Innledning
Til Odelstinget.
Kommunal- og arbeidsdepartementet gjer i Ot.prp. nr. 30 (1994-1995) framlegg om endringer i lov av 1. mars 1985 nr. 3 om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (valgloven). Proposisjonen er delt inn i to deler, der lovframlegga blir drøfta i del I av proposisjonen, mens del II har karakter av ein meldingsdel, der det blir gjort greie for nokre emne som er under nærare vurdering, og der det kan vere ønskjeleg å få eventuelle synspunkt frå Stortinget.