Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Forslag om å innføre postrøysting i noreg frå og med stortingsvalet og sametingsvalet i 1997

4.1 Departementets vurderingar i høringsnotatet

       Departementet meiner at tida no er moden for at det blir innført ei ordning med postrøysting frå og med stortingsvalet og sametingsvalet i 1997 etter mønster av ordningane i Sverige og Finland.

       Det viktigaste argumentet for å innføre postrøysting er at det vil bli enklare for veljarane å førehandsrøyste. Dei fleste menneske er innom eit postkontor i den perioden det er aktuelt å førehandsrøyste. Det vil då vere relativt enkelt å røyste samtidig som ein utfører andre ærend på postkontoret. I samband med at Postverket legg om ekspedisjonsnettet, vil ein del postkontor få utvida opningstid, noko som vil gjere det mogleg å førehandsrøyste etter ordinær arbeidstid og på laurdagar i heile førehandsrøysteperioden. I tillegg vil det vere mogleg å gi førehandsrøyst til alle landpostbod.

       Departementet meiner vidare at innføring av postrøysting kan ha ein positiv effekt på valdeltakinga. Det ligg nær å tru at dess enklare det er å få røyste, dess fleire er det som vil bruke røysteretten og dermed medverke til å halde oppe eit aktivt og levande demokrati.

       Når det gjeld dei motførestellingane som låg til grunn for at postrøysting ikkje blei innført i samband med at vallova blei vedteken i 1985, var det viktigaste motargumentet at valdeltakinga lett kan bli dreia frå røysting på valtinget til førehandsrøysting, noko som kan føre til at røysting på valtinget blir redusert som den primære måten å røyste på.

       Departementet ser ikkje bort frå at det kan bli fleire førehandsrøyster etter at det er innført postrøysting, men denne auken kan kome av at folk som ikkje ser seg i stand til å røyste etter den noverande ordninga, finn at postrøystinga gir dei eit høve til å delta i valet.

       I 1985 blei det vidare lagt atskilleg vekt på at innføring av postrøysting ville føre til at faren for feil ville auke, m.a. fordi det måtte bli mange fleire røystmottakarar. I kor stor grad dette vil bli resultatet, er avhengig av korleis ein legg opp regelverk og rutinar. Departementet meiner at innføring av ei obligatorisk ordning med valkort vil hjelpe til å redusere faren for feil. Verken i Sverige eller Finland, som har lang røynsle med postrøysting, er det rapportert om høg feilprosent i samband med førehandsrøystinga.

       Departementet legg stor vekt på at tryggleiken og dei formelle rammene rundt postrøystinga skal vere like forsvarleg som ved den førehandsrøystinga kommunane har gjennomført til no. Dette skal ein sikre ved å lære opp skrankepersonalet i Posten og landpostboda, gjennom retningslinjer for røystinga, som m.a. krev at det blir sett opp røysteavlukke i det enkelte postkontoret, ved å innføre ei obligatorisk ordning med valkort som veljarane må ha med seg for å postrøyste, ved utforming av røystemateriell og ved rutinar for oppbevaring og framsending av dei gitte røystene.

       Departementet legg opp til at det skal vere høve til å postrøyste i alle postkontor og til alle landpostbod.

       At ansvaret for førehandsrøystinga blir overført til Postverket, inneber at valstyra i kommunane ikkje lenger skal sørgje for at det blir gjennomført førehandsrøysting. Det vil likevel framleis vere valstyret som skal gjere vedtak om i kva for institusjonar det skal arrangerast eiga førehandsrøysting. Vidare vil det framleis vere valstyret sitt ansvar å sørgje for at det blir utarbeidd manntal over dei røysteføre i kommunen, jf. vallova § 4, og å overføre dei nødvendige opplysningane til den instansen som skal produsere og sende ut valkorta.

       Som eit ledd i omorganiseringa av postkontornettet legg Postverket opp til å opprette postfilialar, dvs. butikkar, bensinstasjonar o.l. som utfører enkelte posttenester. Departementet finn at det - i alle fall til så lenge - ikkje er aktuelt å opne for mottak av førehandsrøyster ved postfilialane.

4.2 Samandrag av høringsfråsegnene

       Det store fleirtalet av høringsinstansar går inn for departementets forslag utan ytterlegare kommentarar, eller dei uttaler at dei ikkje har merknader til forslaget. Somme har kritiske merknader, men konkluderer med å støtte forslaget. Andre meiner at det bør etablerast ei ordning der valstyra og Postverket samarbeider om å ta imot førehandsrøyster, og at begge instansane bør ha formelt ansvar. Nokre få kommunar ønskjer å halde på ordninga i dag uendra. Nokre kommunar peikar òg på at departementet burde ha greidd ut andre alternativ enn postrøysting. Hovudargumentet for dei som støtter forslaget, er at det vil gjere det lettare for veljarar som vil førehandsrøyste.

       Dei som går mot forslaget, nemner som hovudargument:

- redusert tilkomst for veljarane
- redusert røysting på valdagen som den primære måten å delta ved val
- auka kostnader