8. Oppretting av lovtekst
8.1 Oppretting av skattelova § 41 tiande ledd tredje punktum
8.1.1 Samandrag
Ved lovendring av 8. desember 1995 blei skattelova § 41 tiande ledd tredje punktum endra. Endringa hadde samanheng med at kontantprinsippet blei fastsett som hovudregel for periodisering av inntekter og utgifter ved biletkunstnarars sal av eigenproduserte kunstverk, jf. samstundes endring i skattelova § 41 sjuande ledd fjerde punktum.
Føremålet med endringa i § 41 tiande ledd var å presisere at innføring av kontantprinsippet for utgifter knytta til inntekter ved sal av kunstverk som nemnd i lovendringa i § 41 sjuande ledd, ikkje skulle ha verknad for utgifter til erverv av driftsmidlar som i henhold til skattelova skal avskrivast, jf. Innst.O.nr.77 (1994-1995) s. 11. Lovteknisk blei dette atterhaldet gjort ved ei henvising til hovudføresegnen om avskriving av driftsmidlar i skattelova § 44 første ledd. Ved ein inkurie blei det vist til « § 44 første ledd b ».
Den rette henvisinga skulle vore til § 44 første ledd bokstav c. Departementet foreslår at dette blir retta i lovteksten.
Under departementet sitt arbeid med å redigere forslaget til lovendring kom det òg inn ein annan feil i teksten, ved at ordet « unntatt » kom med foran den vidare opprekninga av utgifter som skal periodiserast etter kontantprinsippet. Dette må òg rettast.
Etter dette skal lovteksten i § 41 tiande ledd tredje punktum lyde såleis:
« Utgifter knyttet til erverv av inntekter som nevnt i § 41 syvende ledd fjerde punktum og som ikke omfattes av § 44 første ledd c, utgifter til regelmessige understøttelser og liknende utredelser som nevnt i § 44 første ledd e, samt renter av gjeld i Statens lånekasse for utdanning, henføres i alminnelighet til det tidspunkt da utgiftene utredes. » |
Ein viser til forslag til endring i skattelova § 41 tiande ledd.
8.1.2 Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.
8.2 Oppretting av skattelova § 50 andre ledd
8.2.1 Samandrag
Skattelova § 41 åttande ledd blei oppheva ved lovendring av 17. desember 1993. Dei etterståande ledda blei samstundes flytta slik at ellevte ledd no er tiande ledd. Regelen i skattelova § 50 andre ledd syner til § 41 ellevte ledd og blei diverre ikkje endra då. Departementet gjer såleis framlegg om endring slik at skattelova § 50 andre ledd no syner til tiande ledd.
8.2.2 Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.