2. Lov om den norske kyrkja (kyrkjelova)
2.1 Samandrag
Framlegget til ny kyrkjelov kjem i staden for eldre kyrkjelovgjeving, mellom anna kyrkjelova frå 1897 og kyrkjeordningslova frå 1953. Departementet vil med den nye lova gje den lokale kyrkja ei meir sjølvstendig stilling, særleg i høve til kommunane. Soknet (meinigheita) som i samsvar med gjeldande rett er den grunnleggjande einskapen i Den norske kyrkja, skal etter framlegget ha ei rettsleg sjølvstendig stilling. Dette inneber at soknet sine valte organ, dvs. sokneråd og kyrkjeleg fellesråd, vil kunne vere arbeidsgjevar og skipe privatrettslege og offentlegrettslege plikter og rettar for soknet. Etter lovframlegget vil det ikkje lenger vere høve til å velje sokneråd for eit kapelldistrikt, dvs. eit geografisk avgrensa område innafor eit sokn, eller for såkalla kategorialkyrkjelydar - med unnatak for døvekyrkjelydane. Gjeldande reglar for tilhøyrigheit og medlemskap i Den norske kyrkja er førte vidare, medan retten til konfirmasjonsopplæring er oppheva.
Departementet gjer framlegg om at det skal opprettast eit kyrkjeleg fellesråd i alle kommunar som har fleire enn eitt sokneråd. Lovframlegget inneheld reglar om soknerådet og fellesrådet si samansetting, verksemd, oppgåver m.v. og delinga av funksjon eller mynde mellom råda. Reglane om kyrkjeleg fellesråd fører med seg ei viss avgrensing av soknerådet sitt myndeområde i høve til i dag. Primæransvaret for den kyrkjelege verksemda i eit sokn vil likevel framleis liggje til soknerådet.
Dei kyrkjelege fellesråda får eit omfattande forvaltingsansvar, særleg i økonomiske og tenestemannsrettslege tilhøve som i dag formelt ligg til kommunestyret. Fellesrådet vil ha arbeidsgjevaransvar for dei fleste kyrkjelege stillingane. Kyrkjelege arbeidstakarar, som i dag og er kommunale tenestemenn, vil etter dette ikkje stå i eit direkte arbeidstakartilhøve til kommunen, men til eit reint kyrkjeleg organ. Departementet gjer elles framlegg om at dei statlege kateketstillingane blir avvikla som statlege stillingar etter kvart som dei blir ledige, og at ei ordning med statleg tilskot til undervisningsteneste kjem i staden. Kyrkjeleg fellesråd vil vidare ha forvaltingsansvaret for kyrkjene. Same reglar skal gjelde for soknekyrkjer og kapell. Kravet til kyrkjene si storleik vert redusert.
Kyrkjemøtet vil etter departementet sitt framlegg få mynde til å gje nærare reglar på utvalde område. Det gjeld mellom anna val- og sakshandsamingsreglar for m.a. sokneråd og kyrkjeleg fellesråd, og tenesteordningar og kvalifikasjonskrav for visse kyrkjelege stillingar. Stiftsdireksjonen blir avvikla som følgje av lovforslaga. Inndelinga i bispedømme vert ikkje lenger fastsett ved lov. Bispedømmemøta vert friviljuge og ikkje lenger lovpålagde.
Departementet sitt framlegg inneber ikkje noka utviding av dei lovpålagde kostnadspliktene som kommunane har i dag på det kyrkjelege området, men fører her vidare gjeldande rett. Kommunestyret vil ikkje lenger kunne sjåast som del av det lokale kyrkjestyret og vil ha tilsvarande avgrensa mynde på det kyrkjelege forvaltingsområdet. Men kommunen vil framleis ha økonomisk ansvar for den kyrkjelege verksemda i kommunen og ha plikt til å dekkje kostnader til serskild nemnde føremål eller kostnadsslag, i fyrste rekkje sokna sine kostnader til visse, lovfastsette stillingar, til kyrkjer og kyrkjegardar og til drift av kyrkjeleg fellesråd/sokneråd. Kommunane si plikt til å bere kostnader etter føremål er ei vidareføring av systemet i dag.
2.2 Komiteen sine merknader
2.2.1 Innleiing
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristelig Folkeparti, ser kyrkja som den sentrale forvaltar av vår kristne kulturarv. Denne kulturarven er eit fundament for felles identitet i folket vårt, for folk si tru og livsoppfatning, og for framvokster og vidareutvikling av etiske verdiar og haldningar i samfunn, familie og arbeidsliv. Den norske kyrkja har i 1000 år formidla kristen tru og kulturtradisjon i samfunnet vårt, og har med det sett sterkt preg på livsnormer, førestillingar, språk, kunst m.v.
Fleirtalet viser til at Den norske kyrkja framleis har eit solid fotfeste i det norske folk og samfunn. Som folkekyrkje femner ho menneske i alle aldrar og i ulike livssituasjonar og møter dei med forkynning, opplæring, rettleiing, omsorg og fellesskap. Fleirtalet ønskjer at kyrkja skal ha eit best mogleg utgangspunkt for å møte utfordringane som misjonerande, vedkjennande og diakonal kyrkje i tider prega av sterke endringsprosessar. Kyrkja må gjennom styringsorgana sine framleis arbeide vidare med å kombinere truskap mot eige læregrunnlag med ønske om å vere ei vidtfemnande og kulturåpen folkekyrkje.
Fleirtalet ser det som ein viktig kyrkjepolitisk oppgåve å vidareutvikle ei open og inkluderande folkekyrkje. Fleirtalet meiner eit mål med kyrkjelovgjevinga må vere å demokratisere kyrkja og organisere styringsansvaret og forholdet til kommunal forvaltning på ein slik måte at kyrkja blir synleg og sentral i kvardagen til folk i lokalsamfunnet. Fleirtalet meiner vidare at kyrkja må styrkast som eit senter for tru, kultur og kvardagsspørsmål. Ein open og inkluderande folkekyrkje må vere til stades når folk har behov for omsorg på det personlege plan og vere ein møteplass, der folk kan søkje indre tryggleik i fellesskap med andre.
Fleirtalet legg til grunn at kyrkja er viktig ved ritual, høgtider og krisesituasjonar. Men også i det daglege og ukentlege kvardagsarbeidet kan kyrkja syne at ho står for verdiar som understrekar menneskjeverd og varme, fleksibilitet og forståing. Fleirtalet vil syne til Sjømannsmisjonen, Den norske kyrkja i utlandet, som eit eksempel på ein folkekyrkje som foreiner åpenheit, service og omsorg med kyrkjelege handlingar og forkynning av evangeliet. Sjømannskyrkja er møteplassen, den kulturelle samlingsstaden for nordmenn i utlandet. Ved å vere inkluderande kan Sjømannskyrkja bidra til at mange får eit personleg forhold til kyrkja og kyrkja sitt bodskap. Fleirtalet meiner også at Kirkens Bymisjon og kyrkja sitt ungdomsarbeid er med på å utvikle folkekyrkja.
Fleirtalet vil syne til den betydning kyrkja og evangeliet har hatt for samfunnsutviklinga i vår del av verda, ein utvikling grunna på likeverd og utjamning, på solidaritet og medmenneskjelegheit, og med politiske institusjonar prega av humanistiske innfallsvinklar til problemløysing og iverksetting. Dei kristne og humanistiske verdiane pregar verkelegheitsforståinga i vår kultur og i vårt politiske system. Fleirtalet meiner kyrkja òg må spille ein rolle innanfor dagens rammer og i det moderne samfunn. Kyrkja sitt bodskap er viktig som premissleverandør for verdiar og normar. Kyrkja må vere seg bevisst dei kulturelle og samfunnsmessige rammene som gjeld for vår tid.
Fleirtalet vil vidareutvikle ei folkekyrkje der medlemene får ta del i kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon, vigsel og gravlegging basert på eigen integritet. Fleirtalet ser det som viktig at kyrkja ikkje blir avgrensa til ei lita gruppe menneske, men at ho ved å styrke representativiteten og deltakinga ved val av meinigheitsråd og fellesråd, kan få fram bredda av kyrkja sine medlemer og styrke demokrati og utfolding i kyrkja. Slik kan kyrkja skape seg identitet i folket. Fleirtalet vil vise til at departementet i innleiingskapittelet til proposisjonen viser til at:
« Hovedspørsmålet i stortingsmeldingen fra 1980 var den framtidige ordning av forholdet stat og kirke. Meldingen konkluderte med at statskirkeordningen burde opprettholdes « for den tid vi med rimelighet kan overskue framover ». Det var forutsatt at kirken skulle gis en større selvstendighet innenfor rammen av statskirkeordningen uten at dette derved skulle svekke kirkens karakter som folkekirke. » |
Fleirtalet er oppteke av at Den norske kyrkja skal ha eit betydeleg sjølvstyre, men meiner at folkekyrkja innanfor ei statkyrkjeramme må vere nær knytta opp til lokalsamfunna. Fleirtalet meiner at dei praktiske ordningane mellom kommune/kyrkje blir viktige for om kyrkja blir oppfatta som inkluderande. Folkekyrkja er avhengig av at kommunen erkjenner eit ansvar for kyrkja si verksemd. Fleirtalet syner til at kommunen etter lovframlegget fortsatt skal ha økonomisk ansvar for den kyrkjelege verksemda i kommunen og vil vere forplikta til å dekkje utgifter til nærmare bestemte føremål eller utgiftsslag: til lovhjemla stillingar, til kyrkjer og kyrkjegardar og til drift av meinigheitsråd/kyrkjelege fellesråd.
Fleirtalet viser til at Ot.prp. nr. 64 (1994-1995) representerer avslutninga på eit langt og omstendeleg arbeid frå Stortinget si side med ordningar for Den norske kyrkja. Midt på 1960-talet vart søkelyset sett på statskyrkjeordninga frå fleire hald. Kyrkja sette i gong fleire utgreiingar, og saka vart drøfta innan ramma av det friviljuge kyrkjesamarbeidet. På denne bakgrunnen fann Regjeringa det naudsynt med ein brei gjennomgang av ordningane i kyrkja. På grunnlag av ei offentleg utgreiing (NOU 1975:30) handsama Stortinget i 1981 tilhøvet mellom stat og kyrkje. I Innst.S.nr.265 (1980-1981) trakk Stortinget opp retningsliner for det vidare arbeid med ordningane i kyrkja. Sentralt i dette var at ein skulle halde oppe ordninga med statskyrkje, og at kyrkja samtidig skulle få auka sjølvstende.
Fleirtalet viser til Innst.S.nr.265 (1980-1981) der Stortinget samrøystes slutta seg til og stadfesta at det ikkje er sterke innvendingar mot det noverande statskyrkjesystem. Av den grunn er det lite som talar for å skilje stat og kyrkje.
Fleirtalet vil vidare vise til Innst.S.nr.265 (1980-1981) som peika på at reglane i Grunnlova ikkje er til hinder for ei betydeleg delegering av mynde til kyrkjelege organ på alle nivå, og at ein finn fram til ordningar som gjer at kyrkja kan fungere som ei open og inkluderande folkekyrkje med basis i sitt trusgrunnlag. Fleirtalet vil òg peike på at Stortinget ved handsaminga i 1981 la stor vekt på at det er samfunnet si plikt å tilføre kyrkja ressursar slik at ho kan bli sett i stand til å utføre sitt arbeid på ein tenleg måte.
Fleirtalet gir sin tilslutnad til dei prinsipp og premiss for arbeidet med kyrkja si ordning som vart lagde i samband med handsaminga i Stortinget i 1981, og vil føre dette vidare i lovarbeidet for ordninga til den lokale kyrkja.
Fleirtalet vil peike på at prinsippa og premissane i Innst.S.nr.265 (1980-1981) har vore følgt opp frå Stortinget si side ved dei to seinare handsamingane av kyrkja si ordning i 1984 og 1987. Stortinget har òg drøfta fleire sider av desse spørsmåla i samband med dei årlege budsjetta.
Fleirtalet viser til Innst.O.nr.79 (1983-1984) om reforma med etablering av Kyrkjemøte og overføring av tilsettingsansvar for bispedømmeråda, og til Innst.O.nr.52 (1986-1987) om Den norske kyrkja og lærespørsmål. Fleirtalet er kjend med at dei reformene Stortinget har stilt seg bak sidan 1984 er evaluerte av Kyrkjemøte i 1992, som mellom anna har uttalt:
« Lovendringene som ble gjennomført i 1984 med senere justeringer og tillegg, er opplevd som meget positive i kirken. Reformene har vært til gang for kirken og har gitt bedre mulighet til å fungere som en mer selvstendig, evangeliserende og inkluderende folkekirke. » |
Fleirtalet vil vise til sin merknad til denne evalueringa i B.innst.S.nr.12 (1992-1993), og meiner at det fram til i dag har vore brei semje om det kyrkjelege reformarbeidet, og at det gir eit godt grunnlag for vidareføring på lokalplanet.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil i den forbindelse vise til at forutsetningen for en videreutvikling av folkekirken er en demokratiseringsprosess, der bredden i medlemsmassen blir tydeligere i lokal og sentral representasjon. For dagens moderne mennesker er toleranse, vidsyn og respekt for menneskers holdninger, valg og integritet helt grunnleggende, noe som også bør nedfelle seg i kirkens forhold til samfunnsutviklingen. Disse medlemmer mener kirken bør være en møteplass for forkynning og tro i lokalsamfunnet, der mennesker kan søke indre trygghet i fellesskap med andre. Det innebærer at de som forvalter kirkens lære må forholde seg til nye rammebetingelser og strukturendringer i familie- og samfunnsliv. Kirken må åpne dører og være inkluderende, ikke bygge murer.
Slik kan folkekirken ha et fortsatt fotfeste i befolkningen.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og komiteens medlemmer Norvoll og Ausdal Starrfelt slutter seg i hovedsak til det foregående, men ser at den norske kulturarven og fellesetiske handlinger og verdisyn i stor grad er sammenfallende i og utenfor Den norske kirke.
Disse medlemmer mener av prinsipielle grunner at det er en målsetning å skille stat og kirke. I forbindelse med revisjonen av kirkeloven, lov om gravferd m.m. legger disse medlemmer til grunn at den norske kirke er en statskirke. Disse medlemmer mener det er grunnleggende viktig at kirken kan videreutvikles som en åpen og inkluderende folkekirke. Dette stiller også krav til kirken. Disse medlemmer vil spesielt understreke nødvendigheten av toleranse, vidsyn og respekt. Dette gjelder også i spørsmål knyttet til likestilling mellom kjønnene og ut fra legning.
Endringene i kirkelovgivningen som foreslås kan bidra til å tydeliggjøre kirken og kirkens oppgaver på en sterkere måte. Dette er positivt. Imidlertid er det viktig at lovverket reflekterer at vi lever i et flerreligiøst samfunn. Dette innebærer at handlinger og ansvarsforhold knyttet til utgangen av livet, av respekt for den enkelte, ikke bør desentraliseres.
Komiteens medlemmer Norvoll og Ausdal Starrfelt slutter seg subsidiært til Arbeiderpartiets merknader.
Komiteens medlem representanten Christiansen er enig i at kirken opp gjennom århundrene har spilt en viktig rolle i det norske samfunn, og at kristendommen har hatt stor innflytelse på utviklingen av norsk kultur, litteratur og historie. Men selv om mye av dette har vært et positivt samspill mellom samfunnet og kirken for øvrig, vil dette medlem peke på at kirkens sterke posisjon gjennom tidene også henger sammen med at det ikke eksisterte noe reelt valg for landets innbyggere. Fra midten av 1700-tallet og fremover var konfirmasjonen obligatorisk for å få adgang til håndverkslære, til borgerskap og til andre borgerrettigheter. Riksforsamlingen på Eidsvoll vedtok en form for religionsfrihet, men slik den ble nedfelt skulle den kun gjelde kristne trossamfunn. Først i 1851 ble jødeparagrafen opphevet. Forbudet mot munkeordener i Grunnlovens § 2 ble ikke fjernet før i 1897, og ordene « Jesuiter maa ikke taales » ble stående frem til 1956. Når man lovpriser Den norske kirke for å ha formidlet kristen tro og kulturtradisjon i samfunnet i over 1000 år, så føler dette medlem at man helt ser bort fra at kirkens monopol på åndslivet har vært en hovedgrunn til at den har fått denne sterke stillingen.
Kirken har fremdeles en sterk stilling i deler av samfunnet, men dette medlem vil peke på at samfunnet i stor grad er i endring. Kirken vil ganske sikkert ha en sentral plass i forhold til ulike livsritualer som dåp, konfirmasjon, ekteskap og begravelse også i fremtiden, men det er et spørsmål om ikke dette i større og større grad blir knyttet opp mot tradisjon og ikke mot religiøs tro.
Den norske kirke har hatt store fordeler av å være en statskirke. På den måten har den hele tiden vært sikret økonomisk, og ikke vært avhengig av sine medlemmers vilje til å bidra. I et samfunn hvor folk etterhvert har forandret sine holdninger og sin atferd, og har blitt mer sekulært og distansert fra kirken, har statusen som statsinstitusjon hatt stor betydning for kirkens muligheter ikke minst økonomisk.
Dette medlem vil vise til sitt prinsipielle syn om å skille stat og kirke, og i den forbindelse til behandlingen av Dok.nr.8:72 (1994-1995). Et skille ville tydeliggjøre forskjellen mellom kirke og politikk. I tillegg mener dette medlem de mange trossamfunn utenfor kirken peker i retning av at man ikke bør ha en kirke i en monopolstilling, men at myndighetene bør forholde seg til de ulike tros- og livssynssamfunn på samme måten.
Dette medlem konstaterer at kirken til nå har foretrukket å opprettholde sin særstilling fremfor å hegne om sin egen selvstendighet og integritet. Kirken fremstår i flere sammenhenger som et politisk redskap for staten, som et ledd i det staten ønsker skal være en religiøs verferd for hele folket - uttrykt bl.a. gjennom begrepet folkekirke. Dette ble særlig manifestert gjennom St.meld. nr. 40 (1980-1981) hvor kirken beskrives som folkets, og ikke lenger som skriftens eller menighetens tjener. Meldingen har som utgangspunkt at kirken som folkets tjener, må være styrt av staten, fordi det er staten som best vet hva folks behov er - en oppfatning som er helt i tråd med den sosialdemokratiske tenkemåten.
Dr. theol Birger Løvlie sammenligner i sin doktorgradsavhandling om utviklingen i forholdet mellom stat, kirke og folk i perioden 1945-1984 ovennevnte stortingsmelding med Vidkun Quislings regulativ til kirken i begynnelsen av krigen. I avisen Vårt Land i desember 1995 sier Løvlie bl.a:
« Stortingsmeldingen signaliserer klinkende klart, som Quisling også gjorde, at kirken må lære seg å innordne seg den nye tid og det nye samfunnet. Samtidig advarer den kirken sterkt mot å bli for samfunnskritisk eller å bli kritisk mot staten i vanskelige politiske saker. » |
Dette medlem har merket seg signaler som peker i samme retning. Et eksempel i så måte er biskop Aarflot, når han i februar i år tok til orde for et skille mellom kirke og stat ut fra den oppfatning at kirken hverken kan eller må tilpasse seg en generell politisk kirkeforståelse. En del andre biskoper har til dels uttalt seg i samme retning, og hevdet det syn at kirken - da fremdeles som statskirke - bør få full frihet på alle områder. De synes imidlertid ikke å være innstilt på å stille noen eksplisitte krav de kan sette makt bak. Trolig oppfattes statskirkestatusen som en for trygg havn til at den er verdt å forlate for prinsippenes skyld.
Begrepet folkekirke er bredt akseptert og ingen ser ut til å tore å ta en debatt om hva det reelle innholdet i begrepet er, og hva det i bunn og grunn betyr for kirken. Gjennom 80-tallet og frem til i dag har kirken selv langt på vei akseptert sin tildelte rolle i det norske sosialdemokratiet. Særlig nedover blant kirkens ansatte, har man gått inn for denne rollen med liv og lyst. Kirken engasjerer seg ikke kun i det rent religiøse, men bruker sin tyngde og autoritet på å gi veiledning om solidaritet, miljø, u-hjelp, trafikk og innvandring. Dette medlem mener det er grunn til å spørre seg hvorfor vi har en kirke, dersom den skal være en institusjon som gjør det politikerne forventer av den.
Dette medlem mener det er åpenbart at flertallet av Den norske kirke regner fordelene ved fortsatt å være en statskirke som for store til at et skille virker fristende. Dette medlem vil derfor i sine forslag basere seg på at kirken selv velger statstilknytningen, og mener den da også må akseptere å bli underlagt lover og regler som gjelder for andre statsinstitusjoner. Videre må bevilgningene til kirken vurderes i en helhetlig budsjettmessig sammenheng. Kirken kan ikke forvente eller forlange å stå i noen særstilling. Dette medlem ser for øvrig ingen grunn til å dissentere på hvordan den lokale kirke skal organiseres, men vil slutte seg til hovedintensjonene i proposisjonen.
Den lokale kyrkja si ordning
Komiteen tek til etterretning at arbeidet med endringar i ordninga for den lokale kyrkje har vore ein omfattande og krevjande prosess. Kyrkjelovutvalet som var nedsett i 1982 la fram si innstilling i 1989 ( NOU 1989:7 Den lokale kyrkja si ordning). Komiteen er klar over at når oppfølginga av kyrkjelovutvalet si innstilling har teke så lang tid, skuldast dette at forslaga frå utvalet om dei økonomiske tilhøva mellom kommune og sokn gjorde det naudsynt å vente på Stortinget si handsaming av ny kommunelov. Det var òg naudsynt med ei nærare kartleggjing av det noverande samarbeidet mellom kommune og sokn.
På grunnlag av denne handsaminga og ei omfattande høyring til Kyrkjelovutvalet si innstilling som vart gjennomført i 1990-91, la departementet fram eit høyringsnotat om « Den lokale kirkes ordning ». Høyringsnotatet foreslo å forenkle dei kyrkjelege lover og å oppheve i alt 14 særlover som angår Den norske kyrkja.
Komiteen minner om at det har vore Stortinget si meining at den vidare utforming av kyrkja sine ordningar skulle finne stad i eit samarbeid og i forståing med dei kyrkjelege organ.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti har merka seg at Kyrkjemøtet i 1994 uttala seg om høyringsnotatet og sammenfatta sine synspunkt slik:
« Den styringsstruktur, de organer og de formål som er foreslått i utkastet samsvarer langt på vei med de ønsker kirkelige organer har gitt uttrykk for. Selve ordningene vil på en langt bedre måte enn dagens ordninger kunne bidra til at kirkens mangeartede oppgaver kan bli ivaretatt på en tilfredsstillende måte. Hovedinnvendingen overfor forslaget er etter Kirkemøtets oppfatning finansieringsgrunnlaget for gjennomføringen av reformene på lokalt plan. Ordningen vil ikke kunne fungere etter sin hensikt dersom ikke det offentlige bidrar med nødvendige midler. De lokalkirkelige organer må styrkes for å kunne videreutvikle sin aktivitet i forhold til lokalsamfunn og menighet, slik Stortinget selv har forutsatt. » |
Desse medlemene viser til at Kyrkjemøtet er etablert som det øvste representative organ for Den norske kyrkja, og at synspunktene deira difor må ha særleg vekt.
Desse medlemene vil i den samanhang syne til dei årlege budsjetthandsamingane.
Mål for kyrkja si verksemd
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, legg vekt på at ordningane i kyrkja skal tene kyrkja si oppgåve og verksemd.
Fleirtalet er samd med departementet i at eit overordna mål for lovendringane er å leggje eit lovmessig grunnlag for utvikling og fornying av kyrkjelydane sitt liv og øvrige verksemd.
Fleirtalet har vidare merka seg at oppsluttinga om kyrkja er stor. Forskingsrapporten « Kirkelig selvangivelse » frå Stiftelsen Kirkeforskning (januar 1996) syner at annankvar nordmann går til gudsteneste i kyrkja ein eller fleire gongar kvart år. Kyrkja spelar vidare ei viktig rolle i samband med høgtider og livsritual som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd.
Fleirtalet legg vekt på at kyrkja m.a. skal vere ein møtestad for eksistensielle og åndelege lengslar, men også ei ramme og kjelde for gjenkjenning og livstolking. Kyrkja skal møte einsame og etterlatne, menneske i sorg og fortviling, men også menneske i glede og takksemd. Det er ei stor oppgåve for kyrkja å forkynne livsvon og glede. Samstundes er kyrkja ein stad for gudsteneste, trudomsfellesskap og tilbeding. Kyrkja skal vere ei røyst inn i si samtid, synleg og utfordrande, med omsorg og rettleiing for den einskilde og for institusjonar i samfunnet. Kyrkja skal vere ei vedkjennande, misjonerande og diakonal folkekyrkje. Det er ei stor utfordring for kyrkja å forvalte kristen tru og etikk på ein måte som gjer at det kristne verdigrunnlaget framleis utfordrar og er til stades i familie- og samfunnsliv.
Fleirtalet uttala seg i B.innst.S.nr.12 (1994-1995) om sine forventningar til ny kyrkjelov:
« Fleirtalet har merka seg departementet sine intensjonar om å leggja fram for Stortinget forslag til ny kyrkjelov i 1995. Fleirtalet vurderer ei ny kyrkjeleg lovgjeving som viktig for kyrkja sin situasjon i eit nytt årtusen. I arbeidet med lova må det vere eit overordna mål å organisere styringsansvar og forholdet til kommuneforvaltninga på ein måte som gjer Den norske kyrkja synleg og sentral i folk sin kvardag i lokalsamfunnet. » |
Fleirtalet viser til desse merknadene og legg desse til grunn for revisjonen av den lokale kyrkja si ordning. Fleirtalet meiner likevel at det ikkje er nok berre å etablere funksjonsdyktige organ og ordningar for å nå desse måla. Fleirtalet vil òg streke under at det er særs viktig å styrke verksemda lokalt i sokna.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og komiteens medlemmer Norvoll og Ausdal Starrfelt viser til sin generelle merknad foran.
Komiteens medlem representanten Christiansen mener prinsipielt at kirken selv bør fastsette sine kirkelige mål. Ikke minst synes dette medlem at det blir noe paradoksalt dersom kirkens mål i stor grad skal drøftes og vedtas av et Storting hvor deler av medlemmene ikke tilhører Den norske kirke. Dette medlem vil peke på at det er i kirkens egen interesse å innrette seg slik at flest mulig av dens medlemmer finner seg til rette i kirken.
Dette medlem ønsker ikke å gå inn i noen drøfting om kirkelige mål. Med dagens statskirke mener dette medlem Stortinget bør konsentrere seg om å beskytte tros- og livssynsfrihet ved å sørge for å fjerne særfordeler som gjør at et trossamfunn gis andre rettigheter enn andre. Videre bør Stortinget sørge for at kirken, så lenge den selv velger å være en offentlig institusjon, forholder seg til de lover og regler som gjelder for offentlige institusjoner generelt.
Ny kyrkjeleg lovgjeving
Komiteen syner til at framlegget til ny lov inneber ei forenkling av den kyrkjelege lovgjevinga. Komiteen er samd med departementet og Kyrkjemøtet når dei peikar på at forenklinga i lovverket som har funne stad i statsforvaltninga dei siste åra, også bør gjennomførast på det kyrkjelege området. Komiteen finn at nyare styringsprinsipp i statsforvaltninga fell saman med ønskjet om eit auka kyrkjeleg sjølvstyre med grunnlag i auka deltaking, demokratisering og vidareutvikling av folkekyrkja innafor ei statskyrkjeordning.
På denne bakgrunnen er komiteen samd i at det kyrkjelege lovverket blir forenkla og dei kyrkjelege lovene samla i ei eiga lov for Den norske kyrkja. Av dette følgjer at ein opphevar 13 lover gjevne i perioden 1857 til 1985. Kyrkjemøtet får etter dette i stor grad mynde til å gjere vedtak på ei rekkje viktige område i den kyrkjelege forvaltninga.
Komiteen er samd i at dei spørsmåla som gjeld kyrkjegardar, gravferd og kremasjon vert handsama i ei eiga lov.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti støtter desentralisering av beslutningsmyndighet til kirkens organer på de vesentlige områder, bortsett fra ansvarsforhold knyttet til gravlunder, gravferd m.m. Dette innebærer bl.a. at arbeidsgiveransvaret for stillinger knyttet til dette skal være et kommunalt ansvar. Det vises for øvrig til egne merknader til lov om gravplasser m.m.
Komiteens medlem representanten Christiansen vil understreke at de påfølgende merknader til den nye kirkeloven og de forslag dette medlem vil fremme er basert på statskirkeordningen. Av denne grunn vil også dette medlem slutte seg til en del av de forslag til regulering av kirken som ligger i loven, men understreke at mange av disse støttes fordi dette medlem mener statskirken må betraktes som en offentlig institusjon på linje med andre slike institusjoner.
2.2.2 Kyrkjeleg medlemskap
Komiteen har merka seg at lovframlegget fører vidare prinsippa frå den gamle lovgjevinga om kyrkjeleg medlemskap. Komiteen syner til at ein vert medlem i Den norske kyrkja gjennom dåpen, og at born vert å høyre inn under Den norske kyrkja frå fødselen av dersom foreldra er gifte eller sambuande og ein av dei er medlem. Innmelding og utmelding av kyrkja kan skje ved personleg frammøte til kyrkjebokføraren, men utmelding kan òg skje skriftleg.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, er nøgd med at desse prinsippa blir førte vidare i den nye lova.
Fleirtalet er kjend med at i lov om trudomssamfunn legg ein opp til at foreldra sjølve avgjer kva trudomssamfunn barnet skal vera medlem av dersom båe står utanfor Den norske kyrkja. Fleirtalet meiner born bør høyre til same trudomssamfunn som foreldra. Fleirtalet er samd i at når minst ein av foreldra høyrer heime i Den norske kyrkja, og foreldra ikkje avgjer noko anna, så skal barnet høyre inn under Den norske kyrkja.
Fleirtalet meiner det ikkje bør gjerast skilnad på born av gifte og sambuande foreldre i kyrkjelova med omsyn til medlemskap og tilhøyrigheit og gjer framlegg til endring i § 3, jf. nedanfor.
Komiteen vil peike på at det kyrkjelege medlemsregisteret og manntalet vil vera operativt frå 1. juli 1997. Komiteen vil minne om at det har vore ei prioritert oppgåve å få laga eit slikt sentralt medlemsregister for Den norske kyrkja. Då eit slikt medlemsregister vil vera konsesjonspliktig etter personregisterlova om ikkje opprettinga av eit slikt register følgjer av lov, meiner komiteen at opprettinga av registeret bør skrivast inn i lova. Komiteen føreset at departementet gir nærare reglar for oppretting og bruk av det kyrkjelege medlemsregisteret. Komiteen gjer på denne bakgrunn framlegg om eit tillegg i § 3, jf. nedanfor.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og komiteens medlemmer Norvoll og Ausdal Starrfelt mener at medlemskap i et kirkesamfunn skal være utløst av en aktiv handling knyttet til kirken. Disse medlemmer viser til at norsk praksis, der tilhørighet følger av foreldres tilknytning til statskirken, skiller seg klart fra bl.a. Sverige og Danmark. Disse medlemmer mener at lovverket bør endres slik at barnet får tilhørighet til Den norske kirke ved at foreldre melder fra til kirkebokføreren på bostedet. Disse medlemmer er enig i at aldersgrensen for utmelding fortsatt bør være 15 år og at utmelding utløses av en aktiv handling.
Komiteens medlem representanten Christiansen mener det er en grunnleggende rettighet fritt å kunne velge sin religiøse tilhørighet. Dette medlem anser det for å være i konflikt med tros- og religionsfriheten at man kan regnes som å høre inn under Den norske kirke uten at det aktivt er uttrykt ønske om dette. Komiteens reise til Danmark og Sverige i februar 1996 har også vist at dette er en annen praksis enn den som følges i disse landene.
Dette medlem er ikke uenig i at det kan være naturlig at barn hører til samme trossamfunn som foreldrene, men vil understreke at må være opp til foreldrene å ta en slik beslutning. Dette medlem mener det er å stille saken på hodet når loven foreslår at barnet automatisk skal høre inn under Den norske kirke fra fødselen av dersom en av foreldrene hører til kirken, med mindre foreldrene melder fra om noe annet. Det naturlige vil være den motsatte innfallsvinkel, nemlig at slik tilhørighet fordrer en aktiv handling fra foreldrenes side. Dette medlem har merket seg at dette syn også deles av Norges Frikirkeråd og Norges Kristne råd. Dette medlem tillater seg også å stille spørsmål om hvor mange foreldre som er klar over hvilke automatiske regler som gjelder for registrering av deres barn, og hvor mange som av den grunn unnlater å melde fra om at barnet ikke skal høre inn under Den norske kirke.
Dette medlem mener medlemskap i kirken bør være knyttet til dåpen, og at barn dersom foreldrene aktivt melder fra om det, kan anses som å høre inn under Den norske kirke frem til det døpes eller til det selv, etter fylte 15 år, melder fra om at det ikke ønsker slik tilhørighet.
Dette medlem vil videre peke på at barn, når det har fylt 15 år, selv kan velge sin religiøse tilhørighet. Når det gjelder barn som anses å høre inn under Den norske kirke selv om de ikke er døpt, varer tilhørigheten iflg. lovforslaget frem til det er 18 år med mindre det selv gir beskjed om noe annet. Dette medlem mener det er naturlig at man også ved sletting av tilhørighet benytter alderen 15 år dersom vedkommende ikke ved aktiv handling uttrykker ønske om noe annet. Dette medlem har merket seg departementets syn, men vil påpeke at Den norske kirke selvsagt står fritt til å informere vedkommende om muligheten til å bli fullt medlem av kirken ved å la seg døpe i forbindelse med barnets 15-års dag.
Når det gjelder utmelding av Den norske kirke er dette medlem kjent med at det fra kirkens hold kan kreves fremlagt dåpsattest for at man skal få lov til å melde seg ut dersom man ikke lenger tilhører samme sogn som man er døpt i. Dette medlem kjenner ikke til at det for utmeldelse i noen annen organisasjon kreves at man fremlegger innmeldingsblanketten for å få lov til å melde seg ut, og ser på dette som et krav som kan vanskeliggjøre utmeldelser. Dette medlem har merket seg departementets argumentasjon om at slik dokumentasjon er nødvendig for å sikre at innføringen i kirkebøkene er korrekte, men deler ikke departementets syn på dette. Imidlertid vil dette medlem understreke at denne begrunnelsen uansett ikke lenger har gyldighet når arbeidet med opprettelse av det kirkelige manntall er fullført i 1997. Dette medlem ser derfor ingen grunn til at kravet til fremleggelse av dåpsattest opprettholdes i den nye loven, og ber departementet legge dette til grunn under utarbeidelsen av regler om fremgangsmåten ved innmelding og utmelding i henhold til § 3 nr. 8. Dette medlem tviler i tillegg på at et slikt krav kan stilles for sletting fra dette nye registeret dersom man skal forholde seg til de regler for dataregistre som gjelder ellers i samfunnet.
2.2.3 Soknet si stilling
Komiteen er samd med departmentet i at det er trong for å klargjere soknet si rettslege stilling i høve til kommunane. Komiteen sluttar seg til framlegget om å endre reglane i kyrkjelova av 1897 slik at sokna får rettsleg sjølvstende i høve til kommunane. Komiteen vil i denne samanhengen leggja vekt på at dette er i samsvar med dei retningslinene for utviklinga i kyrkjeordninga vår som Innst.S.nr.265 (1980-1981) trekte opp, og at det gjennom dette skjer ei klargjering når det gjeld tilhøvet mellom soknerådet og kommunestyret si mynde til å opptre på vegner av soknet.
Komiteen har merka seg at departementet, med tilslutnad frå Kyrkjemøtet, legg opp til at den lokale kyrkja skal vera administrativt sjølvstendig i høve til kommunen.
Komiteen er samd i at både omsynet til prinsippa om auka kyrkjeleg sjølvstende og omsynet til ei effektiv og god lokal kyrkjeforvaltning, tilseier at kyrkja bør få ei sjølvstendig stilling i høve til kommunane når det gjeld administrasjon. På dette grunnlaget bør likevel samarbeidet mellom soknet og kommunen halde fram, m.a. gjennom kjøp av kommunale tenester. Komiteen meiner at lova her opnar for naudsynt fleksibilitet og vidareføring av praktiske og tenlege lokale løysingar.
Komiteen har merka seg framlegget om å etablere eit kyrkjeleg fellesråd i kvar kommune med fleire sokn. Delinga av ansvar mellom sokneråd og det kyrkjelege fellesråd er imidlertid noko anna enn i Kyrkjelovutvalet si innstilling ( NOU 1989:7 ). Fellesrådet skal ha oppgåver innan forvaltning for sokneråda, drift av bygg, anlegg, kontor og administrasjon, og arbeidsgjevaransvar for tilsette lønna over budsjettet til fellesrådet. Sokneråda vil framleis ha ansvaret for tiltak og det kristelege livet i soknet. Komiteen sluttar seg til at det vert oppretta kyrkjelege fellesråd i kommunar med fleire sokneråd, og til den arbeidsdelinga som er skissert i høve til sokneråda.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, er samd i at det er trong for ein dagleg leiar av den kyrkjelege administrasjonen knytta til fellesrådet i kvar kommune, jf. § 13.
Fleirtalet er samd i at det nære samvirket mellom lokalsamfunn og kyrkje må halde fram gjennom at kommunen har eit ansvar for kyrkja lokalt. Fleirtalet er vidare samd i delinga av økonomisk ansvar mellom kommune og stat som lovframlegget legg opp til.
Fleirtalet har merka seg til at det er store skilnader mellom kommunane når det gjeld løyvingar og investeringar til kyrkjelege føremål. Fleirtalet meiner det er viktig å gi eit kyrkjeleg tenestetilbod til folket som dekkjer dei behova som er til stades, og minner om at dette var eit hovudpoeng i Kyrkjelovutvalet si innstilling. Fleirtalet meiner vidare at staten har eit ansvar for å sikre eit rimeleg tilbod over heile landet. I eit slikt perspektiv er lova, føresegner og budsjettløyvingane over statsbudsjettet sentrale verkemiddel. Fleirtalet vil i denne samanhengen seia seg samd i at Kongen kan gi føresegn om pliktene til kommunane etter § 15.
Komiteen vil òg peike på at lovframlegget byggjer på prinsippet om at sokna skal vera økonomisk sjølvstendige i høve til bruken av dei økonomiske midlane som kommunen stiller til rådvelde. I mange kommunar og sokn vil ein oppleve dette som ei stor endring i høve til praksis i dag, medan ein i andre kommunar vil oppleve denne endringa mindre tydeleg der ein har hatt nytte av rammeløyvingar til kyrkjeleg fellesråd. Komiteen meiner dette prinsippet er heilt i samsvar med nyare forvaltningsprinsipp, og sluttar seg til lovframlegget på dette punktet.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, vil minne om kor viktig det er å styrke arbeidet i det einskilde soknet. Skal kyrkja ha ei god lokal tilknyting, må innbyggjarane i soknet oppleve at kyrkja gir eit tilbod dei treng. Difor blir arbeidet og ansvaret til det einskilde soknerådet særs viktig. Soknerådet vil framleis ha ansvar for tiltak i kyrkjeleg regi i soknet, og det skal « vekke og nære det kristelige liv i menigheten » slik det står i § 9. Det inneber mellom anna eit særleg ansvar for undervisning, kyrkjemusikk og diakoni i soknet, men oppgåva vil og vera gudstenesteliv og gudstenestefornying, barne- og ungdomsarbeid. Dette ansvaret gjer soknerådet til eit sentralt strategiorgan for både det kyrkjelege og kristelege liv i soknet. Fleirtalet meiner det vil vera ei viktig utfordring for Den norske kyrkja å inspirere og styrke sokneråda si verksemd for å få ei aktiv og levande kyrkje. I denne samanheng vil personalressursane og økonomien i kyrkja vera særs viktige, slik at dei kan vera med å skape og utløyse friviljug innsats og medarbeidarskap i lokalkyrkjene og lokalsamfunn.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, vil minne om at eit viktig føremål med lova er å setje dei kyrkjelege styringsorgana i stand til å styre. Det krev ein effektiv og godt kvalifisert lokal kyrkjeleg administrasjon. Fleirtalet meiner at den mynda og det ansvaret som lova legg til kyrkjeleg fellesråd, føreset at administrasjonen til fellesrådet blir sett i stand til å utføre oppgåvene i samsvar med den standarden som offentleg forvaltning krev.
Fleirtalet vil leggje vekt på at fellesrådet sitt sekretariat skal kunne vera serviceorientert, og at det blir lagt ein sams standard som kan gi brukarane i kyrkja like tilbod anten dei høyrer til i små eller store kommunar.
Fleirtalet vil peike på at det i alle kommunar over ein viss storleik normalt bør vera full stilling som dagleg leiar for fellesrådet si verksemd. Dette er særleg grunngjeve i at ein skal kunne få ei profesjonell handtering av personalspørsmål, og at ein skal kunne rekruttere kvalifisert personale.
Fleirtalet vil vise til at lova legg opp til ei overføring av administrative oppgåver frå kommunane til kyrkjelege organ. På denne måten vil kommunane få ei mindreutgift, samstundes som dei skal gi ei rammeløyving til dei kyrkjelege organa.
Fleirtalet vil særleg peike på at fellesrådet får auka ansvar innan økonomi, planlegging og arbeidsgjevaransvar/partsansvar. Det er vidare trong for sams standard på informasjonshandsaming og dataløysingar.
Fleirtalet finn grunn til å streka under at det høvet som er gitt til at kommunal tenesteyting kan koma i staden for kommunal løyving til eit føremål, ikkje må brukast på ein slik måte at det kan verte vanskeleg å etablere ein handlekraftig lokal kyrkjeleg administrasjon.
Fleirtalet føreset at departementet følgjer utviklinga nøye og orienterer Stortinget på høveleg tidpunkt, t.d. i budsjettframlegget.
Komiteens medlem representanten Christiansen vil vise til sine merknader nedenfor under punkt 2.2.8 om økonomi og budsjett og ansvarsfordeling mellom kirke og kommune.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen, vil påpeke at lovforslagets § 7 åpner for at menighetsrådet kan vedta å suspendere et medlem dersom det er utferdiget siktelse eller reist tiltale mot vedkommende. Flertallet har merket seg at departementets hensikt har vært å innføre en tilsvarende bestemmelse for menighetsrådene som det i dag finnes i kommuneloven. Flertallet vil imidlertid påpeke at mens kommuneloven setter klare begrensninger for hva slags lovovertredelser vedkommende må være siktet eller tiltalt etter, setter dette lovforslaget ingen slike grenser. Flertallet har merket seg at departementet mener det i kirkelige sammenhenger kan tenkes andre straffbare forhold som ikke er knyttet til offentlig tjeneste som likevel bør føre til suspensjon. Flertallet finner dette lite trolig tatt i betraktning ordlyden i straffelovens § 325 som omfattes av bestemmelsen i kommuneloven. Flertallet ser ingen grunn til at menighetsrådet skal ha videre fullmakter på dette området enn det et kommunestyre har, og vil peke på at en ubegrenset adgang, slik forslaget legger opp til, kan åpne for stor forskjellsbehandling og undergrave rettsvernet til det enkelte menighetsrådsmedlem. Flertallet vil derfor foreslå å endre § 7, jf. nedenfor, slik at dette punktet blir i tråd med bestemmelsene i kommunelovens § 15.
Komiteens medlem representanten Christiansen vil videre understreke at det økonomiske ansvaret kommunen pålegges i henhold til § 15 ikke må kunne tolkes dithen at kirker står i en annen stilling i forhold til brann enn det andre av kommunens bygninger gjør. Dette medlem vil peke på at en rekke kommuner har valgt å være selvassurandører og derfor ikke tegner særskilte brannforsikringer for sine eiendommer. Spesielt i større kommuner kan dette være en økonomisk fornuftig ordning. Dette medlem er uenig med proposisjonens fortolkning av paragrafen som mener at kommunen må inngå en særskilt avtale med kirkelig fellesråd dersom kommunen vedtar å være selvassurandør, og mener praksis slik den har vært til nå skal videreføres. Dette medlem ber departementet legge dette til grunn i forskrifter og fortolkninger av loven. Dette medlem vil understreke at det selvsagt ikke er noe problem om menighetsrådet i en kommune der man har valgt å være selvassurandør ønsker å forsikre sin kirke i tillegg. Ved et slikt ønske må det økonomiske ansvaret for å tegne forsikring tilligge menigheten. Utgiftene til dette kan i en slik situasjon etter dette medlems syn ikke regnes inn under kommunens økonomiske forpliktelser i henhold til § 15. Menighetsrådet må derfor selv finne rom for dette innenfor eget budsjett.
Komiteen har merket seg at avtaler etter § 15 fjerde ledd mellom kirkelig fellesråd og kommune kan føre til at utgifter til kirkelige formål ikke automatisk fremkommer i de kommunale budsjettene, og dermed kan bli utelatt fra beregningsgrunnlaget for kommunale tilskudd til tros- og livssynssamfunn. Komiteen vil peke på viktigheten av at intensjonene som ligger til grunn for de ordninger som er hjemlet i lov om tilskudd til tros- og livssynssamfunn etterfølges. Dersom det inngås avtale av den typen § 15 fjerde ledd åpner for, mener komiteen det må være en selvfølge at det foretas en økonomisk beregning av kostnaden på ytelsen og at denne fremkommer eksplisitt i kommunens budsjett. Komiteen forutsetter at departementet ivaretar dette i arbeidet med forskriftene.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen har videre merket seg påpekningen fra Kommunenes Sentralforbund om at bestemmelsen i § 15 siste ledd er overflødig, i og med at den kun omtaler den adgang kommunale organer allerede har til å invitere berørte instanser til sine møter. Disse medlemmer er enig med KS i at denne bestemmelsen kan føre til misforståelser, og at den derfor bør strykes.
2.2.4 Kyrkjelege stillingar og arbeidstilhøve
Komiteen har merka seg ei viktig endring i framlegget til ny kyrkjelov når det gjeld korleis ein fastset kyrkja sine oppgåver. I dei lover vi har i dag vert oppgåvene fastsett både i profesjonslover som plikter for dei tilsette, og i kyrkjeordningslova som formål for dei kyrkjelege organa. I lovframlegget vert profesjonslovene føreslått oppheva. Dei kyrkjelege organa fastset med bakgrunn i sitt ansvar for undervisning, diakoni, kyrkjemusikk og andre oppgåver, arbeidsoppgåver og plikter for dei tilsette. Og Kyrkjemøtet gjev reglar om særskilte stillingar innan undervisning, diakoni og kyrkjemusikk. Komiteen er samd i dette og meiner dette vil verka klargjerande for fordeling av ansvar og oppgåver lokalt.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, syner til at det er brei semje mellom departementet og Kyrkjemøtet om prinsippa for stillingar i sokna. Båe legg til grunn at dei som arbeider på same arbeidsplass, i størst mogleg grad skal ha same arbeidsgjevar. Fleirtalet vil peike på at når ansvaret for verksemd og arbeidsgjevaransvar ligg til same organ og slik haldast saman, er det lagt gode føresetnader for ryddige ordningar og løysingar av praktiske oppgåver. Fleirtalet legg dessutan - slik Kyrkjas Arbeidsgiverorganisasjon gjer det - stor vekt på at dette òg gir eit godt grunnlag for ein god personalpolitikk. Fleirtalet vil peike på at lovframlegget rydder opp i reglane som gjeld i dag, men det er ikkje noka utviding av ansvaret.
Fleirtalet sluttar seg til framlegget om at kyrkjeleg fellesråd blir det sentrale arbeidsgjevarorganet for tilsette i soknet. Arbeidsgjevaransvaret for kateketar og soknediakonar bør òg takast i vare av det kyrkjelege fellesrådet. Fleirtalet meiner at det er staten sitt ansvar å føre vidare tilskotsordningar til undervisning og diakoniteneste.
Fleirtalet rekner med at arbeidsgjevaransvaret vert overført etter kvart som stillingane vert ledige, eller at departementet i samråd med partane, finn fram til andre tenlege ordningar.
Fleirtalet føreset også at alle kyrkjelege arbeidstakarar som får ny arbeidsgjevar etter den nye ordninga, ikkje taper innarbeida rettar i avtaleverket.
Fleirtalet syner til at mange har peika på at diakon- og kateketstillingane vert svekka når profesjonslovene for desse stillingskategoriane vert oppheva. Det same vert hevda av di tilsettingmynd vert overførd frå bispedømmeråda til kyrkjeleg fellesråd. Fleirtalet er ikkje samd i at desse tenestene med dette vert svekka.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti har merka seg at prestane framleis skal tilsetjast av bispedømmeråda. Dette bryt med prinsippet om at dei som arbeider på same arbeidsplass bør ha same arbeidsgjevar. Med bakgrunn i at prestestillingane framleis vil vera eit statleg ansvar, finn desse medlemene imidlertid ikkje å ville gjere framlegg om dette i denne omgang.
Desse medlemene har merka seg at når ein no opphever profesjonslovene, får Kyrkjemøtet mynde til å fastsetje tenesteordningar for særskilte stillingar innan undervisning, diakoni og kyrkjemusikk. Desse medlemene meiner dette er ei tilfredsstillande løysing for både profesjonane og dei kyrkjelege organa.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, viser til at kyrkjelege fellesråd i kommunane gjer det naudsynt å ha ein dagleg leiar av den kyrkjelege administrasjonen og at kommunane må dekkje utgiftene til denne stillinga. Fleirtalet går difor inn for å lovfeste dette i lova i § 15 bokstav c, jf. nedanfor.
Komiteen er samd i at stillingane som kyrkjetenar, klokkar og organist/kantor blir lovfesta.
Komiteen har merka seg synspunkta i komiteen si høyring kor fleire har peika på at lovframlegget ikkje tek nok omsyn til dei tilsette sin medråderett. Komiteen meiner det er viktig at desse rettane blir tekne vare på, og at lova får ei utforming som er analog med kommunelova. Komiteen vil vise til framlegget frå Kyrkjemøtet 1994 til § 35 og gjer framlegg om å utvide og presisere § 35. Vidare vil komiteen føreslå eit tillegg i § 14 tredje ledd, jf. nedanfor.
Komiteen er også oppteken av å sikre tilsette i kyrkje og på kyrkjegard trygge tilsettingsforhold innanfor lov- og avtaleverket for partane i arbeidslivet. Flytting av arbeidsgjevaransvar må ikkje føre til forverra eller endra arbeidsvilkår eller endra kvalifikasjonskrav, tenesteordning og kriterium for tilsetting. Komiteen syner her elles til sine kommentarar i gravferdslova.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, er kjent med at mange tillitsvalde gjer ein stor innsats i kyrkja. Utan denne innsatsen ville mykje av verksemda i kyrkja liggje nede. Som andre demokratiske organisasjonar krev òg den norske folkekyrkjemodellen at tillitsvalde får arbeidstilhøve som gjer det mogleg å gjera eit godt arbeid. Fleirtalet meiner dette òg må gjelde økonomisk godtgjersle for arbeidet.
Fleirtalet er særleg oppteke av at ein vel løysingar som gjer at tilsettingsforholdet ikkje vert endra i dei kommunane der arbeidet i praksis gjennom mange år har vore utført av personar i eit kommunalt tilsettingsforhold, og der rekruttering og tilsetting har funne stad t.d. med bakgrunn i at dette er kommunale arbeidsplassar, slik situasjonen t.d. har vore i Oslo.
Med kommunalt tilsettingsforhold meiner ein at kommunen har fatta tilsettingsvedtak.
Fleirtalet føreset at overføring av arbeidsgjevaransvaret for desse stillingane berre kan skje dersom kommunen gjev si tilslutting. Fleirtalet meiner vidare det er naudsynt med ein fleksibilitet som sikrar praktiske løysingar i små kommunar, der tilsette utfører arbeidsoppgåver for både kyrkje og kommune.
Fleirtalet er også oppteken av å sikra tilsette i kyrkje og på kyrkjegard trygge tilsettingsforhold innafor lov- og avtaleverket for partane i arbeidslivet. Flytting av arbeidsgjevaransvar må ikkje føre til forverra arbeidsvilkår eller endra kvalifikasjonskrav, tenesteordning og kriterium for tilsetjing.
Fleirtalet meiner dei premissar og prinsipp som her er nemnde, er tekne i vare innafor det framlagde lovforslaget. Fleirtalet vil imidlertid følgje utviklinga nøye med tanke på arbeidstakarane sine arbeidsrettslege forhold.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti støtter en rekke av lovendringene knyttet til kirkelige stillinger og de vurderinger som blir gjort ovenfor. Dette medlem viser til sine merknader til lov om gravferd m.m. der det blir foreslått at kommunene fortsatt skal ha ansvar for gravlunder, gravferd m.m. Dette innebærer også at ansettelsesansvaret for gravere o.a. forblir kommunalt. Det vises også til forslag om at kirkelige stillinger skal underlegges lov om likestilling.
Dette medlem viser til at fellesrådet i framtiden skal ha arbeidsgiveransvaret for stillinger i kirken. Dette medlem mener at følgende må legges til grunn for omlegging av arbeidsgiveransvaret:
- | Bestemmelsene om medbestemmelse for kirkelig ansatte må styrkes. |
- | Fellesrådets arbeidsgiveransvar må ikke splittes opp ved delegasjonsmulighet til det enkelte menighetsråd. |
- | Avtaleverket for kommunal sektor må også ligge til grunn for lønnede kirkelige stillinger, slik at det ikke skjer endringer i avtalefestede rettigheter og plikter i forholdet mellom arbeidsgiver og arbeidstaker. |
Komiteens medlem representanten Christiansen synes det er greit at ansvaret for en del kirkelige stillinger flyttes fra staten til kirken lokalt. Dette medlem har ingen merknader til dette. Videre har dette medlem heller ingen motforestillinger mot at fellesrådet i fremtiden skal ha arbeidsgiveransvaret for kirkelige stillinger, men vil for øvrig vise til at dette medlem mener forvaltningsansvaret for gravlunder, krematorier m.m. og således også arbeidsgiveransvaret for de ansatte her iflg. loven bør tilligge kommunen.
2.2.5 Kyrkjene
Komiteen er samd i at forvaltningsansvaret for kyrkjene skal leggjast til dei kyrkjelege fellesråda.
Komiteen vil vise til at det er mange gamle og verneverdige kyrkjer i landet vårt. Samstundes har det vore bygd få nye kyrkjer dei siste tiåra, noko som har ført til at det ikkje har vore kyrkjebygg i alle sokn. Dei nye kyrkjene som er bygde dei siste åra har i hovudsak vore gjenoppbygging av kyrkjer øydelagde av brann.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høyre og Kristeleg Folkeparti, har merka seg at lovframlegget dimensjonerer nye kyrkjebygg til minst 200 og ikkje over 500 sitteplassar. Fleirtalet har vidare merka seg at departementet kan gjera unntak frå dette, og fleirtalet meiner at departementet må nytte sitt skjønn på ein måte som gjer at nye kyrkjer vert bygde ut frå lokale behov.
Fleirtalet er kjend med at Kyrkjelovutvalet føreslo ei statleg tilskotsordning for nye kyrkjebygg for å få bygd nye kyrkjer. Kyrkjemøtet støtta dette framlegget frå Kyrkjelovutvalet. Fleirtalet ser det som naturleg at kommunane framleis har eit ansvar for å dekkje utgiftene til nye kyrkjebygg, men fleirtalet vil i samband med budsjetthandsamingane vurdere om det er mogleg å gi statlege tilskot til nye kyrkjebygg.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen ser ingen grunn til at størrelsen på kirker skal lovfestes, men mener dette må vurderes i hvert enkelt tilfelle. I utgangspunktet bør finansiering av nye kirker og vedlikehold/restaurering av kirker være kirkens eget ansvar og finansieres gjennom en kirkeskatt. Så lenge dagens finansieringsordning opprettholdes må størrelsen på kirken bestemmes av menighetsrådet/fellesrådet og kommunen i fellesskap.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, meiner ein ikkje skal krevje betaling når ein nytter kyrkja til gudsteneste og kyrkjelege handlingar som ein utfører i samband med ei gudsteneste. Reglane i dag er at ein kan krevje betaling for kyrkjelege handlingar når desse ikkje finn stad i samband med ei gudsteneste. Fleirtalet meiner at alle medlemer i soknet skal kunne nytte kyrkja til kyrkjelege handlingar utan at dei treng å betale for det. Dette gjeld særleg gravferd, vigslar og dåp.
Komiteens medlem representanten Christiansen mener det må være mulig å ta betaling for kirkelige handlinger så lenge kirken finansieres gjennom direkte overføringer fra stat og kommune. Ved en overgang til kirkeskatt vil man derimot kunne hevde at betaling av en slik medlemsavgift skal gi medlemmene rett til disse tjenestene. Så lenge dagens finansieringsordning opprettholdes vil dette medlem støtte departementets forslag til § 20.
Dette medlem velger å ikke reise noen prinsipiell diskusjon om eiendomsrett til kirkene så lenge vi har en statskirkeordning. Dette medlem vil imidlertid påpeke at noen kirker er reist for midler som allmennheten har vært med på å betale, uavhengig av om alle var medlem av Den norske kirke, mens andre igjen er bygget før den tid det var lov å ikke være medlem. Dette medlem vil presisere at et fremtidig skille mellom kirke og stat vil måtte medføre en nøye gjennomgang av den totale eiendomsmassen som kirken i dag disponerer.
Dette medlem mener kirker som ikke lenger er i bruk, må kunne avvigsles og avhendes eller leies ut. Midler som skaffes til veie på en slik måte, bør kunne disponeres til kirkelige nybygg eller til oppgradering av kirkelige bygninger. Dette medlem vil peke på at bygging av kirker finansieres av kommunene, og at det derfor er naturlig at godkjenning av avhending eller utleie kan gis av kommunen. Dette medlem ser ingen grunn til at departementet skal ha noen avgjørende myndighet i slike spørsmål. Midler som skaffes til veie i form av salgsinntekter skal ikke kunne brukes til drift, men til investering i tråd med de bestemmelser som i dag gjelder generelt for kommunene.
2.2.6 Regionale og sentrale kyrkjelege organ
Komiteen har merka seg at lovframlegget gjer bispedømmemøtet til eit friviljug møte, og at Kyrkjemøtet får fullmakt til å vedta reglar for val av leke medlemer av bispedømmerådet. Komiteen stør eit slikt framlegg.
Komiteen har òg merka seg ønskjet om å ha samiske representantar i bidspedømmeråda for dei tre nordlegaste bispedømma (Nidaros, Sør-Hålogaland og Nord-Hålogaland). Dei omfattar det nordsamiske, lulesamiske og sørsamiske språkområdet. Mellom anna har Samisk Kyrkjeråd kome med eit slikt ønskje. Komiteen ber departementet i samråd med Den norske kyrkja om å vurdere å føre attende administrasjonen av Samisk Kyrkjeråd til Nord-Hålogaland bispedømme.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, ser at det er fordelar for kyrkja sitt arbeid mellom samane at dei er representerte i bispedømmeråda, og fleirtalet vil føreslå at dei tre nordlegaste bispedømmeråda vert utvida med eitt samisk medlem. § 23 vert å endra i tråd med dette, jf. nedanfor.
Komiteens medlem representanten Christiansen mener det må være opp til kirken selv å vurdere om man skal etterkomme dette ønsket fra samene. Dersom kirken ønsker å følge dette opp, kan en representant for denne gruppen oppnevnes som en av de fire leke medlemmene som skal oppnevnes etter § 23, 1 d). Dette medlem støtter således forslaget fra departementet.
Komiteen ser det òg som naturleg å leggje til rette for at leiar av Mellomkyrkjeleg Råd og Samisk Kyrkjeråd kan få bli medlem av Kyrkjemøtet dersom Kyrkjemøtet sjølv ønskjer det. Komiteen gjer framlegg om å endre § 24 slik at talet på valde medlemer utanom bidspedømmeråda blir utvida frå 3 til 5.
Komiteen viser til at lovreglane for stiftsdireksjonen blir oppheva. Oppgåvene til stiftsdireksjonen blir overførde dels til biskop, dels til bispedømmeråd. Dette krev i samband med lovrevisjonen, jf. lov om kyrkjegardar, kremasjon og gravferd og lov om Opplysningsvesenets fond, at bispedømma blir styrkte med ei stilling med ansvar innan eigedom, bygg og anlegg. Komiteen meiner også at Kyrkjerådet må få ei ny stilling av omsyn til dei felleskyrkjelege oppgåver som følgjer av denne reforma, og dei andre oppgåvene innan same område som fylgjer av det endra mandat for Kyrkjemøtet. Komiteen føreset at departementet kjem attende til Stortinget med løyvingar til dette i budsjettet. Komiteen vil òg peike på at fylkesmannen i stiftsbyane mister sekretæroppgåvene knytta til stiftsdireksjonen, og føreset at dette frigjer offentlege midlar som vert førde over til bispedømmeråda.
Komiteen har merka seg at bispedømmeråda ikkje lenger skal tilsette domorganist, men at dette vert overført til kyrkjeleg fellesråd. Komiteen er samd i dette.
Komiteen vil minne om at bispedømmeråda framleis vil ha eit ansvar for kyrkjemusikalsk rådgjeving i bispedømmet. Kyrkjemusikken høyrer til dei sentrale tenestene i ein kyrkjelyd, jf. § 9 annet ledd, § 15 bokstav b og annet ledd, samt § 24 bokstav b.
Komiteen finn ikkje at det er trong for særskilde stillingar i administrasjonen i bispedømmeråda til dette, men at bispedømmerådet kan kjøpe tenester ved til dømes domkyrkjene for naudsynt rådgjeving.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti ber departementet ta omsyn til dette i framlegg til løyvingar i statsbudsjettet for bispedømmeråda.
Komiteens sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, vil peike på dei religiøse tradisjonar og kyrkjehistoriske hendingar som er knytte til Domkyrkja og Nidaros med Erkebispegarden. Desse tradisjonar og hendingar gjer Nidaros til ein sentral møteplass i kyrkje-Noreg, og gir viktige impulsar til sjølvforståinga i Den norske kyrkja. Etter gjenreisinga av Erkebispegarden vil Nidaros ha betre føresetnader for å vera ramme for kyrkjeleg verksemd. Fleirtalet vil be departementet i samråd med Den norske kyrkja vurdere korleis tradisjonen knytta til Nidaros også kan speglast i form av til dømes plassering av sentrale kyrkjelege organ og møteverksemd i Trondheim.
Fleirtalet er kjent med at fleirtalet i Agder bispedømmemøte har bede om ei deling av Agder bispedømme. Også dei gjeldande fylkeskommunar har uttala seg positivt om ei slik deling. Fleirtalet vil be departementet og Kyrkjemøtet utgreie ei slik deling av Agder bispedømme.
Komiteens medlem representanten Christiansen ønsker ikke å stille seg bak signaler om å flytte kirkelige organer til Trondheim. Dette medlem ser dette i første rekke som et spørsmål kirken selv må vurdere om skal reises, og er selvsagt villig til å vurdere spørsmålet dersom dette fremkommer som et bredt kirkelig ønske. Dette medlem vil også understreke at en slik flytting kan medføre økte utgifter - et politisk signal om at en slik flytting bør finne sted kan fort oppfattes som en politisk binding til å dekke slike ekstrakostnader, noe dette medlem mener er uheldig. Dette medlem har også merket seg at enkelte ser ut til å ønske en etablering av et erkebiskopsete. Dette medlem ser ingen grunn til å gjeninnføre en institusjon som eksisterte i Norge i første rekke den gang landet var knyttet opp mot katolisismen og som forsvant for mange hundre år siden.
2.2.7 Kyrkjelege oppgåver
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet vil vise til at det nye skolefaget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering er et rent kunnskapsfag, som stiller større krav til kirken for å sikre alle at foreldre som ønsker det kan få en opplæring gjennom kirken for sine døpte barn. Disse medlemmer mener at det i alle menigheter må legges til rette for et tilbud om dåpsopplæring. Disse medlemmer vil på denne bakgrunn fremme forslag om å be Regjeringen vurdere å komme tilbake til Stortinget med forslag om lovfestet rett til dåpsopplæring. Dette må skje innen eksisterende rammer. Disse medlemmer vil særskilt peke på kateketenes rolle som undervisningsstillinger. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen utrede og vurdere å fremme forslag om lovfestet rett til dåpsopplæring. »
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til sine innleiande merknader der ein slår fast ønskjet om å halde på Den norske kyrkja som ei folkekyrkje. Desse medlemene vil minne om at opplæring av døypte born er ein føresetnad for ei fortsatt folkekyrkje i landet vårt. Utan at den oppveksande slekta får opplæring i den kristne trua og få tilhøyra den kyrkja dei er døypte i, vil banda mellom kyrkje og folk bli radikalt svekka.
Desse medlemene vil peike på Innst.S.nr.265 (1980-1981) der komiteen allereie då uttala:
« Stortingsmeldingen behandler i liten grad behovet for en kirkens dåpsopplæring. På dette område er det etter komiteens mening økt behov for innsats dersom kirken skal kunne ivareta sin oppgave når det gjelder undervisning og opplæring. »
Desse medlemene legg til grunn at ein i handsaminga av lov om grunnskule i 1969 (Innst.O.nr.XIV (1968-1969)) slo fast at kristendomsundervisninga i skulen frå skulen si side ikkje er å sjå på som kyrkja si dåpsopplæring. Dåpsopplæringa er ei oppgåve som kyrkja sjølv må ta ansvaret for. Dette er nyleg gjort tydeleg frå Stortinget si side i den nye læreplanen for kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, jf. Innst.S.nr.103 (1995-1996).
Desse medlemene legg vidare til grunn at frå kyrkja si side høyrer dåp og opplæring saman. Kyrkja har dei siste 10 åra arbeidd målmedvete for å kunne gi døypte born i Den norske kyrkja ei opplæring i kristen tru. I 1991 vedtok Kyrkjemøtet ein « Plan for dåpsopplæring for Den norske kirke ». Innføringa av denne planen i kyrkjelydane har vore hovudsatsingsområdet for kyrkja dei siste 5 åra, og desse medlemene har merka seg at over 40 % av sokna i landet har vedteke ein lokal plan for dåpsopplæring.
Desse medlemene går på denne bakgrunnen inn for å utvide den lovfesta retten til opplæring. Desse medlemene vil utvide retten til konfirmasjonsopplæring til rett til dåps- og konfirmasjonsopplæring. Slik vil ein sikre at alle døypte får rett til eit minimum av opplæring i sin kyrkjelyd. Alle sokn i Den norske kyrkja vil vera i stand til å gi eit slikt minimumstilbod.
Desse medlemene meiner det likevel er trong for å styrke sokna på dette området.
Kyrkja har organisert ei undervisningsteneste med kateketar som hovudansvarlege til å ta seg av opplæringa. Desse medlemene er samd i at det er viktig at denne tenesta blir prioritert, og vil vise til at det i alt er oppretta 127 slike stillingar over statsbudsjettet sidan vi fekk lov om kateketteneste i 1969. Dessutan er ei rekkje stillingar oppretta lokalt. Desse medlemene meiner denne tenesta må prioriterast slik at alle sokn kan ha ein kvalifisert leiar for dåpsopplæringa. Desse medlemene er samd i at ordninga med kateketteneste skal førast vidare ved at staten gir tilskot til undervisningsteneste i kyrkjelydane.
Desse medlemene vil samstundes peike på at denne undervisningsreforma vil gi auka trong for fleire kateketar, men finn grunn til å presisere at også anna kvalifisert personale kan utføre dåps- og konfirmasjonsopplæring. Ut frå prestane sitt ansvar for forkynning, vil også prestane ha oppgåver innan undervisning av døypte og av konfirmantar.
Desse medlemer vil subsidiært støtte framlegget frå Arbeidarpartiet ovanfor.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil ikke støtte forslaget om lovfestet rett til dåpsopplæring og mener ansvaret for slike tilbud bør ligge i det enkelte menighetsråd eller fellesrådet. Dette medlem vil advare mot at denne typen undervisning legges til skolen. Det vises for øvrig til Innst.S.nr.103 (1995-1996).
Komiteens medlem representanten Christiansen vil vise til at menighetsrådene/fellesrådet skal disponere et rammebudsjett og at man her, som i alle andre institusjoner som får rammebudsjett fra det offentlige, selv må prioritere hvordan pengene skal brukes. Det er etter dette medlems mening opp til kirken lokalt selv å prioritere sine midler.
Dette medlem ser det for så vidt som naturlig at kirkens medlemmer skal ha krav på visse tjenester fra kirken. Men dette medlem ser ingen grunn til at dette skal lovfestes eller at Stortinget skal blande seg bort i hvordan dåps- og konfirmasjonsopplæringen skjer og hvordan undervisningen skal gis. Denne typen vedtak burde høre hjemme i kirkens organer. Dersom en rett til dåpsopplæring blir lovfestet, vil dette lett kunne tolkes dithen at Stortinget pålegger kirken nye oppgaver og at det derfor bør følge midler med et slikt vedtak. Dette medlem ønsker ikke å bidra til et slikt økonomisk krav, da dette medlem oppfatter dåpsopplæring som en tjeneste kirken allerede i dag i stor grad tilbyr og som en tjeneste som skal finansieres innenfor de rammer kirken har i dag.
Om jamstilling
Komiteens flertall, alle unntatt representanten Christiansen, vil vise til at utnevnelser og tilsettinger i kirken ikke omfattes av likestillingsloven og at det dermed ikke er klageadgang til Likestillingsombudet.
Flertallet vil videre vise til at om lag halvparten av teologistudentene er kvinner, mens bare 8,8 % av de ordinerte prestene er kvinner. 2 av landets 96 proster er kvinner. En undersøkelse foretatt av Kirkerådet i perioden 1989-94 viser at 11,5 % av de prestene som da ble tilsatt, var kvinner. Undersøkelsen viser store regionale forskjeller. I Agder, Tønsberg, Stavanger og Møre bispedømme ble det ikke ansatt en kvinnelig sokneprest. I Oslo er andelen kvinnelige prester 20 %.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merket seg at Likestillingsrådet i sin høringsuttalelse mener at en forklaring er motstand hos proster og sokneprester mot kvinnelige prester. I Sverige har Kirkemøtet besluttet ikke å innstille proster som er motstandere av kvinnelig prestetjeneste.
Disse medlemmer har merket seg at Kirkemøtet i 1990 uttalte at « Kvinner bør oppfordrast til å søkje sokneprest- og prostestillingar » og « Det ville vere ein rikdom for Den norske kyrkja om den også fekk kvinnelege biskopar ».
Disse medlemmer har videre merket seg at Kirkemøtet i 1995 uttalte at det fortsatt er behov for å oppfordre og stimulere kvinner til å søke stillinger i alle bispedømmer og spesielt proste- og soknepreststillinger. Disse medlemmer er kjent med at Kirkerådet etter behandlingen på Kirkemøtet i 1995 nå vil starte et forskningsarbeid for å kartlegge årsakene til den ulike rekrutteringen mellom bispedømmene når det gjelder kvinnelige søkere.
Disse medlemmer er også kjent med at det er ulike meninger om tempo og framdrift i likestillingsarbeidet i kirken. Disse medlemmer har vurdert om det i den forbindelse vil være et tjenlig virkemiddel for økt likestilling om unntaksregelen i likestillingsloven ble opphevet for tilsettingen og utnevningen i Den norske kirke.
Disse medlemmer vil vise til at det økumeniske kvinnetiåret går ut i 1998 og at det er viktig at Kirken går ut av tiåret med betydelig sterkere likestillingsprofil enn det som er dagens situasjon. Disse medlemmer mener videre det er viktig i Kirkens daglige arbeid i lokalsamfunnet at begge kjønn er representert både i prestestillinger, undervisningsstillinger og i diakonale stillinger.
Disse medlemmer vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:
« Det henstilles til Regjeringen å foreslå endring av likestillingsloven § 2 første ledd, slik at det ikke gis unntak for utnevninger og tilsettinger innenfor Den norske kirke. »
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti har merka seg at spørsmålet om jamstilling mellom kvinner og menn i høve til tilsettingar i Den norske kyrkja fleire gongar har vore drøfta på Kyrkjemøtet.
Kyrkjemøtet 1990 uttala generelt om dette: « Når det gjeld kyrkjelege stillingar er det eit mål å sikre jamnare kjønnsfordeling på alle plan. » (Sak KM 17/90, vedtakets pkt. 3.)
Desse medlemene legg difor til grunn at det er samsvar mellom kyrkja sine eigne vedtak og måla i jamstillingslova. Det er i høve til kvinnelege prestar at spørsmålet om jamstilling er særleg aktuelt. Desse medlemene har òg her merka seg uttale og vedtak frå Kyrkjemøtet.
I samband med fastsetting av « Forskrift for tilsetting av menighetsprester » gjorde Kyrkjemøtet 1987 vedtak om at « kvinner og menn har lik adgang til tilsetting som prest ». (Sak KM 10/87.) Desse medlemene legg difor til grunn at også i høve til prestestillingar, er det samsvar mellom kyrkja sine eigne vedtak og måla i jamstillingslova.
Desse medlemene har òg merka seg at Kyrkjemøtet 1990 uttala at « Kvinner bør oppfordrast til å søkje sokneprest- og prostestillingar », og « Det ville vere ein rikdom for Den norske kyrkja om den også fekk kvinnelege biskopar ». (Sak KM 17/90, punkt 4 og 5.)
Desse medlemene legg vekt på at Kyrkjemøtet 1995 uttala seg på grunnlag av ein brei rapport om tilsettingar av kyrkjelydsprestar i tida 1989-95 i bispedømma, om at « bispedømmerådenes tilsettingspraksis (....) har fungert tilfredsstillende i forhold til gjeldende forskrifter av 17. juni 1988 ». Desse medlemene har likevel merka seg at Kyrkjemøtet 1996 samstundes uttala at « Kirkemøtet registrerer at det mellom bispedømmene er ulik tilgang av kvinnelige søkere til prestestillinger. Det er fortsatt behov for å oppfordre og stimulere kvinner til å søke stillinger i alle bispedømmer og spesielt proste- og soknepreststillinger. »
Desse medlemene har merka seg at Kyrkjerådet etter handsaminga på Kyrkjemøtet 1995, no vil starte eit forskingsarbeid for å kartleggje grunnane til den ulike rekrutteringa mellom bispedømma når det gjeld kvinnelege søkjarar. Desse medlemene imøteser resultatane av dette arbeidet.
Desse medlemene er kjend med at det er ulike meiningar om tempo og framdrift i jamstillingsarbeidet i Den norske kyrkja. Desse medlemene har vurdert om det i samband med dette ville vera eit tenleg verkemiddel for betre jamstilling om unntaksregelen i jamstillingslova vart oppheva i høve til tilsettingar og utnemningar i Den norske kyrkja.
Desse medlemene legg til grunn at Den norske kyrkja gjennom vedtak i eigne organ har vedteke mål og arbeider med verkemiddel som samsvarar med reglane i jamstillingslova om jamstilling ved tilsettingar. Desse medlemene meiner at det bør overlatast til kyrkjelege organ å føre vidare jamstillingspolitikken etter intensjonane i § 2 i jamstillingslova).
Komiteen sine medlemer frå Høgre og Kristeleg Folkeparti vil streka under at det i arbeidet med kyrkja si ordning har vore lagt vekt på å godkjenne Den norske kyrkja som eit trudomssamfunn. I respekt for dette, og av di det innanfor Den norske kyrkja sjølv er delte meiningar særskilt om presteteneste for kvinner, er det desse medlemene si meining at ein ikkje bør oppheva unntaksreglane i jamstillingslova.
Komiteens medlem representanten Christiansen er motstander av likestillingsloven på prinsipielt grunnlag. Videre vil dette medlem understreke at en fri kirke, dvs. dersom kirken ikke var statskirke, selvsagt burde stå fritt til selv å ha sin egen ansettelsespolitikk og som trossamfunn ikke være underlagt bestemmelser som likestillingsloven. I en slik situasjon burde det være fritt opp til kirken om den ønsket kvinnelige prester eller ikke. Når kirken har valgt å være underlagt staten, med de fordeler dette innebærer, betyr det at ansatte i kirken er å betrakte som offentlig ansatte. Med dagens organisering ser dette medlem ingen grunn til at det skal gis dispensasjoner i forhold til de lover og regler som gjelder for andre offentlig ansatte - herunder regnet likestillingsloven.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil påpeke at også andre regler for likebehandling som gjelder for offentlig ansatte for øvrig, må gjelder for kirkens ansatte - muligens med enkelte unntak for prestestillinger og høyere kirkelige lærestillinger. Det har de siste årene flere ganger kommet opp saker hvor ansatte i kirken, bl.a. organister, har blitt truet med oppsigelse på grunn av samboerskap. Disse medlemmer mener det er uakseptabelt om en offentlig institusjon skal kunne brukes folks privatliv som begrunnelse for å be vedkommende slutte - spesielt så lenge det ikke er nedfelt særskilte betingelser for stillingen i ansettelseskontrakten. Disse medlemmer vil be Regjeringen gå gjennom lovverket og sørge for at det slås klart fast at kirkelig ansatte ikke kan diskrimineres på bakgrunn av kjønn, legning eller sivil samlivsform. Dersom det er nødvendig med lovendringer, bes Regjeringen å komme tilbake til Stortinget med de nødvendige forslag. Det bør i denne sammenheng drøftes om det skal kunne gjøres unntak for prester eller høyere kirkelige lærestillinger.
Disse medlemmer vil fremme følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen gjennomgå lovverket for å sikre at også ansatte i statskirken gis samme rett som andre offentlig ansatte til ikke å bli diskriminert på grunnlag av kjønn, legning eller sivil samlivsform. Dersom det er nødvendig, bes Regjeringen fremme forslag til lovendringer. »
Kristendomsundervisninga
Komiteen viser til at Stortinget har vedteke å innføre eit nytt fag som heiter kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti, har forutsatt at dette faget skal være obligatorisk med begrenset fritaksrett. Det er understreket at livssyn og religioner skal presenteres ut fra sin egenart og at de samme pedagogiske prinsipper skal legges til grunn for hele faget. Flertallet kan ikke se at det nye faget kan rettferdiggjøre å gjøre embetsmenn som ikke er medlem av Den norske kirke ugilde når det gjelder å arbeide med innholdet i det nye skolefaget. Flertallet mener tilsvarende må gjelde undervisning innenfor lærerutdanningen ved de offentlige høgskolene, da også denne undervisningen må legges opp etter det nye faget. Flertallet vil derfor foreslå å endre § 38 tredje ledd bokstav c i tråd med dette, jf. nedenfor under § 38.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til sine merknader senest i Innst.S.nr.103 (1995-1996) når det gjelder spørsmålet om fritaksrett til deler av faget. Disse medlemmer støtter på denne bakgrunn Regjeringens utkast til § 38 tredje ledd bokstav c, jf. nedenfor under § 38.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen ser heller ingen grunn til at embetsmenn skal regnes som ugilde i forhold til undervisningen ved høgskoler eller universitet. Disse medlemmer vil for det første vise til at lovens § 29 allerede legger føringer i forhold til den praktisk-teologiske utdanningen. Disse medlemmer vil videre vise til at universitet og høgskoler skal være frie institusjoner, og at betydningen av en slik bestemmelse i praksis er nærmest ikke-eksisterende. Disse medlemmer vil derfor foreslå å endre § 38 slik at embetsmenn som ikke er medlem av Den norske kirke, ikke regnes som inhabile i forhold til undervisning ved høgskole eller universitet, jf. forslag under § 38.
Disse medlemmer vil for øvrig vise til sine forslag om merknader i Innst.S.nr.103 (1995-1996) om læreplanen for det nye religionsfaget.
Konfirmasjonsopplæring (jf. § 36)
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti, viser til Stortingets vedtak om å innføre et nytt fag, kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. En viktig forutsetning for det nye faget, som kommer til erstatning for det tidligere kristendomskunnskapsfaget og hvor barn av foreldre utenfor statskirken kan være fritatt for undervisning eller få alternativ livssynsorientering, er at fritaksretten skal være begrenset. Flertallet vil videre minne om at kirkens dåpsopplæring ikke er et ansvar for skolen.
Flertallet mener på denne bakgrunn det er grunn til å vurdere nærmere om adgangen til å legge kirkens konfirmasjonsundervisning til skolens undervisningstid som er hjemlet i § 36, bør oppheves. Flertallet vil peke på at et alternativ kan være å tillate at også andre livssyns- eller kirkesamfunn kan få den samme adgang til opplæring i skoletiden. Flertallet vil imidlertid også påpeke at det er lite ønskelig å redusere det totale antall timer til undervisning i grunnskolen.
Flertallet er klar over at det først og fremst er praktiske og økonomiske årsaker som ligger til grunn for dagens praksis hjemlet i lov. Flertallet er også klar over at svært mange skoler benytter denne ordningen nettopp av hensyn til skoleskyssordninger. Flertallet vil på denne bakgrunn ikke fremme forslag om å oppheve § 36 i denne omgang, men vil be departementet vurdere nærmere hvordan dette kan løses slik at det ikke vil bryte med intensjonene i enhetsskolebegrepet om at grunnskolen skal være en felles møteplass for alle barn, og der det ikke er ønskelig å skille barna på bakgrunn av religiøs eller livssynstilhørighet.
Flertallet vil i samsvar med dette fremme slikt forslag:
« Stortinget ber Regjeringen i samarbeid med Kirkerådet vurdere hvordan kirkens konfirmasjonsundervisning kan tilrettelegges praktisk samtidig som hensynet til barn med annen tros- eller livssynsbakgrunn blir ivaretatt. »
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen, har merket seg at kirkelig myndighet og kommunen i fellesskap kan avgjøre at konfirmasjonsopplæringen skal legges til skolens tid, og at dette i så fall vil medføre at ordinære undervisningstimer faller bort. Disse medlemmer er dypt uenig i dette. Disse medlemmer vil primært peke på at det å konfirmere seg skal være et personlig valg som skolen ikke skal påvirke i den ene eller andre retning. Disse medlemmer vil også minne om at ikke alle elever ønsker å bli konfirmert. Dette dreier seg ikke bare om elever som ikke er medlemmer av statskirken, men kan også gjelde elever som er medlemmer av kirken, men ikke ønsker å la seg konfirmere. Mange steder kan en slik avgjørelse i seg selv være en alvorlig personlig belastning for en 14-åring. Ved at skolen sammen med kirken kan bestemme at konfirmasjonsopplæringen skal skje i skoletiden, vil dette være et ekstra press mot disse elevene.
Disse medlemmer mener videre det bryter med intensjonene i fag- og timefordelingen i grunnskolen at skolens undervisningstimer skal brukes til konfirmasjonsundervisning. For det første er antall undervisningstimer i skolen på et slikt nivå at det er uakseptabelt om antall timer på denne måten ytterligere kan reduseres. For det andre kan disse medlemmer ikke se at en slik ordning er i samsvar med tidligere vedtak i Stortinget om at kirkens dåpsopplæring ikke er noe skolen skal ha ansvaret for. Disse medlemmer vil også peke på at et slik opplegg medfører at elever som ikke ønsker å delta i konfirmasjonsopplæringen, vil stå uten tilbud i disse timene.
Disse medlemmer mener konfirmasjonsopplæringen primært skal skje i kirkens regi alene. Dersom det er hensiktsmessig, bør kirken etter avtale med kommunen kunne drive konfirmasjonsopplæring i skolens lokaler, men dette må da skje etter skoletid og utenom skolens timer.
2.2.8 Om økonomiske konsekvensar
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti har peika på at kyrkjeleg fellesråd må sikrast ein effektiv administrasjon, og at ein difor må lovfeste stillinga som dagleg leiar av fellesrådet. Dette er rekna ut til å koste om lag 158 mill. kroner. Etter desse medlemene si meining må staten her ta eit ansvar gjennom å auke overføringane til kommunane.
Desse medlemene har merka seg at Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon (KA) har rekna ut at overføring av administrasjonsoppgåver til kyrkjeleg fellesråd vil kome på om lag 122 mill. kroner. Vidare fører lova til meirutgifter som KA har rekna ut til om lag 37 mill. kroner.
Desse medlemene har vidare merka seg at det er naudsynt at lova på dette området trer i kraft så snart som råd er. Paragrafane om kyrkjeleg fellesråd (§ 12) og reglane om formene for kyrkjeleg fellesråd si verksemd (§ 13) og om medråderett (§ 35) må difor etter desse medlemene si meining ta til å gjelda frå 1. juli 1996. Kyrkjeleg fellesråd kjem då i funksjon på hausten 1996 og kan leggje til rette for verksemda i 1997. Heile lova skal gjelde frå 1. januar 1997. Desse medlemene ber difor departementet i Revidert nasjonalbudsjett for 1996 gjere framlegg om ei løyving som sikrar ein dagleg leiar i alle kyrkjelege fellesråd. Overføringane til kommunane må aukast med om lag 98 mill. kroner for 1996 av omsyn til dette og til drifta av kyrkjeleg fellesråd.
Desse medlemene har vidare merka seg at Regjeringa legg opp til at spørsmålet om ei statleg tilskotsordning for nye kyrkjebygg skal vurdast i samband med dei årlege budsjett. Desse medlemene reknar med at departementet gjer framlegg om ei slik ordning i statsbudsjettet for 1997.
Desse medlemene er samd i at ordninga med lovfesta bispedømemøte kvart anna år fell bort. Dette gjev ei innsparing på om lag 2,5 mill. kroner.
Desse medlemene har gjort framlegg om å utvide retten til konfirmasjonsopplæring til rett til dåps- og konfirmasjonsopplæring, jf. § 36. Ein slik lovfesta rett gjer det naudsynt å styrke undervisningstenesta i sokna. Kateketane vil være hovudansvarlege for undervisninga. Gjennom forkynninga har prestane eit ansvar for undervisninga, og desse medlemene meiner undervisning framleis må vera ei viktig oppgåve for prestane. I tillegg kan kvalifiserte lærarar gjere teneste på heil- eller deltid. Lova legg godt til rette for begge løysingar gjennom ordninga for statleg tilskot til undervisningsteneste. Desse medlemene har peika på at ein rimeleg norm vil vera eit tilskot på ca 0,5 årsverk i kvart prestegjeld. Desse medlemene meiner ein lovfesta rett til dåps- og konfirmasjonsopplæring inneber at det blir gitt eit tilskot til undervisningsteneste. Ein rimeleg norm vil vera om lag 0,5 årsverk i kvart prestegjeld. Med 626 prestegjeld utgjer dette ein samla kostnad på om lag 75 mill. kroner når ein trekker i frå dei prestegjelda som i dag har kateket. Desse medlemene vil kome attende til dette i dei årlege budsjetthandsamingane. Desse medlemene ber difor departementet komme attende med dette i framlegget til budsjettet for 1997.
Desse medlemene føreset at ein lovfesta rett til dåps- og konfirmasjonsopplæring får konsekvensar når det gjeld prioriteringane av soknet sine eigne midlar. Desse medlemene viser til at det er Kyrkjemøtet som fastset planane for dåps- og konfirmasjonsopplæringa, jf. § 24 bokstav b) slik ordninga også er i dag. Ein lovfesta rett til dåps- og konfirmasjonsopplæring må også føre til løyvingar over dei kommunale budsjett. Desse medlemene viser til framlegget til § 9, § 14 bokstav g) og § 15 bokstav e). Desse medlemene ser det som ei utfordring for sokneråd, kyrkjeleg fellesråd og kommunane å følgje opp lova sine intensjonar og finne gode løysingar for undervisningsarbeidet i sokna.
Desse medlemene har lagt til grunn at kyrkjeleg fellesråd skal ha arbeidsgjevar- og partsansvaret for dei lokalt kyrkjelege tilsette. Ansvaret sentralt vil liggje til Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon. Dette samsvarer med dei prinsippa desse medlemene har lagt til grunn for eit auka kyrkjeleg sjølvstyre. Desse medlemene meiner prinsipielt at medlemene har det økonomiske ansvaret for ein slik organisasjon. Av omsyn til at det vil ta noko tid å byggje opp ein slik organisasjon, bør Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon i ei overgangstid få økonomisk støtte i form av statleg tilskot. Desse medlemene ber departementet koma attende til dette i Revidert nasjonalbudsjett for 1996.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til de merknader og de forslag disse medlemmer har medvirket til som går ut over Regjeringens forslag. Disse medlemmer er innforstått med de økonomiske konsekvenser dette vil kunne ha, bl.a. når det gjelder virksomhet knyttet til daglig leder av fellesrådet i den enkelte kommune og til dåpsopplæring i menigheten. Disse medlemmer forutsetter at Regjeringen vil følge opp innstillingen i forbindelse med de årlige budsjettbehandlingene slik også disse medlemmer vil gjøre.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til sine merknader foran og støtter for øvrig proposisjonen.
Komiteens medlem representanten Christiansen vil vise til sitt prinsipielle utgangspunkt om at kirken bør finansieres gjennom en kirkeskatt/kirkeavgift jf. merknader nedenfor. Så lenge dagens finansiering direkte over offentlige budsjett skal opprettholdes mener dette medlem at staten bør ha det direkte økonomiske ansvaret for den kirkelige aktiviteten inkl. menighetenes virksomhet. Finansieringen av gravferd og gravplasser bør fremdeles tilligge kommunene. Dette medlem har merket seg at departementet mener et direkte økonomisk ansvar av denne typen vil bety et stort merarbeid for staten, men deler ikke den oppfatningen.
Dette medlem mener overføring til den lokale kirken bør skje gjennom et objektivt kriteriesystem slik at alle sogn mottar et rammebudsjett de skal ivareta sine lovfestede oppgaver innenfor. På den måten ville det være opp til den lokale menighet eller fellesråd å prioritere og organisere sin virksomhet på en best mulig måte. Dette medlem mener dette kunne gjøres uten at departementet vil få et særlig økt ansvar ettersom driftsansvaret for kirkebygninger og ansvaret for de kirkelige stillingene fremdeles kan ligge til sognet. I et slikt system ville man kunne sikre kirken tilnærmet samme tilgang på ressurser uavhengig av hvilken kommune sognet ligger innenfor, og således også unngå ulikheter mellom de forskjellige sogn begrunnet i ulik kommunaløkonomi.
Selv om en slik ordning innføres er det selvsagt mulig for kommunene å gi spesielle tilskudd til kirken dersom man lokalt mener dette er riktig, så fremt man også da gir tilsvarende tilskudd til andre tros- og livssynssamfunn i tråd med de ordninger som gjelder i dag. Dette medlem erkjenner imidlertid at det ikke vil være noe flertall for å innføre et slikt nytt finansieringssystem, og vil derfor ikke fremme konkret forslag i denne omgang.
Når det gjelder videreføringen av dagens finansiering slik loven legger opp til vil dette medlem understreke at dette medlem ikke er innstilt på at de endringer som foretas skal medføre økt bevilgning til kirkelige formål - lokalt eller sentralt. Dette medlem vil videre understreke at krav om bevilgninger til kirkelige formål ikke skal ha noen fortrinnsrett fremfor andre lovfestede oppgaver i kommunal eller statlig sammenheng, slik at de budsjettmessige ønskene kirken fremmer skal behandles på lik linje med budsjettinnspill fra eksempelvis sykehus, veisektoren og skoler. Dette medlem vil heller ikke på prinsipielt grunnlag slutte seg til forslag som binder opp bevilgninger på statsbudsjettet til enkelttiltak eller som pålegger kommunene tilsvarende.
Kyrkjeskatt
Komiteen har ved denne lovrevisjonen lagt til grunn at kyrkja sin økonomi skal førast vidare etter dei same prinsipp som er lagt til grunn i Kyrkjelova av 1897 og Kyrkjeordningslova av 1953.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet, vil imidlertid vise til at i land som til dømes Sverige, Finland, Danmark og Island, vert kyrkja si verksemd finansiert gjennom ei ordning med kyrkjeskatt eller kyrkjeavgift.
Fleirtalet er kjend med at Kyrkjemøtet 1994 i samband med handsaminga av framlegget til ny lov om Den norske kyrkja også drøfta eit notat om innføring av kyrkjeskatt/kyrkjeavgift i Noreg. Notatet inneheld eit oversyn over ulike alternativ for ei slik ordning, mellom anna kven som skal fastsetje kyrkjeavgiften, kor stor han skal være, kven som skal betale, og korleis ein skal krevje inn avgifta. I fråsegna frå Kyrkjemøtet heiter det:
« Kirkemøtet anmoder Kirkerådet å utrede videre hvordan en ordning med kirkeavgift for kirkens medlemmer kan gjennomføres. I dette arbeidet bør det også vurderes hvilke konsekvenser ulike alternativ har for andre trossamfunn. » |
Eit fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, viser til Kyrkjemøtet si oppmoding til Kyrkjerådet om å utgreie spørsmålet om kyrkjeavgift og dei konsekvensar det får for andre trudomssamfunn, og reknar med at denne saka får ei grundig vurdering gjennom dette arbeidet.
Dette fleirtalet vil derfor avvente kyrkja si eiga vurdering av dette spørsmålet.
Komiteens medlemmer fra Høyre vil for øvrig tilkjennegi at spørsmålet om å innføre en kirkeskatt ikke vil være aktuelt under den nåværende kirkeordning.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti mener at det må være størst mulig åpenhet om ressursbruk og bevilgninger til Den norske kirke, i tråd med krav som stilles til andre virksomheter med offentlig støtte. Som et ledd i arbeidet med å synliggjøre kirkens ressursbruk mener dette medlem at kirkeskatten bør framgå av ligningsattesten. Dette medlem viser til forslag sammen med representanten Ellen Chr. Christiansen nedenfor.
Komiteens medlem representanten Christiansen oppfatter det som en ansvarsfraskrivelse dersom man mener det kan være interessant å få en vurdering av innføring av kirkeskatt/kirkeavgift, men at dette utredningsansvaret bør overlates til et kirkelig organ. Dette medlem vil minne om at spørsmålet om kirkeskatt berører flere parter enn Den norske kirke. En overgang til kirkeskatt vil påvirke finansieringen av alle andre tros- og livssynssamfunn - og spørsmålet om innkreving har stor betydning for stat og kommune. Derfor er ikke dette kun et kirkelig spørsmål, men også i høyeste grad et politisk spørsmål.. Dette medlem mener Stortinget derfor bør sørge for at det gjennomføres en utredning på bredt grunnlag og som kan sees i sammenheng med den utredningen som skal komme fra Kirkerådet.
I dag finansieres kirken gjennom bevilgninger over offentlige budsjett. Det betyr at man betaler inn like mye inn enten man er medlem av et trossamfunn eller ikke. Dersom man er medlem av andre tros- eller livssynssamfunn vil « din andel » bli overført til den organisasjonen du er medlem av. Dersom en ikke er medlem av noe tros- eller livssynssamfunn betaler du i prinsippet like mye via skatteseddelen, men disse pengene forsvinner inn i statskassen. Dette medlem mener denne ordningen er grovt urimelig, og at finansieringen av statskirken og andre tros- og livssynssamfunn må legges opp slik at de som ikke er medlem av noe tros- eller livssynssamfunn fritas fra betaling. I et land med tros- og religionsfrihet burde dette være et viktig prinsipp å ivareta.
Dette medlem har merket seg at dagens finansieringsordning fører til at det jevnlig fremsettes påstander om at Den norske kirke ikke har en tilfredsstillende oversikt over antall medlemmer og at den derfor får en større økonomisk bevilgning pr. reelt medlem enn andre tros- og livssynssamfunn. Dette skjer bl.a. fordi personer som hører inn under kirken, men som ikke er medlemmer, regnes inn i beregningsgrunnlaget, noe som fører til at den summen det offentlige bevilger til kirken deles på flere enn det som er kirkens reelle antall medlemmer. Dette er ingen heldig situasjon. En ordning med finansiering gjennom en kirkeskatt vil rydde opp i dette.
Dette medlem har merket seg at enkelte har tatt til orde for at en innføring av kirkeskatt/kirkeavgift vil føre til at kirken vil miste medlemmer dersom de kan spare penger på dette. Dette medlem vil for det første understreke at man allerede i dag betaler, men at dette skjer via de skatter som myndighetene krever inn. Den totale kostnaden for det enkelte medlem behøver samlet sett ikke å bli større, da myndighetenes pengebehov blir mindre når utgiftene til kirke forsvinner fra de offentlige budsjettene. Kirkeskatten/avgiften vil kunne fremstå som en egen post på skatteoppgjøret, slik at den enkelte ser hva vedkommende betaler.
Dette medlem vil vise til at motivasjonen for å være medlem av en tros- eller livssynsorganisasjon som regel er et følelsesmessig engasjement, et ønske om tilhørighet eller et behov for ritualer i ulike livsfaser. Dette medlem regner med at dette også gjelder for de fleste medlemmer av Den norske kirke. Da vil en klargjøring av hvor mye medlemskapet koster dem i året ikke vil være den avgjørende faktoren. Dette medlem tror tvert imot at en del av kirkens medlemmer vil sette pris på å få en bekreftelse på at de faktisk er med på å finansiere kirken og gjøre at de får en nærmere tilhørighet til den. Dette medlem har merket seg at heller ikke lederen i Kirkerådet tror en slik ordning vil bety noen masseflukt fra kirken. Den marginale gruppen som måtte basere sin beslutning om medlemskap i statskirken på om det koster penger eller ikke, burde etter dette medlems mening ikke være den avgjørende gruppen i denne sammenheng.
Dette medlem vil også påpeke at en ordning med kirkeskatt/kirkeavgift vil fjerne de konflikter som kan oppstå mellom kommune og kirke i forbindelse med de årlige budsjettene. I en situasjon hvor mange kommuner finner det vanskelig å få budsjettene til å gå i hop, vil budsjettkrav fra kirken risikere å bli nedprioritert til fordel for andre kommunale oppgaver. Slike økonomiske konflikter er ikke heldige hverken for kirken eller for kommunen. Under komiteens besøk i Danmark ble det fra menighetsrådssiden også påpekt at vedlikeholdet av kirkelige bygninger ble ivaretatt på en langt bedre måte fordi kirken selv hadde ansvaret og budsjettmyndighet, enn det som ellers var tilfelle med vedlikehold av kommunale bygninger.
Dette medlem ønsker en bred utredning om en kirkeskattordning. Blant de spørsmål det er naturlig å drøfte er:
- | Om det skal innføres en kirkeskatt beregnet som en flat prosentsats av inntekt eller en medlemskontingent på en fast kroneavgift. |
- | Om nivået skal fastsettes sentralt eller lokalt - eller om det skal være to komponenter. |
- | Om avgiften kun skal dekke det rent kirkelige slik at kostnader ved gravferd, kirkegårder o.l. holdes utenfor eller skal den dekke utgiftene til alle oppgaver som forvaltes av kirken. Hvordan skal i så fall betaling innkreves for dem som ikke er medlemmer av statskirken? |
Dette medlem mener det er viktig at det utvalg som settes ned får en bred sammensetning.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil fremme følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen sørge for at en utredning om en innføring av kirkeskatt/kirkeavgift blir lagt frem for Stortinget. I en slik utredning må man også vurdere om alle andre registrerte tros- og livssynssamfunn kan kreve inn medlemskapsavgift på tilsvarende måte. »
Valg av menighetsråd
Komiteen har merket seg at departementet foreslår at Kirkemøtet skal fastsette regler for valg av menighetsråd. Komiteen er kjent med at forhåndsstemmegivningen er tillatt, og at Kirkemøtet har fastsatt felles valgdager for hele landet. De tiltak som har vært gjort for å øke valgdeltakelsen synes imidlertid å ha hatt liten effekt. Komiteen vil vise til at det ved valget i 1993 kun var 2,9 % valgdeltakelse.
Komiteen mener det er viktig for demokratiseringsprosessen i kirken å øke valgdeltakelsen i meninghetsrådvalgene. Dette kan gjøres ved å legge valget over to dager, der den ene ikke er knyttet til søndag. Komiteen mener også bekjentgjøring av valget og informasjon om valgets betydning for kirkens virksomhet, må prioriteres i forbindelse med informasjonsvirksomheten.
Komiteen legger stor vekt på å få en nominasjonsprosess som fanger opp bredden i kirkens medlemsmasse, og vil i denne sammenheng peke på muligheten for forholdstallsvalg.
Komiteen vil be departementet i samarbeid med Kirkemøtet å utrede tiltak for å øke valgdeltakelsen. Slike tiltak kan bl.a. være bedre bekjentgjøring av valget, informasjon om valgets betydning for kirkens virksomhet, valg over to dager, forhåndsstemmegivning, og valg i samme kalenderår som valg til kommunestyre og fylkesting.
2.2.9 Kommentarar til einskilde lovparagrafar
Til § 2
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, legg til grunn at hovudregelen som kyrkjeordninga vår byggjer på, er og må vera at det er det geografiske avgrensa sokn som er grunneininga i kyrkja, jf. § 2 første ledd. Likevel bør det etter fleirtalet si meining i særs avgrensa omfang også verta åpna for oppretting av kategorialkyrkjelydar på tvers av den geografiske grunnstrukturen. Dette gjeld i særleg grad kyrkjelydar for døve der dette er ønskjeleg og naudsynt, jf. framlegg til § 2 siste ledd. Fleirtalet meiner og dette kan gjelde andre typar kategorialkyrkjelydar, til dømes kyrkjelydar for ikkje-norsktalande medlemer av Den norske kyrkja. Ønskjet om dette må imidlertid vegast opp mot hovudprinsippet om integrering i kyrkjelyden i det geografiske sokn. Fleirtalet vil i alle høve klart reservere seg mot at ei utviding av regelen i § 2 siste ledd, skal eller kan gi grunnlag for oppretting av valkyrkjelyd innan Den norske kyrkja etter mønster frå Danmark eller oppretting av slike kyrkjelydar innanfor Den norske kyrkja ut frå teologiske, kyrkjepolitiske eller andre grunnar. Fleirtalet gjer på dette grunnlag framlegg om eit tillegg i § 2 siste ledd:
« Særskilt ordning for døvemenigheter og andre kategorialmenigheter fastsettes av Kongen. »
Komiteen er også kjend med at ein no arbeider med føresegner for organisering av det kyrkjelege arbeidet mellom døve, og komiteen regner med at denne saka snart finn ei løysing i departementet og Kyrkjerådet.
Til § 3
Komiteen meiner oppretting av kyrkjeleg medlemsregister må koma fram i lova. Komiteen føreset at departementet utarbeider nærare reglar for oppretting og bruk av medlemsregisteret.
Komiteen gjer følgjande framlegg til tillegg:
« § 3 nytt nr. 10 skal lyde:
10. Personer som anses å høre inn under eller er medlem i Den norske kirke, registreres i et sentralt medlemsregister for Den norske kirke. »
Komiteen meiner det ikkje bør gjerast skilnad på born av gifte og sambuande foreldre i kyrkjelova med omsyn til medlemskap og tilhøyrigheit.
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, gjer slikt framlegg:
« § 3 nr. 2 første ledd første punktum skal lyde:
Barn anses å høre inn under Den norske kirke fra fødselen såfremt en av foreldrene er medlem. »
« Andre ledd utgår, tredje ledd blir andre ledd. »
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen viser til sine respektive merknader under pkt. 2.2.2 om kirkelig medlemskap og fremmer følgende forslag:
« § 3 nr. 2 skal lyde:
« Medlemskap i Den norske kirke knyttes til dåpen. Barn anses å høre inn under Den norske kirke fra fødselen dersom foreldrene i fellesskap eller den/de som har foreldreansvar melder fra til kirkebokføreren at barnet skal anses å høre inn under denne. Har ingen foreldreansvar, kan slik melding gis av vergen. »
Forslag til nr. 3 utgår og nr. 4-9 blir nr. 3-8.
Nytt nr. 3 skal lyde:
Retten for foreldre eller verge til å gi melding etter nr. 2 vedvarer til barnet fyller 15 år. Har barnet fylt 12 år, skal dets mening høres når det er anledning til det.
Nytt nr. 4 annet punktum skal lyde:
Når barnet har fylt 15 år uten å være døpt, anses det ikke lenger for å høre inn under Den norske kirke.
Nytt nr. 7 annet ledd første punktum skal lyde:
Melding etter nr. 2-3 skjer ved personlig eller skriftlig henvendelse til kirkebokføreren på barnets bosted. »
Til § 4
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen, mener at stemmerett generelt skal knyttes til det sokn der en er bosatt, og at det ikke skal lovfestes særlige regler om at tilsatt i kirkelig stilling med ektefelle gis stemmerett i soknet der vedkommende gjør tjeneste. Flertallet foreslår derfor:
« § 4 annet ledd utgår. »
Flertallet slutter seg til forslaget om å gi soknet status som selvstendig juridisk person. Flertallet mener imidlertid det må gå klarere fram hvorvidt fellesrådet bare forplikter den berørte menighet eller kommunens menigheter i fellesskap.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti stør framlegget i proposisjonen og gjer følgjande framlegg:
« § 4 andre ledd skal lyde:
Biskopen kan samtykke i at en som er tilsatt i kirkelig stilling og dennes ektefelle gis stemmerett i et sokn der vedkommende gjør tjeneste, i stedet for det sokn vedkommende er bosatt. »
Komiteens medlem representanten Christiansen mener det ville vært naturlig om det også for valg til Menighetsrådet var begrensninger på hvem som kunne velges, slik at man ikke får en situasjon hvor « bukken passer havresekken ». Dette medlem vil vise til at det i kommunelovens § 14 ligger klare regler hvor administrativ ledelse som for eksempel etatssjef eller den som er ansatt som regnskapsmessig ansvarlig ikke er valgbar. Dette medlem vil videre påpeke at det enkelte steder er vanskelig å få folk til å stille opp til denne typen valg, slik at mangfoldet av kandidater er langt mindre enn ved et kommunestyrevalg - noe som forsterker faren for at de som blir sittende i Menighetsrådet i stor grad skal styre seg selv. Dette medlem vil be departementet nøye gå gjennom Menighetsvalgene 1997 med dette for øye, og fremme forslag om endring i tråd med kommuneloven, dersom det oppstår situasjoner som nevnt ovenfor.
Til § 7
I tråd med merknadene under pkt. 2.2.3 fremmer komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen, forslag om endring av § 7 tredje ledd slik at denne blir i samsvar med kommunelovens § 15 tredje ledd. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
« § 7 tredje ledd første punktum skal lyde:
Dersom det blir utferdiget siktelse eller reist tiltale mot et menighetsrådsmedlem for et straffbart forhold som nevnt i straffelovens kapittel 11 eller 33 og forholdet ifølge siktelsen eller tiltalen knytter seg til utøving av verv eller tjeneste for menighetsråd eller kirkelig fellesråd, kan menighetsrådet vedta å suspendere vedkommende fra vervet inntil saken er rettskraftig avgjort. »
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti stør framlegget i proposisjonen og gjer følgjande framlegg:
« § 7 tredje ledd første punktum skal lyde:
Dersom det blir utferdiget siktelse eller reist tiltale mot et menighetsrådsmedlem for et straffbart forhold, kan menighetsrådet vedta å suspendere vedkommende fra vervet inntil saken er rettskraftig avgjort. »
Til § 9
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, meiner dåpsopplæring er ei sentral oppgåve også for sokneråda, og meiner det må kome klart fram i første ledd kor oppgåvene som skal ha merksemd, er nemnde. Difor gjer fleirtalet framlegg om følgjande endring i første ledd:
« Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet. »
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, vil peike på at sokneråda har ansvar også for det kyrkjemusikalske arbeidet, og at dette òg må koma fram i andre ledd i denne paragrafen. Slik kjem § 9 på line med § 24 b) og c).
Fleirtalet gjer følgjande framlegg til andre ledd:
« Menighetsrådet har ansvar for at kirkelig undervisning, kirkemusikk og diakoni innarbeides og utvikles i soknet. »
Til § 12
Med den nye mynda som no blir lagd til kyrkjelege fellesråd, vil komiteen peike på det naudsynte i at fellesrådet blir eit reelt folkevald styringsorgan. Dette inneber etter komiteen si oppfatning at det normale er at presten si deltaking er uttømmande regulert i den oppnemninga som biskopen føretek.
Komiteen er vidare oppteken av at i samspelet mellom kommune og kyrkje lokalt er det dei folkevalde organa som samspelar, og det er naudsynt å leggje til rette for eit godt forvaltningsmessig samspel. Det inneber også eit administrativt samspel mellom dagleg leiar i kyrkja sitt fellesråd og den kommunale administrasjonen. Komiteen meiner det normale bør vera at kommunestyret oppnemner ein representant frå kommunestyret eller formannskapet som sitt medlem av det kyrkjelege fellesrådet.
Til § 14
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen viser til sine merknader til lov om gravferd m.m. der det foreslås at virksomheten fremdeles skal være et kommunalt ansvar. På denne bakgrunn går disse medlemmer inn for at § 14 annet ledd bokstav b utgår, c) - g) blir b) - f).
I tråd med merknadene under punkt 2.2.7 ovanfor, vil komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti utvide retten til opplæring til å gjelde dåps- og konfirmasjonsundervisning. Dette får konsekvensar også for oppgåvene til det kyrkjelege fellesrådet, og desse medlemene gjer følgjande framlegg:
« § 14 andre ledd bokstav g skal lyde:
anskaffelse av lokaler, utstyr og materiell til dåps- og konfirmasjonsopplæring. »
Eit fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og representanten Christiansen, vil òg peike på at tredje ledd omtalar fellesrådet sitt arbeidsgjevaransvar og tilsettingsansvar. For å gjera reglane analoge med kommunelova gjer dette fleirtalet framlegg om eit tillegg i tredje ledd siste punktum:
« Kirkelig fellesråd kan også tildele utvalg som nevnt i § 35 første ledd myndighet til å foreta tilsetting og treffe avgjørelser i saker som gjelder forholdet mellom soknene eller soknet som arbeidsgiver og de tilsatte. »
Fleirtalet vil peike på at dette tillegget i tredje ledd siste punktum samsvarer med framlegget til § 35. Vidare legg fleirtalet til grunn at det med dette er kyrkjeleg fellesråd som tildeler det partssamansette utvalet mynde også der slikt utval er oppretta i tilknyting til eit sokneråd som utøver sitt arbeidsgjevaransvar.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti er uenig i at tilsettingsmyndighet kan delegeres til meninghetsråd og fremmer følgende forslag:
« § 14 tredje ledd skal lyde:
Kirkelig fellesråd foretar tilsetting av og har arbeidsgiveransvaret for alle tilsatte som lønnes over fellesrådets budsjett. Før tilsetting og fastsetting av instruks skal vedkommende menighetsråd gis anledning til å uttale seg. »
Til § 15
Komiteen viser til at Kyrkjemøtet har vedteke tenesteordning for kantor, og komiteen finn det difor riktig av stillinga heiter organist/kantor i § 15 første ledd bokstav c.
Vidare vil komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Senterpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, lovfeste dagleg leiar i kyrkjeleg fellesråd som ein del av kommunane sitt økonomiske ansvar, og gjer slikt framlegg:
§ 15 første ledd bokstav c skal lyde:
« c) utgifter til stillinger for kirketjener, klokker og organist/kantor ved hver kirke og til daglig leder av kirkelig fellesråd. »
Flertallet legger til grunn at daglig leder av kirkelig fellesråd ikke nødvendigvis bør være en hel stilling. Det vil spesielt gjelde de mindre kommunene.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og representanten Christiansen går imot lovfesting av daglig leder og fremmer følgende forslag:
« § 15 første ledd bokstav c skal lyde:
Utgifter til stillinger for kirketjener, klokker og organist/kantor. »
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti viser òg til at ein ønskjer å utvide retten til opplæring, og at dette også bør kome fram i § 15 første ledd bokstav e. Desse medlemene gjer framlegg om følgjande regel:
« § 15 første ledd bokstav e skal lyde:
e) utgifter til lokaler, utstyr og materiell til dåps- og konfirmasjonsopplæring. »
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet vil vise til sine merknader under pkt. 2.2.7 og vil fremme følgende forslag:
« Stortinget ber Regjeringen utrede og vurdere å fremme forslag om lovfestet rett til dåpsopplæring. »
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen viser til sitt forslag om at gravlunder, gravferd m.m. fremdeles skal være et kommunalt ansvar og fremmer følgende forslag:
« § 15 første ledd bokstav b utgår, c) - f) blir b) - e)
§ 15 sjette ledd skal lyde:
Kommunen kan ta opp lån for finansiering av sine forpliktelser etter første ledd bokstav a). De nærmere vilkår for kommunenes låneopptak framgår av kommunelovens § 50. »
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen viser til sine merknader under kap. 2.2.3. og fremmer følgende forslag:
« § 15 siste ledd utgår. »
Til § 18
Komiteens medlem representanten Christiansen vil vise til sine merknader under punkt 2.2.5. Dette medlem mener kommunen og kirken i fellesskap må kunne avhende eller leie ut kirker som ikke er i bruk og som er avvigslet, og vil fremme følgende forslag:
« § 18 annet ledd skal lyde:
Kirker kan ikke pantsettes eller påheftes bruksretter. Kirker som ikke er i bruk, kan med kommunens samtykke avvigsles og avhendes eller leies ut. »
Til § 20
Komiteens flertall, alle unntatt representanten Christiansen, er kjent med at Kongen i medhold av Grunnlovens § 16 har bemyndiget Kirkemøtet å fastsette regler for bruk av det vigslede kirkerom utenfor de forordnede gudstjenester og kirkelige handlinger i regi av Den norske kirke. Flertallet ber departementet i samråd med Kirkemøtet vurdere å utarbeide regler som i større grad gir adgang til bruk av kirken til ulike typer kulturarrangementer og vurdere en praktisering av reglene som åpner for at kirken kan benyttes av andre kristne trossamfunn til begravelser.
Til § 21
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil vise til sine merknader under punkt 2.2.5 og foreslå følgende endringer:
« § 21 annet ledd skal lyde:
Kirkens størrelse og antall sitteplasser fastsettes av kommunen og menighetsråd eller kirkelig fellesråd.
Tredje, fjerde og femte ledd utgår. »
Til § 23
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, meiner at dei tre nordlegaste bispedømma kan utvida sitt bispedømmeråd med ein samisk representant. Fleirtalet gjer følgjande framlegg:
« § 23 første ledd ny bokstav e skal lyde:
e) ein nordsamisk representant i Nord-Hålogaland bidspedømmeråd, en lulesamisk representant i Sør-Hålogaland bidspedømmeråd, og en sørsamisk representant i Nidaros bispedømmeråd. »
Til § 24
Komiteen meiner Kyrkjemøtet skal utvidast med 2 medlemer valde på fritt grunnlag, slik at leiarane av Mellomkyrkjeleg Råd og Samisk Kyrkjeråd kan bli medlem av Kyrkjemøtet dersom Kyrkjemøtet gjer vedtak om det.
Komiteen gjer følgjande framlegg:
« § 24 første ledd første punktum skal lyde:
Kirkemøtet består av medlemmene av bispedømmerådene og 5 medlemmer valgt utenom bispedømmerådene. »
Til § 24
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke representanten Christiansen, legg til grunn at den mynda som Kyrkjemøtet får til å fastsetje tenesteordninga for kateket, diakon og organist/kantor, gjeld stillingar der kyrkjeleg fellesråd er tilsettingmynde og har arbeidsgjevaransvaret. Fleirtalet har merka seg at Kyrkjemøtet si mynd er avgrensa til å gjelde retten til å fastsetje krav til kvalifikasjonar og utdanning, beskrive stillingane sine hovudarbeidsområde og gi reglar om vigsling. Fleirtalet presiserer at ut over dette kan Kyrkjemøtet ikkje avgrense tilsettingsorganet eller arbeidsgjevar si mynd eller gripe inn i ho. På dette grunnlag finn fleirtalet å kunne slutte seg til framlegget frå departementet.
Til § 27
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener at det i forbindelse med paragrafen om Den norske kirkes lærenemnd bør tilstrebes å etterkomme likestillingslovens § 21 så langt dette er praktisk mulig.
Til § 29
Komiteens medlem representanten Christiansen deler oppfatningen til Mellomkirkelig råd om at det så lenge de teologiske fakultet er offentlige institusjoner vil være riktigere at de tilsatte forutsettes å arbeide i lojalitet mot Den evangelisk lutherske lære enn at de må tilhøre et bestemt kirkesamfunn. Dette medlem vil derfor foreslå følgende endring:
« § 29 skal lyde:
Kirkelig tilsatte og ombud og lærere ved teologisk fakultet skal arbeide i lojalitet mot Den evangelisk lutherske lære. »
Til § 35
Komiteen meiner det er viktig å sikre arbeidstakarane sine rettar til medråderett i lova analogt med dei føresegnene som er i kommunelova. Komiteen strekar under at regelen i § 35 første ledd er lik § 25 nr. 2 i kommunelova med omsyn til fleirtal for arbeidsgjevar i partssamansette utval. Når det gjeld utval som vert regulert av § 23 i arbeidsmiljølova, legg komiteen til grunn at talet på representantar frå dei tilsette og frå rådet, og rettane til dei tilsette, vert regulert i gjeldande tariffavtale, hovudavtale og medråderettavtale. Komiteen viser til at Kyrkjemøtet 1994 har ønskt ein utfyllande paragraf på dette området, og komiteen gjer følgjande framlegg om tillegg i § 35 (som nytt tredje, fjerde og femte ledd):
« Representanter for de tilsatte har møte- og talerett i underutvalg oppnevnt av kirkelig fellesråd og menighetsråd når disse behandler saker som gjelder forholdet mellom fellesråd/menighetsråd som arbeidsgiver og de tilsatte.
Representanter for de tilsatte har ikke rett til å delta i behandlingen av saker som gjelder arbeidsgivers forberedelse av forhandlinger med arbeidstakere, arbeidskonflikt, rettstvister med arbeidstakere eller oppsigelse av tariffavtaler.
Kirkelig fellesråd fastsetter nærmere retningslinjer for møterett etter tredje ledd. »
Komiteen legg vekt på at sokneråd og kyrkjeleg fellesråd fylgjer ein sams praksis når det gjeld møterett etter § 35 nytt tredje ledd. Komiteen meiner at det bør tilligge kyrkjeleg fellesråd å fastsetje reglar for dette.
Til § 36
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen vil vise til at medlemmer av Den norske kirke har rett til å delta i konfirmasjonsopplæring. Disse medlemmer viser til sine merknader under pkt. 2.2.7 og vil understreke at skolen ikke har noe ansvar for kirkens konfirmasjonsopplæring. Derfor bør heller ikke skolens undervisningstimer brukes til denne opplæringen. Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:
« § 36 skal lyde:
Vedkommende kirkelige myndighet og kommunen kan i fellesskap avgjøre at kirken kan nytte skolens lokaler til konfirmasjonsopplæring utenom ordinær undervisningstid. »
Komiteen sine medlemmer frå Senterpartiet, Høyre og Kristeleg Folkeparti viser til sine merknader i punkt 2.2.7 ovanfor om å utvide retten til opplæring til også å gjelde dåpsopplæring, og gjer slikt framlegg til endring av overskrift på paragrafen, og nytt første ledd:
§ 36, overskrift og første ledd skal lyde:
« § 36. Dåps- og konfirmasjonsopplæring.
Alle barn og unge som er døpt i eller som hører inn under Den norske kirke har rett til å delta i dåps- og konfirmasjonsopplæring. »
Til § 38
Komiteen sitt medlem frå Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen viser til at kyrkjeleg fellesråd er eit offentleg forvaltningsorgan. Det må difor vere høve til å klage på einskildvedtak etter forvaltningslova. Desse medlemer vil gjere framlegg om at § 38 andre ledd blir endra i tråd med dette.
Desse medlemer gjer fylgjande framlegg:
« § 38 andre ledd utgår. »
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti viser til merknader under pkt. 2.2.7 og foreslår:
« § 38 tredje ledd bokstav c første punktum skal lyde:
Embetsmann som ikke er medlem av Den norske kirke er ugild til å tilrettelegge grunnlaget for en avgjørelse eller avgjøre saker som gjelder kirkens lære, saker av viktighet som angår kirken og teologiske studier ved universiteter og vitenskapelige høgskoler. »
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til merknader under pkt. 2.2.7 vedrørende kristendomsundervisning og fritaksrett til deler av faget og fremmer proposisjonens forslag:
« § 38 tredje ledd bokstav c første punktum skal lyde:
Embetsmenn som ikke er medlem av Den norske kirke er ugild til å tilrettelegge grunnlaget for en avgjørelse eller avgjøre saker som gjelder kirkens lære eller innholdet i undervisningen i kristendomskunnskap ved statlig, kommunal eller fylkeskommunal skole, høgskole eller universitet eller saker av viktighet som angår kirken. »
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti og representanten Christiansen viser til sine merknader vedrørende kristendomsundervisningen under pkt. 2.2.7. Disse medlemmer fremmer i tråd med disse følgende forslag:
« § 38 tredje ledd bokstav c første punktum skal lyde:
Embetsmann som ikke er medlem av Den norske kirke er ugild til å tilrettelegge grunnlaget for en avgjørelse eller avgjøre saker som gjelder kirkens lære eller saker av viktighet som angår kirken. »