Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Forenkla arbeidsgivaransvar ved private arbeidsoppdrag i heimen

Samandrag

       Departementet vil foreslå at privat sysselsetjing i tilknyting til heimen blir friteken for arbeidsgivaravgift når samla utbetaling i eit inntektsår frå ein husstand ikkje overstiger 30.000 kroner. Elles syner departementet til Nasjonalbudsjettet 1996, der Regjeringa går inn for at den allmenne grensa for skatte- og innberetningsfri lønn på 400 kroner pr. år pr. lønnstakar skal aukast til 1.000 kroner. Ei slik generell auking vil fange opp mange enkeltståande arbeidsoppdrag i private heimar.

       Forslaget fører ikkje med seg innskrenkingar i reglane om fritak for arbeidsgivaravgift som i dag gjeld for pass av barn i barnet sin eigen heim. Det blir presisert at dei forenklingar som blir gjort når det gjeld innberetningsrutiner o.a., om ønskjeleg òg kan nyttast av hushaldningar som har fast praktikant til dagleg pass av barn. Departementet sine vurderingar og framlegg er nærmare presisert i kap. 3.2.1 i proposisjonen.

       Området for kva slags arbeid forenkla lønnsblankett inntil 30.000 kroner og fritak for arbeidsgivaravgift av slik lønn skal gjelde, må definerast og avgrensast nærmare. Målet må vere ei avgrensing som er enkel å administrere, men som ikkje fører med seg særleg fare for misbruk. Departementet omtalar i kap. 3.2.2 i proposisjonen nærmare avgrensinga av området for lempingar.

       Departementet tilrår ikkje lovfastsette avgrensingar utover det som går fram av dette kapitlet. I staden tilrår ein at departementet får fullmakt til å avgrense området for avgiftsfritak. Departementet kan då følgje med i utviklinga på denne private arbeidsmarknaden og eventuelt setje inn dei avgrensingar som måtte vise seg naudsynte. Det er òg ønskjeleg at departementet har fullmakt til å gi reglar om utfylling og gjennomføring av avgiftsfritaket.

       Antalet som vil nytte ei ordning som foreslått, vil bli registrert. Dette vil, saman med anna materiale, kunne gi eit grunnlag for å evaluere ordninga.

       Ein syner til forslag til folketrygdlova § 16-3 nytt siste led.

       Eit fritak for arbeidsgivaravgift vil neppe vere effektivt før ein har fått rutiner som gjer det enklare å følgje opp arbeidsgivaransvaret. Slike forenklingar av rutinene krev mellom anna at det blir laga skjema (forenkla lønnsblankett), og at skatte- og trygdemaktene samarbeider om å få i stand eit tilfredsstillande system for inn- og utmeldingar av Arbeidsgivar/arbeidstakarregisteret.

       Ei slik omlegging vil nødvendigvis ta noko tid, men vil vere klar til inntektsåret 1996. Departementet gjer derfor framlegg om at lova skal ta til å gjelde frå og med inntektsåret 1996.

Merknader frå komiteen

       Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse, sluttar seg til framlegget til forenkling av arbeidsgjevaransvaret i private heimar. Fleirtalet er samd med Regjeringa i at privat sysselsetjing i tilknyting til heimen vert friteken for arbeidsgjevaravgift når samla utbetaling i eit inntektsår frå ein husstand ikkje overstig 30.000 kroner. Fleirtalet sluttar seg til framlegget til avgrensingar av fritaket for arbeidsgjevaravgift. Fleirtalet sluttar seg vidare til at endringa skal gjelde frå inntektsåret 1996.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse viser til B.innst.S.nr.I (1995-1996), hvor disse medlemmer gikk imot Regjeringens forslag til forenklet arbeidsgiveransvar ved private arbeidsoppdrag i hjemmet og på landstedet. Disse medlemmer la særlig vekt på den langsiktige utviklingen av rettigheter og styrkeforhold for de ansatte i et arbeidsmarked som tilbyr tjenester overfor private hjem.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet vil påpeke at et skille i skatte- og avgiftspolitikken mellom arbeid som utføres i privat og i nærings praksis vil medføre store avgrensnings- og kontrollproblem. Det definisjonsmessige innhold i begrepet husstand må videre avklares. På denne bakgrunn vil disse medlemmene foreslå følgende:

       « Stortinget ber Regjeringa i samband med salderingsproposisjonen komme tilbake med en vurdering av at lønnsinntekt blir fritatt for arbeidsgiveravgift når samla lønnsutbetaling pr. arbeidsgiver ikke overstiger 30.000 kroner pr. år. »

       Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse fremmet i finansinnstillingen forslag om at Regjeringen skulle legge frem forslag om tiltak for å sikre økt grad av organisering og rettigheter for arbeidstakere som tilbyr tjenester til private hjem.