1. Samandrag
Bakgrunn
I samband med handsaminga av St.prp. nr. 72 (1995-1996) om jordbruksoppgjeret 1996 ga Stortinget sin tilslutnad til (jf. vedtak XII av 20. juni 1996) ei ny marknadsordning for mjølk som gjeld tre hovudelement:
- | Eit endra og forenkla prisutjamningssystem mellom ulike måtar å nytta mjølka på og geografisk lokalisering av produksjonen. |
- | Innføring av ei overproduksjonsavgift på mjølk produsert ut over kvote - i staden for toprissystemet som gjeld i dag. |
- | Tilrettelegging for meieridrift utanom samvirkesystemet (Norske Melkeprodusenters Landsforbund) på jamgode vilkår. |
Ei ny marknadsordning for mjølk som skissert i St.prp. nr. 72 (1995-1996) inneber eit ynskje om å leggja til rette for, i prinsippet, same konkurransevilkår i meieribruket som i andre sektorar i jordbruket (kjøt, egg m.v.). Det vil seia ei tilrettelegging for både samvirkemeieri og frittståande meieriverksemder.
Den marknadsordninga for mjølk som gjeld i dag femnar i hovudtrekk om to delar; eit prisutjamningssystem og eit kvotesystem. Prisutjamningssystemet vert kalla for Riksoppgjeret og kvotesystemet toprisordninga for mjølk.
Riksoppgjeret
Riksoppgjeret har vore, og er eit hjelpemiddel for å nå dei landbrukspolitiske måla. Dette gjeld særleg i høve til den geografiske lokaliseringa av mjølkeproduksjonen til distrikta, og for inntektsfordelinga mellom mjølkeprodusentane i landet. Gjennom Riksoppgjeret har ein hatt eit effektivt verkemiddel som har gjort det mogleg å lokalisere mjølkeproduksjonen til distrikta. Oppgjeret medverkar også til å sikre bøndene inntekter slik at det vert mogleg å ta ut større inntekter frå marknaden enn det som ville ha vore situasjonen ved ein fri konkurranse. Likeins medverkar ordninga til ei geografisk utjamning av forbrukarprisane på mjølkeprodukta. Av di ein har eit forvaltningssystem som femnar om alle mjølkeprodusentane, har det gjennom Riksoppgjeret vore mogleg å knytta verkemidla direkte opp mot mjølkeomsetnaden.
Toprisordninga for mjølk
Føremålet med toprisordninga for mjølk er å tilpasse mjølkeproduksjonen til det vedteke produksjonsnivået. Dette nivået vert kvart år fastsett i jordbruksavtala, og har gjennom dei siste åra gradvis vorte mindre for å få ein betre balanse mellom produksjon og forbruk.
Produksjonsnivået som vert fastsett i jordbruksavtala skal delast mellom dei ulike mjølkeprodusentane. Storleiken på kvoten til det einskilde bruket er først og fremst knytt til den historiske produksjonen. Mjølk og mjølkeprodukt levert ut over denne kvoten skal avreknast til ein redusert pris som Landbruksdepartementet fastset kvart år.
Lovendringar
Proposisjonen inneheld framlegg til den lovgjevingsmessige oppfølginga av Stortinget sitt vedtak av 20. juni 1996, og inneber endringar i lov av 10. juni 1936 nr. 6 til å fremja omsetnaden av jordbruksvarer (omsetningslova) og dessutan oppheving av §§ 5-7 i lov av 25. juni 1936 nr. 4 om enkelte bestemmelser angående meieriselskaper (meieriselskapslova). Framlegga gjeld hovudsakleg eit heimelsgrunnlag for det utjamningssystemet nemnd ovanfor og overproduksjonsavgifta, og dessutan andre lovgjevingsmessige konsekvensar av endringane. Systemet vil koma i staden for dei riksoppgjersreglane som gjeld i dag og delar av toprisregelverket i mjølkesektoren.
Administrative og økonomiske konsekvensar
Departementet legg til grunn at dei endringane som skal gjennomførast på bakgrunn av ei ny marknadsordning for mjølk, ikkje vil føre til vesentlege endringar i Omsetningsrådet sine oppgåver. Det vert vidare synt til at ei endring av Omsetningsrådet si samansetjing ikkje ligg innanfor dei rammene som er gjevne i samband med innføringa av ei slik marknadsordning.
Departementet vil halda fram med ei koordinert utbetaling av tilskota under jordbruksavtala og utjamningsavgifter-/tilskot. Vidare vert det lagt opp til at ansvaret for forvaltninga av somme av tilskotsordningane under jordbruksavtala og mogleg meirverdiavgiftskompensasjon knytt til mjølkesektoren også skal leggjast til Omsetningsrådet. Ved å leggja den administrative gjennomføringa av utjamningsordninga til Omsetningsrådet sitt sekretariat, vert forvaltninga av marknadsordninga for mjølk samordna.
Departementet gjer framlegg om at sekretariatet for toprisordninga skal halda fram i NML, men vil peike på at på sikt kan det bli behov for å samordne (både fagleg og administrativt) toprisordninga med resten av marknadsordninga for mjølk.