4. Komiteens tilråding
Komiteen viser til dokumentet og det som står foran og rår Odelstinget til å gjøre slikt
I lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) blir gjort denne endringa:
§ 3 skal lyda:
Kommunestyret kan berre skriva ut eigedomsskatt i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis, eller der slik utbygging er i gang. Utan omsyn til om det i kommunen er område som nemnd i første punktum eller ikkje, kan kommunestyret velja å skrive ut eigedomsskatt berre på verk og bruk som nemnde i § 4 andre leden andre og tredje punktum. Vedtaket kan gjelda for heile kommunen når vilkåra etter første punktum er stetta.
Denne lova tek til å gjelde straks.
Oslo, i finanskomiteen, den 28. mai 1996. |
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, | Lars Sponheim, | Per-Kristian Foss, |
leder. | ordfører. | sekretær. |