Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innledning

       Til Odelstinget.

       Departementet gjer framlegg om endringar i § 32 i grunnskolelova. Endringane gjeld samansetjinga av samarbeidsutvalet og elevane si stilling i forhold til samarbeidsutvalet. Denne aktuelle paragrafen vart sist endra i samband med tilpassinga av særlovgjevinga til ny kommunelov, jf. Ot.prp. nr. 59 og Innst.O.nr.135 (1992-1993).

       Departementet har fått einskilde reaksjonar på at elevane ikkje skal vere ordinære medlemer av samarbeidsutvalet og gjer difor framlegg om at elevane, som tidlegare, skal få møte i samarbeidsutvalet med fulle rettar. Fleirtalet av høyringsinstansane støttar dette framlegget.

       Samarbeidsutvalet vil etter dette ha to representantar for lærarane, ein representant for andre tilsette, to representantar for foreldrerådet, to representantar for elevrådet og rektor som representant for kommunen. I tillegg nemner kommunen opp ein representant. Det ligg framleis den avgrensinga i ordninga at elevane ikkje i noko høve bør vere til stades dersom samarbeidsutvalet handsamar saker der det er teieplikt etter forvaltningslova.

       Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar. Dersom ein kommune vel eit anna styre, skal foreldra ha minst to representantar. Dette vil vere eit styre etter kommunelova § 11, og dei andre representantane vert oppnemnde av kommunen. I dette høvet vil det vere eit samarbeidsutval ved sida av driftsstyret ved den einskilde skolen, og samarbeidsutvalet vil ikkje ha styringsoppgåver. Når det gjeld rektor sin habilitet som kommunen sin representant og samstundes sekretær i utvalet, er det grunnskolelova sine reglar som gjeld. Når det gjeld lærarane sine representantar i utvalet, skal desse peikast ut av eit samla lærarkollegium, ikkje av organisasjonane.

       Framlegget vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.