Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

8. Økonomiske og administrative konsekvensar (proposisjonen kap. 9)

       Dei økonomiske konsekvensane av reforma vil vere at dei statlege utgiftene til valavvikling aukar, medan dei kommunale utgiftene går ned ved at kommunane ikkje lenger skal ha ansvaret for å gjennomføre førehandsrøystinga. Ein må likevel rekne med at innsparinga for kommunane ved at dei mistar ansvaret for førehandsrøystinga, er relativt lita og samtidig vanskeleg både å talfeste og fordele. Departementet vil derfor ikkje fremme forslag om at det blir trekt inn midlar frå kommunane i samband med reforma. Dessutan vil utgiftene for kommunane og fylkeskommunane til trykking av røystesetlar med valliste auke ein del ved kommunestyreval og ved fylkestingsval. På grunn av at det blir fleire førehandsrøystestader, må det trykkjast langt fleire røystesetlar. Behovet vil også auke fordi veljarane får utlevert ein røystesetel for kvar av dei godkjende vallistene. Sortering og pakking av sett med røystesetlar vil også auke utgiftene noko.

       Statens utgifter til postrøysting kan venteleg kome opp i om lag 70-80 mill. kroner i 1997. Kostnadene vil bli noko lågare ved valet i 1999 når Postverket har fullført den planlagde omlegginga av postkontornettet. Det vil heller ikkje vere nødvendig å investere i utstyr og materiell som røysteavlukke osv. ved kvart val.

       Administrativt vil reforma innebere at kommunane får noko mindre arbeid i tilknyting til vala ved at Postverket tek over den praktiske gjennomføringa av førehandsrøystinga. Kommunane vil likevel framleis ha ansvaret for å utarbeide manntalet og for å gjere vedtak om ved kva for institusjonar det skal gjennomførast eiga førehandsrøysting. Reforma vil vidare gi kommunane høve til å prøve førehandsrøystene og krysse av i manntalet for veljarar som har førehandsrøysta før valdagen, og vil på den måten medverke til eit raskare valoppgjer.

       For veljarane vil reforma gjere det enklare å førehandsrøyste, noko som igjen kan føre til høgare valdeltaking.