinnløysing etter aksjelova § 3-15 kan såleis innebere at AMS-aksjar blir ufrivillig realiserte i bindingstida. AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis kan likeins bli ufrivillig realiserte i bindingstida som følgje av selskapet sin konkurs.

       Eit alternativ til ei reinvesteringsplikt er å gjere unntak frå reglane om at det skal gjerast tillegg i skatten for visse former for realisasjon i bindingstida. Ei slik løysing vil ikkje gjere AMS-regelverket særleg meir komplisert, og etter departementet sitt syn heller ikkje komplisere bruken av AMS-ordninga merkbart for korkje skattytarane eller skatteetaten. Skatteetaten kan til dømes få melding frå Verdipapirsentralen om kvar einaste realisasjon som er ei følgje av tvangsinnløysing etter aksjelova § 3-15 eller av selskapet eller føretaket sin konkurs.

       Departementet viser òg til at det er svært få tilfelle av ufrivillig realisasjon av AMS-aksjar eller -grunnfondsbevis. Ifølgje Verdipapirsentralen er det i perioden januar - september 1996 berre eit einskild tilfelle av ufrivillig realisasjon av AMS-aksjar eller - grunnfondsbevis, med totalt 15 brot på AMS-kontraktar. Departementet meiner såleis at provenyverknaden av eit unntak for visse former for realisasjon ikkje vil bli merkbar.

       På denne bakgrunn foreslår departementet eit unntak for visse former for realisasjon frå reglane om at det skal gjerast tillegg i skatten ved realisasjon i bindingstida. Ei slik løysing er etter departementet sitt syn rimeleg overfor skattytarane, og enkel å praktisere for likningsstyresmaktene.

       Ved utviding av AMS-ordninga til òg å omfatte investering i enkeltaksjar eller enkeltgrunnfondsbevis blei det lagt vekt på at ordninga skulle vere likningsteknisk enkel. Dette for at ordninga skulle tilpassast eit system med maskinell likning. AMS-ordninga inneber masseoperasjonar som må gjerast i automatisert form, utan manuell sakshandsaming. I eit slikt system er det ikkje plass for ei nærare vurdering av den einskilde realisasjonen. Dette gjer at skattytarane sine subjektive tilhøve ikkje kan avgjere om realisasjonen i bindingstida skal føre med seg tillegg i skatten eller ikkje. Etter departementet si vurdering må « ufrivillig realisasjon » avgrensast til tilfelle der realisasjon er ei følgje av omstende skattytarane ikkje kan kontrollere. Eit formelt frivillig sal før ei mogleg tvangsinnløysing etter aksjelova § 3-5 kan såleis ikkje reknast som ufrivillig realisasjon. Det må vere tilstrekkelege « objektive » haldepunkt for å fastslå om ein realisasjon er frivillig eller ufrivillig. Etter ei totalvurdering finn departementet at berre realisasjon som følgje av tvangsinnløysing etter aksjelova § 3-15 eller som følgje av at selskapet eller føretaket sin konkurs, bør reknast som ufrivillig realisasjon i AMS-samanheng.

       Departementet gjer framlegg om dette med verknad frå og med inntektsåret 1996. Departementet viser til utkastet til endring i skattelova § 44 ellevte ledd nr. 2 b.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring i skatteloven § 44 ellevte ledd nr. 2 b.