Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Endring i folketrygdlova § 16-3 - fritak for arbeidsgivaravgift for utanlandske diplomatiske representasjonar

4.1 Samandrag

       Internrettsleg følgjer det av folketrygdlova § 16-3 at arbeidsgivar skal betale arbeidsgivaravgift for lønn og anna godtgjersle som han plikter å levere oppgåve over til skatteoppkrevjaren etter likningslova § 6-2. Plikta etter likningslova § 6-2 gjeld for arbeid utført i Noreg, og plikta gjeld uavhengig av om mottakaren er skattepliktig i Noreg eller ikkje. Etter lova har utanlandske representasjonar derfor plikt til å levere oppgåve og såleis òg plikt til å betale arbeidsgivaravgift for sine tilsette.

       Om arbeidsgivaravgift ikkje blir betalt frivillig, blir ikkje reglane om plikta til å betale arbeidsgivaravgift handheva i forhold til utanlandske ambassadar sine representasjonar. At plikta ikkje blir handheva har si årsak i folkerettslege reglar om immunitet for utanlandske ambassadar. Dette gjeld arbeidsgivaravgift både for diplomatisk personell og lokalt tilsette personar.

       Finansdepartementet er enig med Utenriksdepartementet, jf. proposisjonen, i at Wien-konvensjonen fritek utanlandske diplomatiske representasjonar frå å betale arbeidsgivaravgift for tilsette som etter Wien-konvensjonen ikkje er trygda i Noreg. For å få samsvar mellom dei interne reglane og konvensjonen, bør ein etter departementets syn presisere i folketrygdlova § 16-3 at utanlandske diplomatiske representasjonar er fritekne frå å betale arbeidsgivaravgift.

       I den utstrekning utanlandske diplomatiske representasjonar har tilsette som ikkje er teke unna trygda i Noreg etter Wien-konvensjonen artikkel 33 og artikkel 37, vil ein ha plikt til å betale arbeidsgivaravgift for desse. I praksis vil dette gjelde lokalt tilsette ved ambassadane. Det vil ikkje vere høve til å tvangsinndrive denne avgifta, fordi utanlandske representasjonar er beskytta av folkeretten sine reglar om diplomatisk immunitet.

       Departementet viser til framlegg til endring i folketrygdlova § 16-3. Det er lagt opp til at endringa tek til å gjelde straks.

4.2 Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til nytt sjette ledd i folketrygdloven § 16-3.