Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om framlegg frå stortingsrepresentantane Lisbeth Holand og Reidar Johansen om lov om endring i lov av 30. august 1991 nr. 71 om statsføretak (innsynslova skal gjelde for statsføretak).

Innhold

       Til Odelstinget.

       Representantane Holand og Johansen fremjar i dokumentet framlegg om endringar i lov om statsføretak slik at det unntaket for innsynslova som er gjort i § 4 første punktum i lov om statsføretak, går ut og innsynslova såleis vil gjelde også for statsføretak.

       Komiteen syner til Innst.S.nr.155 (1993-1994) der ein samla komité uttalte:

       « Komiteen minner om at ved lov om statsforetak av 30. august 1991 er det slege fast at lov om offentleg dokumentinnsyn ikkje gjeld for statsføretak og statsaksjeselskap når det gjeld plikt til offentleg innsyn. Komiteen meiner det er naturleg å føreta ei vurdering av om det er hensiktsmessig å halde oppe denne skilnaden. »

       Vidare uttala komiteen:

       « Komiteen meiner det må vere gjenstand for ein kontinuerleg debatt og vurdering, kva for offentlege tenester som skal organiserast i statsføretak eller aksjeselskap. I denne vurderinga høyrer og ein gjennomgang av korleis ein skal ivareta omsynet til offentleg innsyn. »

       Komiteen syner til brev frå departementet der det framgår at Regjeringa arbeider med ei gjennomgåing av reglane om tilhøvet mellom innsynslova og selskap som er offentleg eigde - her óg statsføretak. Statsråden opplyser at ein tek sikte på å leggje fram ei melding for Stortinget i 1996, og komiteen finn det då naturleg å sende over framlegget utan realitetsdrøfting.

       Komiteen har elles ingen merknader, viser til dokumentet og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak:

       Dok.nr.8:87 (1994-1995) - om framlegg frå stortingsrepresentantane Lisbeth Holand og Reidar Johansen om lov om endring i lov av 30. august 1991 nr. 71 om statsføretak (innsynslova skal gjelde for statsføretak) - vert å sende Regjeringa til utgreiing og uttale.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 8. februar 1996.

Grethe G Fossum, Arne Haukvik, Eli Sollied Øveraas,
leiar. ordførar. sekretær.