Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Lovforslaget

Manntalsføring av norske statsborgarar i utlandet

1.1 Presisering av reglane om kvar norske statsborgarar busette i utlandet skal manntalsførast

       Vallovas § 5, tredje ledd, første og andre punktum, inneheld reglar om manntalsføring av personar som på valdagen er busette utanfor riket. Personar som har budd mindre enn ti år i utlandet, skal manntalsførast automatisk. Dersom ein har vore registrert som busett i utlandet i meir enn ti år, må ein søkje om å bli manntalsført i samband med valet.

       Lova slår ikkje kategorisk fast i kva for ein kommune veljaren skal manntalsførast. Det er likevel ein klar føresetnad at dette skal skje i den kommunen der veljaren var registrert busett ved utflyttinga. Det har synt seg at det rår ein viss tvil på dette punktet. Dette gjeld særleg hos veljarar som har budd i fleire kommunar i Noreg. Dette tilseier at ein bør presisere i lovteksten av desse veljarane skal manntalsførast i den kommunen der dei var registrerte ved utflytting.

       Ein gjer derfor framlegg om at § 5 i lova, tredje ledd, får ei tilføying der det blir presisert at nordmenn busette i utlandet skal manntalsførast i den kommunen der dei var folkeregisterførte då dei melde utflytting frå riket.

       Høyringsinstansane sluttar opp om framlegget.

1.2 Tidsfristen for søknad frå nordmenn busette i utlandet om innføring i manntalet

       Lovas § 5, tredje ledd, andre punktum, fastset at søknad om innføring i manntalet frå nordmenn busette i utlandet i meir enn ti år må vere vedkomande valstyre i hende seinast 1. august i valåret kl. 15.00 dersom veljaren skal kunne førast inn i manntalet. Denne tidsfristen er sett fordi vedkomande skal førast inn i det manntalsutkastet som skal vere ferdig 2. august, og som skal leggjast ut til offentleg gjennomsyn i tida frå 3. til 24. august.

       Fristen er - som andre fristar i vallova - rekna for å vere absolutt.

       Ein må rekne med at nokre personar - som følgje av fristen - blir utestengde frå manntalet, anten fordi dei søkjer for seint, eller fordi søknaden kjem fram for seint.

       Fristen i lova er sett for å sikre at manntalet er mest mogleg komplett når det blir lagt ut til ettersyn, slik at det ikkje skal vere behov for særlege endringar etter utlegginga. Dette kan likevel ikkje vere noko avgjerande hinder for å vurdere ei lovendring på dette punktet, dersom ein går inn for å halde oppe prinsippet om at nordmenn busette i utlandet skal ha røysterett. Ei praktisk endring kan vere at veljaren blir ført inn i manntalet dersom valstyret får søknaden om innføring seinast dagen før avgjerdsmøtet. Ein får då reglar som svarar til dei som gjeld dersom ein veljar i same kategori flytter til Noreg frå utlandet den siste tida før valåret, jf. § 5 i lova, fjerde ledd, og § 9, andre ledd, andre punktum. Dette kan sikre at nokre fleire veljarar blir manntalsførte enn etter ordninga i dag. Særleg gjeld dette når veljaren har sendt søknaden i god tid, men der søknaden, til dømes på grunn av problem med postgangen, ikkje kjem inn til valstyret før 1. august.

       Ein gjer framlegg om at § 5 i lova, tredje ledd, blir endra slik at veljaren kan førast inn i manntalet dersom valstyret får inn søknad om innføring seinast kl. 15.00 dagen før avgjerdsmøtet. Det blir gjort framlegg om tilsvarande endring i § 9, andre ledd, andre punktum, når det gjeld innføring i manntalet i avgjerdsmøtet til valstyret. Poenget med lovendringane er å kunne få med dei som søkjer så seint at søknadene ikkje kjem inn før manntalsutkasta er klare.

       Høyringsinstansane sluttar stort sett opp om framlegget.

1.3 Manntalsføring av røysteføre som ikkje tidlegare er innførte i folkeregisteret som busette i Noreg

       Lovas § 3 tredje ledd, fastset at norske tenestemenn som er tilsette i diplomatiet eller i konsulatstellet, og husstandane deira, har røysterett utan omsyn til om dei nokon gong har vore innførte i norsk folkeregister som busette i riket.

       Så å seie ved kvart val kjem likevel spørsmålet om kvar desse personane skal manntalsførast. Dei røynslene departementet har hausta, tyder på at det er litt ulik praksis når det gjeld manntalsføringa. Departementet meiner at det bør inn ein regel i lova som klart seier kvar veljaren skal manntalsførast, og det utan at det er nødvendig å ta stilling til konkrete individuelle omstende for kvar person. Ettersom desse veljarane - gjennom sine eigne tilsetjingsvilkår eller vilkåra for familiemedlemmen - er knytte til Utanriksdepartementet som har sete i Oslo, verkar det mest praktisk at manntalsføringa skjer i manntalet i hovudstaden. Departementet gjer framlegg om at det i § 5 i lova, tredje ledd, kjem inn eit nytt sjuande punktum som fastslår dette.

       Høyringsinstansane sluttar opp om framlegget.

2. Utlevering av manntalseksemplar til dei som stiller valliste

       Lovas § 7, andre ledd, fastset at registrerte parti som stiller liste i valkrinsen, har krav på eitt gratis eksemplar av valmanntalet. Manntalseksemplara skal leverast ut utan at partia treng be om det, og i alle høve skal dei leverast etter melding, anten frå fylkesvalstyret eller frå partia sjølve, om at dei stiller liste.

       Lokale grupper som ikkje representerer noko parti, har ikkje rett til manntalseksemplar, heller ikkje etter søknad, fordi manntalet byggjer på opplysningar frå folkeregistra, som berre kan leverast ut til dei som har lovfesta krav på det. Dei partilause gruppene har retta til dels sterk kritikk mot ordninga, som dei oppfattar som diskriminerande for dei vis-à-vis partia.

       Departementet meiner at det ikkje skulle vere nokon grunn til å halde fast på dette skiljet. Det avgjerande bør vere at alle grupper som stiller til val, får dei same vilkåra til å kunne nå fram til veljarane.

       Somme kommunar har reist spørsmålet om ein bør endre dei kommunale pliktene når det gjeld utlevering av manntalseksemplar. Dei rår til at ein i staden for å påleggje valstyra å sende eitt eksemplar av manntalet til alle parti som stiller liste, bør krevje at valstyra tilbyr partia manntalseksemplar. Grunngivinga er at det har synt seg at det er svært ulik grad av interesse mellom partia når det gjeld manntalet.

       I utgangspunktet bør ein leggje til grunn at manntalet er eit dokument framleggsstillarane har bruk for i arbeidet sitt fram mot valet. Ein bør derfor halde fast ved prinsippet om at dette er noko dei har rett til å få. Lova bør likevel endrast slik at det kan setjast ein frist for framleggsstillarane til å tinge manntalseksemplar. Dette byr på fleire fordelar jamført med ordninga i dag:

1. Ein sikrar seg at manntalet berre blir utlevert til dei som har behov for manntalet.
2. Ein kan avgrense spreiinga av opplysningar som byggjer på folkeregisteret.
3. Dette er meir praktisk for kommunane.
4. Kommunane kan gardere seg mot at det kjem krav om å få manntalseksemplar så nær opp til valet at det ikkje er praktisk mogleg å innfri kravet.

       Departementet er samd i at det kan vere gode grunnar som taler for at det blir sett ein felles frist, og at denne fristen blir nedfelt i lova.

       Departementet gjer framlegg om at uttrykket «partiformål» blir bytt ut med « politiske formål ». I dette ligg at manntala kan nyttast til formål det er naturleg at partiet/gruppa steller med.

       Høyringsinstansane sluttar opp om framlegget om å jamstelle politiske parti og andre grupper, med unntak av Sentralkontoret for folkeregistrering, som ikkje ønskjer at lokale grupper skal få manntalseksemplar. Årsaka er at det kan bli ei uønskt spreiing av folkeregisteropplysningar fordi desse gruppene ofte har eit « ad hoc »-preg, og det kan vere vanskeleg å føre kontroll med kven som har hand om manntala. Departementet finn ikkje å kunne slutte seg til denne innvendinga. Omsynet til like vilkår for dei gruppene som stiller til val, bør vege tyngre.

       Derimot er departementet samd i eit anna framlegg frå Sentralkontoret: Dei som får utlevert manntala, bør påleggjast å returnere dei til valstyra for makulering, i staden for at dei - som no - sjølve har ansvaret for å makulere manntalseksemplara. Når det gjeld fristen for å tinge manntalseksemplar, bør denne setjast slik at det blir god nok tid for valstyra til å stette søknadene. Fristen bør videre setjast slik at han går ut før ferietida set inn for fullt, samstundes som han bør gå ut etter at listeframlegga er innleverte. Departementet er kome til at 15. juni er ein høveleg dato.

3. Registrering av politiske parti

3.1 Talet på underskrifter ved søknad om registrering

       Lovas § 17 inneheld føresegner om registrering av politiske parti. Det andre leddet i paragrafen fastset mellom anna at i tillegg til ein søknad om registrering av partinamn - som skal leverast notarius publicus (byfuten) i Oslo - må det leggjast ved ei eigenhendig underskriven melding frå minst 5.000 personar med røysterett ved stortingsvalet om at dei ønskjer partiet registrert.

       Kravet om talet på underskrifter i samband med registrering av eit parti har som siktemål å syte for at partiet i utgangspunktet har ei viss tilslutning og støtte hos veljarane. Kravet er heva fleire gonger, siste gongen i 1991 frå 3.000 til 5.000. Frå fleire kantar blir det retta kritikk mot at det greier seg med 5.000 underskrifter for å registrere eit nytt parti. Det blir mellom anna hevda at:

- grensa på 5.000 underskrifter er altfor låg
- fleire av dei registrerte partia får svært få røyster, trass i at dei stiller til val over heile landet eller i eit fleirtal av fylka
- den sterke auken i talet på parti gjer veljarane meir uinteresserte og fører til lågare frammøte ved val
- partifloraen kan vere ein fare for demokratiet på sikt
- det kan vere vanskeleg å skaffe eit styringsdyktig fleirtal i folkevalde organ når desse organa er samansette av mange partigrupperingar

       Av argument mot å skjerpe krava kan nemnast:

- det kan tolkast som eit forsøk frå dei etablerte partia på å stengje ute nye grupper frå å kunne konkurrere om veljartilslutninga
- det bør vere veljarane som gjennom røysting ved val set grensene for kven som kan stille til val - ikkje politiske og administrative styresmakter

       Røynslene frå valet i 1993 gjer at det er grunn til å sjå nærare på kravet som er sett til å bli registrert som nytt politisk parti. Tre nye parti vart registrerte og stilte lister. Dei fekk minimal oppslutning, og det var òg tilfellet med fleire av dei partia som har registrert seg dei seinaste åra. Mykje tyder på at det er for lettvint å få eit parti registrert når ein ser den oppslutninga nokre av partia får ved vala.

       Departementet meiner at det kan vere naturleg å samanlike eit parti som ønskjer å registrere seg, med andre grupper som organiserer seg i landsomfattande organisasjonar utan å la seg registrere som parti. Dersom ei gruppering av den sistnemnde kategorien ønskjer å stille liste i alle fylke ved stortingsval/fylkestingsval, må ho skaffe fram 9.500 underskrifter på landsbasis (500 underskrifter frå kvart av dei 19 fylka i landet). Det verkar ikkje urimeleg å setje om lag dei same krava til ei gruppering som ønskjer å bli registrert som parti. Legg vi dette til grunn, verkar det naturleg å setje kravet til 10.000 underskrifter, altså ei dobling i høve til kravet i dag.

       Etter departementets syn bør talet på underskrifter vere eit fast tal som går fram av lova. Ein vil derfor ikkje rå til at talet blir sett til ein del av dei registrerte røysteføre eller dei som har røysta ved tidlegare val.

       Etter ei samla vurdering går departementet inn for at talet på underskrifter til støtte for registrering av politiske parti blir heva til 10.000.

       Framlegget frå departementet får brei tilslutning av høyringsinstansane. Dei som går imot framlegget, er fylkesmannen i Oslo og Akershus og fylkesmannen i Finnmark.

3.2 Frist for søknad om namneendring på parti

       Lovas § 17, sjette ledd, fastset at søknad om registrering av partinamn må vere komen inn til byfuten seinast 31. mars i valåret dersom registreringa skal ha verknad ved valet. Bakgrunnen for denne fristen er omsynet til valførebuinga. Sjuande ledd i paragrafen fastset at eit parti som alt er registrert, kan søkje byfuten om namneendring. Reglane om registrering av eit parti gjeld tilsvarande når eit parti søkjer om registrering av namneendring, med eitt unntak: Fristen 31. mars gjeld ikkje etter lovteksten. Byfuten har teke opp dette spørsmålet med departementet på eit meir prinsipielt grunnlag, på grunnlag av ein førespurnad om tolkinga av føresegna.

       Årsaka til at tidsfristen formelt ikkje gjeld for saker om endring av partinamn, er truleg at det skjedde ein feil i samband med ei tidlegare lovendring. Departementet meiner at omsynet til valførebuinga taler for at ein har same regelen her som ved registrering av nye parti, og at lova bør endrast slik at fristen 31. mars også blir gjord gjeldande for søknader om namneendring.

3.3 Samanslutning av registrerte parti

       To eller fleire registrerte parti går somtid saman til ei organisatorisk eining - anten ved at det blir grunnlagt eit nytt parti som tek opp i seg dei tidlegare registrerte partia, eller ved at eit parti sluttar seg til eit anna som ein del av dette.

       Det verkar naturleg å skilje mellom dei tilfella der dei samanslegne partia utgjer ei ny eining, og dei tilfella der samanslutninga skjer på den måten at det eine partiet tek opp i seg det/dei andre. Den første typen bør reknast som nyregistrering, den andre ikkje.

       Ein del telefoniske samtaler i tilknyting til valet i 1993 kan tyde på at nokre av dei minste partia vurderer å slå seg saman dei næraste åra. Dette taler for at ein bør ta inn i § 17 i lova ei føresegn som utvitydig slår fast at to eller fleire registrerte parti som slår seg saman under ei ny nemning, må registrere seg som eit nytt parti.

       Ein gjer framlegg om at denne føresegna blir teken inn som nytt åttande ledd i paragrafen.

4. Rolla til dei sentrale partiorganisasjonane ved lokale konfliktar innan eit parti

       Det har fleire gonger i samband med dei siste vala dukka opp situasjonar der to grupperingar innan eit parti gjer krav på å representere partiet som lokalorganisasjon, og der ulike personar hevdar å vere leiar og sekretær i lokalorganisasjonen til partiet. Om slike tilfelle seier departementet i rundskriv H-24/93 Stortingsvalet 1993 (pkt. 6.6.2):

       « ... Med bakgrunn i bl.a. en uttalelse fra Stortingets ombudsmann for forvaltningen (sivilombudsmannen) mener departementet at fylkesvalgstyret må legge avgjørende vekt på et klart og tydelig vedtak fra partiets hovedstyre om hvem som skal representere partiet. ... »

       Departementet gjer framlegg om at den praksisen som er omtalt i sitatet ovanfor, blir lovfesta. Føresegna om kva rolle dei sentrale organisasjonsledda i partia skal spele, blir tilrådd teken inn i lovas § 26 nr. 1, første ledd, som nytt tredje og fjerde punktum.

       Framlegget får brei tilslutning frå høyringsinstansane.

5. Val av røystestyre

       Lovas § 28 omhandlar samansetjinga av røystestyra. Etter lovendring av 11. juni 1993 skal røystestyra ha minst tre medlemmer, valde av kommunestyret eller av valstyret - etter delegering frå kommunestyret. Paragrafens andre ledd, tredje punktum slår fast:

       « Valgbar og pliktig til å motta valget er enhver som er manntallsført i kommunen ved valget. »

       Formuleringa har til følgje at personar som ikkje er norske statsborgarar, og som har røysterett etter § 3, første ledd, andre punktum (ved lokalval), kan veljast som røystestyremedlemmer ved kommunestyre- og fylkestingsval, men ikkje ved stortingsval. Dette fører til - ved dei sistnemnde vala - at utanlandske statsborgarar som er medlemmer av formannskapet, kan sitje som medlemmer av valstyret, som har ansvaret for at valet blir gjennomført i samsvar med reglane, men er utestengde frå å sitje i røystestyret som er underlagt valstyret.

       Føresegna har ført til visse negative reaksjonar.

       At det er ulike kriterium for å kunne vere medlem av røystestyret ved ulike val, må reknast for å vere ein utilsikta effekt av regelverket som gir ikkje-norske borgarar røysterett ved lokalval. Det ser ikkje ut til å vere nokon grunn til å halde oppe ein slik skilnad. Lovas § 28, andre ledd, bør derfor endrast, slik at alle som er registrerte som busette i kommunen på valtidspunktet, og som har røysterett ved kommunestyreval og fylkestingsval, kan veljast som medlemmer av røystestyra.

6. Opningstider i vallokala

       Lovas § 29, andre ledd, fastset at røystetida måndag skal vere minst fem timar. Utgangspunktet i lova er at vallokala tidlegast kan stengje kl. 20.00. Valstyret kan likevel vedta at lokala skal stengje på eit tidlegare tidspunkt. Vilkåra for eit slikt vedtak - som må vere samrøystes og grunngitt - er at det anten blir rekna for unødvendig å ha lokala opne til kl. 20.00, eller at det vil skape vanskar.

       Det følgjer av lovføresegna at eit valstyre kan vedta å ha lokala opne til dømes frå kl. 09.00 til kl. 14.00.

       Fullmaktskomiteen i Stortinget seier om opningstidene:

       « ...
       Komiteen har merket seg at flere kommuner hadde 09-14 som stemmetid ved årets valg, hvilket i og for seg neppe kan sies å være i strid med loven, ut fra den begrunnelse valgstyret har gitt. Komiteen vil likevel påpeke at en slik åpningstid kan skape problemer for velgere som er i arbeid.
       ... »

       Spørsmålet om opningstider i vallokala er vurdert fleire gonger dei siste åra, mellom anna på grunnlag av tilsvarande reaksjonar frå Stortingets fullmaktskomité i samband med valet i 1989. Det vart den gongen drøfta om ein kunne fastsetje eit felles tidspunkt (t.d. kl. 20.00) for stenging av alle vallokala i landet. Ein fann likevel at dette var lite ønskjeleg på grunn av lokale tilhøve. Kommunane argumenterte sterkt mot å gjere inngrep i lokale tradisjonar når det gjaldt opningstidene.

       Det er ikkje kome reaksjonar - korkje frå veljarar eller valadministrasjon - som skulle tilseie at ei opningstid frå kl. 09.00 til 14.00 skaper særskilde problem.

       Departementet er derfor kome til at ein ikkje bør gjere framlegg om å påleggje kommunane å halde vallokala opne til eit visst klokkeslett. På den andre sida meiner departementet det kan vere grunn til å lovfeste det siste tidspunktet vallokala må stengjast måndag kveld. Dette fordi departementet går inn for eit forbod mot å offentleggjere valdagsmålingar/valresultat så lenge vallokala er opne. Etter det departementet kjenner til, stengjer vallokala seinast kl. 21.00 måndag kveld. Det blir derfor gjort framlegg om at dette er siste frist for når dei må stengje.

       Nokre kommunar reiser i sine høyringsmerknader spørsmålet om det bør lovfestast eitt felles tidspunkt for stenging av alle vallokala i landet. Departementet meiner at det bør vere opp til kvar kommune sjølv å avgjere når lokala skal stengje, så lenge kommunen følgjer påbodet om at lokala skal vere opne minst fem timar måndag.

       Nokre kommunar og Norsk Rikskringkasting gir uttrykk for at siste tidspunkt for stenging av vallokala bør vere kl. 20.00.

7. Nokre spørsmål om førehandsrøysting

7.1 Forsegling av røysteurner. Opning av urner med førehandsrøyster

       Lovas § 34 nr. 6, første ledd, første og andre punktum, og andre ledd lyder:

       « Før en urne for forhåndsstemmegivning tas i bruk, må den være forseglet av valgstyrets leder. Er denne stemmemottaker, forsegler nestlederen den urne lederen får...
       Valgstyrets leder kan - i overvær av en annen person - åpne urner med forhåndsstemmer og legge stemmene over i en annen forseglet urne for forhåndsstemmer. »

       Ordlyden viser at det er leiaren for valstyret personleg som er tillagt dei nemnde oppgåvene. Fleire kommunar har peikt på at dei finn det lite heldig at leiaren for valstyret skal utføre desse oppgåvene. Dei meiner det bør vere opp til valstyret å fastsetje kven som skal gjere dette.

       Departementet er samd i innvendingane. Ein gjer derfor framlegg om at første ledd i føresegna blir endra, slik at det berre blir sett som krav at urnene skal vere forsegla, utan å definere nærare kven som skal utføre oppgåva. Ein røystemottakar bør ikkje sjølv kunne forsegle den urna vedkomande skal bruke. Andre ledd i føresegna blir tilrådd endra slik at to personar som valstyret peiker ut, kan opne ei forsegla urne og leggje røystene over i ei anna forsegla urne.

7.2 Opplysningar om den mentale tilstanden til veljaren

       Lovas § 34 nr. 3 fastset korleis ein skal gå fram ved førehandsrøystinga. Røystesetelkonvolutten med røystesetel skal leggjast - av veljaren - i ein særskild omslagskonvolutt. Røystemottakaren skriv deretter nærare angitte opplysningar på omslagskonvolutten, m.a. opplysning om det er grunn til å rekne med at veljaren lir av alvorleg sjeleleg svikt eller nedvet, og grunngiving for dette.

       Departementet vil prente omslagskonvoluttar til bruk ved førehandsrøystinga. På desse omslagskonvoluttane er det eit eige punkt der røystemottakaren skal gi opplysningar om den mentale tilstanden til veljaren. Departementet seier i rundskriv H-24/93, pkt. 15.3.4:

       « ...
       Valgstyret skal som hovedregel forkaste stemmen hvis stemmemottakeren har gjort merknad om dette under pkt. 5 på omslagskonvolutten, ... »

       I tilknyting til valet i 1993 vart det frå somme valstyre reist spørsmål om røystemottakaren på eit særskilt ark kan skrive ei grunngiving for kvifor veljaren blir vurdert som utilrekneleg. Bakgrunnen for at spørsmålet dukka opp, er at det er svært liten plass på omslagskonvolutten til å gi ei meir utførleg grunngiving for kvifor røystegivinga bør forkastas.

       Eit særskilt vedlegg om dette kan gi eit betre grunnlag for å vurdere om veljaren verkeleg er utilrekneleg, og gi høve til å korrigere eventuelle feilvurderingar frå røystemottakaren, slik at ein er med på å styrkje rettsvernet for denne veljargruppa.

       Argument mot å bruke vedlegg i slike tilfelle er risikoen for at vedlegga - med sine opplysningar/vurderingar om personlege tilhøve av svært kjensleg karakter - kan kome på avvegar, eller at opplysningane på andre måtar kan bli kjende utanfor krinsen av dei som handterer førehandsrøystene.

       Alt i alt meiner departementet at det ikkje bør opnast for at opplysningar som gjeld om veljarane er utilreknelege, kan førast på vedlegg til omslagskonvoluttane.

       Standpunktet til departementet blir akseptert av høyringsinstansane, bortsett frå Tromsø kommune.

8. Røystinga på valtinget

8.1 Forbod mot valdagsmålingar o.l. på valdagen

       I tilknyting til stortingsvalet 1993 vart det gjort fleire meiningsmålingar som vart offentleggjorde på valdagen. Samstundes gjennomførte NRK og TV 2 såkalla « valdagsmålingar » baserte på intervju med veljarane - anten utanfor vallokala eller pr. telefon - og publiserte desse målingane om kvelden valdagen. TV 2 publiserte målinga si før alle vallokala var stengde, mens NRK venta med kunngjeringa til alle lokala var stengde.

       Det som skjedde i 1993, har reist spørsmål om ein bør forby meiningsmålingar/veljarintervju på valdagen, eller - som eit alternativ til forbod - om ein bør regulere gjennomføringa/offentleggjeringa av slike målingar.

       Lova om folkerøysting over spørsmålet om Noreg bør bli medlem av Den europeiske unionen sette forbod mot:

- å offentleggjere prognosar som vart tekne opp søndag 27. og måndag 28. november 1994, før måndag 28. november 1994 kl. 21.00
- å gjennomføre veljarundersøkingar eller liknande utspørjing av veljarane inne i røystelokala, i tilstøytande rom eller tett attmed røystelokala

       Bakgrunnen for føresegnene er ønsket om å skape ro omkring avrøystinga, og å sikre ei roleg og verdig gjennomføring av avrøystinga.

       Departementet meiner at dei same omsyna gjer seg gjeldande når det er snakk om val, og gjer framlegg om at vallova får tilsvarande føresegner som folkerøystingslova. Eit forbod mot å gjennomføre intervju med veljarane i vallokala blir tilrådd teke inn i lovas § 38, femte ledd. Samstundes gjer ein framlegg om at det som ny § 43a i lova kjem inn eit forbod mot offentleggjering av

- valresultat
- prognosar baserte på intervju med veljarane på valdagen, anten det no gjeld tradisjonelle meiningsmålingar eller valdagsundersøkingar

       før alle vallokala er stengde måndag kveld.

       Framlegget frå departementet får støtte frå eit stort fleirtal av høyringsinstansane.

       Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Norsk Presseforbund, Norsk Journalistlag og Norsk Redaktørforening går imot framlegga. Presseorganisasjonane ser framlegga frå departementet som eit åtak på ytringsfridommen, og meiner det bør gjerast ei prinsipiell vurdering av tilhøvet til Grunnlovas § 100. Norsk Rikskringkasting går imot å forby at det på måndag (valdagen) blir offentleggjort meiningsmålingar tekne opp søndag.

       Departementet viser likevel til at ro og verdige former omkring valet er sentrale element i sjølve den demokratiske prosessen, som ein må vurdere omsynet til ytringsfridomen mot.

8.2 Kompetansen valstyret har til å regulere aktiviteten nær vallokala

       Lovas § 38, femte ledd, slår fast at valagitasjon o.l. ikkje er lovleg i vallokalet eller i tilstøytande rom på valdagen. Leiaren eller nestleiaren for røystestyret kan om nødvendig vise bort dei som handlar i strid med reglane, jf. sjette ledd.

       Lova har ikkje reglar om kompetansen til valadministrasjonen til å kunne regulere aktiviteten tett attmed vallokala. Ein går likevel ut frå at valstyra har ei allmenn fullmakt til å kunne regulere slik aktivitet nærare, og eventuelt forby aktiviteten dersom han verkar forstyrrande på gjennomføringa av valet.

       Departementet meiner at omsynet til at valhandlinga skal gjennomførast i rolege og verdige former og mest mogleg uforstyrra av ytre faktorar, tilseier at valadministrasjonen bør ha høve til å kunne nekte at det i vallokala, i tilstøytande rom og tett attmed vallokala går føre seg aktivitetar som ikkje har samanheng med gjennomføringa av valet, dersom ein finn at aktiviteten kan verke forstyrrande på valavviklinga. Ei føresegn om dette bør takast inn i lova, ved at ein endrar § 38, femte ledd.

       Det bør vere opp til valstyret å definere kva for område som skal dekkjast av eit eventuelt forbod. Ei føresegn om dette blir tilrådd teken inn i § 38 i lova. Føresegna vil innebere at ein kan vise bort den som ikkje respekterer ei avgjerd av valstyret når det gjeld aktivitetar i og omkring vallokalet.

       Framlegga får brei støtte frå høyringsinstansane.

8.3 Kravet til trykte røystesetlar. Utlegging av røystesetlar i vallokala

       Lovas § 44 fastset kva krav som gjeld for røystesetelkonvoluttar og røystesetlar. Nr. 6 tek for seg dei krava som er sette til trykte røystesetlar. Nr. 7 gjeld utlegging av røystesetlar i vallokala. Føresegnene er tekne inn som ein del av regelverket om prøving av røystegivingar. Departementet meiner det kan vere grunn til å sjå nærare på plasseringa av desse føresegnene, då dei ikkje ser ut til å høyre naturleg saman med dei andre reglane i paragrafen, og gjer på denne bakgrunn framlegg om ei rekkje redaksjonelle endringar i lova.

9. Prøving av røystegivingar o.a.

9.1 Prøving av framande røyster

       Lovas § 40, andre ledd, regulerer prosedyren ved mottak av « framande » røyster, det vil seie røyster frå veljarar som ikkje er manntalsførte i den aktuelle valkrinsen. Ei slik røystegjeving skal ikkje leggjast i valurna, men leverast til røystestyret, som legg henne i ein særskild omslagskonvolutt, limer att konvolutten, skriv namn, adresse og fødselsdato til veljaren utanpå konvolutten og leverer han til valstyret når røystegivinga er over. I motsetning til det som gjeld for førehandsrøystene, har ikkje lova eintydige føresegner om at røystegivinga skal vrakast dersom dei formelle reglane ikkje er følgde.

       I samband med stortingsvalet 1993 dukka det opp ein del tilfelle der omslagskonvoluttar for « framande » røyster kom inn til valstyra utan å vere attlimte. Departementet gav uttrykk for at ein ikkje kunne sjå at det automatisk skulle føre til vraking i slike høve. Stortingets fullmaktskomité seier derimot - etter å ha registrert at det ser ut til å vere ulik praksis på dette punktet:

       « Da lovens § 40 annet ledd bestemmer at stemmestyret skal klebe igjen omslagskonvolutten, går komiteen ut fra at det er riktig å forkaste stemmegivninger som beskrevet. »

       Ein bør gi lovføresegner som verkar klargjerande. Føresegnene bør takast inn i lovas § 47, første ledd, som gjeld kontrollen til valstyret med dei « framande » røystene.

       Departementet går inn for at det blir lovfesta at « framande » røyster skal vrakast dersom omslagskonvolutten ikkje er limt att. Dette er i samsvar med det som gjeld for førehandsrøystene, og gir ikkje rom for skjønn og ulik praksis.

       Framlegget får brei tilslutning frå høyringsinstansane.

       Lova inneheld ikkje reglar for korleis ein skal gå fram dersom ein veljar gir « framand » røyst fleire gonger. Det kan vere grunn til å tru at det er ulik praksis i kommunane på dette punktet.

       Det verkar naturleg at alle røystegivingane bør forkastast dersom veljaren røystar « framandt » fleire gonger. Somme peiker på at det er all grunn til å tru at det dreier seg om tilfelle der veljaren trur han/ho kan lure systemet og røyste fleire gonger. Slike motiv er det ingen grunn til å forsvare. Omsynet til å kunne reparere eventuelle feil ved røystegivingane har lite å seie her, fordi dei formelle krava er atskilleg mindre strenge enn når det gjeld førehandsrøystene.

       For å hindre all tvil bør det gjerast ei tilføying i lovas § 47, første ledd, som slår fast at alle røystegivingane skal vrakast.

9.2 Prøving av førehandsrøyster

       Lovas § 43 fastset at røystemottakarane skal levere urnene med førehandsrøyster mottekne frå veljarar som er manntalsførte i kommunene, anten til valstyret eller til eit røystestyre.

       I prinsippet står røystemottakaren fritt til å kunne levere urna til eit av røystestyra, men dette skjer visstnok ikkje i praksis.

       Det er gjort framlegg om at føresegna blir endra slik at urnene skal leverast til valstyret. Det gir eit ryddigare system og verkar til at lova blir i samsvar med det som faktisk skjer. Det ser ikkje ut til å vere særlege innvendingar mot å endre lova på dette punktet, ettersom endringa vil ha lite å seie i høve til det som er praksis i dag.

       Framlegget får brei tilslutning frå høyringsinstansane.

       Lovas § 47, andre ledd, fastset at valstyret eller eit utval på minst tre av valstyremedlemmene - valde av valstyret - kan byrje å opne urnene med førehandsrøyster tidlegast tiande dagen før valet. Kompetansen til utvalet er - etter ordlyden i lova - avgrensa til å opne urnene, fordi « valgstyret avgjør om forhåndsstemmegivningene skal godkjennes ». Dette er tradisjonelt tolka slik at det tyder valstyret i plenum.

       Føresegnene om eit særskilt utval for å opne valurnene verkar overflødige, fordi lova har føresegner om arbeidsutval, jf. § 15, tredje ledd. Arbeidsutvalet kan få fullmakt til å ta avgjerder i saker som må reknast for kurante. Utvalet bør kunne tildelast fullmakt av valstyret til å opne urnene og ta avgjerder om godkjenning/vraking av førehandsrøyster der desse avgjerdene er kurante. Derfor bør lova endrast slik at ho berre gir opplysning om at urnene kan opnast. Framlegget er ikkje til hinder for at eit tremannsutval kan verke som arbeidsutval.

       Arbeidet med å opne urnene kan tidlegast byrje tiande dagen før valet, men ikkje før avgjerdsmøtet er halde. Avgjerdsmøtet blir ofte halde meir enn ti dagar før valet, og i kommunar med mange førehandsrøyster kan ein vinne tid dersom ein kan kome i gang med prøvinga straks avgjerdsmøtet er halde.

       Departementet er samd i at lova bør endrast slik at det einaste kravet før ein kan byrje arbeidet med førehandsrøystene, er at avgjerdsmøtet er halde.

       Framlegget får brei tilslutning frå høyringsinstansane.

9.3 Vraking av røystesetlar

       Lovas § 45, første ledd, fastset vilkåra for å vrake røystesetlar. Første punktum i føresegna inneheld tilvisingar til dei føresegnene som set krav til innhaldet på røystesetlane - lovas § 44, nr. 1, 2, 3 og 6. Tilvisinga til nr. 1 kan verke misvisande fordi denne føresegna tek for seg krava til røystesetelkonvoluttane. Kravet i lova til utsjånaden på røystesetlane er dermed upåverka av om tilvisinga til § 44 nr. 1 er med i lovteksten eller ikkje. Departementet finn derfor at tilvisinga bør kunne opphevast som overflødig.

       Lovas § 26 nr. 3 fastset at røystesetlane ved stortingsval og kommuneval skal vere kvite, mens røystesetlane for fylkestingsvalet skal vere blå. I forskriftene for sametingsvalet er det fastsett at dei skal vere blå.

       Uoverensstemmelse mellom farge og valgbetegnelse på stemmeseddelen fører ikke til vraking.

       I tilknyting til stortingsvalet og sametingsvalet 1993 melde spørsmålet seg om ein blå røystesetel med partinamn utan kandidatnamn - gitt i samband med førehandsrøystinga - kunne godkjennast som gjeldande for stortingsvalet, når vilkåra for slik godkjenning elles var til stades. Gode grunnar taler for å kunne godkjenne røystesetelen i eit slikt høve, og for å rydde av vegen all tvil bør lova endrast slik at det utvitydig blir slege fast at røystesetlar med farge for sametingsvalet kan godkjennast som gjeldande for stortingsvalet (dersom vilkåra for godkjenning elles er stetta.)

       Samstundes gjer ein framlegg om eit nytt tredje punktum i § 45, andre ledd, for å lovfeste den praksisen ein har lagt til grunn ved stortingsval/sametingsval: Dersom det i ein røystesetelkonvolutt for stortingsvalet ligg ein røystesetel for både stortingsvalet og sametingsvalet, fører ikkje det til vraking av stortingsvalsetelen.

10. Protokollar for fylkesvalstyra

       § 53 i vallova fastset at leiaren for fylkesvalstyra - når valoppgjeret for fylket ved stortingsval er fullført - skal protokollere m.a. kor mange røystesetlar som er endra av veljarane, og om desse endringane kan tenkjast å ha nokon innverknad på valoppgjeret for riksvalstyret.

       Lova har ingen føresegner som krev at fylkesvalstyra skal protokollere oversyn over forkasta røyster/røystesetlar.

       I tilrådinga om folkerøystinga med omsyn til om Noreg bør bli medlem av Den europeiske unionen, seier Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite:

       « Komiteen finner at gode grunner taler for at alle fylkesvalgstyrer i sin møtebok setter opp en oversikt over antall forkastede stemmegivninger og stemmesedler, fordelt på kommuner, og gir generelle kommentarer om ofte forekommende feil. Komiteen ber departementet overveie om dette bør påbys. »

       Departementet meiner at ei slik protokollering kan gi nyttig informasjon om korleis regelverket blir praktisert.

       14 fylkesvalstyre har kome med fråsegner om dette spørsmålet. Tolv av dei gir uttrykk for tilslutning til eit påbod om slik protokollering, eller dei har ikkje merknader. Fleire fylkesvalstyre opplyser elles at dei alt i dag protokollerer oversyn over forkasta røyster. Departementet gjer - på grunnlag av tilrådinga frå komiteen og tilbakemeldingane frå fylkesvalstyra - framlegg om tilføyingar i vallovas § 53 og § 61, slik at fylkesvalstyra blir pålagde å protokollere oversyn over forkasta røyster/røystesetlar med grunngivingar for vrakingane. Vidare gjer ein framlegg om eit tillegg i lovas § 61, andre ledd, slik at fylkesvalstyra blir pålagde å sende kopi av møteboka om fylkestingsvalet til departementet. Formålet er å få opplysningar om korleis regelverket fungerer.

11. Bruk av valmanntalet til andre formål enn val

       Lova heimlar utlevering av valmanntal i visse tilfelle, m.a. kan dei politiske partia få eitt eksemplar av kommunemanntalet. Manntalet skal berre brukast til valformål.

       I tilknyting til vala kjem ofte førespurnader om bruk av manntalet til formål som ikkje er heimla i lova. I slike høve sender departementet søknaden til Sentralkontoret for folkeregistrering, fordi det er snakk om å utlevere opplysningar innhenta frå folkeregistra. Departementet har lagt tilrådinga frå Sentralkontoret til grunn når det tek stilling til førespurnadene.

       Etter valet i 1993 er det kome fleire førespurnader om utlevering av manntalet. Det gjer det nødvendig å ta opp spørsmålet om det er behov for ei lovføresegn som generelt regulerer retten til manntala.

       Sentralkontoret for folkeregistrering har gitt uttrykk for at dei ikkje har innvendingar mot at politiet og lensmannsetaten får tilgang til manntalet. Dei meiner at førespurnader frå private bør leggjast fram for folkeregisterkontoret i den kommunen det gjeld.

       I samråd med Sentralkontoret for folkeregistrering vil departementet foreslå at heimelen til å gi samtykke til tilgang blir lagt til Sentralkontoret, også når det gjeld utarbeiding av valstatistikk på grunnlag avkryssingsmanntalet. Heimelen til å gi samtykke til private bør leggjast til det einskilde folkeregisterkontor. Departementet rår til at desse prinsippa blir lagde til grunn:

- reglane bør vere dei same for avkryssingsmanntalet og andre manntalseksemplar
- manntalseksemplar kan gjerast tilgjengelege for offentlege instansar til bruk i tenesta når det er påkrevd av omsyn til tenesta, det vil seie etter dei same kriteria som i dag gjeld for tilgangen til avkryssingsmanntalet
- forskarar og dei som utarbeidar statistikk i vitskapleg øyemed, kan få tilgang til manntalet når det ligg føre samtykke frå Sentralkontoret for folkeregistrering
- private - enkeltpersonar eller organisasjonar - kan ikkje få tilgang til manntalseksemplar utan at det ligg føre samtykke frå folkeregisterkontoret
- det bør gjerast klårt at reglane ikkje gjeld dersom vallova sjølv har andre føresegner

       Ein gjer framlegg om at § 89 i lova blir endra i samsvar med dette.