4. Komiteen si tilråding
Komiteen viser elles til det som står i proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt
Lov av 28. april 1972 nr. 22 om Statens Fiskarbank opphevast.
Denne lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset.
Tenestemannslova § 13 nr. 2 til nr. 6 om førerett til anna statsstilling og venteløn, skal framleis gjelde for arbeidstakarar i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond som blir sagt opp på grunn av forhold som nemnt i tenestemannslova § 13 nr. 1 (a), (b) og (c), og som var omfatta av desse reglane før integrasjonen av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond. Førerett til anna statsstilling og retten til venteløn etter førre punktum opphøyrer tre år etter integrasjonen. Vilkåra i leden her gjer ingen innskrenkingar i dei rettane arbeidstakar har etter arbeidsmiljølova § 60 nr. 2 og § 67.
Andre overgangsføresegner, herunder om bruk av forvaltningslova, kan fastsetjast av Kongen.
Oslo, i næringskomiteen, den 5. desember 1996. |
Svein Ludvigsen, | Peter Angelsen, | William Engseth, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |