3. Lov om kyrkjegardar, kremasjon og gravferd (gravferdslova)
3.1 Samandrag
Departementet vil med framlegget til ny gravferdslov samle og systematisere dei mange reglane på området som i dag finst på ulike plassar i lovverket, m.a. i lov om Kirker og Kirkegaarde frå 1897 og lov om likbrænding frå 1913.
Forvaltingsansvaret for kyrkjegardane vil etter lovframlegget ligge til vedkomande sokn ved kyrkjeleg fellesråd, jf. framlegget til ny kyrkjelov. Men lova opnar for at kommunen kan ta over forvaltingsansvaret ved lokal avtale. Sokna i ein kommune kan eige kyrkjegardar i fellesskap. Kommunane vil etter framlegget framleis ha det økonomiske ansvaret for anlegg og drift av kyrkjegardane. Den norske kyrkja og registrerte trudomssamfunn som er verksame på stedet, skal ha høve til å vigsle kyrkjegarden eller delar av den. Lova inneheld òg krav til kyrkjegardar og krematorium og reglar om rett til fri grav, om opning av grav og om fredingstid.
Departementet gjer framlegg om at dei som har fylt 18 år, skal ha høve til å avgjere kven som skal syte for gravferda. Dersom det ikkje er gjort slik avgjerd, vil det næraste skyldfolket gjere det som i dag. Departementet opprettheld åttedagarfristen for kistegravferd, men gjer framlegg om ein frist på 6 månader for nedsetjing av urne. Framlegget til reglar om feste av grav og om gravminne er i hovudsak i samsvar med gjeldande rett.
Departementet sitt lovframlegg opnar for at ein avdøydd si oske kan spreiast for vinden. Fylkesmannen gir løyve til spreiing av oske og kan setje vilkår for dette. Ved slik gravferd kan det ikkje krevjast kyrkjeleg medverknad.
Departementet meiner at det fortsett skal vere høve til å leggje opp privat gravstad. Men departementet føreset at dette skal praktiserast restriktivt. Lovframlegget inneber i dette heller ei innstramming enn ei liberalisering. Særlege grunnar skal ligge føre, og gravplassen skal vere eigna for nedsetjing av oskeurne. Fylkesmannen gir løyve og kan setje vilkår for dette.
Departementet gjer elles framlegg om at bispedømmerådet skal godkjenne dei lokale kyrkjegardsvedtektene. Bispedømmerådet er òg klageinstans for einskildvedtak som dei lokale kyrkjegardsmyndigheitene gjer.
Etter lovframlegget vil det ikkje lenger bli sett krav om kyrkjeleg medlemskap til arbeidstakarar ved kyrkjegardane. Krav om medlemskap er oppretthalde for andre kyrkjelege tenestemenn, men departementet vil her kunne dispensere.
3.2 Komiteen sine merknader
Når det gjeld bakgrunn og premissar for lova, viser komiteen til merknadene til lov om Den norske kyrkja.
3.2.1 Forvaltinga av kyrkjegardane
Eit hovudspørsmål i arbeidet med lova har vore forvaltingsansvaret for kyrkjegardane. Komiteen registrerer at det i dette spørsmålet har vore og er ulike oppfatningar. Eit fleirtal i Kyrkjelovutvalet ( NOU 1989:7 ) gjekk inn for at anlegg og drift av gravplassane blei eit sjølvstendig kommunalt ansvar. Eit mindretal i utvalet gjorde framlegg om at gravplassane i hovudsak skulle verta underlagde same forvaltingsmessige og økonomiske ordningar som kyrkjene - dvs. fortsett forvalting gjennom kyrkjeleg organ.
Komiteen registrerer vidare at det var særs delte meiningar både på kommunalt hald og blant kyrkjelydsråda i høyringa til NOU 1989:7 .
Komiteen har merka seg at Kyrkjemøtet 1994 samrøystes gjekk inn for at forvaltingsansvaret skulle verta lagt til kyrkjeleg fellesråd. Når det gjeld andre kyrkjesamfunn, er oppfatningane delte og med ulike grunngjevingar. Også Kommunenes Sentralforbund har delt seg. Eit fleirtal i styret går inn for kommunal forvalting, medan eit mindretal ønskjer å halde fram med ei kyrkjeleg forvalting.
Departementet har gått inn for at forvaltingsansvaret skal leggjast til kyrkjeleg fellesråd. Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, er samd i dette.
Fleirtalet sluttar seg til at fordelinga av ansvar mellom kyrkjeleg fellesråd og kommunen skjer etter same prinsipp som er nedfelt i lov om Den norske kyrkja.
Fleirtalet meiner det er viktig å sikre dette forvaltingsorganet ein kompetent og tilfredsstillande administrasjon. Fleirtalet viser her til proposisjonens framlegg om ein dagleg leiar for kyrkjeleg fellesråd.
Fleirtalet meiner at ei hovudvekt må verta lagd på å sikre ei lovgjeving som både tar omsyn til dei tradisjonane i folket vårt som er knytte til drifta av kyrkjegardane, og sikrar at den kompetansen som er opparbeidd på dette feltet, vert vidareført.
Fleirtalet er samd med departementet i at forvaltinga ikkje åleine kan sjåast på som eit juridisk eller praktisk-administrativt forhold, men også gjeld kulturelle og verdimessige omsyn. Forvaltinga må òg sjåast i samanheng med religiøse og livssynsmessige omsyn der 95 % av folket vel gravferd i Den norske kyrkja og der samfunnet sine gravskikkar framleis speglar av samfunnet sitt kristne verdi- og kulturgrunnlag. Fleirtalet legg òg stor vekt på at kyrkjegardane etter gjeldande rett er kyrkjelyden sin eigedom, og derfor ut frå dei prinsippa som er lagde til grunn ved denne revisjonen av kyrkjelovgjevinga, skal verta forvalta av eit kyrkjeleg organ. Ordninga vidarefører dessutan gjeldande rett. Kyrkjehuset og kyrkjegarden si nære fysiske plassering dei fleste stader tilseier òg at same forvaltingsorgan av praktiske grunnar bør ha ansvaret for båe.
Fleirtalet er kjend med at det i ulike kommunar har vore praktisert ei noka ulik ansvars- og oppgåvedeling når det gjeld arbeidsgjevaransvaret for lokalt finansierte stillingar, og når det gjeld kyrkjegardsforvaltinga. På den bakgrunnen er fleirtalet tilfreds med at lova opnar for at det framleis kan utarbeidast lokalt tilpassa modellar for samvirke mellom kommune og kyrkje på desse områda.
Fleirtalet vil syne til at kyrkjelova sine reglar om tenesteyting, § 15 fjerde ledd, opnar for at kommunen sine tilsette kan utføre arbeidsoppgåvene på kyrkjegardane og i kyrkja på oppdrag frå kyrkjeleg fellesråd. § 23 i gravferdslova opnar for at kyrkjeleg fellesråd og kommune med godkjenning av departementet kan inngå avtale om at kommunen tek over forvaltingsansvaret for kyrkjegardane.
Fleirtalet er særleg oppteken av at ein vel løysingar som gjer at tilsettingsforholdet ikkje vert endra i dei kommunane der arbeidet i praksis gjennom mange år har vore utført av personar i eit kommunalt tilsettingsforhold, og der rekruttering og tilsetting har funne stad t.d. med bakgrunn i at dette er kommunale arbeidsplassar, slik situasjonen t.d. har vore i Oslo.
Med kommunalt tilsettingsforhold meiner ein at kommunen har fatta tilsettingsvedtak.
Fleirtalet føreset at overføring av arbeidsgjevaransvaret for desse stillingane berre kan skje dersom kommunen gjev si tilslutting. Fleirtalet meiner vidare det er naudsynt med ein fleksibilitet som sikrar praktiske løysingar i små kommunar, der tilsette utfører arbeidsoppgåver for både kyrkje og kommune.
Fleirtalet er også oppteken av å sikra tilsette i kyrkje og på kyrkjegard trygge tilsettingsforhold innafor lov- og avtaleverket for partane i arbeidslivet. Flytting av arbeidsgjevaransvar må ikkje føre til forverra arbeidsvilkår eller endra kvalifikasjonskrav, tenesteordning og kriterium for tilsetjing.
Fleirtalet meiner dei premissar og prinsipp som her er nemnde, er tekne i vare innafor det framlagte lovforslaget. Fleirtalet vil imidlertid følgje utviklinga nøye med tanke på arbeidstakarane sine arbeidsrettslege forhold.
Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen, forutsetter at det i lov- og avtaleverket ligger klare bestemmelser som gir alle søkere til stillinger som gravferdstilsatte de samme rettigheter og sikrer de ansatte vanlig oppsigelsesvern uavhengig av kjønn og samlivsform.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, sluttar seg til at Stiftsdireksjonen blir lagd ned, og at bispedømmerådet tek over oppgåvene til Stiftsdireksjonen i høve til forvalting av kyrkjegardar (jf. § 4, § 7, § 21 og § 24 - oppgåver for bispedømmeråda).
Etter fleirtalet si meining inneber dette, jamført med lov om Den norske kyrkja og lov om Opplysningsvesenets fond, at bispedømmeråda må bli styrkt med ei stilling med ansvar innanfor eigedom, bygg og anlegg, jf. framlegg foran under kyrkjelova.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen mener at forvaltningsansvaret for gravlunder skal legges til kommunene, og at kommunene skal ha arbeidsgiveransvaret for gravlund-arbeidere. Disse medlemmer mener at dette bør være et kommunalt ansvar fordi kommunene har kapasitet og kompetanse, og fordi gravlunden bør være religions- og livssynsnøytral. Det er også kommunene som må framskaffe egnede arealer. Disse medlemmer viser til at offentlige utredninger fra 1975 og 1989 har understreket gravlundens betydning for alle uansett livssyn og konkluderer med at kommunene må ha forvaltningsansvaret.
I tråd med dette foreslår disse medlemmer også at benevnelsen « kirkegård » erstattes med « gravlund » i lovteksten, jf. nedenfor. Dette innebærer også at en gravlund innvies og evt. også vigsles.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil understreke nødvendigheten av at lovverket skiller mellom det som er praktiske/juridiske sider ved gravlunder og gravferd, og de religiøse og seremonielle sider. Dette innebærer at kommunene har eneansvar for driftsmessige og administrative sider av virksomheten. Dette innebærer også et ansvar for å legge til rette for egnede lokaler for seremonier. Ritualene er et privat anliggende som kan gjennomføres i kirkelig regi eller i regi av andre.
Komiteens medlem representanten Christiansen har merket seg at departementet i sin innstilling har valgt å gå imot den løsningen som nærmere 60 % av kommunene har ønsket. Dette medlem har videre merket seg at et stort mindretall på ca 45 % av menighetsrådene støttet Kirkelovutvalgets flertall i spørsmålet om hvor forvaltningsansvaret for gravplassene skal ligge.
Dette medlem vil påpeke at forvaltningsansvaret henger nært sammen med det økonomiske ansvaret for driften. Utgifter til gravplasser, krematorier o.l. er ikke en del av det beregningsgrunnlaget som legges til grunn i forhold til overføring til andre tros- og livssynssamfunn. Det er derfor naturlig at dette området fremstår som et eget budsjettområde.
Dette medlem har merket seg at loven åpner for at forvaltningsansvaret kan overføres til kommunen - men at fellesrådet har vetorett i den forstand at dette kun kan skje dersom fellesrådet støtter en slik overføring. Dette medlem mener bestemmelsen bør speilvendes, slik at kommunen dersom det er ønskelig kan overføre forvaltningsansvaret til fellesrådet.
Omsynet til personar utanfor Den norske kyrkja
Komiteen er oppteken av at lova må sikre at rettane til andre trudoms- og livssynssamfunn blir tekne vare på i eit pluralistisk samfunn.
Komiteen har merka seg at registrerte trudomssamfunn som er på staden, kan få høve til å vigsle kyrkjegard eller delar av kyrkjegarden. På same vis bør delar av kyrkjegarden ikkje vera vigsla av omsyn til personar med livssyn som ønskjer dette. Komiteen legg òg stor vekt på at vedtektene for kyrkjegarden, jf. § 21, ikkje må hindre praktisering av ulike ritual og gravskikkar. Det må såleis vera høve til t.d. ulik symbolbruk i ulike delar av kyrkjegarden.
Komiteen legg vekt på at omsynet til religionsfridomen er teke vare på ved at registrerte trudomssamfunn kan ha sin eigen gravplass.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, syner til at dette i praksis likevel berre vil skje på nokre få stader.
Samstundes som fleirtalet går inn for at eit organ i Den norske kyrkja skal ha ansvaret for forvaltning av kyrkjegardane, legg fleirtalet stor vekt på at omsynet til personar som ikkje er medlemer i Den norske kyrkja, blir tekne i vare på ein tilfredsstillande måte. Det gjeld personar som høyrer til andre religionar eller andre kristne kyrkjesamfunn, og personar utan slik tilknyting.
Fleirtalet er ikkje samd i at omsynet til trudoms- og religionsfridom må tilseie at det offentlege, dvs. kommunen, må ha eit direkte ansvar for kyrkjegardane. Derimot er det særs viktig at omsynet til trudoms- og religionsfridomen blir teke vare på i den daglege forvaltninga av kyrkjegardane.
Fleirtalet kan ikkje sjå at eit krav om livssynsnøytralitet må ha avgjerande vekt og tilseie at kommunen tek over ansvaret for forvaltninga. Stor vekt på eit slikt nøytralitetskrav kan i staden, både i høve til kyrkjeleg og kommunal forvaltning, gi seg uttrykk t.d. i form av at ein hindrar ønskja symbolbruk, bruken av kyrkjegarden og praktisering av ritual. Det vil vera i strid med omsynet til trudoms- og religionsfridomen. Derimot kan bruk av ritual og symbol som er av polemisk art i høve til andre oppfatningar, av same grunn ikkje vera tillate.
Fleirtalet meiner på dette grunnlaget at lovframlegget er fleksibelt nok til å fange opp mangfaldet i vårt pluralistiske samfunn.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, ser det som viktig at det i kommunene finnes hensiktsmessige seremonirom for ikke-kirkelige begravelser og ber Regjeringen sørge for at kommunene legger til rette for dette.
Komiteens medlem representanten Christiansen vil vise til at det stadig er flere som ikke hører inn under Den norske kirke. Når det fremdeles er slik at 95 % av landets befolkning velger en kirkelig gravferd, sier det ikke stort annet enn at statskirketilhørigheten blant eldre er langt høyere enn blant yngre - noe som ikke burde være noen overraskelse for noen.
Fellesrådet som iflg. loven skal ha forvaltningsansvaret er i utgangspunktet et kirkelig organ. Når det også tillegges forvaltningsansvaret for offentlige gravplasser gis det ansvar for et område som alle vil ha et forhold til uavhengig av tro og livssyn. Dette medlem vil påpeke at det kan være vanskelig for rådene både å ha et allment og et læremessig utgangspunkt - avhengig av hvilke saker som står på dagsorden.
Dette medlem mener det kan oppstå konflikter i saker hvor fellesrådet fatter vedtak i saker der andre tros-/livssynssamfunn eller deres medlemmer er involvert og der fellesrådet selv har egeninteresser ut fra sitt ståsted som luthersk kirkeorgan.
Dette medlem vil videre minne om at enkeltvedtak etter gravferdsloven ofte fattes på et tidspunkt hvor de det gjelder opplever en sterk følelsesmessig belastning, og at dette kan blir forsterket dersom de opplever at et organ som representerer et annet trossamfunn enn det de selv tilhører har avgjørelsesmyndighet.
Dette medlem har merket seg at departementet overhode ikke har drøftet forvaltningsansvaret ut fra spørsmålet om religionsfrihet eller dagens pluralistiske samfunn, men hovedsakelig basert sin avgjørelse på henvisning til tradisjon. Dette medlem synes det er betenkelig at departementet på denne måten kun stirrer bakover og ikke ser fremover. Dette medlem vil hevde at forvaltning av gravplasser først og fremst er av teknisk-administrativ art og derfor skal skilles fra det seremonielle som tros- og livssynssamfunn har ansvaret for.
Etter dette medlems syn er det å legge forvaltningsansvaret til et kirkelig organ et tilbakeskritt i den alminnelige utvikling hvor kirken har fått mindre kontroll og innflytelse på de deler av samfunnet som ikke er direkte knyttet til kirkelig virksomhet. Dette medlem mener målsettingen må være å sørge for en forvaltning som så langt som mulig gjør gravplassen til en felles arena, med ulike tradisjoner og seremonier, men likevel med respekt for hverandre og med plass for den enkeltes sorg. Dette, og ikke historiske tradisjoner, bør ligge til grunn for hvordan gravplassene skal forvaltes.
Eigedomsrett til gravplassen
Komiteens medlem representanten Christiansen ser det ikke som noen selvfølge at eiendomsretten til gravplassene skal ligge hos soknet. For det første er det i dag slik at en rekke gravplasser, spesielt de av nyere dato, står oppført som kommunal eiendom. For det andre var det inntil 1845 forbudt å være medlem av noe annet enn statskirken og det var følgelig heller ikke noe alternativ til kirkelig begravelse i vigslet jord. Videre disponeres områder på enkelte kirkegårder i dag av andre trossamfunn. Dette medlem mener det burde vært gjennomført en grundig drøftelse av prinsippet om eiendomsforhold i forbindelse med arbeidet med loven, men konstaterer at dette ikke har vært gjort. Dette medlem vil ikke gå detaljert inn i drøfting av eiendomsforholdene knyttet til gravplasser på det nåværende tidspunkt, men påpeke at det er naturlig at loven sondrer mellom gravplasser som i dag er å regne som soknets eiendom, og gravplasser som etter grunnboken står oppført som kommunal eiendom. Dette medlem vil imidlertid understreke at dette standpunktet er knyttet opp til det faktum at Norge har en statskirke og at dette medlem ønsker at forvaltningen av gravplassene skal legges til kommunen. Ved et skille mellom kirke og stat, mener dette medlem for øvrig at alle de eiendommer som er blitt regnet som soknets eller kirkens, må gjennomgås og eiendomsforholdene grundig drøftes. Dette medlem vil ut fra dette foreslå endring av § 1.
Klageadgang
Komiteen viser til at kirkelig fellesråd kan forlenge fristene for kremasjon og gravlegging når det foreligger tungtveiende grunner. Komiteen mener ut fra hensikten med denne bestemmelsen at fellesrådets avgjørelse ikke påklages, jf. forslag under § 13 nedenfor.
Komiteen vil i den forbindelse vise til at en slik klage ville ha oppsettende virkning. Forvaltningslovens øvrige regler vil imidlertid gjelde fullt ut for behandling av slike saker.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen støtter adgangen som i § 13 gis til å forlenge fristene dersom det foreligger tungtveiende grunner. Disse medlemmer mener imidlertid det er galt at en slik avgjørelse skal tas av et bestemt trossamfunn, og at det kan være en særskilt belastning for pårørende i en slik situasjon å skulle henvende seg til et organ i et trossamfunn de ikke har noe forhold til. Dette kan også bidra til mistanker om forskjellsbehandling dersom et slik ønske blir avslått. Disse medlemmer mener denne avgjørelsen bør tas av et kommunalt organ. Disse medlemmer vil fremme forslag til endring i § 13, jf. nedenfor.
Disse medlemmer mener det er viktig at alle som ønsker å påklage enkeltvedtak som er truffet i henhold til denne lovgivningen opplever behandlingen som så lik som mulig. Disse medlemmer tror ikke at bispedømmerådet uten videre vil bli oppfattet som et uhildet organ av personer som ikke er medlemmer av Den norske kirke.
Når det gjelder klageadgangen i forhold til enkeltvedtak fattet av kommunen etter denne loven vil disse medlemmer ikke foreslå at det hjemles noen særskilt klageadgang i § 24 ettersom dette må kunne sies å være i strid med ordning for klager over kommunale vedtak som ble innført ved endring av forvaltningsloven i forbindelse med at den nye kommuneloven trådte i kraft 1. januar 1993. Etter disse medlemmers oppfatning vil de alminnelige bestemmelsene i forvaltningsloven om klage over kommunale vedtak gjelde også i denne sammenheng.
3.2.2 Gravferd, kremasjon og gravlegging
Komiteen viser til merknad og forslag under § 9 nedenfor om plikt til å informere om hvordan den enkelte gravferd skal avsluttes.
Avdødes ønsker
Komiteens medlem representanten Christiansen mener det må anses som en plikt for dem som sørger for gravferden, å respektere avdødes ønsker så fremt dette er mulig innenfor norsk lov og økonomisk overkommelig - eksempelvis ved at avdøde har etterlatt seg tilstrekkelig midler til at ønsker utover det vanlige kan oppfylles. Dette medlem mener det utover de begrensninger som er nevnt ovenfor ikke er opp til det offentlige eller andre å vurdere om ønskene er for spesielle eller ikke. Dette innebærer også sigøyneres rett til å gravlegges i betong slik at disse slipper å frakte sine avdøde ut av landet for gravlegging. Dersom den som er oppnevnt som den som skal sørge for gravferden selv ikke ser seg i stand til å etterleve avdødes ønsker, må vedkommende kunne frasi seg ansvaret og overlate det til avdødes etterlatte. I siste instans må kommunen kunne overta ansvaret og følge opp avdødes ønsker. Dette medlem vil fremme forslag om tillegg i § 9, jf. nedenfor.
Naturlig grav
Komiteen ser at det ved skipsforlis, flystyrter og andre katastrofer eller ulykker kan være teknisk umulig eller ikke etisk eller økonomisk forsvarlig å etterkomme lovens grunnleggende forutsetning om at lik enten skal begraves eller kremeres.
Komiteen ønsker å sikre beskyttelse av gravferden for personer som er omkommet på en slik måte at de ikke har kunnet gravlegges på kirkegård, og fremmer følgende forslag til tillegg i § 1 nytt andre ledd med slik ordlyd:
« Når en omkommet person ligger på havets bunn eller ute i naturen, utgjør dette en naturlig grav som ikke må berøres i annen hensikt enn å flytte hele legemet til kirkegård eller gravplass etter første ledd eller utsettes for direkte forstyrrende eller krenkende virksomhet. »
Annet ledd blir nytt tredje ledd.
En slik bestemmelse er ment å gi den naturlige grav samme vern som andre graver og innebærer f.eks. at sportsdykkere som finner levninger etter en omkommet, skal holde behørig avstand til funnet. En naturlig grav må ikke berøres i annen hensikt enn å flytte legemet til kirkegård eller gravplass.
Komiteen vil poengtere at en slik bestemmelse ikke er ment som et hinder for utførelse av tekniske undersøkelser og/eller forskning der dette anses som nødvendig for å finne årsaken til ulykken.
Kremasjon
Komiteen mener det bør sikres at avdødes evt. erklæring om kremasjon følges opp. Avdøde kan selv langt på vei sikre dette dersom vedkommende benytter sin rett til selv å utpeke hvem som skal sørge for gravferden, men komiteen vil understreke at ikke alle vil være klar over denne adgangen. Komiteen mener derfor at kommunen skal ha plikt til å sørge for at kremasjon finner sted dersom skriftlig erklæring om dette foreligger og det er fysisk mulig å gjennomføre. Komiteen ber departementet følge opp dette i forskrift.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen mener det er urimelig at det kan kreves avgift for kremasjon, men ikke for gravlegging, til tross for at dette burde være to sidestilte ordninger. Disse medlemmer vil påpeke at selv om det offentlige kan sies å ha spesielle utgifter ved kremasjon, så oppveies dette av de større arealkostnader som kistegraver innebærer i forhold til urnegraver. Disse medlemmer vil selvsagt ikke at noen skal presses til bestemte løsninger, men vil i denne sammenheng påpeke at det i flere kommuner er en knapphet på gravplasser, og at de som velger kremasjon faktisk bidrar til å løse mulige fremtidige arealproblemer. Disse medlemmer ønsker derfor å tillate innkreving av avgift både for kremasjon og for kistegravlegging, slik at man kan oppnå en likebehandling.
Privat gravstad og spreiing av oske
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, er samd i at ein skal ha ein særs restriktiv praksis i høve til private gravstader. Ønskje frå den avlidne eller pårørande, religiøse oppfatningar eller kjenslemessige tilhøve er ikkje grunnlag for løyve til privat gravstad. Det same gjeld stilling eller stand til den avlidne.
Fleirtalet er samd med departementet i at ein berre kan gi løyve når det er knytt ei særskild offentleg interesse til gravstedet. Det må òg vere ein føresetnad at grava kan leggjast til ein varig institusjon av offentleg karakter som er eller blir skipa på grunn av den avlidne sitt liv og virke innan kunst, vitskap eller anna særprega verksemd. Fleirtalet er samd i at fylkesmannen i det fylket der ein ønskjer å leggje grava, får mynd til å gjera vedtak.
Fleirtalet er klar over at opphevinga av likbrenningslova inneber at det ikkje lenger vil vera høve til å ha urner i kolumbarium. Fleirtalet er samd i dette, men vil likevel særleg peike på trongen for å kome i møte særskilt buddhistane sitt ønskje om å kunne ha urne i tilknyting til eit permanent gudshus. Fleirtalet legg til grunn at § 1 tek ivare omsynet til slik gravplass.
Komiteens medlem representanten Christiansen mener det bør være adgang til å opprette private gravsteder. Videre vil dette medlem ha en adgang til å etablere andre egnede steder for plassering av urner enn det lovforslaget åpner for, og vil i denne sammenheng gå inn for at retten til å ha urner i kolumbarium opprettholdes. Dette medlem mener denne paragrafen skal tolkes dithen at fylkesmannen skal gi tillatelse så lenge de regler som er fastsatt iflg. § 2 er ivaretatt. Dette medlem vil fremme forslag til endring av § 20, jf. nedenfor.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, er samd i at ein opphevar noverande forbod mot spreiing av oske. Omsynet til religionsfridomen inneber at menneske som av særlege grunnar, t.d. religiøse grunner, ønskjer spreiing av oske, må få ønskjet sitt oppfylt. Fylkesmannen i det fylket der ein ønskjer å spreie oska, gir løyve.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen, er kjent med at man i land som det ut fra vårt trossamfunn er naturlig å sammenlikne seg med, slik som Sverige og Danmark, har kirkelig medvirkning under gravferdshandlinger i forkant av kremasjon også i tilfeller hvor asken vil bli spredt for vinden. Flertallet forstår lovbestemmelsen dithen at det ikke kan kreves kirkelig medvirkning før kremasjon, men at den enkelte prest selv avgjør om han vil delta i slik gravferd.Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti har merka seg at Kyrkjemøtet har uttala at ein i slik gravferd ikkje kan krevje kyrkjeleg medverknad, og desse medlemene sluttar seg til at dette blir lovfesta. Ut frå dette gir ein inga kyrkjeleg hjelp til korkje sjølve spreiinga av oska eller til gravferdshandlinga før kremasjonen.
Komiteens medlem representanten Christiansen mener avdødes ønsker skal følges så langt som mulig. Dette medlem mener derfor at ønske om askespredning så vidt mulig skal følges. Dette medlem ser det for øvrig som naturlig at fylkesmannen kan sette vilkår for spredningen. Dette medlem vil derfor fremme forslag til endringer av § 20, jf. nedenfor.
3.2.3 Feste av grav og gravminne
Komiteens medlem representanten Christiansen mener festeren i langt større grad enn i dag bør få bestemme hva slags gravminner som ønskes, og er av den oppfatning at kirkegårdsvedtektene i dag setter for strenge begrensninger. Dette medlem mener eksempelvis det er urimelig at det skal være forskjellige regler om gravminner avhengig av om det dreier seg om kistebegravelse eller urne- og barnegraver. Dette medlem ser heller ingen grunn til at det skal settes andre begrensninger for volum enn at gravminnet ikke skal beslaglegge plass utover det området som festes inkl. anleggsflate som bestemt i dagens forskrifter, og at gravminnet ikke må være høyere enn at det står stabilt og trygt slik at gravminnet ikke velter. Dette medlem vil derfor be departementet om å utforme regelverket for kirkegårdene i henhold til ovenstående (jf. § 15).
Dette medlem vil minne om at det må være opp til festeren å avgjøre om gravminner skal bli stående på kirkegården da det er vedkommende som har eiendomsretten til dette. Derfor kan dette medlem heller ikke se behovet for det forbehold som er lagt inn i forhold til festerens anledning til å fjerne gravminne eller lignende innretning. Dette medlem vil derfor fremme endringsforslag i § 18, jf. nedenfor.
3.2.4 Namn på lova
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, vil vise til at departementet i proposisjonen sier:
« Både den tette tilknytning kirkegården som oftest har til kirken og innarbeidet språkbruk tilsier at « kirkegård » blir ført videre som begrep i loven. Dette er ikke til hinder for at en kirkegård kan benevnes som gravplass, gravlund eller urnelund der hvor det måtte være naturlig. » |
Flertallet er enig i dette.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen har merket seg at det gjennomgående er benyttet betegnelsen kirkegård i lovteksten. Disse medlemmer vil peke på at dette begrepet stammer fra den gang gravplassene befant seg ved kirken. I mange kommuner er det et stort antall innbyggere som ikke har tilknytning til Den norske kirke, og videre er det flere steder gravlunder/gravplasser som ikke har tilknytning til noen kirke.
Disse medlemmer viser til sine innledende merknader og mener dette må innebære at benevnelsen « kirkegård » må erstattes med den mer nøytrale benevnelsen « gravlund ». Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
« I gravferdslovens overskrift og lovtekst benyttes begrepet gravlunder, ikke kirkegårder. »
Komiteens medlem representanten Christiansen mener kommunenes adgang til selv å velge hvilken betegnelse de ønsker å bruke på gravplassen, bør nedfelles i loven, jf. forslag nedenfor under § 1.
3.2.5 Kommentarar til einskilde lovparagrafar
Til § 1
Komiteen syner til merknad under pkt. 3.2.2 om buddhistane sitt ynskje om urne i tilknyting til permanent gudshus.
Komiteen syner vidare til merknad under pkt. 3.2.2, der det blir gjort slikt framlegg til tillegg i § 1 som nytt andre ledd:
« Når en omkommet person ligger på havets bunn eller ute i naturen, utgjør dette en naturlig grav som ikke må berøres i annen hensikt enn å flytte hele legemet til kirkegård eller gravplass etter første ledd eller utsettes for direkte forstyrrende eller krenkende virksomhet. »
Utkast til annet ledd blir nytt tredje ledd.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener at gravlunden skal være kommunal eiendom og fremmer følgende forslag:
« § 1 annet ledd skal lyde:
Gravlunden er kommunal eiendom. Kongen gir nærmere bestemmelser om eiendomsoverdragelser m.m. »
Komiteens medlem representanten Christiansen mener det burde tillates å opprette private gravsteder og vil fremme følgende forslag:
« § 1 første ledd skal lyde:
Gravlegging skal skje på offentlig kirkegård, på gravplass anlagt av registrert trossamfunn i henhold til tillatelse etter lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna eller på privat gravplass anlagt i medhold av 20 første ledd. »
Dette medlem viser til merknad under pkt. 3.2.1 om at det ikke er noen selvfølge at eiendomsretten til gravplassene skal ligge hos soknet, og vil fremme følgende forslag:
« § 1 annet ledd første punktum skal lyde:
Kirkegårdene er å regne som soknets eiendom så fremt ikke annet fremgår av grunnboken eller av særskilt rettsgrunnlag. »
Dette medlem viser til merknad under pkt. 3.2.4 og foreslår:
« § 1 nytt tredje ledd skal lyde:
Kommunen kan selv velge om den enkelte gravplass skal ha betegnelsen gravlund, gravplass, kirkegård eller urnelund. »
Til § 3
For komiteen er det viktig å streka under at kyrkjeleg fellesråd er eit offentleg forvaltningsorgan, og at høve til klage på einskildvedtak etter forvaltningslova gjeld også her.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen viser til sine merknader ovenfor om at gravlundene skal være kommunale og fremmer følgende forslag til ny overskrift og lovtekst i § 3:
« § 3 skal lyde:
§ 3. Forvaltning av gravlundene
Kommunen har ansvaret for at de allmenne gravlundene forvaltes etter gjeldende bestemmelser.
I hver kommune skal det være et gravlundstyre valgt av kommunestyret. Gravlundstyret står for forvaltning av alle allmenne gravlunder i kommunen og utfører de gjøremål som er lagt til styret i lov og forskrift. Gjøremålet som er lagt til gravlundstyret kan delegeres til en ansvarlig for gravlundene i kommunen. Gravlundstyret kan søke samarbeid med andre offentlige og private organ i spørsmål som hører inn under vedkommende organs arbeidsområde. I hver kommune skal det være en ansvarlig for gravlundene. Denne deltar i gravlundstyrets møter, forbereder og foredrar de saker som behandles av styret, og iverksetter dets avgjørelser, med mindre annet er bestemt. »
Til § 4
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener kommunene bør ha ansvar å tilby egnede lokaler for seremonier knyttet til gravferden.
Dette medlem fremmer følgende forslag:
« Paragrafens overskrift skal lyde:
§ 4. Anlegg m.v. av gravlund, egnede lokaler for seremonier og krematorium.
Nytt fjerde ledd skal lyde:
Kommunen bør legge til rette for egnede lokaler for seremonier. »
Til § 5
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen mener livssynssamfunn bør likestilles med trossamfunn i lovteksten der det er naturlig, og synes derfor det er riktig at også disse gis anledning til å innvie en egen del av kirkegården dersom de ønsker det. Disse medlemmer vil fremme følgende forslag:
« § 5 skal lyde:
Den norske kirke og registrerte tros- og livssynssamfunn som er virksomme på stedet, skal gis anledning til å vigsle eller innvie gravplass eller deler av den. »
Til § 6
Komiteen er samd i at lova gir rett til at daudfødte born kan få eiga grav.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil vise til sitt forslag om å legge forvaltningsansvaret til kommunen og vil fremme følgende forslag:
« § 6 annet ledd første punktum skal lyde:
Kommunen kan gi tillatelse til at også personer uten bopel i kommunen gravlegges på kirkegård i kommunen. »
Til § 7
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, har registrert at det oftare kjem ønskje om flytting av gravlagde. Det gjeld i nokon grad lik, men i særleg grad gjeld det urner. Fleirtalet ser ikkje dette som ei ønskt utvikling, og er difor samd i at lova fastset at ein må dokumentere sterke grunnar for ei slik flytting.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil vise til sitt forslag om å legge forvaltningsansvaret til kommunen og vil fremme følgende forslag:
« § 7 første ledd skal lyde:
Kommunen tilviser og gir tillatelse til åpning av grav på kirkegård.
§ 7 annet ledd skal lyde:
Avdødes legeme eller aske kan etter gravlegging ikke flyttes uten tillatelse fra fylkesmann. Tillatelse kan bare gis dersom sterke grunner taler for flytting og det er fastsatt hvor ny gravlegging skal finne sted. Fylkesmannen kan sette vilkår for slik flytting. »
Til § 8
Komiteen vil vise til at det i bl.a. Oslo er innarbeidet tradisjon for å begrave første kiste i dobbelt dybde, slik at det kan settes ned to kister i samme grav før fredningstiden på 20 år er utløpt. Denne ordningen har fungert i en årrekke uten at det har oppstått praktiske eller etiske problemer, og er bl.a. innført på bakgrunn av ønsket om at familiemedlemmer kan ligge i felles grav. Komiteen har merket seg at departementet mener bestemmelsen i § 8 første ledd ikke nødvendigvis vil være til hinder for å fortsette denne ordningen, og vil be om at adgangen til gravlegging i dobbelt høyde hjemles i forskriftene.
Til § 9
Komiteen er samd i at ein person i skriftleg fråsegn skal kunne fastsetje kven som skal ha rett til å syte for gravferda. Det er òg naudsynt i dag å ha reglar om rekkefølgja på dei næraste etterlatne til den daude, når det gjeld retten til å syte for gravferda.
Komiteen sluttar seg til at kommunen avgjer ei eventuell usemje mellom dei like nære etterlatne.
Når det gjelder § 9 annet ledd, forutsetter komiteen at registrert partner, jf. lov om partnerskap og samboende, som gjennom samlivskontrakt har bekreftet at de lever i ekteskapslignende forhold, likestilles med ektefeller. Det samme vil gjelde for samboende som i juridisk forstand er likestilt med ektepar.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen, viser til Kirkemøtets uttalelser om behovet for å lovfeste en plikt om å informere om hvordan den enkelte gravferd skal avsluttes. Flertallet finner dette ivaretatt ved å tilføye et nytt fjerde ledd:
« § 9 nytt fjerde ledd skal lyde:
Når det ønskes kirkelig medvirkning ved gravferden, skal den som sørger for gravferden gi melding om gravferden skal avsluttes med kistebegravelse eller kremasjon og urnenedsettelse. »
Komiteens medlem representanten Christiansen viser til merknad under pkt. 3.2.1 om respekt for avdødes ønsker og fremmer følgende forslag:
« § 9 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:
Avdødes ønsker skal så vidt mulig oppfylles. »
Til § 10
Komiteen er samd i at ein person i skriftleg fråsegn kan fastsetje kremasjon og viser for øvrig til merknader under pkt. 3.2.2.
Til § 13
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, viser til lovbestemmelsens intensjoner og finner det naturlig med følgende tillegg i andre ledd, nytt andre punktum:
« Fellesrådets avgjørelse kan ikke påklages. »
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen viser til merknader under pkt. 3.2.1 om klageadgang og fremmer følgende forslag:
« § 13 annet ledd skal lyde:
Kommunen kan forlenge fristene i § 10 tredje ledd og § 12 dersom det foreligger tungtveiende grunner for det. Avgjørelsen kan ikke påklages. »
Til § 14
Komiteen har merka seg at det etter gjeldande lov er ulik praksis med omsyn til avgift for feste av grav. Når ein ønskjer å reservere ei grav ved sidan av ei fri grav, tek nokre kommunar avgift for båe gravstadene frå det tidspunktet den første grava blir teken i bruk. I andre kommunar tek ein avgift berre for den grava som er reservert.
Komiteen meiner at prinsippet om fri grav i fredingstida (jf. § 6) må gjelde heilt ut. Ein kan difor berre krevje festeavgift for den grava som er reservert utan å vera teken i bruk.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil vise til sitt forslag om å legge forvaltningsansvaret til kommunen og vil fremme følgende forslag:
« § 14 første ledd første punktum skal lyde:
Kommunen kan inngå avtale om feste av grav etter nærmere regler og vilkår fastsatt i kirkegårdens vedtekter. »
Til § 16
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil vise til sitt forslag om å legge forvaltningsansvaret til kommunen og vil fremme følgende forslag:
« § 16 skal lyde:
Et feste kan ikke overføres uten samtykke fra kommunen, og det kan ikke overføres mot noen form for vederlag.
Når festeren dør, skal dødsboet gi kommunen melding om hvem festet ønskes overført til. Ved uenighet treffer kommunen avgjørelse. »
Til § 17
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil vise til sitt forslag om å legge forvaltningsansvaret til kommunen og vil fremme følgende forslag:
« § 17 første ledd første punktum skal lyde:
Kommunen har rett til å treffe de tiltak vedrørende en festet grav som er nødvendige for å forebygge skade, eller som følger av gjeldende bestemmelser. »
Komiteens medlem representanten Christiansen vil understreke at paragrafens siste ledd må tolkes strengt slik at festeren, så fremt det er fysisk mulig å kontakte vedkommende, varsles. Det er viktig at ikke denne bestemmelsen blir en papirbestemmelse som man kan tolke seg vekk fra fordi man oppfatter det som hensiktsmessig i den enkelte sak.
Til § 18
Komiteens medlem representanten Christiansen viser til merknader under pkt. 3.2.3 og fremmer følgende forslag:
« § 18 annet og tredje ledd skal lyde:
Når festet opphører, skal festeren gis anledning til å fjerne gravminne og lignende innretning fra kirkegården. Det som ikke er fjernet fra kirkegården innen seks måneder etter festets opphør, tilfaller kirkegården.
Dersom det er ønskelig ut fra kunstnerisk eller kulturhistorisk verdi at gravminnet blir stående på kirkegården, må det inngås en frivillig avtale med festeren. »
Til § 20
Komiteens medlem representanten Christiansen viser til merknader under pkt. 3.2.2 og fremmer følgende forslag:
« § 20 første ledd skal lyde:
Fylkesmannen kan gi tillatelse til å anlegge privat gravplass på egnet sted innenfor de regler som er fastsatt av departementet etter § 2 annet ledd. Fylkesmannen kan videre gi tillatelse til plassering av urner i kolumbarium eller lignende. »
« § 20 annet ledd første og annet punktum skal lyde:
Når det foreligger underskrevet og datert erklæring med ønske om gravferd hvor asken spres for vinden fra person som har fylt 15 år, skal slikt ønske om mulig etterkommes. Fylkesmannen kan sette vilkår for gjennomføringen. »
Til § 21
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil vise til sitt forslag om å legge forvaltningsansvaret til kommunen og vil fremme følgende forslag:
« § 21 første ledd skal lyde:
Kommunen fastsetter vedtektene for kirkegårder. Vedtektene skal godkjennes av fylkesmannen. »
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen viser til sine merknader under pkt. 3.2.2 og vil foreslå følgende endring:
« § 21 annet ledd skal lyde:
Avgifter for bruk av gravkapell, kremasjon, gravlegging og feste av grav fastsettes av kommunen. »
Til § 22
Komiteen er samd i at ein ikkje kan stille krav om medlemskap i Den norske kyrkja for personar som har arbeidsoppgåver åleine knytta til kyrkjegard, gravkapell eller krematorium.
Til § 23
Komiteens medlem representanten Christiansen vil vise til sitt forslag om å legge forvaltningsansvaret til kommunen og vil fremme følgende forslag:
« § 23 skal lyde:
Etter avtale mellom kommunen og kirkelig fellesråd, kan det ansvar og den myndighet som i loven her er lagt til kommunen, overføres til kirkelig fellesråd. I kommuner hvor det bare er ett sokn, kan slik avtale inngås mellom kommunen og menighetsrådet. »
Til § 24
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil fremme følgende forslag:
« § 24 skal lyde:
Enkeltvedtak som er truffet av kommunen etter loven her eller etter regler i medhold av loven, kan påklages etter forvaltningsloven.
Enkeltvedtak som er truffet av fylkesmannen etter loven her eller etter regler i medhold av loven, kan påklages til departementet. »