Innstilling frå justiskomiteen om forslag frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om lov om endring i lov av 4. juni 1976 nr. 59 om aksjeselskaper. (Endring av § 11-12 i lova, slik at det blir forbudt å skrive ut aksjar eller opsjonar til medlemer av bedriftsforsamling, representantskap, styre eller administrerande direktør eller andre av selskapet sine tilsette til lågare pris enn børsverdi.)
Dette dokument
- Innst. O. nr. 53 (1995-1996)
- Kildedok: Dokument nr. 8:18 (1995-96)
- Dato: 30.04.1996
- Utgiver: justiskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Innhold
- 1. Om lov om endring i lov av 4. juni 1976 nr. 59
- 2. Komiteen sine merknader
- 3. Forslag frå mindretal
- 4. Komiteen si tilråding
Til Odelstinget.
Stortingsrepresentant Erling Folkvord har den 6. desember 1995 sett fram følgjande forslag:
I lov av 4. juni 1976 nr. 59 om aksjeselskaper gjøres følgende endring:
§ 11-12 nytt tredje ledd skal lyde:
Et børsnotert selskap har ikke adgang til å utstede aksjer eller opsjoner til medlemmer av bedriftsforsamling, representantskap, styre eller administrerende direktør eller andre av selskapets ansatte til lavere pris enn børsverdi.
Nåværende tredje, fjerde og femte ledd blir fjerde, femte og sjette ledd.
Denne lov trer i kraft straks. »
I grunngjevinga for forslaget vert det vist til at leiarsjiktet i dei største børsnoterte selskapa i tillegg til løn ofte også vert tilgodesett med opsjonsavtaler. Slike avtaler går ut på at dei får rett til å kjøpe aksjar til lågere pris i høve til børsverdi. Aksjane kan seinare selgjast til full pris.
Spørsmål om eit forbod mot opsjonar vart teke opp i eit brev til finansministeren frå Raud Valallianse i 1993. Det går fram av svarbrevet at den nærare rekkjevidda av skatteplikta i opsjonstilfelle er til vurdering i departementet. Det vert vidare uttalt at ein meir skeptisk haldning til opsjonsavtaler, betre informasjon om slike avtaler og klarleggjing av skatteplikta bør vere viktige tiltak for å rette opp situasjonen.
Forslagsstillaren viser vidare til at opsjonsavtalene er blitt administrerte slik at ein kan omgå bindande reglar i aksjelova om at eit selskap ikkje kan erverve eigne aksjar, og slik at ein har kunna halde reine gåveløyvingar til toppleiarane løynd for styrande organ der tilsette er representerte.
Opsjonsavtaler har lite til felles med eigarskap eller vanlege aksjeinvesteringar då eigarskapet er tidsavgrensa og risikoen minimal. Opsjonsgevinstane har heller ikkje som t.d. bonusløn samanheng med det økonomiske resultatet i verksemda.
Ordninga med opsjonsavtaler finnest òg i offentleg sektor. Forslagsstillaren framhevar at både finansministeren og nærings- og energiministeren har uttalt at dei er kritiske til at næringslivsleiarar blir urimeleg tilgodesette, men uten at nokon av dei gjer noko effektivt for å stoppe dei urimelege tilhøva.
Komiteen har merka seg reaksjonane, både frå forslagsstillaren og også andre, på mange av aksjeopsjonsordningane som har vorte oppretta blant anna for enkelte leiarar i næringslivet. Desse ordningane er både reelt og formelt svært ulike. Enkelte av opsjonsavtalene inneber liten eller ingen risiko for den som er tilgodesett, men kan gi store gevinstar. I andre opsjonsavtaler kan det vere snakk om å ta risiko, men der det er usikker eller liten utsikt til gevinst. Enkelte av ordningane er vedtekne i generalforsamling slik at det er fullt innsyn, og ordningane gjeld gjerne alle tilsette. Andre ordningar er det vanskeleg å få kjennskap til, dei ligg på grensa til det juridisk akseptable og kan gjelde berre leiinga i bedriftene. Komiteen er svært kritisk til fleire av dei opsjonsordningane som er etablerte.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke Sosialistisk Venstreparti, ser likvel òg at ein del opsjonsordningar kan ha positiv verdi for næringslivet. Opsjonsordningar kan få inn aksjonærar som er villige til å gjere ein innsats og å ta risiko. I enkelte situasjonar kan opsjonsordningar vere med å hindre at bedrifter og arbeidsplassar blir nedlagde. Når arbeidstakarar gjennom opsjonsavtaler blir medeigarar i sin eigen arbeidsplass, kan dette vere med å skape auka tryggleik og også sterkare kjensle av ansvar for eigen arbeidsplass.
Eit anna fleirtal, alle unnateke Høyre, vil peike på dei konsekvensane utbreidd bruk av opsjonar kan få for lønsutviklinga. Grupper av arbeidstakarar kan ved opsjonsordningar få økonomiske fordelar som kan sjåast på som eit lønstillegg i form av aksjar. Men desse økonomiske fordelane blir ikkje rekna med ved lønsoppgjer. Dette vil endre den fordelingsprofilen som lønsoppgjera tek sikte på.
Av di ordningane er svært ulike og enkelte av dei etter eit anna fleirtal, alle unnateke Høgre og Sosialistisk Venstreparti, si meining er uynskte ordningar, må det vurderast korleis dei uynskte ordningane kan motverkast. Komiteen har lagt Dok.nr.8:18 (1995-1996) fram for Justisdepartementet for vurdering, og departementet si uttale følgjer som vedlegg til innstillinga. Dette fleirtalet deler departementet sine vurderingar av framlegget i Dok.nr.8:18 (1995-1996) om at dette framlegget ikkje vil dekke opp for alle aksjeopsjonsordningane. Dette fleirtalet deler òg departementet sine vurderingar om at dei uynskte ordningane må motverkast, men at dette truleg best kan gjerast gjennom skattlegging og lovendringar der opsjonsordningane blir regulerte. Dette fleirtalet viser til brevet frå departementet der det blir gjort greie for lovarbeid som er i gang og lovarbeid som vil bli sett i gang, der ulike sider av opsjonsordningane vil bli vurdert. I dette arbeidet bør det leggast vekt på at når opsjonsavtaler blir inngått, skal dei vere opne for innsyn. Det skal vere lett tilgang på informasjon. Opsjonsavtalene bør heller ikkje omfatte berre leiarane i bedriftene.
Framlegget i Dok.nr.8:18 (1995-1996) inneheld konkret forbod mot opsjonsavtaler i børsnoterte aksjeselskap. Framlegget er såleis svært avgrensa og vil få verknad for ein liten del av næringslivet utan at ein nødvendigvis får bort uønska opsjonsavtaler. Men som forslagsstillaren også viser til i dokumentet, har ein del opsjonsavtaler i nettopp store eller børsnoterte selskap vekt sterke reaksjonar når avtalene har vorte kjende. Dette fleirtalet utelukkar ikkje at det i dei lovarbeida som pågår også kan vere naturleg å vurdere lovendringar som inneber visse avgrensingar i retten til å inngå opsjonsavtaler.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Kristelig Folkeparti og Fremskrittspartiet gjer etter dette følgjande framlegg:
« Stortinget ber Regjeringa arbeide for å få bukt med uheldig opsjonskultur. »
Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Fremskrittspartiet viser til at avtaler om lønns- og arbeidsvilkår i utgangspunktet er en sak mellom arbeidstager og arbeidsgiver. Disse medlemmer viser til at opsjoner kan fylle viktige funksjoner ved driften av en virksomhet. Ordningene kan f.eks. spille en rolle ved aksjeemisjoner, ved å gi de ansatte en andel i selskapets overskudd eller ved å bidra til å beholde nøkkelpersonell i virksomheten. Disse medlemmer vil understreke at ulike former for å gjøre ansatte til medeiere i virksomheten er positivt. Opsjoner kan være et viktig virkemiddel for å oppnå et slikt medeierskap. Disse medlemmer vil understreke betydningen av at det er åpenhet omkring de ordningene som etableres. Disse medlemmer mener det skal være offentlighet omkring alle spesielle avlønningsformer for ledelsen i aksjeselskap i tråd med prinsippene for offentliggjøring av « fallskjermer » som Høyre fremmet i Dok.nr.8:05 (1992-1993).
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at inntekt og formue har blitt skjevere fordelt de senere årene: De 5 % med høyest bruttoinntekt mottar 91 % av alt utbytte, de 25 prosentene med høyest bruttoinntekt mottar 46 % av renteinntektene og de 10 % rikeste disponerer hele 60 % av finansformuen. Opsjonsordningene er etter dette medlems vurdering med på å forsterke disse forskjellene, og bidrar til å undergrave solidariteten i lønnsoppgjørene. Frynsegoder, som opsjonsavtaler ofte må karakteriseres som, er minst like skjevt fordelt som lønnsgodene, slik at lønnsforskjellene reelt sett er enda større enn det som framgår av statistikkene.
Opsjonsordningene for ledere som har skapt stor mediadebatt, og utløst indignasjon fra et bredt spekter i det politiske miljø, vil fortsette dersom det ikke finnes politisk vilje til å utøve annet enn indignasjon overfor disse ordningene. De gunstigste opsjonsordningene innehas hovedsakelig av toppsjefer og styreledere i næringslivet, og er med på å befeste en utvikling der kapitaleierne mottar en stadig større andel av de verdiene som skapes. Eksempelvis er eiernes inntekter økt med 94 % siden 1988, mens lønnsutbetalingene kun har vokst med 20 %.
Dette medlem mener den mest effektive og fornuftige strategien for å bli kvitt de negative virkningene av slike opsjonsavtaler, er å forby at det skal være mulig å motta lønn i form av aksjeopsjoner, aksjer til underkurs eller beslektede ordninger. Hverken som en del av en lønnsavtale, ansettelsesvilkår eller styrehonorar. Dette medlem vil presisere at lønn bør betales ut som lønn, og beskattes som lønn. Aksjer kan erverves på vanlig måte. Dette medlem viser til at Sosialistisk Venstreparti i forbindelse med Trontalen høsten 1995 fremmet forslag om å innføre forbud mot at aksjeopsjoner, aksjer til underkurs eller beslektede ordninger kan være en del av en lønnsavtale, ansettelsesvilkår eller styrehonorar.
Dette medlem støtter intensjonen i forslaget i Dok.nr.8:18 (1995-1996), men kan ikke se noen rimelig grunn til å begrense reglene til å gjelde børsnoterte selskaper. Dette medlem fremmer derfor følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om å innføre forbud mot at aksjeopsjoner, aksjer til underkurs eller beslektede ordninger kan være en del av en lønnsavtale, ansettelsesvilkår eller styrehonorar. »
Forslag frå Senterpartiet, Kristelig Folkeparti og Fremskrittspartiet:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringa arbeide for å få bukt med uheldig opsjonskultur.
Forslag frå Høgre:
Forslag 2
Dok.nr.8:18 (1995-1996) - forslag frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om lov om endring i lov av 4. juni 1976 nr. 59 om aksjeselskaper - avvises.
Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 3
Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om å innføre forbud mot at aksjeopsjoner, aksjer til underkurs eller beslektede ordninger kan være en del av en lønnsavtale, ansettelsesvilkår eller styrehonorar.
Komiteen viser til dokumentet og rår Odelstinget til å gjere følgjande
Dok.nr.8:18 (1995-1996) - forslag frå stortingsrepresentant Erling Folkvord om lov om endring i lov av 4. juni 1976 nr. 59 om aksjeselskaper - vert oversendt Regjeringa til uttale og utgreiing.
Oslo, i justiskomiteen, den 30. april 1996. |
Lisbeth Holand, | Jorunn Ringstad, | Olav Akselsen, |
leiar. | ordførar. | sekretær. |