2. Oppheving av lov av 15. desember 1978 nr. 82 om tillegg til lov av 18. august 1911 nr. 8 om skatt av formue og inntekt
Samandrag
Lov av 15. desember 1978 nr. 82 heimlar skattefridom for ulempegodtgjering som i samsvar med avtale om tenestegjering blir gitt til FN-personell i nærmare angitte område. Skattefridomen galdt i utgangspunktet befal, fast vervede og menige i vaktstyrkane til FN i Libanon, men er ved seinare lovendringar utvida til å gjelde FN-personell i dei områda i Midtausten som er omfatta av konflikten med Irak, dessutan det tidlegare Jugoslavia og Somalia.
Godtgjering som blir gitt for å kompensere ulempe og eventuell risiko i samband med tenestegjeringa, er i utgangspunktet skattepliktig inntekt og staten bør ikkje leggje opp til skattefridom for slik godtgjering. Dette er framheva av Finansdepartementet i Ot.prp. nr. 64 (1991-1992) s. 44 og Ot.prp. nr. 100 (1992-1993) s. 5, og har fått si tilslutning frå finanskomiteen i Stortinget som i Innst.O.nr.89 (1991-1992) s. 29 uttalar at « det bør avtales en høyere beløpsmessig ulempegodtgjøring som kompenserer for bortfall av skattefritak ».
Tariffavtalane for militært personell i FN-teneste er falt bort med verknad frå og med 1. juli 1996. Avtalane blei frå 1. juli 1996 erstatta av tariffavtalar inngått mellom Administrasjonsdepartementet og hovudsamanslutningane og Forsvarsdepartementet og tenestemannsorgansasjonane i Forsvaret. Dette gjeld all frivillig tenestegjering i internasjonale fredsoperasjonar. Avtalegrunnlaget låg føre ved protokollar av 16. mai 1995 og er seinare stadfesta som tariffavtalar for militært personell i slik frivillig tenestegjering i internasjonale fredsoperasjonar ved kjennelse av 18. september 1995 av lønsutvalet til staten.
I den nye tariffavtalen er godtgjering for ulempene og eventuell risiko i samband med tenestegjering etablert som tillegg i løn og blir skattlagt som lønsinntekt. Dei føresetnadene som låg til grunn ved innføringa av og dei seinare endringane i lov av 15. desember 1978 nr. 82 er dermed ikkje lenger til stades. Dei tariffmessige endringane som finanskomiteen har bedt om, er ivaretatt i dei tariffavtalane som no gradvis blir innførte for all slik tenestegjering i utlandet.
På bakgrunn av dette gjer departementet framlegg om at lov av 15. desember 1978 nr. 82 blir oppheva med verknad frå og med 1. juli, likevel slik at ulempegodtgjering som blir gitt til personell som pr. 1. mai 1996 tenestegjer i FN-stillingar som byggjer på ein 12-månaders kontraktsperiode, er skattefri fram til 1. mai 1997.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.