Innstilling frå utanrikskomiteen om lov om innførsle- og utførsleregulering.
Dette dokument
- Innst. O. nr. 17 (1996-1997)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 68 (1995-96)
- Dato: 27.11.1996
- Utgiver: utanrikskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om å erstatte dei mellombels lovene av 13. desember 1946 om innførsle- og utførsleforbod med ei ny lov om innførsle- og utførsleregulering. Dei mellombels lovene forbyr i utgangspunktet all eksport og import, med mindre det har vorte gjeve særskilt løyve til det. Utgangspunktet i lovene, forbod, må sjåast i lys av den uvanlege stoda som rådde etter den andre verdskrigen, med skort på varer og ein vanskeleg betalingssituasjon. Det var såleis ikkje meininga at dei såkalla « mellombelslovene » skulle vere permanente. Bruken av lovene gjennom forskrifter og praksis glei gradvis bort frå utgangspunktet sitt. I takt med ein aukande vilje til frihandel, har berre visse varer og varegrupper vorte utsette for reguleringar. Lovtekstane står derfor i skarp motsetnad til den rettslege og faktiske stoda som rår i dag.
Det vert i proposisjonen opplyst at eit hovudføremål med den lovendringa ein gjer framlegg om, er å gjere lovene tidhøvelege, i den forstand at dei samsvarar med norsk handelspolitisk røyndom, og tek omsyn til dei prinsippa som blir lagde til grunn, mellom anna i samband med EØS og WTO. Dette inneber at utgangspunktet for dei mellombels lovene, som er forbod mot import og eksport, vendest om til å bli ei lov der ein berre i særskilde situasjonar kan fastsetje forskrifter om løyve for import eller eksport.
Det vert vidare opplyst at Regjeringa går ut frå at den nye lova om innførsle- og utførsleregulering ikkje kjem til å få økonomiske eller administrative konsekvensar utover det som følgjer av det regelverket som gjeld i dag.
Komiteen vil peike på at lovreguleringa av import og eksport av varer vart innført like etter krigen, i ein periode då styremaktene såg behov for å setja i verk ein reguleringspolitikk på svært mange område. Det går fram av overskrifta på lova at den var tenkt å vere mellombels. Komiteen har såleis ingen merknader til at dei generelle import- og eksportforboda frå 1946 vert erstatta med ei ordning der utførsle og innførsle er tillatne, med mindre Kongen fastset særskilde avgrensingar. Ei slik endring vil avspegle praktiseringa av dei lovene som gjeld i dag og prinsipielt vere i betre samsvar med dei internasjonale plikter Norge har teke på seg.
Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt
§ 1.
Kongen kan, med dei innskrenkingar som fylgjer av avtale med framand stat eller internasjonal organisasjon, gje føresegn om forbod mot eller krav om serskilt løyve for innførsle eller utførsle av varer, medreikna levande planter og dyr. Det kan fastsetjast serskilde vilkår for slikt løyve.
Føresegnen i fyrste leddet gjeld og for innførsle frå og utførsle til Svalbard, Jan Mayen og land underlagd Noreg. Føresegnen om utførsle gjeld og all levering til utlandet av varer som er vunne ved fiske eller fangst frå norsk farty.
§ 2.
Alle plikter å gje vedkomande departement dei opplysningane dette krev å få for å gjennomføre føresegnene i lova. Vert det kravt, plikter vedkomande å leggja fram rekneskapsbøker, forretningspapir og andre dokument som departementet meiner har vekt for saka. Trengst det, kan departementet setja politiet til å granska slike bøker og dokument.
Når departementet har fastsett det, kan offentlege styresmakter som fastset eller krev inn skatt, avgift eller toll, få løyve til å gjera seg kjende med dei opplysningar som vert gjevne etter denne lova.
Så langt tenesteskyldnad ikkje er til hinder, skal alle teia med det dei fær kjennskap til i yrket sitt etter denne lova. Forvaltningslova § 13 til § 13e gjeld ikkje her.
§ 3.
Kongen eller den som har fullmakt frå honom kan gjeva nærare føresegner til utfylling og gjenomføring av lova.
§ 4.
Har nokon med vilje
1. | ført inn eller ut, eller freista føre inn eller ut varer, medreikna levande planter og dyr, i strid med denne lova eller føresegner gjevne med heimel i lova, eller |
2. | brote eller freista bryte vilkår sett med heimel i denne lova, eller |
3. | selt innførde varer, medreikna levande dyr og planter, uten å opplysa at vilkår sett etter § 1, første leden, la band på råderetten over salsemnet, eller |
4. | gjeve urett opplysning, munnleg eller skriftleg, |
a. | i utsegn gjeven til bruk for offentleg styresmakt eller målsmann for styresmakta i innførsle- eller utførslesak eller søknad om innførsle- eller utførsleløyve, |
b. | i utsegn som skal kunna gjera at ein annan har høve til å gje slik utsegn som nemnt under punkt a, om tilhøve som har noko å segja for retten til å føra inn eller ut varer, eller |
5. | brote eller freista bryte på anna vis føresegn som lova gjev eller som er gjeven med heimel i denne, vert han straffa med bot eller fengsel i opptil 6 månader eller med båe desse straffene dersom åtferda ikkje går inn under strengare straffebod. |
For medverking til brot som nemnt i første leden er det same straffa.
Har nokon av aktløyse gjort eller medverka til slike brot som nemnt i første leden, vert han straffa med bot eller fengsel i opp til 3 månader.
Brot på denne paragrafen er misferd.
§ 5.
Denne lova tek til å gjelda straks. Lov av 13. desember 1946 nr. 29 om mellombels innførsleforbod og lov av 13. desember 1946 nr. 30 om mellombels utførsleforbod fell bort frå same tid. Føresegn gjevne og vedtak gjorde med heimel i nemde lovar skal gjelda til dei vert sette ut av kraft eller avløyste med føresegn eller vedtak som har heimel i denne lova. For straff ved brot på slike føresegner, gjeld § 4 tilsvarande.
Oslo, i utanrikskomiteen, den 27. november 1996. |
Haakon Blankenborg, | John Dale, | Anne Enger Lahnstein, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |