3. Forslag fra mindretall
Forslag fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
Vedtak til lov om endringar i lov av 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel.
I lov av 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel skal ny § 4 a lyde:
§ 4 a. Vedtak om mellombels utleige av riksvegferje
1. Dersom omsynet til trafikkavviklinga tilseier det, kan departementet gje ferjereiarlag med ruteløyve i riksvegsamband pålegg om utleige av ferje til bruk i anna riksvegsamband i inntil seks månader. I særlege tilfelle kan denne perioden forlengjast i inntil seks månader.
2. Første ledd gjeld ikkje rettsubjekt med ruteløyve tildelt etter anbodskonkurranse, jf. § 24 c.
3. Vedtak som vert gjort etter denne paragrafen kan iverksetjast straks.
4. Kvar av partane kan krevje at vederlaget for å avstå råderett etter første ledd vert fastsett ved rettsleg skjøn etter lov 1. juni 1917 nr 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker.
Lova tek til å gjelde straks.
Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 2
Stortinget ber Regjeringa utrede statlig overtakelse av ferjedriften i riksvegsamband.