6. Skattefritak for kostinnsparing på yrkesreise i næring
6.1 Samandrag
I Innst.O.nr.12 (1995-1996) pkt. 11.8 uttalar Stortingets finanskomité:
« Komiteen meiner at lønnstakarar og næringsdrivande skal likebehandlast. Komiteen har merka seg at departementet på denne bakgrunn finn det riktig å gje næringsdrivande fullt frådrag for ekstra kostutgifter. Komiteen har ingen innvendingar til dette. Komiteen har vidare merka seg at departementet vil leggje fram forslag til lovendring om dette i ein proposisjon seinare i haust. » |
Ved kgl.res. av 1. desember 1995 er det i samsvar med brev av 17. november 1995 frå finansministeren til finanskomiteen i Stortinget fastsett nye skattereglar for dekking av kost på tenestereise. Lønnstakarane skal ikkje skatte av kostinnsparinga ved gratis kost eller dekking etter rekning, jamvel om dette er ei brutto dekking, ikkje berre dekking av meirutgifter. Dette gjeld frå 1. oktober 1995. For dekking etter sats treng ein ikkje nokon særskilt fritaksregel når det berre er meirutgiftene som blir dekte gjennom satsen.
Etter skattelova § 44 første ledd a første avsnitt første punktum er det generell frådragsrett for driftsutgifter i økonomisk verksemnd (næring). Denne frådragsretten gjeld òg kost under yrkesreiser i næringa, begrensa til meirutgiftene til kost ved slike reiser. Frådragsbegrensinga følgjer av at berre meirutgiftene skuldast næringsverksemda, ikkje dei grunnutgifter til kost som utøvaren ville hatt i alle fall.
I næring er det rekneskapsplikt for utgiftene, såleis òg for kostutgifter på yrkesreise. Det er ikkje frådragsrett etter sats, idet det er dei rekneskapsførte, faktiske utgiftene som skal danne grunnlaget for frådraget. Denne rekneskapsføringa vil gjelde bruttoutgiftene i samsvar med dei restaurant- og kaférekningane m.v. som skal vere bilag i rekneskapen. Dermed må frådragsbegrensinga gjerast som ei tilbakeføring av ein del av desse utgiftsførte bruttoutgiftene til kost. Tilbakeføringa gjeld eit beløp lik kostinnsparinga i heimen, dvs. 58 kroner pr. døgn i 1995. Verknaden er at den næringsdrivande får frådrag for bruttoutgiftene minus kostinnsparinga, dvs. meirutgiftene til kost på yrkesreise.
Denne frådragsbegrensinga bør no fjernast for å oppnå større likskap med skattlegginga av lønnstakarar. Når til dømes arbeidsgivaren (den næringsdrivande) har ei yrkesreise saman med tilsette, og dei alle spiser likt og kostutgiftene blir dekte samla av føretaket etter rekning, ville det verke urimeleg at den næringsdrivande må inntektsføre kostinnsparing, medan dei tilsette slepp dette.
Generelt er det viktig å avgrense frådragsretten i næring mot privatutgifter, og prinsippet om frådrag berre for meirutgifter står derfor sterkt. Men i høve til kostutgifter på yrkesreise er det viktigare å ha likskap i høve til lønnstakarane. Det kan òg leggjast vekt på at frådragsbegrensinga berre blir småbeløp og derfor tyder lite for dei aller fleste næringsdrivande, og på at den faktiske kostinnsparinga i heimen kan variere etter ulike måtar å innrette seg på under fråver på yrkesreise. Det er òg ein føremon at likningsmaktene slepp å passe på tilbakeføringa av småbeløp på dette punkt.
Departementet viser til sitt lovframlegg i skattelova § 44 første ledd a første avsnitt tredje punktum. Ein føreset ikrafttreden frå og med inntektsåret 1996, av di dei nye næringsreglane bør gjelde frå eit heilt år. Endringa vil ikkje ha større provenyverknader.
Det blir ikkje gjort endring i pendlingsreglane i skattelova § 44 første ledd g nr. 2. Desse reglane gir frådragsrett for dei private meirutgiftene ved arbeidsopphald utanfor heimen, altså når skattytaren må føre to hushaldningar på grunn av arbeidet sitt. Departementet kan fastsette satsar for frådrag på dette området. Ein vil her vidareføre begrensinga til meirutgifter, både for lønnstakarar og næringsdrivande, men samordne dette med frådrag for småutgifter ved den dobbelte hushaldninga. I praksis kan det derfor opererast med utgiftsgodtgjersle etter nettosats for slike arbeidsopphald, utan individuelt inntektstillegg for kostinnsparing.
6.2 Komiteens merknader
Komiteen viser til at departementets forslag til endring av skatteloven § 44 første ledd a første avsnitt tredje punktum er en oppfølging av komiteens merknader i Innst.O.nr.12 (1995-1996). Komiteen slutter seg på denne bakgrunn til forslaget. Komiteen legger til grunn at endringen gis virkning for yrkesreiser fra og med 1. oktober 1995.