Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Samandrag

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om endringar i lov om veddemål ved totalisator.

       Det Norske Travselskap (DNT) og Norsk Jockeyklub (NJ) oppretta i 1982 ei sjølveigande stifting, Norsk Rikstoto. Denne stiftinga skulle stå for drifta av riksspelet V6.

       I formålsparagrafen er det uttalt at rikstotalisatorspelet skal fremme hestesporten, hestehaldet og norsk hesteavl.

       Omsetjinga av V6-spelet blei langt høgare enn forventa frå starten av. Basert på optimistiske prognosar om framtidige omsetjingsmoglegheiter foretok hestesporten monalege og til dels kostbare utbyggingar. Omsetjingsutviklinga har likevel ikkje vore i samsvar med dei optimistiske prognosane, og sett i samanheng med investeringane må ein kunne fastslå at omsetjingsutviklinga ikkje er tilfredsstillande.

       Overføringane frå totalisatorspelet til hesteeigarane er i dei siste 5 åra redusert frå om lag 160 mill. kroner til 125 mill. kroner årleg.

       Den samla eigenkapitalen til hestesporten har ein negativ verdi på til saman ca 29 mill. kroner.

       Det bør presiserast at det er bokført eigenverdi som her er oppgitt. Ein del eigedomar har meirverdiar i forhold til desse bokførte verdiar. Totalt sett vil derfor eigenkapitalen vere klart positiv med en marknadsvurdering av eigendelane i hestesporten.

       Alt i alt må det kunne fastslås at hestesporten fortsatt har ein vanskeleg økonomisk situasjon, og at det derfor er viktig å få etablert langsiktige organisatoriske løysingar som kan forbetre denne situasjonen.

       I tillegg til dei økonomiske problema har det vore så store organisatoriske samarbeidsproblem at styrefleirtalet i Norsk Rikstoto i desember 1993 foreslo at heile styret ble oppnemnd av staten v/Landbruksdepartementet. DNT sine tre representantar i styret stemte mot forslaget.

       Landbruksdepartementet vurderte situasjonen slik at det av omsyn til totalisatorspelet, og dermed hestesporten og hestehaldet, var nødvendig å få eit styre i Norsk Rikstoto som kunne fungera og løyse dei oppgåver det var pålagt. På dette grunnlag blei vedtektene for Norsk Rikstoto endra i desember 1993, slik at heile styret i stiftinga oppnemnast av Landbruksdepartementet.

       Landbruksdepartementet ynskte ikkje at denne styreoppnemninga skulle vere varig.

       Den 17. januar 1995 blei DNT, NJ, Norsk Rikstoto og Landbruksdepartementet einige om å be riksmeklingsmann Reidar Webster setje i verk drøftingar med partane for om mogleg å kome fram til ei løysing på organisasjonsproblemet. Etter ei rekke møter la Webster 24. mars 1995 fram ei skisse til ny organisasjonsform. Skissa har, på same måte som innstillinga frå 1988 og DNT si eige organisasjonsutgreiing, lagt vekt på å skilje forretningsverksemd og foreiningsverksemd.

- Det vert oppretta eigne driftsselskap ved alle banar med totalisatorkjøring. Driftsselskapa får ansvaret for drifta av sine banar innanfor dei fastsette rammevilkåra.
- Stiftinga Norsk Rikstoto vert oppretthalden og har overordna ansvar for alt totalisatorspel og overordna økonomisk styring.
- Konsesjonane for alt totalisatorspel vert lagt til Norsk Rikstoto.
- Norsk Rikstoto sitt økonomiske ansvar for galoppsport og Norsk Hestesenter vert fastlagt i forskrift om totalisatorspel.
- Norsk Rikstoto vert styrt av sporten ved at representantskapet vert valt med 1 representant frå kvart driftsselskap til saman 11, 2 frå Det Norske Travselskap, 2 frå Norsk Jockeyklub og 3 frå staten, til saman 18 representantar. Styret vert så valt av representantskapet. Styret skal bestå av fem medlemmer med personlege varamenn. Styret skal ha minimum 1 representant frå Norsk Jockeyklubb og 1 frå staten. Ingen av styremedlemmane i Norsk Rikstoto kan sitte i styret for eit driftsselskap i Det Norske Travselskap eller Norsk Jockeyklubb.
- Staten har ansvar for forskrift for totalisatorspel, godkjenne vedtekter for Norsk Rikstoto, tildele konsesjon til Norsk Rikstoto og fastsetje vilkår, godkjenne låneopptak, fastsetje statsavgift, fastsetje spelarandelar, godkjenne speleformer, godkjenne spelereglar, fastsette veterinær- og spelekontroll samt fastsette overføringar til Norsk Hestesenter.

       Gjennom dette vil staten ha gode styringsmoglegheiter i høve til alle ledd i totalisatorspelet.

       Den 24. mars 1995 varsla Det Norske Travselskap at dei kunne godta Webster-skissa. Staten ga same dag melding om at ein ikkje hadde innvendingar til forslaget. Jockeyklubben kunne ikkje godta skissa.