Departementet foreslår i proposisjonen ei ordning med følgjande hovudtrekk:
- |
Postverket tek over ansvaret for all førehandsrøysting innanriks (med unntak av Svalbard og Jan Mayen), inkludert førehandsrøysting på institusjonar og ambulerande røystmottak, etter mønster av ordningane i Sverige og Finland. Postrøysting erstattar førehandsrøysting i regi av kommunane. |
- |
Utanom postkontora tek landpostbod og utsendte postfunksjonærar imot førehandsrøyster. |
- |
Postrøystinga startar 10. august i valåret. |
- |
Det blir ikkje opna for postrøysting på valdagen. |
- |
Postrøystinga blir avslutta torsdag før valdagen. |
- |
Postrøysta (førehandsrøysta) blir endeleg, dvs. at det ikkje lenger blir høve til å røyste om att på valtinget for veljarar som har førehandsrøysta. |
- |
Det skal framleis vere opp til kommunestyret å avgjere om det skal vere ein eller to dagars val i kommunen. |
- |
Det blir innført ei obligatorisk ordning med valkort som veljaren må ha med for å kunne førehandsrøyste hos Postverket (kravet om å ha med valkort skal ikkje gjelde dei som røystar på valdagen). |
- |
Kommunane skal framleis ha ansvaret for å utarbeide manntal. |